Eg skal høvle golvbord til eit golv på kring 30 m2. Eg vil både dokumentere arbeidet undervegs og finne fram til aktuelle detaljar som eg vil undersøkje særleg. Eg har høvla fleire golv tidlegare og har også lært ein arbeidsmåte av Konrad Stenvold som hadde dette i tradisjon. Eg vil likevel freiste å sjå om eg gjennom arbeidet oppdagar detaljar som eg er usikker på eller som eg vil undersøkje nærare. Eg har skrive om materialen eg brukar og korleis denne er tørka. Eg har skrive om verktøyet eg brukar til arbeidet og korleis dette er laga. På bloggen om høvelbenken har eg og skrive om korleis eg har laga kopi av ein høvelbenk frå garden Helberg i Bardu. Denne benken nyttar eg til å høvle flask på dei første golvborda.
Før eg kunne ta til å pløye borda på skottbenken har eg brukt eit par dagar på å finjustere høvlane, rette langbord på skottbenken og konstruere ein ny type kilar for å spenne fast borda i skottbenken. Eg prøvehøvla ein del kortare bordbitar for å sjå korleis alt fungerte. Då var alt på stell når eg starta å høvle golvbord på onsdag i denne veka. Høvlane var nyslipt og alt var på stell. Eg gjorde nokre undersøkingar av tidsbruk på dei ulike delane av arbeidet for kvart bord. Då er det rein produksjonstid eg har registrert ettersom det gjerne vert ein del avbrekk i arbeidet når ein skal ta notat eller fotografere. I praksis går minst halvparten av tida til dette siste.
Borda har troa seg litt i tørkeprosessen. Det kunne vere 2-6 mm kul midt på borda. Dette må høvlast slett før pløying i skottbenken. Plan flate på rettsida av bordet er føresetnaden for å få ei god pløying. Foto: Roald Renmælmo
Skrubboksen med grovstilt tann er det rette verktøyet til den første grovhøvlinga. Når sponene blir opp mot 0,5 mm så er det ikkje mange høveltak før bordet er høveleg flatt. Foto: Roald Renmælmo
Den nye høvelbenken har god arbeidshøgde (75 cm) til skrubbhøvling. I snitt brukte eg 3,5 min på kvart bord. Borda er 2,6 meter lange snittbredder frå 19 – 27 cm. Totalt brukte eg 22 minutter på skrubbhøvling av 6 stk bord tilsvarande knapt 3,5 m2 flate. Foto: Roald Renmælmo
Overflata etter skrubboksen er ganske grov men det er ein fordel å unngå for mykje utriving rundt kvistar. Kvass høveltann er det viktigaste som kan motverke det. Foto: Roald Renmælmo
Når ein arbeider strukturert med skrubboksen blir overflata eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med slettoksen. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs i arbeidet kontrollerer eg om eg har fått høvla flat kulen på midten av bordet. Det er ikkje bra å høvle for djupt heller. Kantane prøvar eg å spare til eg sletthøvlar med slettoksen. Foto: Roald Renmælmo
Her kontrollerer eg flata med ein rettholt. Kanten av bordet har enda restar av sagskuren.
Den neste høvelen, slettoksen har 3″ brei tann og lengde på 14 ½» på sålen. Eg har stilt tanna slik at høvelen tar ca 0,12 mm tjukk spon. Då gir den fin overflate og er likevel ganske effektiv. Om eg skulle starte med denne høvelen i staden for skrubboksen ville eg brukt 3-4 gongar så lang tid på grovhøvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Eg brukte i snitt 8,5 min på kvart bord for å få dei slette nok med slettoksen. 3 min på det lettaste bordet, og 20 minutt på det vanskelegaste. Dette siste var ganske vinnt og kuva seg på langs. Eg måtte då gå over til ein kortare slettokse for å få høvla. Til saman brukte eg 52 min på sletthøvlinga av 6 bord. Foto: Roald Renmælmo
Rettholt for å kontrollere flata på bordet etter slettoksen. Det er viktig at rettholten ligg an på kantane sidan desse vert anlegget for landet på ploghøvlane. Om desse har ei svak fasing nedover så blir pløyinga vanskeleg. Foto: Roald Renmælmo
Med rettholten i motlys kjem det fram at bordet ikkje er 100% plant. Likevel vurderer eg det som plant nok. Foto: Roald Renmælmo
Det bordet som tok lengst tid å høvle var dette. Det er både kuva på langs og vinna. Totalt gjekk det 26 minutt å skrubbhøvle og sletthøvle dette bordet. Det er ⅓ av tida det tok å høvle totalt 6 bord. Det lettaste bordet tok 5 min å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Det er lagt opp tre siktestikker for å vise kor vinna bordet er. Foto: Roald Renmælmo
Dette er eit døme på eit bord som det gjekk veldig raskt å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Pløyinga på skottbenken tok lengre tid enn flaskhøvlinga. Spesielt å høvle fjør tok lang tid. 48 min brukte eg på å høvle fjør på 3 bord. 36 min brukte eg på å høvle not på 3 bord. Total arbeidstid på skrubbhøvling av alle 6 borda var 22 min. 52min var tida eg brukte på sletthøvling av alle 6 borda. Før pløyinga var arealet av flasken på borda omlag 3,5 kvadratmeter. Denne tida er effektiv arbeidstid når alt er lagt til rette. Det er mange avbrot i arbeidet ettersom eg måtte ta tida, fotografere og notere. Det kunne vore interessant å prøve å gjere eit tilsvarande forsøk der eg ikkje dokumenterer men berre tar tida på 6 tilsvarande bord. Då for å rekne den totale arbeidstida med alle operasjonane. Kom gjerne med innspel på kva som kunne vore interessant å dokumentere med slikt arbeid. Kan film av arbeidet vere av interesse?
Høvlane eg har brukt ser ikkje ut til å vere nemneverdig slitte eller sløve etter denne arbeidsmengda. Eg satsar nok på å kunne høvle 1-2 tilsvarande parti med golvbord før eg tenkjer på å bryne ståla.
Forfattar: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
Erfaringa me gjorde oss då me høvla kledningen til løa i Viga, var at ein må høvle ei viss mengd med bord for å kome skikkeleg inn i arbeidet. Det var fyrst då effektiviteten kom. Det skal leggast til at me starta arbeidet med lite erfaring, så lærekurva var og bratt…
Ein film ser eg fram til.
Takk for nok ein informativ og lærerik post!
LikarLikar
Takk for innspel. Det er heilt klart at 30 kvadratmeter golvbord ikkje er mykje for å kome skikkelig inn i arbeidet. Det burde heller vore 300 kvadratmeter i så fall. 300 kvadratmeter er mengda med handhøvla golvbord og loftbord som var i huset mit som var bygd i 1894. Dei som høvla dette kom nok inn i arbeidet og vart meir effektive.
Heldigvis har eg høvla ein del golvbord, innvendig panel og utvendig kleding tidlegare. Desse erfaringane har eg med meg i arbeidet eg gjer no. Det gjer nok noko med læringskurva. Eg merkar meg på det vesle eg har gjort no at eg strukturerer arbeidet meir når eg skal gjere det til eit «forskingsemne». Det kan vere bra for å kunne formidle det vidare til andre. Det er og ei fare at eg «konstruerer» ein slags struktur eller logikk som blir kunstig?
Både når eg dokumenterer og når eg presenterer stoffet blir det lett til ein slags struktur for å forenkle. Når eg berre skal stå og produsere så blir eg snart meir effektiv og får arbeidet unna men det er ikkje alltid at det treng å bli så strukturert eller systematisk? Har du tenkt over kva som gjorde at arbeidet vart meir effektivt når de høvla kledinga på løa i Viga?
Eg skal sjå om eg kan få til litt filming etterkvart.
LikarLikar
Sidan me nerast starta på bar bakke var det å få høvelen til å fungere godt ein viktig faktor i effektiviseringa.
Når ein arbeider to ilag må ein få til ein slags rytme i arbeidet slik at begge kan halde ut over lengre tid. Me erfarte at ein med lange armar ikkje passar så godt ilag med ein med kortare armar… Det fungerer, men i lengda føles det betre med to jamne personar. Me avtala på førehand intervaller for arbeidstid og pausetid og fulgte dette (med nokre justeringar undervegs når me såg at me kunne halde på lenger før me tok pause). Dette vart forutsigbart for begge og førte til høgare effektivitet i arbeidsøktene. Pausane vart blant anna nytta til å diskutere prosessen.
Ein annan ting som spelte inn var at me delte opp arbeidet i delproduksjonar. Slik hadde me heile vegen bord på kvart stadie i prosessen og kunne byte arbeidsoppgåve og stilling alt etter behov og kor mange personar som var tilgjengelige (1, 2, 3 og 4 personar). Me høvla altså ikkje alle borda på ein gong, men tilpassa høvlinga etter behovet for folk på byggeplassen.
LikarLikar
Hello mate nicce blog
LikarLikar