Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Skottbenk i samlinga til Helgeland museum
I samband med kurs i bygging av skottbenk i Mosjøen i midten av oktober hadde Jon Dahlmo, Maja Sætermo og Torbjørn Prytz leita fram mykje spennande frå samlinga til Helgeland museum. Mellom det som vart funne var denne skottbenken som er ein del av samlinga til museet. Eg har ikkje funne registreringsopplysningar på benken og har derfor ikkje kjennskap til kva gard den kjem frå. Truleg har benken kome frå ein gard i Vefsn kommune.
Skottbenk i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen. Benken har skruvar for stramming og skråband for å stive av på lengda. Foto: Roald Renmælmo
Benken er 3,89 cm lang og har langbord som er 2 ½» x 5″. Langborda er runda på undersida ut mot endane og fasa i underkant. Skottbenken har skråband i lengderetning, noko som både stivar av benken under høvling og som også gir avstiving av langborda. Benken kan i verkemåte minne om benkane frå Skårvoll der den eine foten er fast i fotplata og den andre står i eit spor som er litt romt og gir rom for variasjon i tjukna på emna som skal festast. Oversida av langborda verkar å ha vore høvla veldig rette og fine sist benken var i bruk.
Heilbilete av skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Øverkant av langborda. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er festa til føtene med to spikrar. Foto: Roald Renmælmo
Langborda stikk ut 34″ frå senter fot. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane har diameter på 43 mm utvendig. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av skruvar. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane er festa til den faste foten ved ein konisk firkanta tapp som står i eit tilsvarande hol i foten. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane er fast i den faste foten. Skråbanda er tappa inn både oppe og nede. Foto: Roald Renmælmo
Skråbandfelling oppe i langbordet. Skråbandet er av gran og festa med spikar. Foto: Roald Renmælmo
Skråbandfelling nede i fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata er 23″ lang, 7 ¼» brei og 3 ½» tjukk. Den eine fotplata er i rein kantved og den andre i flaskved med marg ned. Innfellinga av føtene gir normal åpning på 1 ½» mellom langborda, kanskje 5/4″?. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er 2 ½» – 3″ x 5″ – 5 ¼» og er i kantved av gran. Alle delane i benken er av gran, unntatt skruvane som er av bjørk. Foto: Roald Renmælmo
Denne benken er ein av to benkar i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen. Det er mykje som tyder på at det finnast fleire skottbenkar på dei andre avdelingane av museet og vi er i gang med å undersøkje dette nærare. Vi kjem tilbake til meir om skottbenkar og det veksande fagmiljøet i nedslagsfeltet til Helgeland museum. Eg vil rette ei spesiell takk til Jon Dahlmo for hans innsats for å leite fram skottbenkar og verktøy på sine heimtrakter.
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
3 tankar på “Skottbenk i samlinga til Helgeland museum”
3 tankar på “Skottbenk i samlinga til Helgeland museum”