I 1908 kom Kristofer Visted ut med boka » Vor gamle Bondekultur». Boka kom ut i ei tid då det var viktig for Noreg å bli trygg på sin kultur og sine tradisjonar. Boka presenterer norsk bondekultur i eit historisk perspektiv i stor bredde og i ei moderne form med rikelig bruk av illustrasjonar. Visted arbeidde med ei ny og oppdatert utgåve då han døydde i 1949. Hilmar Stigum tok over arbeidet og fullførte utgjevinga som kom ut i 1951. Stigum supplerte mellom anna med eit nytt kapittel, «Hjemmesysler, Håndverk, Bygdekunst». Her er det skrive om ulike handverk og skottbenken har fått sin plass i bondekulturen, i alle fall i form av eit bilete. Likevel er det nok lagt mest vekt på bygdekunsten i kapitlet, treskjering og rosemåling var nok vurdert som viktigare for bondekulturen enn skottbenken? Hilmar Stigum hadde stor interesse for handverk og verktøy. Han hadde sjølv opplæring som både skreddar og fotograf. Han bygde opp eit eige magasin med fokus på verktøy og jordbruksreiskapar på Norsk folkemuseum.

Skottbenken er truleg ein benk i samlinga til museet? Det verkar som om biletet er arrangert for bruk til illustrasjonen sidan det ikkje er spor etter høvelspon og eit eventuelt golvbord manglar. Det er ikkje heilt lett å sjå om benken har skruvar eller kilestramming. Bildeteksten er også litt mangelfull sidan det berre står at borda ble festa for høvling. Finessen med meiar på skottoksen for å sikre seg at golvborda får heilt rette kantar er ikkje forklart. Det ser heller ikkje ut som høvelen på biletet har slike meiar? Vi får sjå om vi får mobilisert lokale skottbenkentusiastar på Hadeland til å sjekke ut saken nærare?
Kjelder:
Vår gamle bondekultur, Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Oslo, 1951
3 tankar på “Skottbenken i «Vår gamle bondekultur»”