Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Skribent: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Eg har kome tilbake til Målselv etter ei veke på Røros der eg har undervist i høvling og legging av golv på Håndverksdagane. Det var heile 18 deltakarar på mitt kurs så det ble ganske fullt i Raugarasjen i Kurantgården. Det var stort sprik i gruppa av deltakarar frå erfarne snikkarar, til dei som så vidt hadde prøvd å høvle på sløyden på skulen. Heldigvis er det å høvle på skottbenk noko dei fleste får til etter ei lita innføring og litt prøving. Så lenge høvlane fungerer og er justert så går høvlinga bra. Etter eit par dagar med høvling verka alle som vante snikkarar der dei drog okshøvelen. Det har tidlegare vore kurs i bygging av skottbenk på Røros. Såleis hadde vi tre nybygde skottbenkar med på kurset, i tillegg til den gamle skottbenken frå Nereng på Tynset.
Til venstre held to av deltakarane på og høvlar flask på ein høvelbenk. Nokre av benkane var i høgste laget (85 cm) til slik høvling som vi dreiv med. Til høgre held ein på og skyt kant med skottoksen på skottbenken. Foto: Roald RenmælmoPå kurset hadde vi ei kortfatta innføring i høvelmaking. Nokre av deltakarane fekk arbeidd med å lage seg høvlar og modifisert høvlar dei hadde laga tidlegare. Foto: Roald RenmælmoVi brukte to ulike sett med ploghøvlar til golvbord og panel. Dei nyaste golvplogane mine vart brukt til pløying av golvborda som var 1 ½» tjukke. Her er fjørhøvelen. Foto: Roald RenmælmoEit hus, som var bygd på eit tidlegare kurs, vart panelt og spikra golv i. Her held to av deltakarane på og driv i hop og spikrar golvborda som er høvla på kurset. Foto: Roald Renmælmo
Etter kurset får vi håpe at deltakarane som har fått opp augene for skottbenken og handhøvla golvbord. Vidare håpar vi at dei er med og spreier bodskapen rundt om i landet. Vi vil gjerne sjå at det blir meir utbreidd med handhøvla golvbord, i både nye hus, og i restaureringsprosjekt. Eg trur deltakarane har fått oppleve at det er mogleg å handhøvle golv og at det ikkje er veldig krevjande når høvlane og skottbenken fungerer. Kanskje vi får nokre av dei som nye medlemmar i Norsk Skottbenk Union etterkvart?
Den nyaste skottbenken min er laga med skottbenken frå Kverndal i Målselv som førebilete. Eg tolkar det slik at skottbenken frå Kverndal har hatt kilar for å spenne fast borda. Det er få spor etter kilane og sjølve kilane er heller ikkje bevart. Korleis desse har sett ut er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Det er få av skottbenkane med kilestramming som har bevart kilar. Det er med andre ord lite å gå ut frå for å finne ei løysing på problemet med kilar. Eg laga meg nokre lange kilar for å prøve ut skottbenken. Desse stramma godt og fungerte men var store og uhandterlege. Det var også vanskeleg å bruke dei med berre ei hand. Som regel må ein halde bordet som skal spennast fast med eine handa og stramme kilen med den andre. Det har vore tungvindt å bruke skottbenken på grunn av dette. Når eg skulle til å høvle eit litt større kvantum med golvbord bestemte eg meg for å modifisere kilen på skottbenken før eg byrja på golvbordhøvlinga.
Skottbenken har to føter som kvar har to faste stolpar som er spent saman med ein spenntapp. Det eine langbordet er fast i den eine stolpen, det andre er festa i ein kloss som kviler på spenntappen. For å spenne fast bordet kiler eg mellom den andre stolpen og klossen på langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Eit problem med kilestramminga var å betjene den med berre ei hand. For å løyse det problemet har eg laga til ein laus kloss som kviler på spenntappen og som har ei utsparing som kilen går gjennom. Då står kilen på plass av seg sjølv. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ca 10 cm brei og litt over 40 cm lang. Skråen er 1/10, for kvar 10 cm lengde vert den 1 cm tjukkare. Denne er ca 10 mm i spissen og 50 mm i bakkant. Foto: Roald Renmælmo
Kilen på plass i utsparinga i klossen. Nede er det tappa ut i klossen for at den skal stå stødig på spenntappen. Foto: Roald Renmælmo
Kilen og klossen sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo
Systemet fungerer fint så langt. Det er passe kon på kilen til at han er lett å stramme og lett å få laus. Det er ikkje gjort nokon tilpasningar i resten av skottbenken så denne løysinga kan vere i tråd med spor på den originale skottbenken frå Kverndal. Eg har hatt skottbenk med skruvar frå starten sjølv. Med det som utgangspunkt har eg opplevd at skottbenkane med kilestramming har fungert riktig bra. Eg har endra syn på den saken. Kilane og denne skottbenken verkar å vere både funksjonell og effektiv i bruk, kanskje mellom dei fremste i landet?
