Når høveltanna er ferdig tilpassa er det klart for å høvle profilen i sålen. Dette er eit arbeid som må gjerast særs nøyaktig for at høvelen skal fungere godt. Ein god flyttplog, ein ploghøvel med stillbart land er nesten nødvendig for å få til dette arbeidet. Er du ikkje venn med ploghøvelen din på førehand så er ikkje denne høvlinga egna til å prøve den ut. Utprøving av høvelen må gjerast på førehand. Vanlege feil med slike høvlar er at landet ikkje er beint, at skøyta under ikkje er bein og at stålet ikkje sit godt eller passar til høvelen. Har du ein flyttplog med stillbar stopp på djupna så er det praktisk til dette arbeidet.
Flyttplogen til venstre i biletet er det viktigaste verktøyet til dette arbeidet. Min høvel er laga som kopi av høvelen til Knut Larsen Høis (1799-1882) og er 12″ lang. Ripmoten er også kopi av ein original som var brukt av Knut. Foto: Roald Renmælmo
Mitt utgangspunkt er at nothøvelen i plogsettet er ferdig og prøvekjørt. Den blir då referansen for høvling av profilen i sålen på fjørhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
All merking gjer eg frå det som blir venstre side av høvelen slik høvelen er i bruk. Eg stiller først ripmoten slik at dei to spissane er 1 mm lengre frå kvarandre enn bredda på den vesle tanna som er 9,4 mm brei. Foto: Roald Renmælmo
Ripmoten blir stilt inn på riktig avstand i høve til kor den vesle tanna står. Foto: Roald Renmælmo
Nota er merka av i sålen. Foto: Roald Renmælmo
Målet blir også slått over på endeveden og eit merke for 14 mm djupne blir sett. Foto: Roald Renmælmo
Tanna på min flyttplog er bare 7 mm brei så eg høvlar sporet på 10.5 mm i to omgangar på bredda. Eg har laga meg eit anlegg for pløyinga ved å spenne fast ein 2″ x 6″ med killingfoten og støytt mot eine sida av benkehaken. Då får eg andre sida av benkehaken til å støyte emnet mot. Det er viktig å ha god støtte i sida. Foto: Roald Renmælmo
Min flyttplog har ikkje justerbar stopp på djupna. Eg høvlar då kvart høveltak i heile lengda frå bakenden til framenden og prøvar å halde jamntjukke spon. Når eg då høvlar ned til merket for djupna i begge endar så veit eg at det er høveleg rett i botn av sporet. Det krev litt øving å halde flyttplogen rett så ikkje tanna riv i sida av sporet. Prøv først på ein prøvebit. Killingfoten som held fast sidestøtta er smidd av Mattias Helje etter ein svensk modell. Foto: Roald Renmælmo
Her er det høvla til rett djupne i 7 mm bredde ned til streken. Foto: Roald Renmælmo
Flyttplogen er stilt for å høvle resten av breidda på notsporet. Foto: Roald Renmælmo
Planet mellom meiane på høvelen er 3/16″ (5 mm) djupare enn planet på meiane. Eg brukar klossen som utgjer sidestøtta som prøvekloss for innstilling av flyttplogen. Eg stiller inn høvelen og høvlar opp eit spor. Så held eg høvelstokken mot dette sporet for å sjå om det passar med merkinga mi. Foto: Roald Renmælmo
Når høvlinga av sporet mot landet er ferdig så er det bare å høvle ned fleire notspor til rett djup. Desse treng ikkje å vere så nøyaktige. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar det siste sporet. Foto: Roald Renmælmo
Eg brukar ein brei semshøvel til å høvle ned ryggane mellom notspora. Foto: Roald Renmælmo
Her er profilen i sålen ferdig høvla ned til streka som er synlege i endeveden. Foto: Roald Renmælmo
Profilen er ferdig høvla og tanna er sett i for å vise. Nota er litt breiare enn spalta i høveltanna. Avstanden mellom landet og nota må målast mellom innerkant av spalta i høveltanna og til landet. Foto: Roald Renmælmo
This post is a follow up on my friend Dennis that posted «Why old wooden planes look the way they do» on his blog today. That was his ansver to my question about finish on wooden planes in his earlier post about his workbench project. I am posting this to show some examples of how Norwegian planes looks. I write in English so that he could understand easier.
