Nok ein skottbenk i Evjengrenda i Melhus

For nokre veker sidan la eg inn ein funksjon på bloggen for å ta i mot tips av lesarar som veit av gamle skottbenkar. Det gjekk ikkje mange dagane før eg fekk inn eit tips frå Oddbjørn Syrstad som hadde lese det eg skreiv om ein skottbenk i grenda hans, Evjengrenda ved Lundamo i Melhus. Oddbjørn skreiv at han og har ein skottbenk og lurte om om den var av interesse for oss. Sjølvsagt var det interessant, og i førre veke fekk eg høve til å undersøkje skottbenken saman med Thor Aage Heiberg og Ellev Steinsli. Oddbjørn har kjøpt garden Oppigard Evjen, busett seg der og overtok samstundes mykje av det som var på garden av verktøy og utstyr. Han har teke godt vare på Skottbenken han kunne syne fram til oss.

Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo
Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken er knapt 30″ høg og bukkane er festa til langborda med drevspon. Langborda og bukkane hadde merking omlag på same vis som den eine skottbenken på Skaun Bygdatun.  Det er to bukkar  som vert stramma med skruvar. Fotplata er kring 7″ brei og kring 29″ – 30″ lang. Skruvane er drygt 2″ i diameter. Det faste langbordet er skorda av med eit skråband som er spikra fast ned i fotplatene. Eg merka meg ikkje kor lang langborda var men trur det var kring 4,5 meter? Det kan vi få sjekka ut nærare. Langborda er knapt 1 ¾» tjukke og 5 ½» breie.

Skottbenken har stått på loftet i ei snikkarstue på garden. Rommet der den stod er bevart og har framleis høvelbenken og dreibenken ståande på plass. Her kan vi studere korleis høvelbenk og skottbenk har vore plassert i ein verkstad som har vore i bruk. Det er også ein del verktøy som kan knytast til skottbenken. I alle fall er 3 av høvlane på garden knytt til høvling av golvbord på skottbenk. I tillegg er det vanlege okshøvlar og sletthøvlar til flaskhøvlinga.

Dei siste som budde på Oppigard Evjen, før Oddbjørn overtok, var brørne Anders Evjen (1893-1966) og John Evjen (1906-1985). Faren deira heitte Lars Anderssen (1860-1937).  I folketeljinga for år 1900 står han oppført som gardbrukar, hustømmermann og snikkar. Yrkestitlane hustømmermann og snekker vart skrive «hustømmermd og snedker» som var den vanlege skrivemåten i folketeljingane for desse yrka. Det er tydeleg at Lars var ein som dreiv med byggjearbeid av ulike slag både innan snikring og tømring. Både høvelbenken og skottbenken ber preg av at det er ein, meir enn normalt, dyktig snikkar som har arbeidd dei og brukt dei. Også høvlane som høyrer til på garden ser ut til å ha vore laga av ein dyktig snikkar. Dette gjer det ekstra spennande å gjere vidare undersøkingar av både skottbenk, høvelbenkar og verktøy.

Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Dette er mannen som var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå  "Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend", Melhus kommune 1992.
Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Lars (1860-1937) var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå «Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend», Melhus kommune, 1992. Lars var son av Anders Larsen Sørtømme (1823-1898) frå Løvåsdalen under Valdum. Han var kjent for å bygge hestevandringar og var nok også ein flink snikkar.

Saman med skottbenken og spondungen på nabogarden vert dette ei veldig god kjelde til å forstå korleis skottbenken, verktøyet og verkstaden har fungert i den tida det var i bruk. Dette er slikt vi skal prøve å sjå nærare på, og dokumentere på ein god måte. Vi vil rette ei stor takk til Oddbjørn Syrstad som tipsa oss om skottbenken, tok i mot oss og viste oss skottbenk og verktøy. Med dette vil vi og oppmode andre som har  skottbenk eller interessant verktøy om å bruke tipsfunksjonen på bloggen og sende oss tips.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Nok ein skottbenk i Evjengrenda i Melhus”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: