Category Archives: legging av golv

Golvbord høvla på skottbenk, tidsbruk

Halvparten av golvet er lagt i rommet. Denne første halvparten er høvla av sirkelsaga bord. Foto: Roald Renmælmo
Halvparten av golvet er lagt i rommet. Denne første halvparten er høvla av sirkelsaga bord. Totalt er det 21 stk, bord som er 4 alen lange (251, 5 cm) og byggjer 4,33 meter i bredda. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive om høvling av golvbord, legging av handhøvla golv, eldtørking av material til golvbord, vértørka material til golvbord og snikring av golvplogar. For å ha eit golv å prøve ut høvlane og arbeidsmåten på har eg valt å høvle og legge eit golv i rommet eg etterkvart skal bruke til verkstad. Eg kunne lagt heillengte bord på ca 5,5 meter, men ville heller prøve ut korleis det er å arbeide med kortare bord og skøyte alle borda i flakskøyt slik det er vanleg med bord med rot og toppavsmaling. Eg har delt golvet i to lengder slik at borda i eine enden vert 4 alen lange og borda i andre enden litt over 5 alen lange. Eg har høvla ferdig og spikra den halvparten av golvborda med lengd på 4 alen. Desse borda er høvla frå 5/4″ sirkelsaga bord som er kanta med rot/topp avsmaling på saga. Borda er flaskhøvla med skrubbokse og slettokse og pløgd. Dei fleste borda har not/not og fjør/fjør og lagt annakvar med rot topp. Undervegs i legginga av borda vart det snudd nokre bord for å få tvilsame kvistar og slikt nærare veggen der det vert lite slitasje.

Golvborda er spikra med synleg smidd spikar. Spikaren er smidd av Mabäcker byggnadssmide i Dalsland i Sverige. Foto: Roald Renmælmo
Golvborda er spikra med synleg smidd spikar. Spikaren er smidd av Mabäcker byggnadssmide i Dalsland i Sverige. Det er ein spikar for kvar tilfarar på kvart bord. Foto: Roald Renmælmo
Tidsbruk

Eg har tidlegare vore med og høvla golvbord i ulike restaureringsprosjekt. Typisk er det nokre få golvbord som skal høvlast for å erstatte råteskadde bord. Der det har vore snakk om å høvle litt mengder av slike bord har eg vore kursleiar for grupper av handverkarar som skal lære og øve seg på slik golvbordhøvling. Det har lite for seg å rekne på tida ein nybyrjar brukar på å høvle golvbord, sidan mesteparten av tida går til å prøve seg fram og øve seg. Sjølv har eg etterkvart såpass med erfaring med høvling, spesielt pløying av bord, at eg ville freiste å måle tidsbruken på høvling og legging av golvet. Utgangspunktet for denne første halvparten av golvborda var sirkelsaga og grovkanta bord (rot/topp skorne).

Eg har ikkje kome over mykje informasjon om kor stor produksjon ein handverkar hadde på høvling og legging av golv. Frå Ulvik i Hardanger har eg kome over ei lita skildring:

«I gamal tid bordkledde dei ikkje husi, på jamnen. No vart det vis å bordkleda òg. Å leggja tolv bord på ei timra var ein manns dagsverk, sa dei. Det gjekk no heller røke å bordkle, for ein slapp pløma. Men golvi vart det meir og meir til dei dei plømde. Å høvla, pløma og leggja ned seks firealningsbord i eit golv rekna ein til eit dagsverk å vera. (Ulv.)» (Opedal 1982)

I Ulvik, som Opedal viser til, var det vanleg med liggande sulagd kleding. Kledningsborda vart kanta parallelle, eller med liten avsmalning, og retta med høvel. Å «pløme» er å pløye borda med not og fjør. Å høvle og legge 6 bord som er 4 alen lang vart altså rekna som eit dagsverk. Han skriv ikkje noko om bordtjukne, bordbreidde, korleis borda var kanta, korleis borda var saga eller korleis ein gjorde for å få borda til å byggje like høgt frå åsane. Alt dette spelar inn på kor mykje tid ein brukar på høvling og legging.

Endeveden av golvborda med pløyinga synleg. Foto: Roald Renmælmo
Endeveden av golvborda med pløyinga synleg. Foto: Roald Renmælmo

Eg har med utgangspunkt i teksten til Halldor Opedal valt å høvle 6 bord i gongen og leggje dei med det same. Eg har arbeidd aleine og har tatt tida på dei ulike arbeidsoperasjonane sjølv. Arbeidet har derfor vorte meir oppdelt enn om eg skulle arbeidd uforstyrra, berre med tanke på produksjonen. Eg har derfor valt å ta tida på dei ulike arbeidsoperasjonane for kvart bord og så summere dette.

