Skottbenk på Surnadal bygdemuseum

Bygdemuseet ligg på garden Åsen i Surnadal og er ein del av Nordmøre museum. Museet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med bygningar frå ulike tider og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Inne på låven er det samla ein del interessante bygningsdelar frå eldre hus i området. Mellom desse finnast også ein flott skottbenk i god stand. Skottbenken består av to bukkar (eller krakkar) og langbord. Han er laga slik at langborda er lause men vert halde på plass av eit blad frå bukken som er haka inn i sida på langbordet. Langborda er totalt 4 meter lange og måler 5 cm x 18.5 cm. Klikk på bileta i galleriet for å få større visning og billetekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.

 

Frå Møre og Romsdal fylke er det nemninga skotbenk som er mest vanleg om ei skal leggje svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed til grunn. Frå Hareid har vi «skotbenk» og «skothyvel», frå Volda «skotbenk» og frå Dalsfjord (også Volda?) «skotbenk». I Tresfjord har vi forma «skaatbenk» som ein variant av skrivemåten. Andre nemningar eller skrivemåtar er ikkje med i svarmaterialet frå fylket. Vi håpar denne posten kan vere til inspirasjon til potensielle medlemmar av Norsk Skottbenk Union i Møre og Romsdal slik at det kjem fram fleire gamle skottbenkar frå fylket og at nokon tek til  og byggjer seg benkar.

Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo

Kraftig auke i publiserte artiklar om skottbenk i 2013

Så vidt inne i det nye året kan vi ta skottbenkane i bruk igjen etter julefeiringa. Vi har lagt bak oss 2013, og kan sjå tilbake på mange viktige hendingar i året som gjekk. Ikkje minst at vi har fått formalisert Norsk Skottbenk Union og fått vår eige blogg. Gjennom bloggen har vi fått samla og aktualisert mykje stoff om skottbenkar som tidlegare var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har også fått eit fora for fagmiljøet som kanskje er det viktigaste som har skjedd på skottbenkfronten i 2013?

På slutten av året i 2013 kom det ut ei bok med tittelen «Kulturarvets hantverk» på Jamtli forlag. Boka er ei samling av artiklar og utgjeve i samband med avslutning av prosjektet med same namn som boka, Kulturarvets hantverk. I boka er det med heile to store artiklar om skottbenken. Boka er i sal for ein pris som berre skal dekke utgjevingskostnadar, altså veldig billig. Ho kan kjøpast frå Jamtli forlag eller frå nettbokhandel slik som Adlibris.

Thor-Aage Heiberg har skrive «Skottbenkene på Skårvoll, Støren«, der han presenterer den hittil lengste skottbenken i Noreg, kanskje i verda? Benken er 8,11 meter lang og kan attpåtil truleg knytast til høvling av utvendig kleding av Støren kyrkje i tidsrommet mellom 1816-1819. I tillegg er det også ein kortare skottbenk og to interessante høvelbenkar på garden. Vi ser fram til at Thor-Aage postar på bloggen om desse store oppdagingane.

Eg har skrive artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken«, der eg går gjennom arbeidsmåten for høvling av golvbord. Eg tar utgangspunkt i samarbeidet med Konrad Stenvold som eg intervjua og arbeidde saman med for å få tak på bruken av skottbenken og handhøvling av golvbord først på 2000-talet. Det var mi oppvakning kan ein seie.

Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen "Handhøvling av golvbord - på jakt etter skottbenken". Foto: Roald Renmælmo
Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Foto: Roald Renmælmo

Erling Flem har skrive artikkelen «Stabberet frå Gryta» i årsskrift 2013, Sogelaget for Hamnsund sokn (Haram) på Sunnmøre. Der skriv han om stabburet som var tømra av Peder Petersen Engeseth i 1861. Same mann har og etterlate seg ei verktøykiste med høvlar som kan knytast til snikkararbeidet i det stabburet. I kista var også nokre eldre høvlar, ein skrubbhøvel med årstal 1783, og ein skottokse med omlag same maksel men utan år. Kanskje kan det vere ein skottokse frå 1700-talet? Boka kan kjøpast frå Bok og Papir i Brattvåg.