In my area in Norway it seems to have been common to make your own planes up to about 1920-1930. Therefore most planes are made from local grown wood and the most common is birch. In the last period with self made planes they seems to have a varnish without color, but earlier there is an interesting variety of colors. I have made a photo gallery with some of the planes I have at hand. Most of theese planes are from a tool chest with tools that was made and used by the master carpenter Knut Larsen Høis that lived from 1799 to 1882. It is mainly his planes I have been duplicating in my own work. The planes have not been cleaned. I will later post about my own experiments with different kinds of varnish on my own planes. I am still trying to find a finish that works and looks like the old planes. Click on the photos to open them in a viewer with text.
This plane is for grooving floor boards. It is from about 1860-1880 and seems to have been left without finish. It is not cleaned. It is from the tool chest that was used by the famous Knut Larsen Høis (1799-1882). Photo: Roald Renmælmo
This plane is from the same tool chest as the last. This is finished with a colored warnish. This plane is older, maybe from about 1830. It has not been cleaned. Photo: Roald Renmælmo
This is a moulding plane that seems to be among the oldest planes in the tool chest of Knut Larsen Høis. The color is very nice. The plane has not been cleaned. Photo: Roald Renmælmo
This plane has the name stamp of Knut Larsen Høis but are not from his tool chest. The plane seems to have its original finish. You can see the wear from his hands on the side. Photo: Roald Renmælmo
Details of the same plane. Photo: Roald Renmælmo
The same plane from the back. You can see that the color does not seem to be darker in the end grain. Photo: Roald Renmælmo
The ploug plane from the tool chest of Knut Larsen Høis. Photo: Roald Renmælmo
Another plane from his tool chest. Photo: Roald Renmælmo
Another of the planes from the chest. I believe that this plane is from his later years, about 1870. Photo: Roald Renmælmo
This large round plane would be one of his older planes and have a very nice color and the wear is also nice. Photo: Roald Renmælmo
This plane has the more modern shape of horn. It is from the same set of tools but might be later than the others. Photo: Roald Renmælmo
This plane has been modified around 1890-1910 and you can see the difference in color. Photo: Roald Renmælmo
This is also a plane from the same tool chest. It seems to be more like the «typical American planes». I dit believe that it was finished with pine tar. I have tried that on one of my own planes and it looks similar. Photo: Roald Renmælmo
This is a frame saw from a tool collection at a museum in Trøndelag. It has a very dark color. Photo: Roald Renmælmo
Theese tools have been posted in an earlier post and are dated 1874. Photo: Lars Aasdøl
Theese tools show some of the variety of colors, there could still be more variations. The vear on the tools show that the wood are not colored, the color is in the varnish. You are welcome to comment if you have any suggestions about this varnish.
Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.
Utgangspunktet mitt er å tilpasse den store tanna ferdig i senga i kilegangen. Når tanna passar nøyaktig i sidene og ligg stødig i senga så merkar eg av for holet for skruven og spalta for veslestålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er det merka med sentermerke i skruveholet og ein svak riss for spalta. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet er tjukkare enn det store og er smidd til for å ligge på baksida der skruven går gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Slik ser ståla ut frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg lagt det vesle stålet på flata i senga og merka av omrisset for å hogge ut for det. Foto: Roald Renmælmo
Det vesle stålet byggjer 4 mm djupare enn det store stålet. Foto: Roald Renmælmo
Eg set av 4 mm på høvelstokken og merkar dette. Målet er frå planet til senga. Foto: Roald Renmælmo
Sidan det er så lite material som skal bort så brukar eg eit smalt stemjarn. Eg brukar eit låst fingergrep for å kontrollere jarnet så det ikkje glepp ut og skjer feil. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs har eg prøvd om det vesle stålet passar nøyaktig. Foto: Roald Renmælmo
Her er prøving av veslestålet. Eg prøver det både laust og fastskruva til det store stålet. Det er viktig at det ikkje blir hogd for djupt. Det vesle stålet må ligge stødig mot treverket. Om det blir romt her kan det bli vibrasjon i stålet under høvling. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet er ferdig felt inn i stokken. Både det vesle stålet og det store stålet ligg godt an mot senga. Det er heller ikkje for romt på sida av det vesle stålet. Foto: Roald Renmælmo
Når stålet er ferdig tilpassa brukar eg det som utgangspunkt for å høvle ut fasongen, profilen i sålen på høvelen. På førehand er dei to ståla til nothøvelen og fjørhøvelen slipt til så det passar nøyaktig. Nothøvelen må skjere ei not som er ørlite vidare enn fjøra. Vi snakkar om ca 0.1 mm. Når den eine av plogane er ferdig er det den som blir referansen for høvlinga av sålen på den andre høvelen. Her er verktøyet som skal brukast, flyttplog og ripmot. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.
