Skottbenk på garden Utistu Aastrøen i Vingelsåsen i Tolga
Dette siste året har det ikkje vore særleg mykje reiseverksemd, men det har dukka opp «ukjende» skottbenkar på alle turane eg har vore på. I slutten av november 2020 var eg saman med Thor-Aage Heiberg ein tur til Tolga for å studere og registrere verktøy og slikt på Dølmotunet i Tolga. Nokre dagar tidlegare hadde eg vore på Tynset og registrert verktøy og ein gamal skottbenk på museet der og lagt ut bilete av benken på Instagram. Eg fekk snart tips om at det fanns fleire «uoppdaga» skottbenkar i regionen. Det var den lokale tømraren Tor Henrik Jordet som kunne opplyse at Øystein Aasen på garden Utistu Aastrøen i Vingelsåsen hadde ein skottbenk på garden. Vi heiv oss i bilen og kjørte til garden og rakk akkurat å flytte benken ut frå låven der den var lagra og ut i snøen for å ta nokre bilete og måle han opp.
Oppmålingsskisse av benken. Benken er 517 cm lang (8 ¼ alen) , arbeidshøgd er 78-80 cm og langborda er 7 ½» x 2 ½» og 7 ½» x 2 ¼».
Skottbenken på Utistu Aastrøen
Skottbenken har eit fast og eit laust langbord. Dei to opplengene i bukken er spent saman med ei jarntein som har kile for stramming. Foto: Roald Renmælmo
På foten ser vi enden av jarnteinen for å spenne saman opplengene. I denne enden er teinen splitta og krøkt inn i treverket.
Arbeidshøgda på benken er 78-80 cm.
I bakkant av benken er det festa ein høvelstopp for å kunne høvle emne på flasken oppå langborda.
Høvelstoppen er kring 3 ¼ tomme brei.
Våningshuset på garden er bygd i fleire byggtrinn og er nærare 30 meter langt.
På våningshuset er det ein portal som minner mykje om dei som er snikra av Høs-Knut, men det skal vere ein av snikkarane på garden som har snikra denne, truleg inspirert av portalen som Høs-Knut snikra til nabogarden Åshaugen kring 1855.
Det er ikkje uvanleg å finne skottbenkar i Nord-Østerdalen, men det er fint å få sjå ein slik uvanleg fint laga skottbenk som denne på ein gard der det har vore fleire generasjonar med snikkarar. På nabogarden Åshaugen var det Høs-Knut, Knut Larsen Høis (1799-1882), var og arbeidde i to vintrar med innreing, vindauge og dører i 1854-1855. Der har eg ikkje funne skottbenk så langt, men det har truleg vore ein liknande skottbenk som denne i bruk der også på den tida. Skottbenken på Utistu Aastrøen har nokre klipte spikar til å feste ulike delar og det indikerer at han kan vere snikra kring siste del av 1800-talet.
Ein snikkar som har vore verksam på garden er Knut Estensen Aasen (1829-1878) og han snikra ein god del høvlar og stempla høvlane sine med bokstavane KESA. Høvlane hans har stor likskap med høvlane til Høs-Knut og det er mykje truleg at desse to har hatt kontakt, kanskje har dei også arbeidd saman. I folketeljinga for 1865 kan vi sjå at Soland Johnsen (1847-1892) arbeidde som dreng på garden hos Knut Estensen. Soland flytte seinare til Målselv og budde fyrst nokre år på Alapmoen, men etablerte seg seinare under garden Tillermoen. Bustadhuset etter han på Tillermoen kjøpte min oldefar Olav Renmælmo i 1913 og flytte det til Lyngstad der det i dag er i bruk som mitt eige bustadhus. Det er ikkje utenkeleg at Knut Estensen Aasen og Soland har arbeidd på denne skottbenken.
Skottbenken er ikkje ulik tidlegare registrerte skottbenkar i området, slik som den frå Bredalslien, skottbenken frå Nesset eller skottbenken til Per Volden i Os som var inspirasjonskjelda til «Jarlebenken», ein kombinert skottbenk og høvelbenk som vart utvikla av Jarle Hugstmyr for nokre år sidan og som har fått mange avleggarar.
Skottbenk frå Neset ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. Gunnar Nesset (t.v.) og student Henrik Jenssen drøftar detaljar kring bruken av benken.
For meg starta leitinga etter skottbenkar i Troms for nærare 20 år sidan. Den fyrste tida har det vore veldig flott om eg hadde hatt kjennskap til Gunnar Nesset ved Langvatn i Balsfjord og skottbenken han har tatt vare på etter faren. Det hadde gjort vegen mykje kortare til å finne fram til gode modellar for skottbenk og finne fram til meir om arbeidsmåten og bruken av skottbenken.
