Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1

Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ei av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruket av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin
Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ein av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruken av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin

Sidan skottbenken ikkje er ein del av pensum i formalisert fagutdanning i snikkarfaget og ikkje med i faglitteraturen i faget er det ikkje så lett å finne felles, eller gode, nemningar på benken, delar av benken og arbeidsmåten. Vi har nokre spreidde kjelder som er med i oversikta over litteratur om skottbenk i menyen over. Vi har også presentert nokre bloggpostar om både nemningar og om ulike skriftlege kjelder. Med søkefunksjonen i bloggen kan ein enkelt spore opp alt som er skrive. Det er eit materiale som har vore nemnd ved nokre høve men som ikkje er skikkelig forklart; svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling. Spørjelista vart sendt ut til snikkarar i heile Noreg i 1934. Det kom inn 168 svar, nokre er særs omfattande og detaljerte og andre har lite informasjon som er nyttig for oss. Eg har skrive ein artikkel med utgangspunkt i noko av dette materialet, Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis. Der skriv eg meir om bakgrunnen for spørjelista. Eg har også posta på høvelbenkbloggen om dette. Artikelen har utgangspunkt i svara på spørsmålet om høvelbenken.  Spørsmålet var formulert slik:

«Høvelbenken. Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk? Kann nokon hugsa ei tid dei ikkje nytta høvelbenk? Gjorde ein skilnad mellom hjulmakarbenk og snikkarbenk, og kva var skilnaden? Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar på det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o. s. b. Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.»

Spørsmåla er godt formulert og grundig gjennomarbeidde. Det er tydeleg at dei som har laga spørsmåla har god kjennskap til snikkarhandverket. Likevel er nok spørjelista i stor grad basert på faglitteraturen i snikkarfaget. Denne er for det meste omsett frå tilsvarande utanlandske bøker og avspeglar i liten grad det tradisjonelle snikkarhandverket på bygdene i Noreg. Døme på dette er spørsmålet om skilnaden på hjulmakarbenk og snikkarbenk. Det baserer seg på ei feilaktig omsetjing frå terminologi på dansk der ein snakkar om karetmagerbænk som ein høvelbenk som var populær blant vognmakarar og som hadde ein spesiell baktange. Det ser ut til at det berre var eitt av dei 168 svara som hadde forstått dette og svart på dette. Tilsvarande var det også med nemninga benkehakar som var misforstått av dei aller fleste som har svart.

I innleiinga til spørsmåla er det forklart at det er dei lokale nemningane ein er ute etter og at det er bra om dei kan skrive orda slik dei vert uttala. Soleis er det stor variasjon i skrivemåtar i svara. Når det gjeld skottbenken spesielt så gjer fråværet av han i litteraturen at snikkarane ikkje har noko referanse til korleis ein skal skrive namnet.

Eg tvilar på at dei som formulerte spørsmålet «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» tenkte på skottbenken? Eg har likevel tatt meg tid til å gå gjennom alle dei 168 svara, nærare 2000 handskrivne sider, for å sjå etter om skottbenken er med. Eg går gjennom svara fylkesvis og startar lengst nord i landet. Stadnamna eg brukar er dei som er oppgjeve i svaret. Som regel er det kommunenamn. Kommunestrukturen i 1934 var annleis enn i dag så det er ikkje heilt lett å få oversikt over geografien. Eg har likevel freista å merke posten med geografi-kategoriar ut frå dagens kommunestruktur. Nokre kommunar vart delt mellom fleire større kommunar i samband med samanslåing (Hillesøy og Sør-Rana) og då kan det vere vanskeleg å vite kor eg skal plassere svaret i høve til kommunestrukturen i dag. I vår samanheng er det ikkje eit stort problem om svaret er knytt til feil kommune. Eg skriv namnet på den som har svart så det går an å gjere meir inngåande undersøkingar lokalt.

I Finnmark er ikkje skottbenken med i det eine svaret som kom inn frå fylket. Vi har  tidlegare vist til andre kjelder som dekkjer tradisjonen med skottbenk i Finnmark. Eg startar difor med Troms.

Troms

Snikkaren Jens Solvang i Hillesøy kommune (i dag ein del av Tromsø kommune) var erfaren snikkar og hadde fleire svar som  var illustrerte. Om skottbenken skriv han: Den tid ein sjølv høvla og pløydde golv- og loftbord bruka dei «skottbenk» og «skotthøvel» til å høvle rett kant og pløye i. Han har og teikna ei skisse av ein skottbenk som har langbord på 8 alen. Han skil mellom golvbord og loftbord sjølv om desse kan sjå ganske like ut. Med loftbord meiner han nok bord som fungerer som golvbord på loftet men som også er synleg himling i etasjen under. Slike er det vanleg å høvle flate på margsida og pløye dei etter denne. Så legg ein borda med margsida ned. Baksida som vender opp kan vere meir eller mindre høvla.

Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.
Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.

Henri Reiersen på Skjervøy skriv: Ja, jamnt brukte dei skottbenken, fem alner lang, tvo «bokker«, støttestativ i endene og eit «sagbord» 6 tummar breid, tvo tjukk, fast i bukkane på kant (upp ned) og eit av same slag attmed og det kunde stillast tett inntil det faste eller frå ved kiler som vart slegne millom ein vinkelkloss og denne lause bordfjøla. Når snikkaren skulde kanthøvle eller pløye var det godt å kunne ha denne innretning. Og når snikkaren skulle høvle lange bord so la han nokre bord ovanpå bokkane og desse to kantståande borda hvis øverste kant svarte til øverste ende av bokken.