Arbeidet med å hogge ut sponrom og kilegang gjer eg på høvelbenken min som er kopi av høvelbenken frå Eggagården på Røros. Den har ikkje baktang. I staden har den ein benkehake som har spisse tenner og som ein støytar emnet mot for å halde det på plass under arbeidet. Benkehaken er smidd av den svenske smeden Bertil Parmsten. Foto: Roald Renmælmo
Benkehaken har stamme som er firkanta og konisk og står i eit tilsvarande konisk firkanta hol i høvelbenken. Eg slår med klubbe for at emnet skal bite seg fast i benkehaken. Foto: Roald Renmælmo
Grovarbeidet er det godt å gjere med eit kraftig hoggjarn. Dette er eit 1″ hoggjarn som er smidd av Øystein Myhre. Det er laga etter ein eldre modell. Klubba er gamal og frå Granvin i Hardanger. Hovudet er av ei furu rikule og skaftet av bjørk. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å hogge meg ned i det som blir framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Vidare hogger eg ut spona for å kome litt djupare. Alt her må ein passe godt på for å ikkje hogge seg ned i kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Eg hogger meg gradvis bakover og prøvar så tidleg som mogleg å lage ei referanseflate som har 45 graders vinkel for det som blir senga for høveltanna. Foto: Roald Renmælmo
Det meste grovarbeid er gjort. Eg har satt att litt ved frå streken til reinskjering. I slike samanhengar er det særs viktig å ikkje kome innom streken med følgje planet på godsida av streken. I framkant passar eg på å ikkje hogge for langt fram men siktar i høve til sponåpninga under sålen. Foto: Roald Renmælmo
Det er lurt å kontrollere djupet og vinklane undervegs. Det kan gjerast med ein tommestokk. Foto: Roald Renmælmo
Her held eg tommestokken med same mål på utsida av høvelstokken for å kontrollere. Dette er djupt nok. Foto: Roald Renmælmo
No er grovarbeidet i kilegang og sponrom ferdig. Då snur eg høvelen med sålen opp. Sponåpninga er eit kritisk område og her blir det lett for stor åpning. Eg startar med å hogge meg ned litt frå streken i bakkant, det som blir nederst i senga. Eg held tappjarnet litt på skrå bakover for at det ikkje skal arbeide seg inn mot streken. Foto: Roald Renmælmo
Så hogg eg ut frå framkanten. Først med jarnet med slipefasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Så snur eg jarnet med slipefasen opp og stikk reint og prøvar å få same vinkel som merkinga på sida av stokken. Her set eg att litt ved inn til streken. Foto: Roald Renmælmo
For å kome gjennom siste biten mellom sponåpning og sponrom kan det vere praktisk å bore seg nokre hol. Denne borevinna og navaren er laga etter gamle modellar. Foto: Roald Renmælmo
Eg set navarspissen i botn av uthogginga mi i sponåpninga og siktar etter linja på sida av høvelstokken for å få retninga. Foto: Roald Renmælmo
Her ser ein første holet som er bora gjennom. Foto: Roald Renmælmo
Målet er å treffe i rette vinkelen og kome ut i sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eg borer fleire hol, så tett som eg kan med navaren. Legg merke til at eg er forsiktig med å ikkje bore for langt ut mot kvar kant. Foto: Roald Renmælmo
Eit tynnare tappjarn høver godt for å hogge ut veden mellom borhåla frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Med eit kraftig stemjarn stikk eg reint inni sponrommet mot hola som er bora. Foto: Roald Renmælmo
Her er sponåpninga grovskore til omlag ferdig storeik. Senga er skore plan mellom merka på oppsida og på sålen. Foto: Roald Renmælmo
For å gjere arbeidet lett er det bra å ha nokre ulike stemjarn til dette arbeidet. Det breie er stivt og godt for å stemme plane flater. Det smale er ikkje breiare enn at det går i sida på kilegangen. Jarnet til høgre har skrå egglinje og knivslipt og er praktisk for å kome til på sidene inni sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Reinskjering av sida av sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
For å få kilegangen så presis som mogleg er det praktisk med ei lita stikksag som denne. Saga er laga av 1 mm tjukt bandsagblad som eg har filt fram tenner på. Tennene er litt skråfilte og verkar på drag. Det er ikkje vik på tennene med bladet er slipt litt tynnare i ryggen. Eg festar emnet med killingfot, denne er smidd av Øystein Myhre. Foto: Roald Renmælmo