Nylagte golvbord lagt på tilfararar. I mitt hus har eg ei betongplate som golva kviler på. Oppå denne er det lagt tilfarara av 3″ x 4″ som golvborda vert spikra i. Midt på der flakskøyten blir ligg det ein 3″ x 6″ på flasken for å ha meir å spikre i. TIlfararane er høvla rette oppå og lagt på klossar som fordeler trykket på betongplata. Mellom tilfararane er det lagt lecakuler som isolasjon mellom betongplata og golvborda. Dette er ei moderne løysing men golvlegginga ser ut til å fungere på same måten som med golvåsar med sand som isolasjon. Det ville vore den eldre tradisjonelle løysinga i mitt område. På biletet ser vi endeveden på borda der flakskøyten kjem. Borda er spikra med smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo
Det er som regel ein ganske grei jobb å høvle golvbord når alt av høvlar og slikt fungerer som det skal. Handhøvla golvbord laga på gamaldags vis er på fleire måtar forskjellig frå vanleg golvbord i dag. Det er litt meir arbeid med slik legging og det er ein del ting ein må passe på for at resultatet skal bli bra. Det første vi må tenkje på er at borda har rot/topp avsmalning. Vi må passe på at borda held retninga sånn høveleg. For at dette skal gå lett er det vanleg å høvle borda annakvart med to noter og annakvart med to fjører. Det er praktisk gå gjere det slik når vi høvlar sidan vi berre treng den eine høvelen til begge kantane på bordet. Vi må berre passe på at vi endar opp med like mange bord av kvart slag. Det andre vi må passe på er at borda ikkje er dimensjonerte, undersida er uhøvla og tjukna varierer som regel. Når ein legg borda må dei justerast på tjukna for kvar ås dei ligg på. Det er nokså vanleg at gamle golvbord ikkje er fullange til rommet dei skal ligge i. Då er dei som regel skøytt med ein flakskøyt, alle borda er skøytt på same åsen. Det er på grunn av at det er praktisk vanskeleg å skøyte bord med rot/topp avsmalning på andre måtar.
Når eg legg borda så kappar eg rein den enden som ligg inn mot veggen. Så legg eg bordet inntil bordet det skal drivast i hop med. Eg legg det parallelt og riktig i lengderetning. Foto: Roald Renmælmo
Eg brukar ein boksvinkel eller ei rei som eg siktar inn for riktig vinkel for kapping. Det gjer eg ut frå ein strek eg har merka i tilfararen. Eg brukar rissnål til merking. Foto: Roald Renmælmo
For å justere tjukna på borda merkar eg av for kvar tilfarar bordet ligg på. Foto: Roald Renmælmo
Denne merkinga gjer eg på begge kantar. Foto: Roald Renmælmo
Etter å ha målt tjukna på ein del bord har eg hamna på 29 mm som høveleg tjukne. Då blir det litt å justere på tjukna på borda. Eg kunne gått for 30 mm for å sleppe med mindre høvling. Då ville eg vore nøydd til å fore under eit par av borda. 29 mm er altså minstemål på tjukna. Eg merkar det med ripmoten mellom merka eg laga for kvar tilfarar. Foto: Roald Renmælmo
Når det er lite å justere er ein kort høvel med litt krumma såle egna til å høvle ned til streken. Eg kontrollerer med rettholt at det ikkje er kul på midten. Då er det berre å høvle ned til streken på kvar side og sjekke med rettholten. Foto: Roald Renmælmo
Bordet er høvla på tjukna over alle tilfararane. Foto: Roald Renmælmo
Eg kappar med ei fintanna snikkarsag. Når det er merka med rissnål er det mogleg å sage meir nøyaktig. Ein risikerer heller ikkje at det vert blyantmerke på borda. Foto: Roald Renmælmo
Det er best å starte i ein ende med å få bordet i pløyinga. Dei fleste borda er litt vridde og det er bra å vere forsiktig så ein ikkje øydelegg pløyinga. Eg brukar ein slagkloss som passar i pløyinga som eg slår på. Foto: Roald Renmælmo
Det er vanleg å drive borda saman med kilar. Her har eg hogd til ein kile som har pløying i kanten og som passar i bordet. Eg brukar ein haldhake slått ned i tilfararen som mothald når eg slår på kilen. Foto: Roald Renmælmo
