Vértørka material til golvbord

Etter kalenderen skulle det nærme seg vår på denne tida. Han har late vente på seg men i dag har han dukka opp med sol og temperatur på opp mot 20 grader. Det har gjort solid innhogg på snøen her i låglandet. Istindan, fjella på biletet er framleis heilt snødekte og snøen ligg langt ned i skogen. Dette er utsikta frå snikkarverkstaden min her på Lyngstad. Foto: Roald Renmælmo
Etter kalenderen skulle det nærme seg vår på denne tida. Han har late vente på seg, men i dag har han dukka opp med sol og temperatur på opp mot 20 grader. Det har gjort solid innhogg på snøen her i låglandet. Istindan, fjella på biletet er framleis heilt snødekte og snøen ligg langt ned i skogen. Dette er utsikta frå snikkarverkstaden min her på Lyngstad. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken er ikkje sesongavhengig så lenge ein kan halde på å arbeide innandørs. Derimot er det ein del lettare å leite fram material i stablane når dei ikkje er dekka av snø og ein må grynne i djup snø med borda. Den første ordentlige vårdagen som vi har hatt i dag har gjort arbeidet med å leite fram golvbord mykje lettare. Eg skal til med å høvle eit golv på omlag 30 kvadratmeter som eg skal legge i eit rom som eg seinare skal innreie til den nye verkstaden min. Eg kunne godt lagt bord i heile lengder sidan det ikkje er lengre enn at eg kan høvle borda på ein skottbenk med langbord på 5,8 meter. Likevel har eg bestemt meg for å dele golvet med ein flakskøyt omlag midt på. Eine bordlengda vert omlag 4 alen og den andre 5 alen. Dei kortaste borda skal eg høvle av 5/4″ bord som er saga på sirkelsag og kanta med rot/topp avsmaling. Dei lengste borda skal eg høvle av bord som er saga på oppgangssag som gjennomskur, altså ukanta bord, på 5/4″ tjukne. Golvborda skal høvlast på flasken med dei nyaste okshøvlane og pløyast med golvplogane som eg har laga tidlegare i vår. Eg vil presentere arbeidet her på bloggen etterkvart som det skrir fram.

Emna til golvbord har lege ein vinter i ein liggande bordstabel som er strølagt og overdekt med bølgeblikk.Foto: Roald Renmælmo
Emna til golvbord har lege ein vinter i ein liggande bordstabel som er strølagt og overdekt med bølgeblikk. Legg merke til underlaget som sørgjer for god lufting under materialen. Det er viktig at det ligg stabilt og er heilt beint, ellers vert borda vinde og krokete etter tørking. Foto: Roald Renmælmo

Eg er som regel med og sagar min eige material av tømmer som eg sjølv har plukka ut. Denne materialen er saga på sirkelsaga til Guttorm Lamo i Målselv og  furutømmeret er hogd på Alapmoen. Eg stablar materialen med det same eg kjem frå saga, helst same dag. Nyskoren material er særleg utsett for fargesopp (blåmann) om han ikkje får rask tørk. Eg stablar materialen i ca. 70-80 cm breie stablar, har ein tomme med luft sidevegs mellom kvart bord og legg ⅞» tjukke tørre strø mellom kvar flo med bord. Når materialen er tørka ned under 20 % fuktinnhald så er det ikkje lengre fare for blåmann. Blåmann er avhengig av temperatur så faren er størst på varmaste sommaren.  Etter ein vinter med slik lagring er gjerne materialen tørka ned mot 12-14% og er høveltørr. Det kallar vi vértørka. Snikkarmaterial og golvbord vil eg gjerne ha tørka ytterligare ned. Då må eg ta dei inn i huset og tørke dei innadørs. Dette kallast for eldtørking. At huset er varmare inne enn ute gjer at det blir tørrare. Eg varmar opp huset mitt med vedfyring, eg har ein vedfyrt masseomn som varmekjelde. Her får eg brent opp alt av kappendar og øksespon og vert såleis kvitt dette og får varme på kjøpet. Eit alternativ kunne vore å få tørka material i ei materialtørke. Slik material har vist seg å vere vanskeleg å høvle med handhøvlar. Vi har hatt litt skriving om det i ein bloggpost på systerbloggen vår, Høvelbenkbloggen.