1. gruppe med 6 bord

Borda har avsmalning frå rot til topp og det smalaste bordet var 19 cm bredt i toppen og det breiaste bordet 28,5 cm bredt i rota.  Gjennomsnittleg breidd på dei 6 borda var 22,6 cm. Eg har summert måla lengd og breidde på borda for å få eit tal på arealet som kvart bord dekkjer. Det er forskjell på arbeidsmengda på smale og breie bord. Den smalaste bordet var 0,4817 m2 og det breiaste bordet 0,7059 m2. Gjennomsnittleg areal på borda var 0,5889 m2. Totalt areal på dei 6 golvborda er 3,5334 m2. På arbeidet med høvling av borda har eg delt inn arbeidet etter kva høvel eg brukar til arbeidet, skrubbokse, slettokse, nothøvel og fjørhøvel.

Skottbenken og høvelbenken eg nytta til høvling av golvborda. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken og høvelbenken eg nytta til høvling av golvborda. På høvelbenken høvla eg med skrubbokse og slettokse. På skottbenken høvla eg med nothøvel og fjørhøvel. Eg har skrive om verktøyet som er brukt tidlegare. Foto: Roald Renmælmo

For å vise på ein oversiktleg måte korleis eg har rekna tid har eg stilt opp målingane i ein tabell med eit diagram som viser fordeling av tidsbruk for kvart bord. Annakvart bord har to fjører og annakvart bord har to noter slik det er vanleg på slike handhøvla golv. Difor vert det enten brukt nothøvel eller fjørhøvel på bordet.

Tabell og diagram over tidsbruken på høvling av dei fyrste 6 golvborda.
Tabell og diagram over tidsbruken på høvling av dei fyrste 6 golvborda. Borda var 4 alen lange, med litt overmål for reinkapping. Den grove kapplengda var på 2,6 meter og areal og slikt er rekna ut frå dette sidan det er denne lengda som vert høvla.

Summert tidsbruk for kvart bord er slik, bord 1 – 23 minutt, bord 2 – 41 minutt, bord 3 – 18 minutt, bord 4 – 18 minutt, bord 5 – 26 minutt og bord 6- 32 minutt. Total arbeidstid for høvlinga er 2 timar og 38 minutt. Ein skulle tru bord 6 som det breiaste ville krevje mest arbeid med høvlinga, men i staden var det bord 2 som utmerka seg i så måte. Her var det høvling med slettoksen som gjorde utslaget i arbeidstid. Dette var på grunn av at bordet både var vindt og krumma under tørkinga. Om borda er nokolunde flate før ein tar til med høvlinga så sparar ein veldig mykje tid. Kvaliteten på materialen er altså avgjerande for tidsbruken. For alle 6 borda er summert tidsbruk for skrubboksehøvling 22 minutt, for slettoksehøvling 52 minutt, totalt 1 time og 14 minutt på sletthøvlinga. For tre av borda er summert tidsbruk for nothøvling 36 minutt og for fjørhøvling 48 minutt, totalt 1 time og 24 minutt på pløyinga. I effektiv produksjonstid på høvlinga har eg brukt om lag 45 min/pr. m2 golvbord.

Måling av tidsbruken på dei ulike delane av høvlinga, viser at pløyinga tar meir tid enn flaskhøvlinga. Pløyinga tar om lag like mykje tid på kvart bord, uavhengig av breidde på bordet. Breie bord tar litt lengre tid å høvle på flasken enn smale bord, men byggjer samstundes meir i bredda på golvet. Om borda er høveleg flate verkar det å vere ein fordel at borda er breie for å få mest mogleg areal med golvbord i høve til arbeidstida. Også når det gjeld tidsbruken på legging av golvet er det, i tidsbruk, liten skilnad på å legge breie og smale bord.