Haldhake med lekt og kile. Foto: Roald Renmælmo
I endane av borda er det nødvendig å bore for spikaren. For å sikre seg mot problem med spikringa kan det løne seg å bore for alle spikrane. Foto: Roald Renmælmo
Spikarbor, ein liten navar er ganske praktisk til å bore for spikaren. Eg spikrar 5/4″ frå endeveden og 1 ½» frå kant. Foto: Roald Renmælmo
Bordet er drive i hop og spikrane står klare (oppstilt for fotografen 😉 ). Det er ikkje nødvendig å drive på alle åsane så her har eg valt å berre drive med hakar og kilar på dei to tilfararane i midten. Foto: Roald Renmælmo
Eg slår spikrane rett ned og legg vekt på bordet med venstre hand medan eg spikrar. Eg prøvar ikkje å drive borda med skråspikring. Foto: Roald Renmælmo
Når haldhaken blir tatt ut vil han etterlate seg spor i form av to hol i tilfararen. Slike hol er det ikkje uvanleg å finne i golvåsane i gamle hus. Foto: Roald Renmælmo
Her ser ein korleis bordet er høvla tynnare akkurat over tilfararen. Foto: Roald Renmælmo
Dei første 6 golvborda er lagt. Foto: Roald Renmælmo
Eg skal høvle golvbord til eit golv på kring 30 m2. Eg vil både dokumentere arbeidet undervegs og finne fram til aktuelle detaljar som eg vil undersøkje særleg. Eg har høvla fleire golv tidlegare og har også lært ein arbeidsmåte av Konrad Stenvold som hadde dette i tradisjon. Eg vil likevel freiste å sjå om eg gjennom arbeidet oppdagar detaljar som eg er usikker på eller som eg vil undersøkje nærare. Eg har skrive om materialen eg brukar og korleis denne er tørka. Eg har skrive om verktøyet eg brukar til arbeidet og korleis dette er laga. På bloggen om høvelbenken har eg og skrive om korleis eg har laga kopi av ein høvelbenk frå garden Helberg i Bardu. Denne benken nyttar eg til å høvle flask på dei første golvborda.
Før eg kunne ta til å pløye borda på skottbenken har eg brukt eit par dagar på å finjustere høvlane, rette langbord på skottbenken og konstruere ein ny type kilar for å spenne fast borda i skottbenken. Eg prøvehøvla ein del kortare bordbitar for å sjå korleis alt fungerte. Då var alt på stell når eg starta å høvle golvbord på onsdag i denne veka. Høvlane var nyslipt og alt var på stell. Eg gjorde nokre undersøkingar av tidsbruk på dei ulike delane av arbeidet for kvart bord. Då er det rein produksjonstid eg har registrert ettersom det gjerne vert ein del avbrekk i arbeidet når ein skal ta notat eller fotografere. I praksis går minst halvparten av tida til dette siste.
Borda har troa seg litt i tørkeprosessen. Det kunne vere 2-6 mm kul midt på borda. Dette må høvlast slett før pløying i skottbenken. Plan flate på rettsida av bordet er føresetnaden for å få ei god pløying. Foto: Roald Renmælmo
Skrubboksen med grovstilt tann er det rette verktøyet til den første grovhøvlinga. Når sponene blir opp mot 0,5 mm så er det ikkje mange høveltak før bordet er høveleg flatt. Foto: Roald Renmælmo
Den nye høvelbenken har god arbeidshøgde (75 cm) til skrubbhøvling. I snitt brukte eg 3,5 min på kvart bord. Borda er 2,6 meter lange snittbredder frå 19 – 27 cm. Totalt brukte eg 22 minutter på skrubbhøvling av 6 stk bord tilsvarande knapt 3,5 m2 flate. Foto: Roald Renmælmo
Overflata etter skrubboksen er ganske grov men det er ein fordel å unngå for mykje utriving rundt kvistar. Kvass høveltann er det viktigaste som kan motverke det. Foto: Roald Renmælmo
Når ein arbeider strukturert med skrubboksen blir overflata eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med slettoksen. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs i arbeidet kontrollerer eg om eg har fått høvla flat kulen på midten av bordet. Det er ikkje bra å høvle for djupt heller. Kantane prøvar eg å spare til eg sletthøvlar med slettoksen. Foto: Roald Renmælmo
Her kontrollerer eg flata med ein rettholt. Kanten av bordet har enda restar av sagskuren.