Seinare vil eg leite fram oppgangssaga material til resten av golvet. Til høvlinga vil eg bruke tre ulike benkar og to ulike skottbenkar for å kunne samanlikne litt undervegs i arbeidet.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 thoughts on “Vértørka material til golvbord

  1. Hei Roald, veldig flott faktarik beskrivelse av tørking av material til golvbord!
    Særlig det å skynte seg, både raskt og langsomt, med tanke på å få lødd det opp med en gang og så ta seg god tid til tørken.

    Vi har blitt litt for mye uvenn med blåmann opp igjennom. Vi har sett på mulighetene til å vassgå tømmereret før bruk, og nå ser det ut til at vi har har funnet en plass hvor vi kan få legge tømmer i utløpet på ei elv her i Oslo. Og det vil bli veldig spennende å prøve ut og se om vi kan få til en god vei for å ta vare på god materialkvalitet.

    Likar

  2. Hei Magnus
    Takk skal du ha. Eg tenkjer å utvikle dette litt vidare etterkvart. Dette med tørking av material er eit interessant og viktig emne for oss som driv med restaurering og tradisjonelle handverk. Eg kan tenkje meg å kjøre nokre konkrete forsøk der eg dokumenterer viktige detaljar og postar på bloggen. Slike forsøk er vel fint å gjere på Norsk Folkemuseum?

    Det er mykje å prøve ut i samband med tørking av material. For liggande stablar så er det nokre faktorar som er viktige å tenkje på om ein er plaga av blåmann.

    1. Tidleg og rask tørk kan vere lurt. Arne Pedersen på Aursfjordsaga brukar å røyse borda opp mot veggen på saghuset med det same dei er saga. Dei kan gjerne stå slik nokre dagar. Då får dei rask tørk i overflata, særleg om det er sol.

    2. Få stabelen opp frå marka for å få luft under. På flat mark kan du gjerne ha 30-40 cm med underlag. Legg gjerne stabelen på høgder i terrenget, der det er drag i lufta.

    3. Så gjeld det å ha tjukke strø, gjerne 1″ eller meir. Tørre strø er også ein fordel.

    4. Ikkje ha for brei stabel, det blir for lite sirkulasjon av luft inne i midten. 70-80 cm er fint.

    5. Fjern barken på vankanten på ukanta bord for å få raskare tørk på geitveden.

    6. Når materialen er nysaga så er det ikkje så viktig med overtekking dei første vekene. Litt regn på materialen kan berre vere ein fordel. Kontinuerleg striregn er likevel ikkje så bra. Dette er eit litt komplekst emne der ein må følgje med veret og vurdere etterkvart. Når det har gått ei tid er det bra med overtekking av materialstabelen. Det bør vere luft mellom toppen av stabelen og overtekkinga. Presenning er derfor ikkje bra til slikt.

    I tillegg til dette er det andre faktorar som er viktige for å få materialen til å halde seg bein. Underlag og strø må ligge mest mogleg over kvarandre. Ytste strø bør gjerne ligge heilt på enden av borda for at dei ikkje skal vri seg eller sprekke for mykje i endane. Borda bør leggast med rettsida opp for å tørke jamnare og redusere tørkesprekker.

    Eg har høyrt rykte om plassen for å leggje ut tømmer i utløpet av elva. Det blir spennande å få prøvd ut dette.

    Likar

    1. Veldig bra med følgetong på dette temaet, det er jo forskjeller på tørkeprosess til ulike materialbruk
      Ja vi er med på å gjøre noen forsøk her på Norsk Folkemuseum.
      Før var jo mye av tømmeret fløta og naturlig vassgått, og hvor viktig del har det hatt å si?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s