Category Archives: Oppland

Meir skøttbenk på Hadeland

Etter posten om skottbenken i «Vår gamle bondekultur» med bilete av to karar som poserer med skottbenk på Hadeland har vi fått nokre gode innspel. Det same fotografiet er også brukt i Hadeland bygdebok bind 4, som kom ut i 1953, 2 år etter «Vår gamle bondekultur. I bygdeboka står også namnet på fotografen oppført under biletet, K. Teigen. Biletet er brukt for å illustrere kapitlet om husbygging. Det som står skrive om snikring og skottbenk er såpass interessant at det fortener å siterast her på bloggen.

«Glasrammer og dører var gjerne gjort vinteren i førvegen. Tømmermennene var også «snikkerer», og da var sliktno vinterarbeid, når det ikke var tømring. Innreiningen var først og fremst golv og tak og delvis paneling; men den vart ofte laga mer over en lang. Planker og bord hadde de skåret på vassag, og slike hadde vi i 1743 5 på Hadeland. Mer sjelden vart det skåret på handsag. De la da tømmerstokken på to bukker, som var så høge at en mann kunne stå oppreist under og dra saga, og en stod ovenpå og drog den opp igjen. Planker og bord vart aldri kantskåret på saga, men kantet inn med øksa så hele den opprinnelige breidda i rot og topp vart utnyttet. Det vart alltid handhøvlet, først med skrubb-uksen og så med sletthøvelen. Det var store, tunge høvler med handtak i begge ender, en stod framme og drog, og en bak og skauv på. Bord og planker vart lagt med skiftesvis rot og topp. Not og fjør vart høvlet med ploggonga, og borda passe inn til enannen etter hvert. 

Først da slottet i Oslo vart bygd i 1849, vart skøttbenken oppfunnet av en snikker Deramb. Sønnen hans slo seg seinere ned på Hadeland, han var en førsteklasses møbelsnikker, og hadde gått læretida i Kjøbenhavn. Skøttbenken var en viktig oppfinnels; ved hjelp av den vart alle bord nøyaktig like i kantene og høvde alltid til enannen, snå nå slapp de å måte til hvert bord.» (Hadeland bygdebok, 1953)

Vi er sjølvsagt med på at skottbenken er ein viktig oppfinnelse, men er litt usikre på kva som ligg i dette? Kjende dei ikkje skottbenken på Hadeland før 1849? Det er vanskeleg å tenkje seg noko slikt? Samtidig er det snakk om ploggonga som ble brukt til å høvle golvborda som var passa til kvarandre. Ploggong, eller også ploggang, er kjend frå andre kjelder men utan detaljert forklaring.  I Valdres bygdebok er det forklart som høvlane til å høvle not og fjør («tunge og gått»). Korleis ein held fast borda under høvling og korleis ein får høvla dei rette er ikkje forklart. Kan ploggong vere ein variant av skottbenken og at han er brukt saman med høvlane for å høvle not og fjør? Om andre delen av ordet -gong så kan vi forstå ordet på ulike måtar. Den eine at det har å gjere med å gå, som i gressgang, svalgang. Den andre som i gjenger, noko som styrer. Den tredje har skrivemåten -gogn, som betyr reiskap, gjerne eit sett av reiskapar til eit bestemt arbeid. I lokalhistoriewiki har dei forklaringa på ordet ploggang, at det er pløyeredskap.

Kan vi tenkje oss at Deramb utvikla ein skottbenk for å høvle parallelle bord slik som på dei amerikanske patenterte skottbenkane? Kanskje vi kan sjå om borda på slottet i Oslo er parallelle eller smalnar frå rot til topp? Det kan underbygge teorien, eller svekke den, alt etter kva vi finn der.

