Skottbenk frå Austigard Gåsvatn i Rindal

Per Willy Færgestad er ein ivrig skottbenkbrukar og arbeider for Akershus bygningsvernsenter der dei stadig held kurs i bruk av skottbenk i samband med restaurering og tradisjonelt snikkararbeid. Sist eg traff han fekk eg overlevert ein del foto og oppmålingsskisser av ein interessant skottbenk som han har kome over i Rindal. Rindal er ein kommune i Sør-Trøndelag som for oss snikkarar nok er mest kjent for sitt skimuseum med samling av ski og verktøy knytt til skiproduksjon. Ved søk i samlinga til museet kjem det ikkje fram nokon skottbenk, men det er mogleg dei kan ha slikt likevel. Skottbenken og verktøyet som Per Willy har dokumentert for oss kjem truleg frå garden Vollen (G.nr. 28, B.nr.3) og var truleg snikra av Mikkel Ingebrigtson Nergård som var fødd i 1828. Familien reiste til Amerika, nokre kring 1881 og dei andre følgde etter i åra fram til dei siste kom i 1893. Det er uklart kor dei endte opp og når Mikkel døydde. I dag er benken og verktøyet på Austigard Gåsvatn (G.nr. 39, B.nr. 2).

Skottbenken ser ut til å vere i god stand og er teke godt vare på. Foto: Per Willy Færgestad

Skottbenken er solid snikra og av ein type som vi finn ein del av i Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. I utforming og verkemåte er den nokså lik skottbenkane i Lensmannsarresten i Tolga, Utistu Aastrøen i Vingelsåsen, Nesset i Tolga, Os i Østerdalen og Bredalslien i Os. Benken har arbeidshøgde på 31 ½», i norske tommar og det svarar til 82,5 cm og er då av dei høgare benkane vi har registrert rundt i landet, sjølv om det er eit stykke opp til verdas høgaste skottbenk med sine 91,5 cm. Lengda på langborda er 126 ½» (330,5 cm) som er noko under gjennomsnittet på lengder på skottbenkar. Langborda har dimensjon på 2 ¼» x 9″ og er mellom dei meir solide langborda på skottbenkar. Per Willy har målt opp skottbenken på mål-sette prinsippskisser som er veldig praktisk for deg som skal snikre kopi av denne flotte skottbenken.

I tillegg til denne flotte skottbenken var det også eit sett med golvplogar på garden. Desse var svimerka med MISN, for Mikkel Ingebrigtson Nergård som har snikra dei og brukt dei. Det var berre fjørplogen som har stål og dei er av typen med tre lause stål som er spent fast med kile og skruvar i sida. I prinsippet kan ein bruke dei same 3 ståla også til notplogen, og det kan vere difor det manglar stål i denne. Det som er litt spesielt med desse plogane er at dei har ein kilgang som er lukka og eit sponutkast framom. Det finnast fleire slike høvlar rundt om i landet, men dei er ikkje spesielt vanlege. Eg går ut frå at skottbenken er så gamal at han har vore brukt saman med desse to flotte golvplogane, men benken kan også vere nyare.

Golvplogane med stempel MISN etter Mikkel Ingebrigtson Nergård (f. 1828) som var ein lokal snikkar. Foto: Per Willy Færgestad.

På garden er det også ei verktøykiste med namnet Mikkel Ingebrigtson Nergaard og årstalet 1854. På lokket på kista er det laga ein dekor med lister som er felt ned i høvla spor. Nokre av listene er felt ned i tverrved og nokre på skrå av veden så det ser komplisert ut å få til utan masse fikling med ymse tappjarn og forskjellig. Heldigvis er det bevart ein liten artig semshøvel som verkar å vere laga spesielt til denne typen av arbeid og Per Willy har teke nokre bilete av dennne.

Ein flott skottbenk med interessante golvplogar vert toppa av den artige vesle semshøvelen. Vi må rette ei stor takk til Per Willy for arbeidet han har gjort med oppmåling og dokumentasjon av skottbenken og verktøy på garden. Eg har mistanke om at det er mykje meir å fordjupe seg i på både denne garden og også andre gardar i området. Det er framleis mange område i Sør-Trøndelag som er mangelfullt kartlagt når det gjeld skottbenkar og forskjellig snikkarverktøy så vi har nok mykje godt i vente i åra som kjem om vi får fleire til å gjere undersøkingar slik som Per Willy har gjort.

Kjelder

  • Hyldbakk, Hans og Karlstrøm Willy. Gards- og ættesoge for Rindal, Bind II. 1999, Rindal kommune. Side: 549-558.
  • Nergård, Lars. Utvandrarhistorie frå Rindal. 1977, Rindal. Side: 69.
  • Norsk Skottbenk Union sin blogg: https://skottbenk.com