Eg startar med å sage ut framkanten av kilegangen. I bakkant følgjer eg kanten av sponåpningen og i framkant styrer eg etter streken og støttar saga med fingertuppen under saging. Foto: Roald Renmælmo
Så sagar eg ut i bakkant. Her legg eg sida av saga an mot senga og passar på at saga ikkje arbeider seg inn. Foto: Roald Renmælmo
Her er høvelstokken frå undersida. I øverkant av sponåpninga har eg saga og skore ut veden. Legg merke til at eg har att litt til streken. I underkant har eg saga til rett djup, ca 0,5 mm frå streken. Foto: Roald Renmælmo
Her brukar eg det smale stemjernet og skjer ut spona mellom sagskåra frå undersida av høvelstokken. Her er det lett å skade framkant av kilegangen. Foto: Roald Renmælmo
Kilegangen er ferdig på høgre side. På senga har eg skore heilt ned til streken og fått planet rett. I sidene av kilegangen står det att litt ved. På ein vanleg sletthøvel ville eg tatt heilt til streken her også. Sidan dette er ein golvplog og stålet må ligge heilt fast så justerer eg sidene ved å prøve stålet. På venstre side har eg saga etter feil strek og må ta ut meir ved fram til streken. Foto: Roald Renmælmo
Her prøvar eg stålet og ser til at det er passe trongt. Erfaringa var at eg kunne skore inn til streken med ein gong. Foto: Roald Renmælmo
Frå undersida brukar eg det smale stemjarnet og er særs nøye med å få god tilpassing av stålet. Også her er merkinga mi nøyaktig nok til at det blir passe trongt. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet tilpassa. Særleg om stålet har slipt egg er det lurt å ikkje bruke for mykje makt når ein prøvar stålet i kilegangen. Med litt for mykje makt så arbeider det seg inn i sida og kilegangen blir rom. Foto: Roald Renmælmo
Her er stålet frå undersida. Eg kom nøyaktig på strekane mine når stålet var ferdig tilpassa. Foto: Roald Renmælmo
Sponromma på høvlar kan ha mange ulike slags utforming. Nokre av dei kan vere greie å hogge ut samstundes med at ein hogger ut kilegangen. Eg har valt å gjere ferdig kilegangen før eg hogger ferdig sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Framkanten av sponrommet er runda nedover. Grovarbeidet kan gjerast ved å hogge ut med ein vanleg hoggjarn. Siste finpuss kan vere praktisk å gjere med eit stemjarn med butt sliping (gjerne 50 grader) eller konveks slipfas og arbeide med fasen ned. Foto: Roald Renmælmo
Som ei støtte i arbeidet går det an å lage seg ein mal for sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Prøving av sponrommet med malen. Foto: Roald Renmælmo
Ein del av arbeidet mitt med å studere snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet har vore å lage kopiar av dei originale høvlane i verktøykista etter Knut Larsen Høis (1799-1882). Målet med det er både å få fungerande kopiar som eg kan bruke i mitt arbeid med snikring og å få studert dei originale høvlane gjennom kopieringa. I arbeidet har eg funne spor på dei gamle høvlane, spor eg tolkar inn i samanheng med korleis høvelen kan vere laga. Det er slikt som spor etter ripmot og rissnål for merking. Det er i seg sjølv eit spor som tyder på at høvelstokken har vore ganske ferdig høvla til før ein merka opp for arbeidet. Ut frå slike spor har eg prøvd å finne fram til ein arbeidsmåte og verktøy til å lage høvlar slik eg tenkjer meg at det kan ha vore gjort.
Eg vil vise arbeidet med å lage ein kopi av ein golvplog frå verktøykista, ein golvplog spesielt til skottbenken. Posten viser merkinga av høvelstokken frå ferdig retta, vinkla og dimensjonert emne. Emnet av bjørk er 70 mm bredt, 58 mm høgt og 340 mm langt, 2 11/16″ x 2 ¼» x 13″ i norske tommar. Ferdig lengde blir ca 315 mm (12″) medan dei andre måla er ferdige mål og skal ikkje justerast. Det kjem seinare postar som visar resten av arbeidet med høvelen. Dette er ein relativt komplisert høvel å lage som sin første høvel. Eg har organisert arbeidet og bileta slik at heile denne første serien viser framgangsmåten slik det vil vere på dei fleste høveltypane. Det bør vere overførbart til andre høvlar. Biletserien er eit forsøk på å formidle arbeidsprosessen på ein slik måte at det skal vere mogleg å arbeide ut frå det. Prøv gjerne om det fungerer og gi meg gjerne tilbakemelding. Du kan kommentere enten i posten eller under kvart enkelt bilete. Klikk på bileta for å vise store bilete med tekst.