Det at borda vart tilpassa til kvarandre kan tolkast på to måtar. Den eine at borda har høvla heilt rett kant men smalnar frå rot til topp og såleis må leggast annakvar med rot og topp for at det skal gå opp. Det andre, som er meir utenkjeleg, at borda ikkje er høvla rette, men medderge til kvarandre. Utan skottbenk eller ein metode for å skyte kantane kan det ha vore aktuelt med det siste. Eg har aldri sett eller høyrt om slike golvbord som er høvla med not og fjør utan at dei har rett kant.

Elles kan det vere verdt å merke seg at dei brukar  to høvlar, først «skrubb-uksen» og så «sletthøvelen». Då er sletthøvelen også forklart som ein okshøvel. Det er i tråd med andre stader der ein enten snakkar om ein grov- og ein litt finare stilt okshøvel, eller gjerne skrubbokse og slettokse. Sjølve benken er skrive «skøttbenk». Det er ein nokså uvanleg skriveform. Variantane «skotbenk», «skåtbenk» og «skaatbenk» finnast det ein del av rundt om i landet. Det er tydeleg ulike måtar å tenkje om ein skal bruke ein -t eller -tt i skrivemåten. På same måten er det ulike måtar å skrive -o, -å, -aa eller -ø om tredje bokstav. Det kan nok skrivast tilbake på dialektane i dei ulike områda på tida for nedskrivinga. Som vi tidlegare har vore inne på, var ikkje ordet skottbenk med i dei tidlege ordbøkene og difor har vi ikkje fått ei rettskrivingsnorm for dette ordet.

Kjelder:

Hadeland: bygdens historie. 4, Aksel Helmen, Oslo, 1953. (finnast digitalt tilgjengeleg: Hadeland : bygdenes historie. 4 )

Valdres bygdebok 5 – Næringsvegane, fyste del, Knut Hermundstad (red.), Leira, 1964 (side 375)

Skottbenken i «Vår gamle bondekultur»

I 1908 kom Kristofer Visted ut med boka » Vor gamle Bondekultur».  Boka kom ut i ei tid då det var viktig for Noreg å bli trygg på sin kultur og sine tradisjonar. Boka presenterer norsk bondekultur i eit historisk perspektiv i stor bredde og i ei moderne form med rikelig bruk av illustrasjonar. Visted arbeidde med ei ny og oppdatert utgåve då han døydde i 1949. Hilmar Stigum tok over arbeidet og fullførte utgjevinga som kom ut i 1951. Stigum supplerte mellom anna med eit nytt kapittel, «Hjemmesysler, Håndverk, Bygdekunst». Her er det skrive om ulike handverk og skottbenken har fått sin  plass i bondekulturen, i alle fall i form av eit bilete. Likevel er det nok lagt mest vekt på bygdekunsten i kapitlet, treskjering og rosemåling  var nok vurdert som viktigare for bondekulturen enn skottbenken? Hilmar Stigum hadde stor interesse for handverk og verktøy. Han hadde sjølv opplæring som både skreddar og fotograf. Han bygde opp eit eige magasin med fokus på verktøy og jordbruksreiskapar på Norsk folkemuseum. 

Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes grulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka " Vår gamle bondekultur", Visted og Stigum, 951
Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes gulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka » Vår gamle bondekultur», Visted og Stigum, 1951

Skottbenken er truleg ein benk i samlinga til museet? Det verkar som om biletet er arrangert for bruk til illustrasjonen sidan det ikkje er spor etter høvelspon og eit eventuelt golvbord manglar. Det er ikkje heilt lett å sjå om benken har skruvar eller kilestramming. Bildeteksten er også litt mangelfull sidan det berre står at borda ble festa for høvling. Finessen med meiar på skottoksen for å sikre seg at golvborda får heilt rette kantar er ikkje forklart. Det ser heller ikkje ut som høvelen på biletet har slike meiar? Vi får sjå om vi får mobilisert lokale skottbenkentusiastar på Hadeland til å sjekke ut saken nærare?

Kjelder: 

Vår gamle bondekultur, Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Oslo, 1951