Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Skottbenk, høvelspon og tradisjonsberarar i Melhus
Turen i Sør-Trøndelag som eg skreiv om i posten om skottbenkane på Skaun Bygdamuseum hadde fleire stopp. Den fyste stoppen var i Evjengrenda i Melhus kommune. Her var det dei to stabbura på garden eg og Anders Gimse skulle undersøkje. Anders vurderer å tømre stabbur som studentoppgåve og sidan eg skal vere rettleiar bør eg sjølv setje meg inn korleis dei lokale stabbura er bygd i heimtraktene til Anders. Båe stabbura har golvbord og loftbord som er høvla på skottbenk. Det i seg sjølv var interessant for oss som driv med slikt.
Dei to stabbura på Evjen i Melhus. Peder Evjen står på trappa på det største stabburet. Foto: Roald Renmælmo
Anders hadde vore på garden tidlegare og kunne avsløre at han hadde sett ein skottbenk. Sjølvsagt måtte vi undersøkje skottbenken før vi gjorde grundige undersøkingar av stabbura. Skottbenken stod oppstilt i same rommet der han hadde vore brukt sist. Peder og Elias som var oppvakse på garden kunne begge fortelje at dei hadde vore med å brukt benken som dei kalla for høvelbenk. Eg spurde spesielt etter namna skotbenk, rettbenk og strykbenk men ingen verka kjende. Dei kalla det berre for høvelbenk. Det var den einaste skottbenken dei visste om i grenda. Dei kunne fortelje at det hadde vore folk som hadde med seg bord som dei høvla på benken. Det var bord som skulle brukast til labord, bord til å kle inn novene på tømmerhus. Det var til slike bord benken var bruk til den tida dei hugsa etter.
Peder Evjen ved sida av skottbenken og med høvelspona frå sist benken var i bruk!! Peder har vore med og høvla på denne benken. Gamal original høvelspon frå høvling på skottbenk må vere eit særsyn å finne tak i? Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er 7 ¼ alen lang (4,55 meter) men har vore noko kortare. Han er forlenga med bord som er skøytt på i eine enden. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken har arbeidshøgd på ca 30″ (78,5 cm). Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er av typen som vert stramma med skruvar. Langborda er spikra fast til føtene. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er ca 7″ breie og 2″ tjukke. Dei ligg med margsida inn. Foto: Roald Renmælmo
Det er eit lite skråband som stivar av føtene på tvers. Spondungen ligg på den sida av skottbenken som skruvinga vert gjort på. Det verkar då som ein har gått på den sida som fotografen står på når ein har høvla. Foto: Roald Renmælmo
Spona frå siste gong skottbenken var i bruk har vorte liggande att. Det verkar som det meste av spon som ligg på toppen er frå høvling av flask og kant. Spon frå pløying av bord kunne eg ikkje finne i første omgang. Foto: Roald Renmælmo
Ved sida av skottbenken står det ein relativt vanleg høvelbenk som du kan sjå heilt til venstre i biletet. Midt på biletet er ein grov planke som er støtta opp og som ser ut som ein benk for snikkararbeid. Han kan vere for å kappe emne på eller for å høvle flask på bord. Peder hugsa ikkje kva denne vart brukt til. Foto: Roald Renmælmo
Ein skottbenk saman med tradisjonsberarar og høvelspona frå arbeidet på skottbenken er ei ganske unik kjelde til å forstå skottbenken. Frå ein tidlegare tur i Melhus kommune har eg nokre bilete av bevart høvelspon som truleg er frå fyrste halvdel av 1800-talet. Spona vart funne i Prestegårdslåna i Melhus i samband med restaureringsarbeid. Spona var brukt som isolasjon i veggen i ei eldre døropning som hadde vore snikra att. Då døropninga skulle opnast igjen dukka høvelspona opp. Heldigvis var dei ansvarlege for restaureringa så framsynte at dei tok vare på høvelspona og pakka ho godt inn i laken. Slik kan vi få tilgang til å undersøkje høvelspona og hente ut kunnskap om snikkaren sitt arbeid. Spona kan fortelje om kva slags høvlar snikkaren har brukt. Vi kan sjå kor tjukke høvelspona er. Det kan seie noko om kor effektivt snikkaren har høvla.
Høvelspon som vart funne brukt som isolasjon i ei attsnikra døropning på Prestegårdslåna på Melhus. Foto: Roald RenmælmoDet er ulike typar høvelspon som er brukt. Her kan ein sjå spon både etter gropoksen og slettoksen, tjukke og tynne spon. Her er også spon etter skottokse og etter pløying av golvbord med ploghøvlar. Tjukna på spona er eit resultat av kor grovt snikkaren har justert tanna på høvelen. Her kan vi få inntrykk av korleis arbeidet med høvlinga har vore. Kor tungt har det vore å dra høvelen? Kor mange drag måtte snikkaren høvle for å pløye borda. Foto: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Vis alle innlegg av Roald Renmælmo
2 tankar på “Skottbenk, høvelspon og tradisjonsberarar i Melhus”
2 tankar på “Skottbenk, høvelspon og tradisjonsberarar i Melhus”