Ein av mine tidlegare studentar i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST sendte meg nokre bilete av det han lurte på kunne vere ein skottbenk. Lars, som studenten heiter, kom over desse bukkane eller benkane medan han var på eit oppdrag ute på Reins kloster i Rissa. Han driv eit foretak som heiter Syllstokken AS, der han og to andre tek på seg oppdrag med restaurering av bygningar.

Føtene, eller bukkane i denne innretninga kan minne om andre skottbenkar vi har skrive om på bloggen. Det er spesielt med berre eit langbord. Dette er heller ikkje rett i overkanten. Bukkane er montert med skruvane kvar sin veg. Eg lurer på om dette kan vere bukkane til ein skottbenk som har fått montert på ein planke for anna arbeid eller er montert for lagring. Mi erfaring med skottbenkar er at langborda gjer skottbenken vanskeleg å lagre, det tar mykje plass. Langborda må justerast for kvar ny oppsetting av skottbenken. Det kan ha vore grunnen til at bukkane er lagra utan langborda?

Denne siste bukken har ei utsparing i den eine foten for noko som kan vere for langbord. Det er ikkje lett å sjå for seg at denne kan fungere med to langbord og eit bord som skal høvlast mellom desse. Det blir komplisert å halde fast under fast-spenning. Kan vi sjå for oss at det har vore til ein skottbenk med berre eit langbord eller eit laust rettbord/rei? Kanskje vi kan vere på sporet av ploggogn som vi tidlegare har skrive om? Ordet gogn er gjerne brukt som ei fellesnemning for innretningar som består av fleire delar og som er nyttig for å få gjort eit arbeid. Ordet kan nyttast i staden for ordet reiskap. Ein snakkar om gogn om t.d. ein vevstol. Såleis kan alle innretningar og reiskap brukt til pløying av bord få nemninga ploggogn knytt til seg. Nokre av svara i spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed er inne på at dei nytta bukkar som ein kunne feste bord på høgkant i. Desse var ikkje knytt til bruken av langbord, rettbord eller liknande som høvelen kunne styre etter for å høvle beint. Denne siste bukken kan vere døme på ein slik.
Sidan det er ein anna skottbenk lagra saman med denne siste bukken kan det vere naturleg å tenkje seg at desse kan ha noko med kvarandre å gjere? Mi erfaring med høvling av lange bord er at det er vanskeleg å få god klem på midten av skottbenken. Då brukar eg ei laus tvinge for å hjelpe til å støtte. Dette hindrar ikkje at det kan bli litt svikt på midten av benken. Då kan golvborda bli høvla litt smalare på midten. Om ein brukar ein laus bukk på midten så vil denne stø under langborda og motverke dette. Kanskje det er bruksområdet til denne lause bukken? Då har vi minst to ulike tolkingar av bruken av desse bukkane. Kom med forslag og innspel. Finnast det fleire slike rundt om i landet?
One thought on “Skottbenk eller?”