Tittelen på posten er det samiske ordet for skottbenk med skrivemåten frå ordboka til Konrad Nielsen frå 1938. Ein meir tidsriktig skrivemåte i dag er skohtabeaŋka. Ordboka frå 1938 er eit standardverk som er grunnlaget for all nordsamisk leksikografi og samstundes ei sentral skildring av den samiske kulturen, slik han kjem til uttrykk i språket. I ordboka er det utfyllande ord-forklaringar på både norsk og engelsk. Boka kom i fire bind, dei tre første med orda i alfabetisk ordning, og det fjerde bindet som ei systematisk oppstilling av det samiske ordforrådet. For oss handverkarar er dette fjerde bindet spesielt spennande sidan dei ulike handverka i samisk kultur er skildra på ein god måte. Her er mange gullkorn for den som vil leite.


Vi har fleire døme på skottbenkar i samiske område. Ein av dei første skottbenkane som var presentert på bloggen vår er den frå museet i Karasjok. Også det flotte biletet av dei som høvlar på skottbenk er frå samisk område.

Kjelder:
Lappisk ordbok, Lapp Dictionary, Konrad Nielsen, Oslo, 1938.
Samisk – norsk ordbok, Brita Kåven, Johan Jernsletten, Ingrid Nordal, John Henrik Eira og Aage Solbakk, Davvi Girji, 1995
Hi nice reading youur blog
LikarLikar