Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.
Arbeidet med å hogge ut sponrom og kilegang gjer eg på høvelbenken min som er kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Den har ikkje baktang. I staden har den ein benkehake som har spisse tenner og som ein støytar emnet mot for å halde det på plass under arbeidet. Benkehaken er smidd av den svenske smeden Bertil Parmsten. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken har stamme som er firkanta og konisk og står i eit tilsvarande konisk firkanta hol i høvelbenken. Eg slår med klubbe for at emnet skal bite seg fast i benkehaken. Foto: Roald Renmælmo
Grovarbeidet er det godt å gjere med eit kraftig hoggjarn. Dette er eit 1″ hoggjarn som er smidd av Øystein Myhre. Det er laga etter ein eldre modell. Klubba er gamal og frå Granvin i Hardanger. Hovudet er av ei furu rikule og skaftet av bjørk. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å hogge meg ned i det som blir framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Vidare hogger eg ut spona for å kome litt djupare. Alt her må ein passe godt på for å ikkje hogge seg ned i kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Eg hogger meg gradvis bakover og prøvar så tidleg som mogleg å lage ei referanseflate som har 45 graders vinkel for det som blir senga for høveltanna. Foto: Roald Renmælmo
Det meste grovarbeid er gjort. Eg har satt att litt ved frå streken til reinskjering. I slike samanhengar er det særs viktig å ikkje kome innom streken med følgje planet på godsida av streken. I framkant passar eg på å ikkje hogge for langt fram men siktar i høve til sponåpninga under sålen. Foto: Roald Renmælmo
Det er lurt å kontrollere djupet og vinklane undervegs. Det kan gjerast med ein tommestokk. Foto: Roald Renmælmo
Her held eg tommestokken med same mål på utsida av høvelstokken for å kontrollere. Dette er djupt nok. Foto: Roald Renmælmo
No er grovarbeidet i kilegang og sponrom ferdig. Då snur eg høvelen med sålen opp. Sponåpninga er eit kritisk område og her blir det lett for stor åpning. Eg startar med å hogge meg ned litt frå streken i bakkant, det som blir nederst i senga. Eg held tappjarnet litt på skrå bakover for at det ikkje skal arbeide seg inn mot streken. Foto: Roald Renmælmo
Så hogg eg ut frå framkanten. Først med jarnet med slipefasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Så snur eg jarnet med slipefasen opp og stikk reint og prøvar å få same vinkel som merkinga på sida av stokken. Her set eg att litt ved inn til streken. Foto: Roald Renmælmo
For å kome gjennom siste biten mellom sponåpning og sponrom kan det vere praktisk å bore seg nokre hol. Denne borevinna og navaren er laga etter gamle modellar. Foto: Roald Renmælmo
Eg set navarspissen i botn av uthogginga mi i sponåpninga og siktar etter linja på sida av høvelstokken for å få retninga. Foto: Roald Renmælmo
Her ser ein første holet som er bora gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Målet er å treffe i rette vinkelen og kome ut i sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eg borer fleire hol, så tett som eg kan med navaren. Legg merke til at eg er forsiktig med å ikkje bore for langt ut mot kvar kant. Foto: Roald Renmælmo
Eit tynnare tappjarn høver godt for å hogge ut veden mellom borhåla frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Med eit kraftig stemjarn stikk eg reint inni sponrommet mot hola som er bora. Foto: Roald Renmælmo
Her er sponåpninga grovskore til omlag ferdig storeik. Senga er skore plan mellom merka på oppsida og på sålen. Foto: Roald Renmælmo
For å gjere arbeidet lett er det bra å ha nokre ulike stemjarn til dette arbeidet. Det breie er stivt og godt for å stemme plane flater. Det smale er ikkje breiare enn at det går i sida på kilegangen. Jarnet til høgre har skrå egglinje og knivslipt og er praktisk for å kome til på sidene inni sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Reinskjering av sida av sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
For å få kilegangen så presis som mogleg er det praktisk med ei lita stikksag som denne. Saga er laga av 1 mm tjukt bandsagblad som eg har filt fram tenner på. Tennene er litt skråfilte og verkar på drag. Det er ikkje vik på tennene med bladet er slipt litt tynnare i ryggen. Eg festar emnet med killingfot, denne er smidd av Øystein Myhre. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å sage ut framkanten av kilegangen. I bakkant følgjer eg kanten av sponåpningen og i framkant styrer eg etter streken og støttar saga med fingertuppen under saging. Foto: Roald Renmælmo
Så sagar eg ut i bakkant. Her legg eg sida av saga an mot senga og passar på at saga ikkje arbeider seg inn. Foto: Roald Renmælmo
Her er høvelstokken frå undersida. I øverkant av sponåpninga har eg saga og skore ut veden. Legg merke til at eg har att litt til streken. I underkant har eg saga til rett djup, ca 0,5 mm frå streken. Foto: Roald Renmælmo
Her brukar eg det smale stemjernet og skjer ut spona mellom sagskåra frå undersida av høvelstokken. Her er det lett å skade framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Kilegangen er ferdig på høgre side. På senga har eg skore heilt ned til streken og fått planet rett. I sidene av kilegangen står det att litt ved. På ein vanleg sletthøvel ville eg tatt heilt til streken her også. Sidan dette er ein golvplog og stålet må ligge heilt fast så justerer eg sidene ved å prøve stålet. På venstre side har eg saga etter feil strek og må ta ut meir ved fram til streken. Foto: Roald Renmælmo
Her prøvar eg stålet og ser til at det er passe trongt. Erfaringa var at eg kunne skore inn til streken med ein gong. Foto: Roald Renmælmo
Frå undersida brukar eg det smale stemjarnet og er særs nøye med å få god tilpassing av stålet. Også her er merkinga mi nøyaktig nok til at det blir passe trongt. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet tilpassa. Særleg om stålet har slipt egg er det lurt å ikkje bruke for mykje makt når ein prøvar stålet i kilegangen. Med litt for mykje makt så arbeider det seg inn i sida og kilegangen blir rom. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet frå undersida. Eg kom nøyaktig på strekane mine når stålet var ferdig tilpassa. Foto: Roald Renmælmo
Sponromma på høvlar kan ha mange ulike slags utforming. Nokre av dei kan vere greie å hogge ut samstundes med at ein hogger ut kilegangen. Eg har valt å gjere ferdig kilegangen før eg hogger ferdig sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Framkanten av sponrommet er runda nedover. Grovarbeidet kan gjerast ved å hogge ut med ein vanleg hoggjarn. Siste finpuss kan vere praktisk å gjere med eit stemjarn med butt sliping (gjerne 50 grader) eller konveks slipfas og arbeide med fasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Som ei støtte i arbeidet går det an å lage seg ein mal for sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Prøving av sponrommet med malen. Foto: Roald Renmælmo
Ein del av arbeidet mitt med å studere snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet har vore å lage kopiar av dei originale høvlane i verktøykista etter Knut Larsen Høis (1799-1882). Målet med det er både å få fungerande kopiar som eg kan bruke i mitt arbeid med snikring og å få studert dei originale høvlane gjennom kopieringa. I arbeidet har eg funne spor på dei gamle høvlane, spor eg tolkar inn i samanheng med korleis høvelen kan vere laga. Det er slikt som spor etter ripmot og rissnål for merking. Det er i seg sjølv eit spor som tyder på at høvelstokken har vore ganske ferdig høvla til før ein merka opp for arbeidet. Ut frå slike spor har eg prøvd å finne fram til ein arbeidsmåte og verktøy til å lage høvlar slik eg tenkjer meg at det kan ha vore gjort.
Eg vil vise arbeidet med å lage ein kopi av ein golvplog frå verktøykista, ein golvplog spesielt til skottbenken. Posten viser merkinga av høvelstokken frå ferdig retta, vinkla og dimensjonert emne. Emnet av bjørk er 70 mm bredt, 58 mm høgt og 340 mm langt, 2 11/16″ x 2 ¼» x 13″ i norske tommar. Ferdig lengde blir ca 315 mm (12″) medan dei andre måla er ferdige mål og skal ikkje justerast. Det kjem seinare postar som visar resten av arbeidet med høvelen. Dette er ein relativt komplisert høvel å lage som sin første høvel. Eg har organisert arbeidet og bileta slik at heile denne første serien viser framgangsmåten slik det vil vere på dei fleste høveltypane. Det bør vere overførbart til andre høvlar. Biletserien er eit forsøk på å formidle arbeidsprosessen på ein slik måte at det skal vere mogleg å arbeide ut frå det. Prøv gjerne om det fungerer og gi meg gjerne tilbakemelding. Du kan kommentere enten i posten eller under kvart enkelt bilete. Klikk på bileta for å vise store bilete med tekst.