Den originale golvplogen og eit ferdig retta og dimensjonert emne med høvelstålet liggande oppå. Foto: Roald Renmælmo
Bredda på høvelstålet er 49 mm . Dette målet er avgjerande for bredda på emnet til høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Bredda på emnet er 70 mm som på den originale høvelen. Det gir 10,5 mm med treverk på kvar side av høveltana. Dette er meir enn vanleg på sletthøvlar som gjerne kan ha 7-8 mm. Emnet er ferdig retta, vinkla og dimensjonert så nøyaktig som råd. Dette er viktig sidan all merking blir gjort med utgangspunkt i kantane. Foto: Roald Renmælmo
Stålet framom emnet. Foto: Roald Renmælmo
Utforminga av sponrommet og kilegangen på den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Det nye høvelstålet ved sida av det originale. Lengda på det vesle stålet er ikkje kappa ferdig og vil bli kortare når tanna er ferdig tilpassa. Foto: Roald Renmælmo
Sidan emnet til høvelstokken er 70 mm og høvestålet 49 mm blir det 10,5 mm ved på kvar side av stålet. Eg stillar ripmoten på 10,5 mm. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar av ein riss 10,5 mm frå kantane. Denne merkinga gjer eg både på undersida og oppsida av høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Her er emnet merka opp og blir kontrollert opp mot bredda på tanna. På ein slik ploghøvel må dette vere så presist som mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For at merkinga skal bli så nøyaktig som mogleg brukar eg ripmot og rissnål. På høvelstokken ligg alenstokken og framom ligg vinkelen med gjeringsvinkel. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstokken er litt lengre enn ferdige mål men eg merkar opp 12″ som blir den ferdige lengda sidan alle andre mål blir merka ut frå desse måla. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar stokken med ca ⅛» overmål for å ha litt å stusshøvle på til slutt. Eg vil ha høvelen 12″ lang til slutt. Foto: Roald Renmælmo
Lengdemåla blir vinkla over. Foto: Roald Renmælmo
Desse måla blir rissa rundt heile høvelstokken i begge endane. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstokken er ferdig merka i begge endar. Foto: Roald Renmælmo
Eg tar utgangspunkt i plassering av handtak og sponrom frå den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Ofte er høvelstålet plassert ganske nøyaktig midt på høvelstokken og eg viser korleis dette kan gjerast. Først merkar eg midten på langs. Foto: Roald Renmælmo
Så merkar eg midten på høgda. Foto: Roald Renmælmo
Så merkar eg ein 45 grader strek med gjeringsvinkelen slik at rissen går gjennom midtmerket på førre bilete. Dette merket blir plasseringa av senga til høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
Slik ser merkinga ut. Den vinkla midtstreken er merka for å vise prinsippet tydeleg.
Her legg eg høvelstålet mot streken for senga og merkar av tjukna på stålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er det streka på for tjukna på høvelstålet. Legg merke til at det er strek både oppe og nede. Det er for at høvelstålet er litt konisk, litt tynnare i bakkant og dette er viktig å få med. Foto: Roald Renmælmo
Eg slår over merka for tjukna på høvelstålet på sålen. Foto: Roald Renmælmo
Ut frå kva som er vanleg på slike gamle høvlar, og den originale høvelen eg har som modell, merkar eg opp ⅛» stor sponopning i solen. Eg skal seinare høvle meg litt ned i solen for profilen så denne opninga blir litt større på den ferdige høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Her tar eg utgangspunkt i kilen frå den originale høvelen for vinkelen på kilegangen. Denne vinkelen er som regel kring 8-10 grader på planet på oppsida høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
Her er merka overført for kilegangen. Den originale høvelen er lagt på sida for å vise korleis det ser ut ferdig. Foto: Roald Renmælmo
Den originale høvelen har sponrom av den gamle sorten. Dette merkar eg over frå originalhøvelen til emnet. Foto: Roald Renmælmo
Sidene av sponrommet skal vere litt breiare enn kilegangen for å gi god støtte til kilen. På den gamle høvelen er dette målet ¼» (6,5 mm). Foto: Roald Renmælmo
Eg stiller ripmoten på drygt ⅝» (17 mm) for merking av sidene på sponrommet framom kilen. Foto: Roald Renmælmo
Målet på ⅝» fører eg på både ved sponopninga i sålen og på sponrommet på oppsida. Foto: Roald Renmælmo
Sponrommet er ferdig merka. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg skravert med blyant det området som skal tappast ut i første omgang. Foto: Roald Renmælmo
