Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.
Utgangspunktet mitt er å tilpasse den store tanna ferdig i senga i kilegangen. Når tanna passar nøyaktig i sidene og ligg stødig i senga så merkar eg av for holet for skruven og spalta for veslestålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er det merka med sentermerke i skruveholet og ein svak riss for spalta. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet er tjukkare enn det store og er smidd til for å ligge på baksida der skruven går gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Slik ser ståla ut frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg lagt det vesle stålet på flata i senga og merka av omrisset for å hogge ut for det. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet byggjer 4 mm djupare enn det store stålet. Foto: Roald Renmælmo
Eg set av 4 mm på høvelstokken og merkar dette. Målet er frå planet til senga. Foto: Roald Renmælmo
Sidan det er så lite material som skal bort så brukar eg eit smalt stemjarn. Eg brukar eit låst fingergrep for å kontrollere jarnet så det ikkje glepp ut og skjer feil. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs har eg prøvd om det vesle stålet passar nøyaktig. Foto: Roald Renmælmo
Her er prøving av veslestålet. Eg prøver det både laust og fastskruva til det store stålet. Det er viktig at det ikkje blir hogd for djupt. Det vesle stålet må ligge stødig mot treverket. Om det blir romt her kan det bli vibrasjon i stålet under høvling. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet er ferdig felt inn i stokken. Både det vesle stålet og det store stålet ligg godt an mot senga. Det er heller ikkje for romt på sida av det vesle stålet. Foto: Roald Renmælmo
Når stålet er ferdig tilpassa brukar eg det som utgangspunkt for å høvle ut fasongen, profilen i sålen på høvelen. På førehand er dei to ståla til nothøvelen og fjørhøvelen slipt til så det passar nøyaktig. Nothøvelen må skjere ei not som er ørlite vidare enn fjøra. Vi snakkar om ca 0.1 mm. Når den eine av plogane er ferdig er det den som blir referansen for høvlinga av sålen på den andre høvelen. Her er verktøyet som skal brukast, flyttplog og ripmot. Foto: Roald Renmælmo
Forfattar: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
Väldigt bra Roald!!
Väldigt pedagogiska bilder och nyttig information på ett lättförståeligt skrivet sätt!!
Mvh Pierre
LikarLikar
Takk skal du ha Pierre!
Det er veldig nyttig med slike kommentarar, særleg sidan dette er eit forsøk på å forklare arbeidsmåten eg har kome fram til. Målet er at informasjonen skal vere lettforståeleg og nyttig. Det passar kanskje best for den som skal lage seg høvel?
Kanskje eg kunne ha valt ein enklare type høvel og forklare arbeidsmåten med den først?
Med vennleg helsing Roald
LikarLikar
…Godt å se deg i høvelmakinga. Ser bra ut!
LikarLikar
Takk skal du ha Jarle.
Det har blitt litt høvelmaking den siste tida, det nye er å fotografere arbeidet slik at andre kan sjå det som blir gjort. Eg høyrer rykte om at du har planar om å få smidd nokre tilsvarande høvelstål? Kanskje du vil prøve å lage tilsvarande høvlar?
Med vennleg helsing Roald
LikarLikar
Flott at du tar deg tid til å dokumentere og dele med deg. Har planer om et tilsvarende sett golvploger, og håper å få med meg Øystein Myhre på det prosjektet. Som du kjenner til har eg frå før laga et sett som fungerer på samme måte men der den lille tanna er plassert foran den store i ein egen kilegang.
Det er for tida på utlån sammen med skottbenken min til noen lokale håndverkerer som enkelt lot seg overbevise om hvor effektiv denne teknologien er.
LikarLikar
Hei Jarle
Det er flott at du spreier skottbenken sitt glade bodskap til folket. Eg reknar med du tipsar dei om Norsk Skottbenk Union og bloggen også?
Har du ein konkret modell, eller gamal original, som du vil få Øystein til å smi kopi av? Eg har nokre originale som kan lånast om det er aktuelt?
Eg har også gjengeverktøy for ¼» skruvar av den moderne typen som du kan sjå på ein av dei tidlegare postane. Det er eit verktøy som skjer ut gjengane. Vi skulle eigentleg hatt skruvar av den eldre typen der gjengane blir dradd ut.
Med vennleg helsing Roald
LikarLikar
Skulle gjerne sett og dokumentert fleire originale høvler. Kanskje det er andre lesere av bloggen som kjenner til fleire eksemplar?
Som gammal skrotnisse har eg naturligvis samla på meg gjengeverktøy med tommemål av beste sort svensk stål. Ein veit aldri når slikt kan komme til nytte…
Om eg bare kunne finne det gamle gjengeverktøyet av «steikespademodell» skulle det til og med bli råd med pressa gjenger.
LikarLikar