Den originale golvplogen og eit ferdig retta og dimensjonert emne med høvelstålet liggande oppå. Foto: Roald Renmælmo
Bredda på høvelstålet er 49 mm . Dette målet er avgjerande for bredda på emnet til høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Bredda på emnet er 70 mm som på den originale høvelen. Det gir 10,5 mm med treverk på kvar side av høveltana. Dette er meir enn vanleg på sletthøvlar som gjerne kan ha 7-8 mm. Emnet er ferdig retta, vinkla og dimensjonert så nøyaktig som råd. Dette er viktig sidan all merking blir gjort med utgangspunkt i kantane. Foto: Roald Renmælmo
Stålet framom emnet. Foto: Roald Renmælmo
Utforminga av sponrommet og kilegangen på den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Det nye høvelstålet ved sida av det originale. Lengda på det vesle stålet er ikkje kappa ferdig og vil bli kortare når tanna er ferdig tilpassa. Foto: Roald Renmælmo
Sidan emnet til høvelstokken er 70 mm og høvestålet 49 mm blir det 10,5 mm ved på kvar side av stålet. Eg stillar ripmoten på 10,5 mm. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar av ein riss 10,5 mm frå kantane. Denne merkinga gjer eg både på undersida og oppsida av høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Her er emnet merka opp og blir kontrollert opp mot bredda på tanna. På ein slik ploghøvel må dette vere så presist som mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For at merkinga skal bli så nøyaktig som mogleg brukar eg ripmot og rissnål. På høvelstokken ligg alenstokken og framom ligg vinkelen med gjeringsvinkel. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstokken er litt lengre enn ferdige mål men eg merkar opp 12″ som blir den ferdige lengda sidan alle andre mål blir merka ut frå desse måla. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar stokken med ca ⅛» overmål for å ha litt å stusshøvle på til slutt. Eg vil ha høvelen 12″ lang til slutt. Foto: Roald Renmælmo
Lengdemåla blir vinkla over. Foto: Roald Renmælmo
Desse måla blir rissa rundt heile høvelstokken i begge endane. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstokken er ferdig merka i begge endar. Foto: Roald Renmælmo
Eg tar utgangspunkt i plassering av handtak og sponrom frå den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Ofte er høvelstålet plassert ganske nøyaktig midt på høvelstokken og eg viser korleis dette kan gjerast. Først merkar eg midten på langs. Foto: Roald Renmælmo
Så merkar eg midten på høgda. Foto: Roald Renmælmo
Så merkar eg ein 45 grader strek med gjeringsvinkelen slik at rissen går gjennom midtmerket på førre bilete. Dette merket blir plasseringa av senga til høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
Slik ser merkinga ut. Den vinkla midtstreken er merka for å vise prinsippet tydeleg.
Her legg eg høvelstålet mot streken for senga og merkar av tjukna på stålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er det streka på for tjukna på høvelstålet. Legg merke til at det er strek både oppe og nede. Det er for at høvelstålet er litt konisk, litt tynnare i bakkant og dette er viktig å få med. Foto: Roald Renmælmo
Eg slår over merka for tjukna på høvelstålet på sålen. Foto: Roald Renmælmo
Ut frå kva som er vanleg på slike gamle høvlar, og den originale høvelen eg har som modell, merkar eg opp ⅛» stor sponopning i solen. Eg skal seinare høvle meg litt ned i solen for profilen så denne opninga blir litt større på den ferdige høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Her tar eg utgangspunkt i kilen frå den originale høvelen for vinkelen på kilegangen. Denne vinkelen er som regel kring 8-10 grader på planet på oppsida høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er merka overført for kilegangen. Den originale høvelen er lagt på sida for å vise korleis det ser ut ferdig. Foto: Roald Renmælmo
Den originale høvelen har sponrom av den gamle sorten. Dette merkar eg over frå originalhøvelen til emnet. Foto: Roald Renmælmo
Sidene av sponrommet skal vere litt breiare enn kilegangen for å gi god støtte til kilen. På den gamle høvelen er dette målet ¼» (6,5 mm). Foto: Roald Renmælmo
Eg stiller ripmoten på drygt ⅝» (17 mm) for merking av sidene på sponrommet framom kilen. Foto: Roald Renmælmo
Målet på ⅝» fører eg på både ved sponopninga i sålen og på sponrommet på oppsida. Foto: Roald Renmælmo
Sponrommet er ferdig merka. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg skravert med blyant det området som skal tappast ut i første omgang. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg skravert sponåpninga i solen for å markere det som skal tappast ut i første omgang. No er det klart for tapping. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Her smir han til det vesle stålet som er tilpassa spalta i hovudstålet. Foto: Roald Renmælmo
Høvelståla til ploghøvlane frå verktøykista til Høs-Knut er truleg smidd av ein lokal smed, anten i Østerdalen eller i Bardu. Det er ikkje smedstempel på dei. Dei to delane av stålet er smidd kvar for seg og tilpassa til kvarandre. Desse vert helde saman av ein skruve. Skruven er også smidd og truleg gjenga av smeden.
