På tross av at det har vore lite aktivitet på bloggen har hausten vore travel. Det har vorte tid til å vise fram skottbenkar og rettbenkar på Byggnadsvårdens konvent i Mariestad i Sverige. Som om ikkje det var nok har Helgeland Museum tatt initiativ til, og arrangert, eit kurs i bygging av skottbenk . Kurset vart arrangert 14-18. oktober på Mjåvatnbrygga i Sjøgata i Mosjøen. Dette var flotte omgjevnadar for eit slikt kurs. Her kunne vi gå rett ut av døra for å studere gamle hus med handhøvla materialar. På kurset vart det påbegynt 7 stk. nye skottbenkar, men berre ein av dei vart heilt ferdig til bruk i løpet av kursveka. Det var også tre av deltakarar som konsentrerte seg om å lage seg okshøvel, skottokse og golvplogar. To av desse, Einar Strand og Eirik Nicolaisen, har skottbenk frå før og er alt registrert som medlemmar.



Robert Nilsen held til i Mosjøen, eit område der vi tidlegare ikkje har hatt medlemmar. No har vi spira til eit større miljø med fleire handverkarar i dette området. Verktøysmeden Jon Dahlmo var også med på kurset og har kome langt med sin skottbenk. Han har også gått i gang med å produsere stål til golvplogar og kunne vise fram ein prototype på slike stål. Han arbeider vidare med å finjustere detaljar på desse ståla og er snart klar til å kunne levere til dei som vil lage seg sine eigne golvplogar. Jon har frå før laga seg høvlar med sjølvsmidde stål og når han får skottbenken sin ferdig er han kvalifisert for å bruke vårt offisielle arbeidsforkle. Vi har frå før smedane Odd Inge Holmberget og Torgeir Henriksen i smia på Nidarosdomens restaureringsarbeider som har bygd skottbenk og laga høvlar. Vi er veldig heldige som har fått med oss slike dyktige smedar i arbeidet med å revitalisere skottbenken og verktøyet som høyrer med til arbeidet.
Takk for fin omtale av kurset Roald, og igjen takk for at du kom til Helgeland for å spre interesse og kunnskap om skottbenker. Vi håper det er en begynnelse på mer skottbenkarbeid i regionen.
LikarLikar