Her har eg skravert sponåpninga i solen for å markere det som skal tappast ut i første omgang. No er det klart for tapping. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Truleg har Jon Sørgård laga og brukt høvlane til høvling av golvborda i Bardu kyrkje i 1828. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av not og fjør på golvbord er det mest vanlege arbeidet ein nyttar skottbenken til. Ein skottbenk utan fungerande golvplogar er derfor ikkje komplett. Eg har frå før nokre ulike sett med golvplogar og dei første laga eg for 12 år sida som kopi av høvlane til Konrad Stenvold. (Renmælmo, 2013) Desse er eit par, ein fjørhøvel og ein nothøvel, som passar i hop. Når eg skal høvle golvborda er det nødvendig å skye bein kantane av borda med skottoksen før eg høvlar not eller fjør. Dette gjer at det blir ein ekstra arbeidsoperasjon for kvar kant av golvbordet som skal høvlast. Golvplogane i verktøykista etter snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882) har løyst dette problemet. Her er det i kvar av høvlane ei høveltann som er sett saman av to stål. Fjørhøvelen har ei brei tann med spalte og så ei lita tann i spalta som skyt bein kanten på fjøra. Nothøvelen har også ei brei tann med spalte som skyt kantane på sida av nota, og ei lita tann som stikk fram og høvlar botn på nota.
Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald RenmælmoSponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Her er det tappa ut for å gi stålet nødvendig rom. Foto: Roald RenmælmoHandtaka er festa til høvelstokken med eit gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald RenmælmoI ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne av bjørk til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald RenmælmoDen eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto: Roald Renmælmo
Det er vesentleg at paret av golvplogar fungerer slik at golvborda passar saman. Derfor er det heilt sentralt å vere nøyaktig både i arbeidet med å slipe til ståla, og å hogge ut kilegang og seng så stålet ligg stabilt og stødig. Eg vil i ein seinare post gå gjennom arbeidsmåten som eg nyttar til fjørhøvelen som enda gjenstår å få ferdig.
Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo
I Norsk Skottbenk Union har vi hatt eit klart fokus på sjølve skottbenken. Vi har på bloggen skrive litt om skottoksen som har ein nøkkelfunksjon i samband med bruken av skottbenken. Dei skriftlege kjeldene som omtalar skottbenken har gjerne fokus på høvling av golvbord og at det er det viktigaste bruksområdet til skottbenken. Då er det snakk om golvbord med not og fjør det er snakk om. Vi snakkar om å pløye golvbord og til det brukar vi golvplogar. Slike golvplogar er som regel i par, ein for not og ein for fjør, som sikrar at borda skal passe i hop. Det er mange ulike variantar av golvplogar og eg har skrive litt om golvplogane til Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv i artikkelen, Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken, som ligg i litteraturoversikta på bloggen. Desse høvlane verkar saman med skottoksen og føreset at ein rettar bordkanten først med skottoksen og så pløyer anten not eller fjør.
Snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut (1799-1882), har etterlate seg ei kiste med verktøy som han og svigerbroen Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har laga og brukt. I kista er det fleire golvplogar og mellom desse eitt sett. Desse høvlane har ei høveltann som er sett saman av to delar slik at ein kan skyte beint og pløye i same operasjon. For meg verkar det å vere fornuftig sidan ein sparer eit verktøy og ein arbeidsoperasjon. Om ein skal høvle eit stort golv kan det utgjere ei stor innsparing av arbeid. Det føreset at høvelstålet og høvlinga fungerer bra under arbeidet.
Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. På benken ligg verktøy til merking av emnet, rissnål, gjervinkel, alenstokk og ripmot. Foto: Roald Renmælmo
Eg har starta arbeidet med å lage kopiar av golvplogane i kista til Høs-Knut. Dette arbeidet starta med å besøke smeden Mattias Helje og smi kopiar av høvelståla saman med han. Mattias har smidd ein del ulike høvelstål til meg tidlegare og var også med på seminaret vi hadde i Trondheim i haust. Han har derfor eit godt grunnlag for å smi slikt. Likevel er er det komplisert å lage eit sett med ploghøvelstål av denne typen. Det krev eit tett samarbeid mellom snikkar og smed undervegs i arbeidet.