Mattias Helje smidde til emna til ståla. Eg grovslipte desse før herding. Mattias herda ståla og så gjorde eg finjustering av tilpasninga. Det vesle stålet i spalta må passe nøyaktig for å at det ikkje skal hekte seg høvelspon her. I tillegg må dei to ståla, til not og til fjør, passe nøyaktig saman for at golvborda skal gå i hop. Dette er eit presisjonsabeid som tar litt tid og krev skarpe filer og konsentrasjon. Det er nødvendig å gjere siste justering etter herding sidan stålet som regel endrar litt form under herdinga.
Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald RenmælmoÅ hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald RenmælmoFor å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald RenmælmoMattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar på ¼» rundt emne. Dette er nok litt meir moderne verktøy enn det som var brukt på dei originale ståla. Foto: Roald Renmælmo
Så vidt inne i det nye året kan vi ta skottbenkane i bruk igjen etter julefeiringa. Vi har lagt bak oss 2013, og kan sjå tilbake på mange viktige hendingar i året som gjekk. Ikkje minst at vi har fått formalisert Norsk Skottbenk Union og fått vår eige blogg. Gjennom bloggen har vi fått samla og aktualisert mykje stoff om skottbenkar som tidlegare var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har også fått eit fora for fagmiljøet som kanskje er det viktigaste som har skjedd på skottbenkfronten i 2013?
På slutten av året i 2013 kom det ut ei bok med tittelen «Kulturarvets hantverk» på Jamtli forlag. Boka er ei samling av artiklar og utgjeve i samband med avslutning av prosjektet med same namn som boka, Kulturarvets hantverk. I boka er det med heile to store artiklar om skottbenken. Boka er i sal for ein pris som berre skal dekke utgjevingskostnadar, altså veldig billig. Ho kan kjøpast frå Jamtli forlag eller frå nettbokhandel slik som Adlibris.
Thor-Aage Heiberg har skrive «Skottbenkene på Skårvoll, Støren«, der han presenterer den hittil lengste skottbenken i Noreg, kanskje i verda? Benken er 8,11 meter lang og kan attpåtil truleg knytast til høvling av utvendig kleding av Støren kyrkje i tidsrommet mellom 1816-1819. I tillegg er det også ein kortare skottbenk og to interessante høvelbenkar på garden. Vi ser fram til at Thor-Aage postar på bloggen om desse store oppdagingane.
Eg har skrive artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken«, der eg går gjennom arbeidsmåten for høvling av golvbord. Eg tar utgangspunkt i samarbeidet med Konrad Stenvold som eg intervjua og arbeidde saman med for å få tak på bruken av skottbenken og handhøvling av golvbord først på 2000-talet. Det var mi oppvakning kan ein seie.
Høvlane på biletet er frå venstre, fjørhøvel og nothøvel (golvplogar) og skottokse. Golvplogane er kopiar av høvlane til Konrad Stenvold i Dividalen. Skottoksen er inspirert av ein skottokse frå garden Haugseth i Målselv. Bilete frå artikkelen «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Foto: Roald Renmælmo
Erling Flem har skrive artikkelen «Stabberet frå Gryta» i årsskrift 2013, Sogelaget for Hamnsund sokn (Haram) på Sunnmøre. Der skriv han om stabburet som var tømra av Peder Petersen Engeseth i 1861. Same mann har og etterlate seg ei verktøykiste med høvlar som kan knytast til snikkararbeidet i det stabburet. I kista var også nokre eldre høvlar, ein skrubbhøvel med årstal 1783, og ein skottokse med omlag same maksel men utan år. Kanskje kan det vere ein skottokse frå 1700-talet? Boka kan kjøpast frå Bok og Papir i Brattvåg.
Høvelbenken, skottbenken og langbenken feirar jul saman i snikkarverkstaden på Lyngstad. Høvelbenken har fått retta av benkeplata og er klar for å gå inn i romjula og eit nytt år. Skottbenken har fått retta langborda og er også klar å vere med på det meste i tida framover. Dei tre benkane har og invitert dei høvlane dei omgås mest i det daglege. Høvlane har fått den kosten dei likar best, fersk høvelspon i den tjukna og bredda som dei likar best.
Langbenken, skottbenken og høvelbenken i snikkarverkstaden på Lyngstad. Foto: Roald RenmælmoHøvlane på høvelbenken har fått i seg «julemat». Frå venstre, pusshøvelen, sletthøvelen, skrubbhøvelen, smalskrubben og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Benkane og høvlane helsar god jul til alle snikkarbenkar og høvlar dei kjenner i Norden.
Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.
Det lause langbordet har ein fot som kviler på spenntappen. Foten er stiva av med eit bord som er spikra fast til langbordet og foten. Foto: Siv HolminDet er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin