I min førre post, Skottbenk i praksis med videofilm av golvbordhøvling kjem det fram av filmen korleis eg spenner fast golvborda i skottbenken og skyt dei rette medan eg pløyer. Dette er enkelt og greitt og alle borda blir rette og pløyinga blir i vinkel til den retthøvla flasken på borda. Det demonstrerer det geniale med skottbenken på ein god måte. Dette er vel og bra heilt til du sjølv skal til å lage skottbenk og høvle golvbord. Då dukkar det opp spørsmål om korleis ein får justert skottbenken slik at langborda vert rette og i vinkel. Det spørsmålet fekk eg frå ein av våre amerikanske lesarar, Dennis Laney, som har alvorlege planar om å bygge seg skottbenk for eige bruk og samstundes blogge om dette og arbeide for å spreie skottbenken i USA. Eg svarar på spørsmålet hans på norsk i første omgang, men vil seinare arbeide med tilsvarande informasjon på engelsk. Omsetjing av slikt er ikkje så lett når skottbenken og bruken av han ikkje er etablert i det engelske språket.
Dette billedgalleriet med forklaringar skulle vere ein grei start for å forstå systemet med skottbenken. Dette er slikt eg sjølv har kome fram til gjennom bruken av mine skottbenkar. Eg har lært å bruke skottbenk av Konrad Stenvold som hadde ein del erfaring med bruken av slike. Då eg høvla saman med han så var eg dessverre ikkje så god til å spørje om alle slike detaljar som det med retting av langbord. Kor nøye var dei med slikt tidlegare? Det er det ikkje lett å få svar på i dag.
Når eg høvlar på skottbenken så merkar eg om borda blir beine og i vinkel. Det er enkelt å skyte bein to bord og så legge dei ved sida av kvarandre for å sjå om dei fell fint i hop i heile lengda. Avvik på dette blir fort synleg. Å skyte beint eit bord og så bruke det som rettbord for å sjekke overkanten av langborda er også ein god metode for å sjekke både vinkel og rett line. I denne samanhengen er det veldig bra om langborda på skottbenken ikkje er vinde sidan dei då vil endre vinkel når ein spenner fast bordet mellom dei. I tillegg bør bordet ein høvlar og prøvar vinkelen med ikkje vere vindt. Om du har rette bord tilgjengeleg så bruk dei til dette.
Å finne gode emne til langbord på skottbenken kan krevje litt innsats. Til dei skottbenkane eg har laga, eller vore med å lage, har eg som regel leita gjennom 30 -50 stk 2″ x 8″ i ein stabel for å finne to gode emne. Om ein sagar sjølv så kan det vere ein fordel å leite ei fin furu og så sage plankane litt på overmål i bredde og tjukne for å ha litt å justere på. Det er som regel nok å ha 8″ toppmål på plankane og så det målet ein får i rota, gjerne 9″- 10″ bredde. Solvinne emne er eit dårleg utgangspunkt, vrir dei seg kraftig under tørk så er det bare å kassere dei som langbord. Pass også på å unngå emne med stor kvist eller tørrkvist.