Den neste høvelen, slettoksen har 3″ brei tann og lengde på 14 ½» på sålen. Eg har stilt tanna slik at høvelen tar ca 0,12 mm tjukk spon. Då gir den fin overflate og er likevel ganske effektiv. Om eg skulle starte med denne høvelen i staden for skrubboksen ville eg brukt 3-4 gongar så lang tid på grovhøvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Eg brukte i snitt 8,5 min på kvart bord for å få dei slette nok med slettoksen. 3 min på det lettaste bordet, og 20 minutt på det vanskelegaste. Dette siste var ganske vinnt og kuva seg på langs. Eg måtte då gå over til ein kortare slettokse for å få høvla. Til saman brukte eg 52 min på sletthøvlinga av 6 bord. Foto: Roald Renmælmo
Rettholt for å kontrollere flata på bordet etter slettoksen. Det er viktig at rettholten ligg an på kantane sidan desse vert anlegget for landet på ploghøvlane. Om desse har ei svak fasing nedover så blir pløyinga vanskeleg. Foto: Roald Renmælmo
Med rettholten i motlys kjem det fram at bordet ikkje er 100% plant. Likevel vurderer eg det som plant nok. Foto: Roald Renmælmo
Det bordet som tok lengst tid å høvle var dette. Det er både kuva på langs og vinna. Totalt gjekk det 26 minutt å skrubbhøvle og sletthøvle dette bordet. Det er ⅓ av tida det tok å høvle totalt 6 bord. Det lettaste bordet tok 5 min å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Det er lagt opp tre siktestikker for å vise kor vinna bordet er. Foto: Roald Renmælmo
Dette er eit døme på eit bord som det gjekk veldig raskt å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Pløyinga på skottbenken tok lengre tid enn flaskhøvlinga. Spesielt å høvle fjør tok lang tid. 48 min brukte eg på å høvle fjør på 3 bord. 36 min brukte eg på å høvle not på 3 bord. Total arbeidstid på skrubbhøvling av alle 6 borda var 22 min. 52min var tida eg brukte på sletthøvling av alle 6 borda. Før pløyinga var arealet av flasken på borda omlag 3,5 kvadratmeter. Denne tida er effektiv arbeidstid når alt er lagt til rette. Det er mange avbrot i arbeidet ettersom eg måtte ta tida, fotografere og notere. Det kunne vore interessant å prøve å gjere eit tilsvarande forsøk der eg ikkje dokumenterer men berre tar tida på 6 tilsvarande bord. Då for å rekne den totale arbeidstida med alle operasjonane. Kom gjerne med innspel på kva som kunne vore interessant å dokumentere med slikt arbeid. Kan film av arbeidet vere av interesse?
Høvlane eg har brukt ser ikkje ut til å vere nemneverdig slitte eller sløve etter denne arbeidsmengda. Eg satsar nok på å kunne høvle 1-2 tilsvarande parti med golvbord før eg tenkjer på å bryne ståla.
Fuktmålaren viser i overkant av 8,5% fukt i borda. Det er ganske jamn fuktprosent på geitved og alved når borda er så tørre. Foto: Roald Renmælmo
Vakne lesarar av bloggen hugsar sikkert at eg i vår skreiv ein bloggpost om vèrtørking av material til golvbord? Borda har lege til tørk innomhus over sommaren. Dei har lege i stabelen slik eg viste på siste biletet i posten. Dei vart lagt inn 19. mai og heldt då omlag 12% fukt. Ei kontrollmåling av nokre bord 21. mai viste omlag 11% fukt. Ei måling 30. mai viste 9,5% fukt. I løpet av sommaren har det vore lite endring. Fuktprosenten har lege på kring 9%. Eg byrja å høvle på dei 6 første golvborda på onsdag (13. august) og då viste fuktmålaren i underkant av 9%. Tittelen på posten er eldtørking av material. Nemninga «å eldtørke» har eg frå Ivar Frostad i Målselv. Utgangspunktet er material som er vèrtørka, tørka utandørs, og som skal tørkast ned ytterligare for å bli «innetørr». Innvendige snikkardetaljar bør vere innetørt for å ikkje slå seg eller krympe for mykje. Ivar Frostad brukte å eldtørke snikkarmaterial i snikkarstua si. Der fyrte han i vedomnen for å halde det varmt og samstundes få god tørk. Andre stader har ein brukt badstova for å eldtørke material slik som vi kunne lese i bloggposten om «Bestefarboka».
Bord som er saga av ferskt tømmer vil endre form når dei tørker. Bord som er saga som flaskbord vil troe seg slik som dette bordet. Rettholten ligg an midt på bordet og det er omlag 2-3 mm opning i kvar side. Dette må høvlast flatt før ein kan pløye borda. Foto: Roald RenmælmoNokre bord har det med å vinne seg under tørk. Det er i tillegg til at dei troar seg. Dette bordet har både troa seg, vinna seg og kuva seg under tørk. Eg har lagt på 3 siktestikker for å vise kor mykje det har troa seg. Dette er etter bordet er høvla slett med okshøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Ved å lage gode stablar kan ein unngå noko vinning av bord under tørk. Likevel vil slike bord vinne seg så snart dei kjem ut av stabelen. Ein slepp aldri heilt unna problemet. Bord som har kuva og vinna seg, slik som bordet på biletet over, blir gjerne problematisk å høvle sidan slettoksen og langhøvelen ikkje når den i kuven. Når høvelen ikkje tar så vert ein freista til å stille tanna grovare og det fører gjerne med seg ymse katastrofar når ein møter kvist eller motved. Dette bordet måtte eg sletthøvle med ein slettokse som berre var 12″ lang. Vinninga klarte eg ganske greitt å spikre ned når eg la bordet som golvbord. Ein ser ikkje denne vinninga når golvet er lagt. Det er ein stor fordel å høvle slike bord på ein oksabenk/langbenk/forsete, ein benk med høgde høveleg til at ein sit på emnet og høvlar. Om då to mann sit på bordet så rettar ein ut det meste av både kuving og vinning og ein kan bruke ein lengre slettokse og arbeide jamnare.
Erfaringa med tørking er at det tok kring 2 veker til borda fekk kring 9% fukt. Etter det skjedde det lite. Vi har hatt ein tørr sommar i år og det er truleg spelt inn på ein positiv måte. Normalt blir det ein del fuktigare om sommaren. Samstundes er det lite behov for oppvarming av huset om sommaren så fyring er uhøveleg for å regulere råma inne. Eg har ein luftavfuktar som eg kan bruke for å regulere råma når det trengs. Den har stått på i periodar i sommar men eg veit ikkje om den har verka inn på fuktprosenten i materialen? Eg har så langt høvla opp 6 av borda til golvbord. Dei var veldig fine å høvle. Ikkje noko teikn til at det vart korte spon som pakka seg. Flatene vart også veldig fine utan mykje arbeid.
Det nærmar seg Håndverksdager på Røros. Det har vel lesarane av bloggen fått med seg sidan det har stått i oversikta over hendingar i høgre marg sidan tidleg i vår? I år skal eg halde kurs i høvling og legging av golvbord. For mange av deltakarane vert det nok det første møtet med skottbenken og det verktøyet som høyrer til arbeidet. Deltakarane vil få tilsendt ei liste over kva verktøy det kan vere bra å ha med seg. For dei utan kjennskap til slikt arbeid og verktøy så vil nok ei slik liste vere vanskeleg å forstå? Eg vil difor ha med bilete av aktuelt verktøy og gi ei lita forklaring på bruken av det. Eg går gjennom verktøyet i den rekkjefølgja som det vanlegvis vert brukt. Klikk på bileta i galleria for å vise billedteksten. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.
Kanting av bord
Borda kan vere grovkanta på førehand eller dei er med vankant etter gjennomskur. Då er det som regel greiast og grovkante borda før ein skal høvle flask. Sotsnor eller kritsnor er det vanlegaste for å merke ei rett line for å sage eller hogge etter. Alternativt kan ein risse eller streke etter eit rettbord.
Ei gamaldags sotsnor med hampesnøre og pjeks for å feste i endeveden er ekstra stas å bruke men ei vanleg kritsnor fungerer også bra. Foto: Roald Renmælmo
Ei vanleg snikkarbile høver godt til å hogge kantar på bord som ikkje har for mykje stor kvist. Ei slik bile kan gjerne vere mellom 1,2 og 1,6 kilo tung. Foto: Roald Renmælmo
Det kan ofte vere bra å sage kanting på borda. Då er ei gamaldags breisag av den store typen (ca 90 cm lang) det beste. Saga må ha langvedtanning. Ei stikksag (snikkarsag) med langvedtanning fungerer også fint til slik saging. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av flask
Når borda er grovkanta er det klart for å høvle flasken. Det vil seie at rettsida (margsida) av bordet skal høvlast rett og plant. Etter tørk er det som regel ein del troing på borda og dette må høvlast slett før vi kan kante og pløye borda. Avhengig av kor mykje troing det er på borda bør vi ha høvlar med ulike eigenskapar for å gjere arbeidet lettare. Det mest effektive er å vere to mann som høvlar saman med ein okshøvel, ein høvel med 4 handtak. Det er også greitt å bruke vanlege sletthøvlar om ein skal arbeide aleine. Sletthøvlane bør då ikkje vere for breie for då vert det tungt å arbeide med dei. Under er ei oversikt over dei mest vanlege høvlane for å høvle flask. Ein alenstokk eller ei rett list er praktisk å ha for å bruke som rettholt når ein skal kontrollere om borda er plane nok.
I prinsippet kan alle høvlar med plan sole nyttast til å høvle flask. Desse høvlane er kopiar av høvlar frå første halvdel av 1800-talet og er laga spesielt med tanke på å fungere saman i ein samanheng. Frå høgre, skrubboksen, ein kort slettokse, ein lang slettokse og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Skrubboksen har lengde på kring 13″ og har ei tann som er litt over 2″ brei. Det kan gjerne vere ei ganske stor sponopning på slike høvlar, denne har nærare ¼» sponopning for å kunne høvle grovt. Dette er den første høvelen vi brukar for å gjerne grovarbeidet. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein kort slettokse, kring 12″ lang og høveltann på knapt 3″. Den store bredda gjer at det er lettare å høvle borda plane og slette. Slike høvlar kan ikkje stillast for grovt for då vert det for tungt å høvle. Dei er til sletthøvling etter at grovarbeidet er gjort. Foto: Roald Renmælmo
Denne slettoksen er kopi av ein høvel frå Frihetsli i Målselv. Det var ein høvel som Konrad Stenvold hadde brukt til sletthøvling av golvbord. Høvelen har tann som er ca 3″ brei og høvelen er 14 ½» lang. Med denne høvelen er det lett å få borda plane og rette. Foto: Roald Renmælmo
Ein langhøvel kan vere bra om ein vil ha ekstra slette og fine golv. Denne er ein alen lang og har stål som er 2 ⅛» brei. Foto: Roald Renmælmo
Desse høvlane er utforma slik at det er lett å sjå skilnaden på dei. Det er vanleg med okshøvlar som er ein mellomting mellom skrubbokse og slettokse. Vi kan likevel optimalisere dei for eitt av arbeidsområda. Det er i hovudsak gjennom måten vi sliper høvelstålet på at vi kan endre eigenskapane til høvelen. I tillegg er det særleg viktig at sålen på ein høvel som skal nyttast til sletthøvling (eller pusshøvling) må vere plan og bein. På ein sletthøvel kan det også vere bra om ikkje sponopninga er for stor. Høvelstål er som regel slipt slik at det blir ein liten boge på egglinja for at høvelstålet skal ta mest på midten og ikkje lage striper etter hjørna av høvelstålet.
På skrubboksen er det nødvendig å kunne stille høvelstålet til å ta grove spon. Når eg legg rettholt på solen over midten på tanna så viser den at tanna står ut ca 0,4 mm. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja er slipt slik at når høvelstålet står ut ca 0,4 mm midt på så ligg hjørna akkurat under planet på sålen. Foto: Roald renmælmo
Spona eg høvlar med tanna stilt på denne måten blir ca 0,5-0,6 mm tjukk på midten. Foto: Roald Renmælmo
I kanten er den same spona bare 0,05 mm tjukk og går heilt ut i null. Dette gjer at spona går uhindra gjennom sponrommet og ikkje lagar krøll. Foto: Roald Renmælmo
Slettoksen har ei egglinje som er mykje rettare enn skrubboksen. Her kan vi ikkje stille så grovt at høvelen tar ei spon som er 0,5 mm tjukk utan å få trøbbel. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja på høvelstålet på langhøvelen er også ganske rett slik som på slettoksen. Her ser vi korleis høvelspona blir når eg stiller tanna så grovt at stålet tar i heile bredda. Spona får ikkje plass i bredda til å kome fritt gjennom sponrommet. Då vert det slike krøllar som vi ser her. Spona er ca 0,3 mm tjukk. Foto: Roald Renmælmo
Langhøvelen kan stillast for å ta riktig tynne spon. Denne er ca 0,05 mm tjukk. På så fint stille kan ein få ei veldig glatt overflate men det tar lang tid å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenkhøvlar
Felles for høvlane som vert brukt med skottbenken er at dei er spesielt tilpassa å høvle kant på borda. Dei har også meiar/lister som fungerer som djubdestopp. Slike høvlar finnast i ei rekke variantar men eg vil vise nokre vanlege.
Frå venstre, skottokse, og to golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Frå venstre, skottokse og to golvplogar med sålen opp. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane er som regel laga som eit par som passar saman der det er faste mål. Stillbare slike er ikkje så vanleg. Foto: Roald Renmælmo
Denne skottoksen har meiar som er laga av same stykke som høvelstokken. Det er også vanleg at desse er nagla, limt eller spikra på sidene på ein vanleg okshøvel. Foto: Roald Renmælmo
Legging av golv
Golvborda vi skal høvle blir med rot/topp avsmalning og skal leggast på åsar. Det er ulike strategiar for å sikre at golvet blir plant og vi skal gå gjennom fleire av desse. Den eine er å berre høvle rettsida og pløye kantane. Då vert undersida ujamn og må justerast i rett dimensjon ved kvar golvås.
Den store bordvinkelen kan vere grei å ha når ein skal starte å merke dei første borda for kapping. Merking gjer ein med ei rissnål for å få nøyaktig strek. Ein svaivinkel er grei å ha for å overføre vinklane på borda med rot/topp avsmalning. Foto: Roald Renmælmo
Ei fintanna (6-10 tpi) sag med tverrvedtanning er fint å ha for å kappe borda nøyaktig etter strek. Saga kan vere ei grindsag eller ei stikksag. Foto: Roald Renmælmo
Ripmot er fint for å merke på tjukna på borda for å hogge av for åsane. Hogginga gjer ein gjerne med snikkarbila. Foto: Roald Renmælmo
For å drive borda saman lagar vi til nokre trekilar, slår ned ein golvhake (eller haldhake) i golvåsen og driv kilane mellom denne og golvbordet. Foto: Roald Renmælmo
Ein god hammar som du er venn med er viktig. Å bomme på spikaren er ikkje bra når ein skal spikre eit fint handhøvla golv. Smidd spikar med store haud sørgjer for å halde borda nede. For å sikre at ikkje spikaren kløyver borda i endane så borer vi gjerne med ein liten navar, spikarbor. Foto: Roald Renmælmo
Er du ein av dei som synast det høyrast spennande ut med skottbenk, men ikkje er heilt sikker på kva det er for noko? Er du redd for å stille «dumme» spørsmål på bloggen og hamne i «gapestokken» slik som Thor Aage på biletet?
Vi reknar med å samle både skottbenkar og rettbenkar. Dei fremste strykebenktilhengarane har fått i oppgåve å tekkje med never og torv på kongressen. Det er difor tvilsamt om vi kan få dei representert på sesjonen vår denne gongen? Her har du høve til å få ei innføring i bruken av skottbenk og få møte medlemmane i Norsk Skottbenk Union.
Skottokse og ferdigskote bord fastspent i skottbenken til smedane på NDR. Legg merke til det flotte spennjarnet med kile på denne benken. Her er det ikkje snakk om noko vanleg gjengestål. Foto: Roald Renmælmo
Det kjem stadig innspel frå våre svenske vener på postane vi tidlegare har skrive om skottbenkar i Sverige. Det siste er nok eit innspel frå Kalle Melin frå Knadriks kulturbygg i Kristianstad i Skåne. Han tipsa om at det er med eit fotografi av ein «hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder» i boka «Hallandsgårdar» av Albert Sandklef. (Sandklef, 1953) Boka var alt i bokhylla mi, men har så langt lege under radaren i skottbenksøket. Eg har leita i teksten i boka for å finne ut om det står noko meir om den aktuelle benken og bruken av den. Så langt er det berre fotografiet og den kortfatta billeteksten eg har funne. Sandklef var ein svært produktiv folkeminneforskar og kulturhistorikar som har etterlate seg store mengder med trykte skrifter og arkivmateriale. Det kan finnast meir informasjon om den aktuelle benken i dette materialet?
«Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp.» Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar. (Sandklef, 1953)
Benken er laga på ein spesiell måte. Dei fire føtene er festa i ein stokk som ligg på golvet og er nesten like lang som benken. Om denne stokken er festa eller støtta på nokon måte kjem ikkje fram av fotografiet. Det ser ut som det er behov for sidevegs støtte? «Golvtilde» er det same som golvbord, eller golvtilje som vi ville skrive det på norsk. Det er tett mellom føtene og det er nok nødvendig for å stive av det relativt spinkle langbordet. Det verkar som det er fotstokken som sørgjer for avstivinga av benken. Det er i motsetning til dei fleste skottbenkane som vert stiva opp av kraftige og breie langbord.
Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka «Böndernas bygge» av Finn Werne. (Werne, 1993)
I boka «Böndernas Bygge har Finn Werne med ei skisse av ein strykbänk som ser ut til å vere identisk med benken i boka til Albert Sandklef, men frå ei anna kjelde. Kjelda på denne skissa er Nordiska museet sine svar på spørjelister, EU 1485 NM. Eg har ikkje funne denne kjelda enn så lenge. Eg har berre leita i ufullstendige kopiar av materialet og har ikkje hatt høve til å besøke arkivet med originalmaterialet der alle svara finnast. Det kan godt vere at begge kjeldene byggjer på den same benken, eller kjem frå same området. Vi kan derfor ikkje seie at denne benken er typisk svensk eller typisk frå Halland. Det er mogleg det er berre denne eine benken?
Uansett er det interessant å sjå korleis benken er laga. Det er som regel mykje enklare å finne ein lang tømmerstokk enn å finne gode emne til langbord til skottbenk. Denne måten å lage skottbenk på kan derfor vere eit bra alternativ om ein må ha ein benk på byggjeplassen og ein manglar gode langbord.
Kjelder
Albert Sandklef, Hallandsgårdar – Bebyggelse på gårdar och torp före 1900, Stockholm 1953
Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993
Bygdemuseet ligg på garden Åsen i Surnadal og er ein del av Nordmøre museum. Museet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med bygningar frå ulike tider og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Inne på låven er det samla ein del interessante bygningsdelar frå eldre hus i området. Mellom desse finnast også ein flott skottbenk i god stand. Skottbenken består av to bukkar (eller krakkar) og langbord. Han er laga slik at langborda er lause men vert halde på plass av eit blad frå bukken som er haka inn i sida på langbordet. Langborda er totalt 4 meter lange og måler 5 cm x 18.5 cm. Klikk på bileta i galleriet for å få større visning og billetekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.
Den eine av dei to bukkane til skottbenken. Skruven er omlag 2″ i diameter. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har den eine (høgre) foten fast og den andre laus. Høgda på bukken er 77 cm. Langbordet stikk omlag 3,5 cm over toppen av bukken. Total høgd vert då omlag 80 cm. Foto: Roald Renmælmo
Føtene måler 3″ x 7″. Tommestokken som er brukt på biletet er i millimeter og inch. Foto: Roald Renmælmo
Tappen innvendig passar i ei utsparing i sida på langbordet. Foto: Roald Renmælmo
I langborda som er 4 meter lange og måler 5 cm x 18,5 cm er det ei utsparing som passar til tappen i bukken. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata til skottbenken er omlag 78 cm lang, 7″ brei og 2″ tjukk. Den høgre foten er tappa gjennom.
Toppen av foten sett frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Frå Møre og Romsdal fylke er det nemninga skotbenk som er mest vanleg om ei skal leggje svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed til grunn. Frå Hareid har vi «skotbenk» og «skothyvel», frå Volda «skotbenk» og frå Dalsfjord (også Volda?) «skotbenk». I Tresfjord har vi forma «skaatbenk» som ein variant av skrivemåten. Andre nemningar eller skrivemåtar er ikkje med i svarmaterialet frå fylket. Vi håpar denne posten kan vere til inspirasjon til potensielle medlemmar av Norsk Skottbenk Union i Møre og Romsdal slik at det kjem fram fleire gamle skottbenkar frå fylket og at nokon tek til og byggjer seg benkar.
Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo
Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en «fogbänk». Gotland Burs, 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står «M. Klintberg fot».
I vår søken etter skottbenkar i Sverige kjem vi stadig over nye opplysningar som tyder på at det har eksistert ein del slike benkar. Fotografiet over dukka opp i samlinga av fotografi som Finn Werne og Peter Sjømar samla inn i samband med boka «Böndernas bygge» som kom ut i 1993. Fotografiet var ikkje trykt i boka men finnast i materialet som var samla inn og som finnast på Institusjons- og hantverksbiblioteket til Göteborgs Universitet i Mariestad. Det er tydeleg at fotografiet er arrangert for fotografen. Her manglar stablar med material og høvelspon om dette skulle vore ein arbeidsplass der ein høvla bord på benken. Bordet er også spent fast med for stor overhøgde til at høvelen kan verke slik han skal. Likevel har nok både fotomodellane og fotografen kjennskap til både benken og høvlane. På marka ligg det ein høvel som tydeleg er ein skottokse med meiar. Dei andre høvlane er nok ploghøvlar til not og fjør. Høvelen dei brukar på kanten av bordet ser ut som ein vanleg okshøvel. Fogbänken er av liknande type som ei rekke av dei norske skottbenkane. Det ser ut som begge langborda er faste og at ein strammar med å kile i spenntappen. Då er truleg den eine foten laus eller rom for å kunne spennast opp?
Om vi skal ta påskrifta M. Klintberg på alvor så kan det dreie seg om folkeminneforskaren og fotografen Mathis Klintberg (1847-1932). Årstalet 1908 på fotografiet kan stemme godt. Han vart filosofie doktor i Uppsala i 1886 og arbeidde mykje med innsamling på Gotland. Det kan finnast meir informasjon om biletet i arkivmaterialet etter han. Burs er ein stad på Gotland.
Elles har det dukka opp nokre språkspor. I Tysk – Svensk ordbok har eg kome over «fogbänk» som omsetjing av det tyske ordet «Fügebank«. Det tyske ordet kan bety det same som det norske «strykbenk» som er den lange høvelen bøkkarane brukar til å stryke stav. Altså er nemninga «fogbänk» tvetydig på svensk. Det er også tvetydig på tysk sidan det kan beskrive ein høvel med meiar til ein skottbenk. Tysk har også «fügebock» som svarar til svenske «fogbock». På svensk har eg og funne ordet «fóg-gét», «en bänk, som användes vid foghyfling af bräder, fogbänk».
Kjelder:
Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993