For å halde borda på plass under spikring har eg fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Foto: Roald Renmælmo
For å halde borda på plass under spikring har eg fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Foto: Roald Renmælmo

Korleis eg arbeider med legging og spikring av golvborda har eg skrive om i: Legging av handhøvla golv. Her har eg ikkje delt opp arbeidet i ulike undergrupper og tatt tida på dette. Eg har prøvd å arbeide løpande med dei 6 borda som eg har lagt i kvar omgang. Total tidsbruk på legging av dei fyrste 6 borda var i overkant av 3 timar i effektiv arbeidstid. Her brukte eg også litt tid på fotografering av arbeidet undervegs så arbeidet vart ikkje gjort heilt utan avbrekk. Det er ganske tydeleg at arbeidet med å legge og spikre borda tar lengre tid enn arbeidet med høvlinga. Med utgangspunkt i den materialen eg har arbeidd med er det overkommeleg å høvle og leggje 6 stk, 4 alen lange golvbord. Ein må likevel arbeide fokusert og jamnt for å ha ein slik produksjon. Med tidsmåling og fotografering av arbeidet ville det blitt ein veldig lang dag, eller to dagar, før eg fekk fullført arbeidet.

Golvhake

Under mitt siste besøk hos smeden Mattias Helje fekk eg han til å smi nokre kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Slike hakar finnast beskrive i ulike kjelder, men er ikkje så vanlege å finne. (eks. Bong 1906) Min har eg fått tak på ein brukthandel på Fauske i Salten, men eg kan ikkje seie noko sikkert om proveniens. Den originale haken er smidd av fleire mindre bitar som er smisveisa saman. Utgangspunktet for det var truleg at ein ikkje hadde store nok emne, eller at dei ville utnytte små bitar dei hadde liggande i smia? Vi valde å smi den av eit heilt emne sidan det ikkje burde vere gode grunnar noko anna.

Mattias har fleire smier som er innreidd på forskjellig vis. Dette er den nyaste og det er nok her han arbeider til vanleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias har fleire smier som er innreidd på forskjellig vis. Dette er den nyaste og det er  her han arbeider til vanleg. Her vart det meste av arbeidet med golvhakane gjort.  Foto: Roald Renmælmo
Utgangsemnet var eit rundt jarn som vart bøyd til ein skarp 90 graders knekk. Foto: Roald Renmælmo
Utgangsemnet var eit rundt jarn som vart bøyd til ein skarp 90 graders knekk. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vart så smidd ut til ferdig fasong. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vart så smidd ut til ferdig fasong. Foto: Roald Renmælmo

Den eldste smia til Mattias er truleg tømra i fyrste halvdel av 1800-talet og er innreidd i tråd med korleis smiene var på denne tida. Avl, belg, smiste og verktøy er av gamle typar. Vi avslutta arbeidet med å smi golvhakane i denne smia for å sjå korleis belg og avl fungerer i gamalsmia. Eg tok opp nokre filmsnuttar som viser arbeidet i smia. Eg har sett dette saman til ein liten film som fangar opp litt av stemninga i ei slik smie.

Kjelder:

Bong, J. M. (1906). Byggnadssnickaren på landet, En handlegdning vid innlägging af golf och paneler, förfärdiande av trappor, fönster och dörrkarmar, olika slags dörrar, veranda m m, äfvensom åtskilliga därtilø behöfliga hyflar m fl verktyg. Norrköping: Johan Jönsons Boktryckkriactiebolag.

Opedal, Halldor. (1982). Gamle handverk i Hardanger : smedar, snikkarar, skomakarar, skreddarar : folkeminne.

Legging av handhøvla golv

Nylagte golvbord lagt på tilfararar. I mitt hus har eg ei betongplate som golva kviler på. Oppå denne er det lagt tilfarara av 3" x 4" som golvborda vert spikra i. Midt på der flakskøyten blir ligg det ein 3" x 6" på flasken for å ha meir å spikre i. TIlfararane er høvla rette oppå og lagt på klossar som fordeler trykket på betongplata. Mellom tilfararane er det lagt lecakuler som isolasjon mellom betongplata og golvborda. Dette er ei moderne løysing men golvlegginga ser ut til å fungere på same måten som med golvåsar med sand som isolasjon. Det ville vore den eldre tradisjonelle løysinga i mitt område. På biletet ser vi endeveden på borda der flakskøyten kjem. Borda er spikra med smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo
Nylagte golvbord lagt på tilfararar. I mitt hus har eg ei betongplate som golva kviler på. Oppå denne er det lagt tilfarara av 3″ x 4″ som golvborda vert spikra i. Midt på der flakskøyten blir ligg det ein 3″ x 6″ på flasken for å ha meir å spikre i. TIlfararane er høvla rette oppå og lagt på klossar som fordeler trykket på betongplata. Mellom tilfararane er det lagt lecakuler som isolasjon mellom betongplata og golvborda. Dette er ei moderne løysing men golvlegginga ser ut til å fungere på same måten som med golvåsar med sand som isolasjon. Det ville vore den eldre tradisjonelle løysinga i mitt område. På biletet ser vi endeveden på borda der flakskøyten kjem. Borda er spikra med smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo

