Category Archives: Målselv

Høvelmaking, hogging av sponrom

Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.

Høvelmaking, oppmerking

Ein del av arbeidet mitt med å studere snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet har vore å lage kopiar av dei originale høvlane i verktøykista etter Knut Larsen Høis (1799-1882). Målet med det er både å få fungerande kopiar som eg kan bruke i mitt arbeid med snikring og å få studert dei originale høvlane gjennom kopieringa. I arbeidet har eg funne spor på dei gamle høvlane, spor eg tolkar inn i samanheng med korleis høvelen kan vere laga. Det er slikt som spor etter ripmot og rissnål for merking. Det er i seg sjølv eit spor som tyder på at høvelstokken har vore ganske ferdig høvla til før ein merka opp for arbeidet. Ut frå slike spor har eg prøvd å finne fram til ein arbeidsmåte og verktøy til å lage høvlar slik eg tenkjer meg at det kan ha vore gjort.

Eg vil vise arbeidet med å lage ein kopi av ein golvplog frå verktøykista, ein golvplog spesielt til skottbenken. Posten viser merkinga av høvelstokken frå ferdig retta, vinkla og dimensjonert emne. Emnet av bjørk er 70 mm bredt, 58 mm høgt og 340 mm langt, 2 11/16″ x 2 ¼» x 13″ i norske tommar. Ferdig lengde blir ca 315 mm (12″) medan dei andre måla er ferdige mål og skal ikkje justerast. Det kjem seinare postar som visar resten av arbeidet med høvelen. Dette er ein relativt komplisert høvel å lage som sin første høvel. Eg har organisert arbeidet og bileta slik at heile denne første serien viser framgangsmåten slik det vil vere på dei fleste høveltypane. Det bør vere overførbart til andre høvlar. Biletserien er eit forsøk på å formidle arbeidsprosessen på ein slik måte at det skal vere mogleg å arbeide ut frå det. Prøv gjerne om det fungerer og gi meg gjerne tilbakemelding. Du kan kommentere enten i posten eller under kvart enkelt bilete. Klikk på  bileta for å vise store bilete med tekst.

Høvelstål til golvplogar

Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Her smir han til det vesle stålet som er tilpassa spalta i hovudstålet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelståla til ploghøvlane frå verktøykista til Høs-Knut er truleg smidd av ein lokal smed, anten i Østerdalen eller i Bardu. Det er ikkje smedstempel på dei. Dei to delane av stålet er smidd kvar for seg og tilpassa til kvarandre. Desse vert helde saman av ein skruve. Skruven er også smidd og truleg gjenga av smeden.

Mattias Helje smidde til emna til ståla. Eg grovslipte desse før herding. Mattias herda ståla og så gjorde eg finjustering av tilpasninga. Det vesle stålet i spalta må passe nøyaktig for å at det ikkje skal hekte seg høvelspon her. I tillegg må dei to ståla, til not og til fjør, passe nøyaktig saman for at golvborda skal gå i hop. Dette er eit presisjonsabeid som tar litt tid og krev skarpe filer og konsentrasjon. Det er nødvendig å gjere siste justering etter herding sidan stålet som regel endrar litt form under herdinga.

Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar. Dette er nok litt meir moderne enn på originalen men det gjer nytta. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar på ¼» rundt emne. Dette er nok litt meir moderne verktøy enn det som var brukt på dei originale ståla. Foto: Roald Renmælmo

Kraftig auke i publiserte artiklar om skottbenk i 2013

Så vidt inne i det nye året kan vi ta skottbenkane i bruk igjen etter julefeiringa. Vi har lagt bak oss 2013, og kan sjå tilbake på mange viktige hendingar i året som gjekk. Ikkje minst at vi har fått formalisert Norsk Skottbenk Union og fått vår eige blogg. Gjennom bloggen har vi fått samla og aktualisert mykje stoff om skottbenkar som tidlegare var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har også fått eit fora for fagmiljøet som kanskje er det viktigaste som har skjedd på skottbenkfronten i 2013?

På slutten av året i 2013 kom det ut ei bok med tittelen «Kulturarvets hantverk» på Jamtli forlag. Boka er ei samling av artiklar og utgjeve i samband med avslutning av prosjektet med same namn som boka, Kulturarvets hantverk. I boka er det med heile to store artiklar om skottbenken. Boka er i sal for ein pris som berre skal dekke utgjevingskostnadar, altså veldig billig. Ho kan kjøpast frå Jamtli forlag eller frå nettbokhandel slik som Adlibris.

Thor-Aage Heiberg har skrive «Skottbenkene på Skårvoll, Støren«, der han presenterer den hittil lengste skottbenken i Noreg, kanskje i verda? Benken er 8,11 meter lang og kan attpåtil truleg knytast til høvling av utvendig kleding av Støren kyrkje i tidsrommet mellom 1816-1819. I tillegg er det også ein kortare skottbenk og to interessante høvelbenkar på garden. Vi ser fram til at Thor-Aage postar på bloggen om desse store oppdagingane.

Eg har skrive artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken«, der eg går gjennom arbeidsmåten for høvling av golvbord. Eg tar utgangspunkt i samarbeidet med Konrad Stenvold som eg intervjua og arbeidde saman med for å få tak på bruken av skottbenken og handhøvling av golvbord først på 2000-talet. Det var mi oppvakning kan ein seie.

Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen "Handhøvling av golvbord - på jakt etter skottbenken". Foto: Roald Renmælmo
Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Foto: Roald Renmælmo

Erling Flem har skrive artikkelen «Stabberet frå Gryta» i årsskrift 2013, Sogelaget for Hamnsund sokn (Haram) på Sunnmøre. Der skriv han om stabburet som var tømra av Peder Petersen Engeseth i 1861. Same mann har og etterlate seg ei verktøykiste med høvlar som kan knytast til snikkararbeidet i det stabburet. I kista var også nokre eldre høvlar, ein skrubbhøvel med årstal 1783, og ein skottokse med omlag same maksel men utan år. Kanskje kan det vere ein skottokse frå 1700-talet? Boka kan kjøpast frå Bok og Papir i Brattvåg.

God jul i snikkarverkstaden

Høvelbenken, skottbenken og langbenken feirar jul saman i snikkarverkstaden på Lyngstad. Høvelbenken har fått retta av benkeplata og er klar for å gå inn i romjula og eit nytt år. Skottbenken har fått retta langborda og er også klar å vere med på det meste i tida framover. Dei tre benkane har og invitert dei høvlane dei omgås mest i det daglege. Høvlane har fått den kosten dei likar best, fersk høvelspon i den tjukna og bredda som dei likar best.

Langbenken, skottbenken og høvelbenken i snikkarverkstaden på Lyngstad. Foto: Roald Renmælmo
Langbenken, skottbenken og høvelbenken i snikkarverkstaden på Lyngstad. Foto: Roald Renmælmo
Høvlane på høvelbenken har fått i seg "mat". Frå venstre, pusshøvelen, sletthøvelen, skrubbhøvelen, smalskrubben og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Høvlane på høvelbenken har fått i seg «julemat». Frå venstre, pusshøvelen, sletthøvelen, skrubbhøvelen, smalskrubben og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo

Benkane og høvlane helsar god jul til alle snikkarbenkar og høvlar dei kjenner i Norden.

Skottbenk frå Kverndal i Målselv

Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.

Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin

Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.

Langbord skottbenk
Det lause langbordet har ein fot som kviler på spenntappen. Foten er stiva av med eit bord som er spikra fast til langbordet og foten. Foto: Siv Holmin
Det er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin
Det er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin