Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Author: Roald Renmælmo
Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bli stødigare å høvle bordet på flasken. Dette er det einaste biletet eg har kome over som viser bord som blir høvla på flasken på skottbenken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge (1872-1940) var lensmann i Karasjok i åra 1900-1936 og tok ei mengd foto på sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eg vil oppmode alle som har gamle bilete av skottbenkar om at dei gjerne postar dei på bloggen. Ta kontakt for informasjon om korleis det gjerast. Pass på at du har kontroll på kven som har rettane på bileta så vi ikkje får problem i ettertid.
På museet i Karasjok i Finnmark, RDM-De Samiske Samlinger, er det både ein enkel byggearbeidsplass høvelbenk og ein gamal skottbenk. Skottbenken er av ein type som finnast mange stader rundt om i landet og som har fastspenning med kile.
Skottbenken på museet i Karasjok. Langbordet er 4.5 meter langt og 3,5 x 20 cm i rota og 3,5 x 17,5 cm i toppenden. Benken er ca 63 cm høg frå marka og opp til overkant av langbordet. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken har i dag berre eit fast langbord men har spor etter at det har vore eit laust langbord tidlegare. Eg har ikkje funnet registreringsnummer på benken men det kan finnast opplysningar om kor benken har vore brukt? Så langt er dette den nordlegaste og austlegaste skottbenken vi i Norsk Skottbenk union har sett.
Spennborda på benken er festa med svalehale og spikar. Høgda frå desse og opp til langbordet er 23 cm. Med meiane på skottoksen så kan ein då truleg høvle bord som er maksimalt 24-25 cm breie. Foto: Roald RenmælmoFøtene er tappa gjennom ein fotstokk som er 78 cm lang og drygt 2″ x 6″. Foto: Roald Renmælmo
Alle materialane som er brukt til skottbenken ser ut til å vere handsaga. Langbordet er berre høvla på den sida som vender opp og som blir flata som meiane på skottoksen skal ta nedpå. Langbordet er også toppskore på høgda og smalnar frå 8″ i rotenden til 7″ i toppenden. Likevel er det omlag same høgde frå overkant av spennborda og opp til overkant langbord ved begge bukkane.
Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.
Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin
Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.
Det lause langbordet har ein fot som kviler på spenntappen. Foten er stiva av med eit bord som er spikra fast til langbordet og foten. Foto: Siv HolminDet er også skråband på tvers for å gjere føtene stødigare. Foto: Siv Holmin