Det er som regel ein ganske grei jobb å høvle golvbord når alt av høvlar og slikt fungerer som det skal. Handhøvla golvbord laga på gamaldags vis er på fleire måtar forskjellig frå vanleg golvbord i dag. Det er litt meir arbeid med slik legging og det er ein del ting ein må passe på for at resultatet skal bli bra. Det første vi må tenkje på er at borda har rot/topp avsmalning. Vi må passe på at borda held retninga sånn høveleg. For at dette skal gå lett er det vanleg å høvle borda annakvart med to noter og annakvart med to fjører. Det er praktisk gå gjere det slik når vi høvlar sidan vi berre treng den eine høvelen til begge kantane på bordet. Vi må berre passe på at vi endar opp med like mange bord av kvart slag. Det andre vi må passe på er at borda ikkje er dimensjonerte, undersida er uhøvla og tjukna varierer som regel. Når ein legg borda må dei justerast på tjukna for kvar ås dei ligg på. Det er nokså vanleg at gamle golvbord ikkje er fullange til rommet dei skal ligge i. Då er dei som regel skøytt med ein flakskøyt, alle borda er skøytt på same åsen. Det er på grunn av at det er praktisk vanskeleg å skøyte bord med rot/topp avsmalning på andre måtar.

Høvling av golvbord

Eg skal høvle golvbord til eit golv på kring 30 m2. Eg vil både dokumentere arbeidet undervegs og finne fram til aktuelle detaljar som eg vil undersøkje særleg. Eg har høvla fleire golv tidlegare og har også lært ein arbeidsmåte av Konrad Stenvold som hadde dette i tradisjon. Eg vil likevel freiste å sjå om eg gjennom arbeidet oppdagar detaljar som eg er usikker på eller som eg vil undersøkje nærare. Eg har skrive om materialen eg brukar og korleis denne er tørka. Eg har skrive om verktøyet eg brukar til arbeidet  og korleis dette er laga. På bloggen om høvelbenken har eg og skrive om korleis eg har laga kopi av ein høvelbenk frå garden Helberg i Bardu. Denne benken nyttar eg til å høvle flask på dei første golvborda.

Før eg kunne ta til å pløye borda på skottbenken har eg brukt eit par dagar på å finjustere høvlane, rette langbord på skottbenken og konstruere ein ny type kilar for å spenne fast borda i skottbenken. Eg prøvehøvla ein del kortare bordbitar for å sjå korleis alt fungerte. Då var alt på stell når eg starta å høvle golvbord på onsdag i denne veka. Høvlane var nyslipt og alt var på stell. Eg gjorde nokre undersøkingar av tidsbruk på dei ulike delane av arbeidet for kvart bord. Då er det rein produksjonstid eg har registrert ettersom det gjerne vert ein del avbrekk i arbeidet når ein skal ta notat eller fotografere. I praksis går minst halvparten av tida til dette siste.

Pløyinga på skottbenken tok lengre tid enn flaskhøvlinga. Spesielt å høvle fjør tok lang tid. 48 min brukte eg på å høvle fjør på 3 bord. 36 min brukte eg på å høvle not på 3 bord. Total arbeidstid på skrubbhøvling av alle 6 borda var 22 min. 52min var tida eg brukte på sletthøvling av alle 6 borda. Før pløyinga var arealet av flasken på borda omlag 3,5 kvadratmeter. Denne tida er effektiv arbeidstid når alt er lagt til rette. Det er mange avbrot i arbeidet ettersom eg måtte ta tida, fotografere og notere. Det kunne vore interessant å prøve å gjere eit tilsvarande forsøk der eg ikkje dokumenterer men berre tar tida på 6 tilsvarande bord. Då for å rekne den totale arbeidstida med alle operasjonane. Kom gjerne med innspel på kva som kunne vore interessant å dokumentere med slikt arbeid. Kan film av arbeidet vere av interesse?

Høvlane eg har brukt ser ikkje ut til å vere nemneverdig slitte eller sløve etter denne arbeidsmengda. Eg satsar nok på å kunne høvle 1-2 tilsvarande parti med golvbord før eg tenkjer på å bryne ståla.