I Troms var det til saman 8 svar som kom inn. Dei to som har med skottbenken i svaret har også svart utfyllande på dei andre spørsmåla. Sjølv om det verkar som om skottbenken var vanleg og utbreidd i Troms på denne tida så har både Jens og Henri ei inngåande forklaring av benken og bruken. Eg tolkar det som at dei rekna med at dei som skulle lese svara trong denne innføringa for å forstå? Sidan skottbenken ikkje er nemnt i spørsmåla så skulle det tyde på at han var ukjent for dei som har laga spørsmåla? Skottbenk er den gjennomgåande nemninga i Troms. Det er døme på både skruvar og kile til stramming. Jens nemner og skotthøvel som namnet på høvelen til skyting av bord.

Nordland

Olav Engen i Sør – Rana (i dag truleg del av Hemnes kommune) skriv: Til å retta («skjota«) lange emne, golvplankar t.d. hadde dei sokalla skotbenk – 2 lange plankar nøgje beinka i yvekanten, festa i kvar sine to føter i passeleg lengd frå båe endar, kvart fotpar standande på ein tung tverrklamp, den eine litt lauseleg – rørleg – so dei med ein skruv eller eit drev kunde persa plankane saman um emnet, eller losna på dei og ta det ut att – det settast fast millom plankane med passeleg kant uppum til å høvla av med ein mei-okse, ein oksehøvel med to listor – meiar – fest under som gjekk på benkjeplankane på kvar si sida av emneplanken og sa frå når det var høvla nokk: kanten på emnet vart då retta, beint, som benkjekanten var. 

J. Fondal i Meløy nemner: Høvelbenkens høide er i skrittmålet på snikkarane. Skottbenken.

Fridtjov Wahl i Lurøy nemner: Høvelbenk var kjent, men dei nytta og skottbenk som dei nytta når dei pløgde bord. 

Ragnvald Mo i Saltdal nemner: Til å retta opp lange trestykke hadde dei skåttbenken

Også i Nordland er nemninga skottbenk gjennomgåande i dei 4 av totalt 14 svar som har nemnt skottbenken. Skrivemåten varierer mellom «skottbenk», «skåttbenken» og «skotbenk». Olav Engen nemner «mei-okse» som nemning på høvelen. Han nemner og «benkjeplankane» som nemning på langborda.

Nord – Trøndelag

Hans Vold i Frosta skriv: (først om høvelbenken) Dessutan har vi endno : oksbenk – lang planke – som lange bord okshøvles paa. Ataat disse har vi ogsaa: skottbænk for samanskjoting og pløining av gulvbord.

Olav Urstad i Harran (i dag ein del av Grong kommune) skriv: Naar dei pløgde saman golvbord brukte dei skottbenk d. v. s. to plankar sette på kant  og imellom desse feste ein golvplanken ved å kile plankane saman med bløygar

H. O. Naem i Kvam (i dag ein del av Steinkjer kommune)  skriv: Ein annan slags benk som bruktes naar der skulde høvles lange bord  og plankar t. d. til golv og loft, var «skotbenken«. Den måtte helst vere noko lengre enn det som skulde høvles. Den var laget av to 2″ x 6»  eller bredere planker som stod på kant i to stativer, den fremste festet til disse og den andre bevegelig. Millom desse plankar vart saa det som skulde pløiast sat fast  med kilar, saamykje høgare enn skotbenken som «fjera» (plognaden). 

Ingolv Svinset i Ogndal (i dag ein del av  Steinkjer kommune) skriv: Uframt høvelbenk brukte dei og skotbenk (lengre type). Lange stykke vart festa i skotbenk

I Nord-Trøndelag er skottbenken med i 4 av 11 svar. Skrivemåten varierer mellom «skotbenk» og «skottbenk». Hans Vold nemner oksbenk bruka til å høvle flask på borda.

I dei fire nordlegaste fylka var det til saman 34 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara hadde med skottbenk men ein eller anna variant av skrivemåten. Dei fleste har også gitt ei ganske detaljert forklaring av korleis benken ser ut og korleis han vert brukt. Når ein ser det opp mot at det ikkje var spurt spesielt om skottbenk eller pløying av bord så er det stort for oss i Norsk Skottbenk Union at så mange likevel har tatt med skottbenken i svaret. Dei fire nordlegaste fylka sør til Trondheimsfjorden er omlag halve Noreg. Eg vel då å stoppe med dei i denne fyrste delen av gjennomgangen av svarmaterialet i Ord og Sed. Resten av Noreg får kome i 2 eller 3 postar til kring same tema.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

10 thoughts on “Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1

    1. Nei, svara på spørjelista finnast berre i original som handskrivne sider i arkivet på Norsk Folkeminnesamling. Ein må gjere avtale og oppsøke arkivet sjølv. Det er ikkje mange som har gjort det sidan materialet vart samla inn. Eg har vore der i to omgangar og har laga meg ein arbeidskopi som eg brukar i arbeidet mitt. Eg går gradvis gjennom materialet og legg ut på bloggen etterkvart. Slik sett blir delar av det digitalt tilgjengeleg på bloggen. 🙂

      Likar

    1. I dont know If you read Norwegian? Why is this photo from Facebook added as a comment on this blogpost? Did something go wrong?

      It seems to be a nice toolchest from close to where I live in Norway. It have similar size and details as other chests from my area. 🙂

      Likar

    1. Takk for det, Thor Aage. Du er sjølv ein av dei som står på for å få ut informasjon 🙂

      Det er mykje nyttig stoff i materialet i Norsk Folkeminnesamling. Eg gjev att alt som har med skottbenken å gjere. Det blir bra å ha som referanse her på bloggen. Då kan ein finne døme på nemningar på ulike delar av skottbenken og også døme på korleis snikkarar før har formulert forklaringar på korleis skottbenken vert brukt. Det er veldig verdifullt at det er snikkarane sjølve som har skrive.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s