Noko av det som er mest spennande ved å leite etter skottbenkar og kartlegge tradisjonen kring bruken av dei er i kor mykje som finnast rundt på gardane i landet, men likevel er det veldig vanskeleg å finne på annan måte enn å oppsøke gardane og leite etter benkane sjølv. I faglitteraturen i snikkarfaget og tømrarfaget er temaet omtrent ikkje eksisterande.
Henrik Jenssen er student på tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim og har gjennom utdanninga vore mykje borti skottbenken og bruken av den. Sist haust hadde studentane i heimeoppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk. Henrik strevde med å finne ein benk som ikkje var registrert tidlegare og endte opp med å måle opp ein skottbenk frå Kverndal i Målselv. Den skottbenken har tidlegare vore skrive om her på bloggen.
For nokre veker sidan var Henrik i ein familiebursdag og kom der i prat med Gunnar Nesset frå nabolaget til garden Henrik kjem frå ved Fjellfroskvatnet i Balsfjord. I løpet av samtalen kom det fram at Gunnar hadde vore med og høvla golvbord for hand og også hadde tatt vare på skottbenken som dei brukte i samband med høvlinga. Henrik gjorde akkurat som han skulle, og ringte meg så snart han kunne, og meldte frå om skottbenken. Nokre dagar seinare, tidlegare i denne veka, reiste eg saman med Henrik for å sjå på skottbenken til Gunnar. Skottbenken var lagra i saghuset hans og vi fekk tatt den fram og sette den saman utanfor huset for nærare undersøking.
Henrik Jenssen er i gang med å måle opp skottbenken frå Nesset. Foto: Roald Renmælmo
Vi såg ganske snart at skottbenken var veldig fint laga og i god stand. Benken var laga slik at det eine faste langbordet var grada fast i føtene og det andre er laust. Føtene er laga heilt i bjørk og langborda er av furu. Sjølv om det var ein del stor kvist i langborda verka det som dei er veldig stabile. Begge langborda såg ut til å vere ganske rette. Skruven på den eine foten manglar sidan den er i bruk i ein høvelbenk. Det ser ut som både føtene og langborda er sett inn med tjære som overflatebehandling.
Gunnar demonstrerer bruken av golvplogen på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Langborda var saga 2″ x 8″ (norske tommar) og høvla flate på margsida som vender inn. Lengda på borda var 5,28 meter. Utvendig og under var det stort sett sagskur å sjå i overflata. Foto: Roald Renmælmo
Langborda var av furu som var hogd i området ved Andorli ved Fjellfroskvatnet og truleg saga på sirkelsaga på Andorli. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet har klossar på undersida som glir på tverrtreet på føtene. Foto: Roald Renmælmo
Klossen under det lause langbordet var 2″ tjukk og 18-19″ lang. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane i benken var laga av bjørk og hadde skruvedelen med diameter på noko over 2″. Foto: Roald Renmælmo
Dei fleste delane av føtene var 3″ x 5″ bjørk som var høvla på alle fire sider. Eine delen med skruveholet målte 4″ x 5″. Foto: Roald Renmælmo
Det var rom til å høvle opp til 3″ tjukke emne i benken. Foto: Roald Renmælmo
Det var eit tverrtre på 3″ x 4″ mellom dei to føtene. I tillegg var det ein 15 mm tjukk stålbolt som heldt dei to føtene saman. Foto: Roald Renmælmo
Tverrtrea var tappa gjennom føtene med 2 stk 1″ tappar. Foto: Roald Renmælmo
Tappane på tverrtrea var nagla med ½» tjukke bjørkenaglar. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken var totalt 81 cm høg på toppen av langborda og 76 cm høg på toppen av føtene. Foto: Roald Renmælmo
Det faste langbordet var festa til føtene med grading. Foto: Roald Renmælmo
Graden er 11,2 cm brei nede. Legg merke til meket X. Same merke finnast også på langbordet og markerer at dei passer saman. Foto: Roald Renmælmo
Graden er 10,6 cm brei oppe. Denne vesle koninga gjer at det er lett å få på langbordet og samstundes få benken stiv nok. Foto: Roald Renmælmo
Graden er ⅝» djup.
Fotplatene er 7″ breie og ein alen lange. Tjukna er 3″. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er tappa gjennom fotplatene med ca 1″ tappar, I den eine foten er det delt inn i 2 tappar og den andre i 3 tappar. Foto: Roald Renmælmo
Inndeling av tappane i den eine foten. Foto: Roald Renmælmo
Denne skottbenken ser ut til å vere veldig godt tilpassa å kunne demonterast for transport og vere rask og montere. Føtene verkar å vere veldig solid og godt laga. Dette er ein framifrå modell å snikre etter for den som skal lage seg ein skottbenk som ein kan ha med seg rundt på byggeplassar. Gunnar meinte benken i hovudsak hadde vore brukt til å høvle golvbord, men den ser ut til å kunne fungere bra til det meste av material som er opp til 11″ bredde på og opp til 3″ tjukne.
Gunnar viser prinsippet for høvling av golvbord med golvplog. Foto: Roald Renmælmo
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården
Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo
På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige. Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.
Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.
Galleri av skottbenken på Västagården
Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.
Skottbenken sett frå sida. Benken er 5,15 meter lang. Bukkane er plassert 1,05 og 1,08 meter inn frå endane. Inndelinga er då omlag som på mange av dei norske benkane. ⅕ av lengda av langbordet stikk ut på kvar side og ⅗ er mellom bukkane. Foto: Roald Renmælmo
I begge endane av langborda var det tappa gjennom eit firkanta hol der det såg ut til å ha stått ein styretapp. Truleg har dette vore for å motverke at borda skulle svikte under høvling. Foto: Roald Renmælmo
I det eine langbordet er det bora hol for ei jarnklo som står på plass i benken. Dette er eit tydeleg prov på at ein har høvla bord på øverkanten av langborda, truleg på flasken. I sida av langbordet er det tatt ut eit hol for å kunne kome til og slå ut jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Det er ca 29″ arbeidshøgd på benken. Det er heilt i tråd med det som er vanleg i Noreg. Foto: Roald Renmælmo
Kvar bukk består av ein kraftig rundstokk av furu som det er hogd ut for langborda i. For å gjere bukken stødigare er det felt inn ein bordbit som er spikra fast nederst. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av korleis bukken er laga. Foto: Roald Renmælmo
Den andre bukken sett frå andre sida. Det eine langbordet er spikra fast til bukane med fire smidde spikrar. Foto: Roald Renmælmo
Dei to bukkane er hogd til med øks. Spora etter arbeidet med øksa er godt bevart. Foto: Roald Renmælmo
Langbordet med drevspona. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet er festa til ein bordbit som er klauva ned på ei lekt som er spikra fast i foten. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av bukken og det lause langbordet sett ovafrå. Det var rom for å kunne feste emne på opp mot 3 ½» tjukne i skottbenken. Dessverre var det ikkje bevart kile med benken. Det var også vanskeleg å tolke spora etter korleis kilen kan ha sett ut og korleis han har vore brukt. Foto: Roald Renmælmo
Langborda frå enden. Begge har margen ut. Dei er truleg saga på oppgangssag men vi er ikkje heilt sikre på at det ikkje kan vere handsag. Borda måler ca 8″ i bredde og er frå 5/4″ – 1 ¾» i tjukne. Foto: Roald Renmælmo
Øyra på bukken er hogd til med om lag 6″ bredde. Langbordet er spikra fast med 4 stk smidde spikar. Foto: Roald Renmælmo
Den andre bukken var noko grovare og hogd ned til ca 7 ½» bredde. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet har ein bordbit festa i underkant for å stå i rett høgde. Denne er felt inn som ei drevspon og spikra. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet hadde litt ulike detaljar på dei to drevsponene. Denne har spikrane slått inn frå innsida. Foto: Roald Renmælmo
Denne har spikrane slått inn frå utsida og så er dei nøkka på innsida. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av drevspona. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av drevspon. Foto: Roald Renmælmo
Dei to bukkane er utsett for utkløyving om ein spenner hardt til med kilen. For å unngå dette er det bora hol og slått inn ein gjennomgåande trenagl som er låst med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av den gjennomgåande trenaglen. Dimensjon var om lag 1 ½» i diameter. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.
Jarnklo
I det eine langbordet er det bora hol for ei jarnklo som står på plass i benken. Dette er eit tydeleg prov på at ein har høvla bord på øverkanten av langborda, truleg på flasken. I sida av langbordet er det tatt ut eit hol for å kunne kome til og slå ut jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Haken er av ein type som ikkje er så vanleg men det er døme på slike i gamle høvelbenkar i Hedmark i Noreg. Nemninga jarnklo er då brukt om denne modellen. Det er også spor etter det som truleg har vore ein anna variant av hake til venstre. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk
Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje
Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.
Det lause langbordet har ein fot som kviler på spenntappen. Foten er stiva av med eit bord som er spikra fast til langbordet og foten. Foto: Siv Holmin
Det er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin