Golvbord og materialkvalitet

Materialen til golvborda eg høvlar er furu som eg sjølv har plukka ut på rot i ulike skogsområde her i Målselv. Furuene er først og fremst plukka ut på grunnlag av ei visuell vurdering av stamme og krone. Til golvbord vil eg helst ha ein nokolunde bein og rund stamme. Dimensjonen kan variere men eg har prøvd å ta ut tre som har 10-12″ diameter i toppen på ein rotstokk som er kring 6 meter lang. Det er ein fordel med lite og/eller små kvist i rotstokken. Tørrkvist kan også vere ei utfordring. Nokre fine andrestokkar kan også bli til bra golvbord men desse får eg sjeldan på 6 meters lengde i skogane i Målselv. Då vert dei kappa på fall som det heiter. Eg kappar dei på ein stad der det høver med toppdiameter, kvist eller avsmaling. Dei må berre vere lange nok til å passe med dei kortaste golvborda. I mitt fall er det 2,5 meter. Til golvbord bryr eg meg ikkje i så stor grad om furuene er vinde eller solvinde (hørevridd eller venstrevridd) i veden. Golvbord som er 5/4″ tjukke kan som regel rettast nok i høvlinga og spikrast ned på åsane eller tilfararane sjølv om dei har vinna seg under tørking.

Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band slik som Siv Holmin har gjort her. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av  fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Dette bordet er saga på ei sirkelsag som gir jamn fin skuroverflate. Bord saga på oppgangssag vert mykje tydelegare enn det vi ser på dette bordet. Kvisten vi ser i biletet er ein svartkvist. Heldigvis er den ikkje av den lause typen, men ein som sit fast i bordet. Foto: Roald Renmælmo

Tømmeret eg har tatt ut er saga til 5/4″ bord med rot/topp avsmaling. Desse borda skal brukast til kledingsbord, takbord og golvbord. I utgangspunktet tenkjer eg meg å bruke alle dei borda som er mogleg å bruke. Eg vil helst ikkje sortere ut bord unødig. Eg tenkjer meg at handverkarane som bygde hus i den tida eg undersøkjer, det meste av 1800-talet, kanskje ikkje hadde høve til å velje bort så mykje material? Korleis sorterer ein då dei ulike kvalitetane bord til ulike typar bruk? Eg vil helst ha takbord utan kvist som gir lekkasje og samstundes med mest mogleg alved. Eg vil helst ha kledingsbord som er sterke og med mest mogleg alved. Til golvbord har eg difor plukka ut bord med lite alved og med ein del kvist. Eg vil prøve ut kor grensa går for kva bord som kan nyttast til golvbord utan at eg kjenner meg ukomfortabel med resultatet.

Ein del kvist treng ikkje å vere noko større problem. Det er verre når kvisten er av typen laus svartkvist. Slike har ein tendens til å ramle ut under høvling. Er det kvist heilt i kanten av bordet går det an å hogge bort litt meir ved i kanten for å kome inn på heil ved. Er det fjørkvist i flata på bordet kan dette vere verre. Mange av borda eg har tatt ut til golvbord er saga langt ut i stokken. Då har dei gjerne laus tørrkvist nær midten. Eg vil ikkje ha hol i golvet mitt så eg prøvar ut ein måte for å reparere slike bord. Arbeidsmåten har eg tenkt meg fram til på eige hand. Tilsvarande spunsar har eg sett i golv frå slutten av 1800-talet men då kan det vere vanskeleg å vite om det er seinare reparasjonar eller gjort slik eg viser under. På slutten av 1800-talet var det truleg anten hornlim (beinlim) eller kaseinlim som var vanleg brukt til slike reparasjonar som dette. Eg har ikkje gjort eit stort poeng av val av lim og har tatt det limet som eg hadde lettast tilgjengeleg på verkstaden.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Golvbord og materialkvalitet”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: