I samband med kurs i bygging av skottbenk i Mosjøen i midten av oktober hadde Jon Dahlmo, Maja Sætermo og Torbjørn Prytz leita fram mykje spennande frå samlinga til Helgeland museum. Mellom det som vart funne var denne skottbenken som er ein del av samlinga til museet. Eg har ikkje funne registreringsopplysningar på benken og har derfor ikkje kjennskap til kva gard den kjem frå. Truleg har benken kome frå ein gard i Vefsn kommune.
Skottbenk i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen. Benken har skruvar for stramming og skråband for å stive av på lengda. Foto: Roald Renmælmo
Benken er 3,89 cm lang og har langbord som er 2 ½» x 5″. Langborda er runda på undersida ut mot endane og fasa i underkant. Skottbenken har skråband i lengderetning, noko som både stivar av benken under høvling og som også gir avstiving av langborda. Benken kan i verkemåte minne om benkane frå Skårvoll der den eine foten er fast i fotplata og den andre står i eit spor som er litt romt og gir rom for variasjon i tjukna på emna som skal festast. Oversida av langborda verkar å ha vore høvla veldig rette og fine sist benken var i bruk.
Heilbilete av skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Øverkant av langborda. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er festa til føtene med to spikrar. Foto: Roald Renmælmo
Langborda stikk ut 34″ frå senter fot. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane har diameter på 43 mm utvendig. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av skruvar. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane er festa til den faste foten ved ein konisk firkanta tapp som står i eit tilsvarande hol i foten. Foto: Roald Renmælmo
Skruvane er fast i den faste foten. Skråbanda er tappa inn både oppe og nede. Foto: Roald Renmælmo
Skråbandfelling oppe i langbordet. Skråbandet er av gran og festa med spikar. Foto: Roald Renmælmo
Skråbandfelling nede i fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata er 23″ lang, 7 ¼» brei og 3 ½» tjukk. Den eine fotplata er i rein kantved og den andre i flaskved med marg ned. Innfellinga av føtene gir normal åpning på 1 ½» mellom langborda, kanskje 5/4″?. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er 2 ½» – 3″ x 5″ – 5 ¼» og er i kantved av gran. Alle delane i benken er av gran, unntatt skruvane som er av bjørk. Foto: Roald Renmælmo
Denne benken er ein av to benkar i samlinga til Helgeland museum i Mosjøen. Det er mykje som tyder på at det finnast fleire skottbenkar på dei andre avdelingane av museet og vi er i gang med å undersøkje dette nærare. Vi kjem tilbake til meir om skottbenkar og det veksande fagmiljøet i nedslagsfeltet til Helgeland museum. Eg vil rette ei spesiell takk til Jon Dahlmo for hans innsats for å leite fram skottbenkar og verktøy på sine heimtrakter.
Ivar Jørstad er fornøgd eigar av sin sjølvlaga skottbenk. Vi ynskjer han velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Foto: Ivar Jørstad
Ivar Jørstad har gått det nye fagskoletilbodet Innføring i bygningsvern på Røros. Som ei oppgåve har han både registrert og målt opp ein gamal skottbenk og bygd seg sin eige skottbenk. Han har leita etter gamle skottbenkar i Buskerud der han held til. Så langt har det ikkje dukka opp nokon. Skottbenken han har målt opp er frå Bredalslien i Tolga. Denne vurderte han som så tung og kraftig at ein kopi av denne ville bli lite mobil og såleis ikkje så veleigna som arbeidsbenk i si verksemd. Valet fall på «Jarlebenken» som er ein konstruksjon av Jarle Hugstmyr basert på skottbenken til Per Volden i Os. Jarle har kopla på ein ekstra benk på sida for å drive med ymse snikkararbeid. Dette blir ein kombinasjon av skottbenk og høvelbenk, to benkar i eitt. Ved å byggje ein slik benk fekk Ivar ein benk som løyser dei fleste behov for arbeidsbenk på byggjeplassar. Han har basert seg på oppgåva til Thor-Aage Heiberg, «Produksjon av ny skottbenk – Jarlebenken» som du finn i oversikta over litteratur om skottbenk. Skottbenken er utstyrt med skruvar slik som er vanleg på «Jarlebenken». Ivar laga sjølv skruvane med lånt verktøy.
Gjengeutstyret er fra et gammelt snekkerverksted i Lier, utlånt av Lier bygdetun. Foto: Ivar Jørstad
Skottbenken til Ivar er den fyrste vi har registrert i Buskerud. Eg kjenner ikkje til kjelder som kan seie noko om bruk av skottbenk i dette fylket. Det er mogleg det vil dukke opp slike kjelder no når Ivar har bygd seg benk og får vist fram fordelane med den for andre handverkarar i fylket? Ivar vil bruke benken i si verksemd som tømrar og restaureringshandverkar. Han har også starta på ei fireårig utdanning i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern på HiST i Trondheim. Eg reknar med at vi får sjå meir frå han i åra framover.
Med skottokse fra Gjøvik, stål funnet på ebay og en nylagd kile er det bare å sette igang. Foto: Ivar Jørstad
Arbeidsbenken brukes til avlastning/oppbevaring når skottbenken er i bruk. Høgde på skottbenken er 81 cm, høgda på arbeidsbenken er 85 cm. Foto: Ivar Jørstad
Den fungerer slik som jeg ønsket. Foto: Ivar Jørstad
Vi ynskjer Ivar velkommen inn i Norsk Skottbenk Union og set stor pris på dei fine bileta han har sendt oss saman med ein rapport over arbeidet. Vi vil seinare poste bilete av og detaljar om den fine skottbenken Ivar har målt opp på Bredalslien. Vi håper innsatsen til Ivar vil inspirere fleire til å sende inn bilete av sin sjølvlaga skottbenk, rettbenk eller strykebenk. Vi veit det er store mørketal, mange som ikkje har sendt inn den nødvendige dokumentasjonen for å bli tatt opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.
På tross av at det har vore lite aktivitet på bloggen har hausten vore travel. Det har vorte tid til å vise fram skottbenkar og rettbenkar på Byggnadsvårdens konvent i Mariestad i Sverige. Som om ikkje det var nok har Helgeland Museum tatt initiativ til, og arrangert, eit kurs i bygging av skottbenk . Kurset vart arrangert 14-18. oktober på Mjåvatnbrygga i Sjøgata i Mosjøen. Dette var flotte omgjevnadar for eit slikt kurs. Her kunne vi gå rett ut av døra for å studere gamle hus med handhøvla materialar. På kurset vart det påbegynt 7 stk. nye skottbenkar, men berre ein av dei vart heilt ferdig til bruk i løpet av kursveka. Det var også tre av deltakarar som konsentrerte seg om å lage seg okshøvel, skottokse og golvplogar. To av desse, Einar Strand og Eirik Nicolaisen, har skottbenk frå før og er alt registrert som medlemmar.
Robert Nilsen var den fyrste til å få ferdig skottbenk på kurset. Her er han i gang med prøvehøvling med lånt skottokse. Benken har langbord som er 3,8 meter lange av standard 2″ x 8″ frå trelast. Resten av benken er laga av 3″ plank av gran som er høvla til. Skruvane er laga av bjørk og vart laga på kurset. Foto: Roald RenmælmoSkottbenken til Robert Nilsen er basert på ein av dei to gamle skottbenkane som er i samlinga til Helgeland Museum i Mosjøen. Vi hadde tilgang til dei originale benkane i kurslokalet vårt. Begge dei gamle benkane var utstyrt med skruvar for fastspenning av borda. Foto: Roald RenmælmoRobert Nilsen (t.v.) vert gratulert som medlem i Norsk Skottbenk Union av underteikna. Eg er utstyrt med det offisielle arbeidsforkleet til Norsk Skottbenk Union. For å kunne bruke forkleet må ein vere tatt opp som medlem i tillegg til at ein har laga seg sin eige okshøvel og skottokse. Robert har att å lage høvlane før han vert kvalifisert til å bere eit slikt forkle. Dette er eit arbeid han har tatt til med.
Robert Nilsen held til i Mosjøen, eit område der vi tidlegare ikkje har hatt medlemmar. No har vi spira til eit større miljø med fleire handverkarar i dette området. Verktøysmeden Jon Dahlmo var også med på kurset og har kome langt med sin skottbenk. Han har også gått i gang med å produsere stål til golvplogar og kunne vise fram ein prototype på slike stål. Han arbeider vidare med å finjustere detaljar på desse ståla og er snart klar til å kunne levere til dei som vil lage seg sine eigne golvplogar. Jon har frå før laga seg høvlar med sjølvsmidde stål og når han får skottbenken sin ferdig er han kvalifisert for å bruke vårt offisielle arbeidsforkle. Vi har frå før smedane Odd Inge Holmberget og Torgeir Henriksen i smia på Nidarosdomens restaureringsarbeider som har bygd skottbenk og laga høvlar. Vi er veldig heldige som har fått med oss slike dyktige smedar i arbeidet med å revitalisere skottbenken og verktøyet som høyrer med til arbeidet.
Den tredje av skottbenkane som er registrert av studentar i bygningsvern i Oppland fylke er ein eg har kjent til i mange år, men ikkje sett med eige auge før eg fekk desse bileta. Fyrste kurset eg hadde i høvling av golvbord og bruk av skottbenk var på Alm gård i 2003 i regi av Oppland Fylkeskommune. Då snikra vi nokre provisoriske skottbenkar for høvle panel og golvbord til restaurering av den freda gamlestova på garden. Kurset og høvlinga gjekk bra, men eg hadde lite tid til å undersøke om det fans lokale skottbenkar. Etter eg var reist heim til Målselv vart det funnen ein skottbenk på nabogarden til Alm og eg vart informert om dette. Det har likevel ikkje høvd slik at eg har fått sjå benken, eller bilete av benken, før no. Hans Andreas H. Lien er ein av studentane som har valt registrering av skottbenk som ein av oppgåvene på studiet. Han har levert tekst, bilete og målsette skisser av skottbenken som vert presentert her.
Skottbenk frå Blikset gård på Østre Toten. Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken befinner seg i dag på Fjeld gård. Grunnen til at den står der i dag var at Fjeld lånte den av Alm gård, som igjen lånte den av Blikset. Alle disse gårdene er innen gangavstand. Sist gang den ble brukt som skottbenk er uvisst. Den er i senere tid brukt som arbeidsbenk til å høvle profil på panelbord. Det ble da ikke brukt verktøy som er knyttet opp mot skottbenkarbeid.
Det har ikke vært mulig å finne ut noe mer om historien til skottbenken, da ingen visste noe særlig om den, bortsett fra at de hadde hørt at den var brukt til å høvle lange bord på. Alderen til skottbenken er heller ikke så lett å si noe om, den beste indikatoren er vel spikeren som er brukt. Det er den eldste typen klippte mustadspiker.
Skottbenken kraftig bygd og har tre bukkar for å stive den av på lengda. Foto: Hans Andreas H. Lien
Langbord og bukk. Foto: Hans Andreas H. Lien
Bukk og langbord sett ovenfra. Strekkfiskene er underlag for det lause langbordet. Det er spikra fast ein kloss på foten som anlegg for kilen. Foto: Hans Andreas H. Lien
Det lause langbordet har ei støtte som er spikra på. Foto: Hans Andreas H. Lien
Innsida av langbordet. Foto: Hans Andreas H. Lien
Bukk med det lause langbordet til venstre og det faste til høgre. Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken frå enden. Foto: Hans Andreas H. Lien
Hol i toppen av den eine foten. Kanskje for benkehake? Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken er 6,5 lang, har tre bein, og er kilestrammet. Fastbordet er spikret til beina, og har nok heller ikke vært løsnet for transport. Det er spikret på ett bord som går langsmed alle tre beina på motsatt side av arbeidssiden. Dette vil jeg tro at er for å gjøre benken stødigere. Både fast- og løsbordet hadde en avsmalning på bredden på litt over 1”. Ved enden av fastbordet er det tappet ut hull for en benkehake. Dette er antakelig gjort for å kunne legge bordemnet oppå fastbordet og løsbordet for å høvle flasken.
Skottbenken sett frå sida. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Baksida av benken. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein, framside. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj lausbord. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Det var ikke noe verktøy å finne til skottbenken bortsett fra benkehaken som fortsatt satt i.
I enden av det faste langbordet er det bora eit hol som det står ei jarnklo i. Dette er truleg for å høvle bord på flasken på benken. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa på plass i langbordet. Her er det laga eit hol i sida på bordet slik at ein kan slå ut jarnkloa frå undersida. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa tatt ut av benken. Foto: Hans Andreas H. Lien
Baksida av jarnkloa. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med tommestokken som skala ved sida. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Breidda er kring 1 ½». Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Tanngarden på jarnkloa er tydeleg fila til ønska fasong. Foto: Hans Andreas H. Lien
Hans Andreas H. Lien
Det har vore fleire skottbenkar som har spor som kan tyde på at det kan ha vore ein jarnklo (benkehake) som har stått i eit hol i eine langbordet. Vi har då berre sett holet og ikkje hatt jarnkloa på plass. Både den siste og den førre skottbenken frå Ejvengrenda hadde slike hol som kan ha vore for ei jarnklo. Rettbenken frå Budalen hadde mange hol i langborda. Verdas lengste skottbenk på Skårvoll har også fleire hol i langborda, Thor Aage spekulerer på både benkehake (jarnklo) og kjellingfot. Det er sikkert også mange fleire benkar som har tilsvarande hol som kan ha samband med bruk av jarnklo og høvling på flasken. Vi har og eit bilete av eit arbeidslag i Finnmark som høvlar bord på flasken på skottbenken. Elles er skottbenken frå Blikset av utsjånad ikkje ulik fleire av skottbenkane som Sven Hoftun har skrive om frå Rogaland.
Sør-Troms museum vil også vere mellom musea som har skottbenkar i sine samlingar. Denne skottbenken kjem frå garden til Karin Lind, tidlegare husflidskonsulent i Troms, i Lavangen i Sør-Troms. Eg kom over skottbenken for omlag 12-13 år sidan då eg besøkte Krambuvika bygdemuseum, der benken høyrar heime. Då fekk eg tatt nokre bilete og fekk nokre mål på delane. Benken var ei sentral kjelde for bygginga av den fyste skottbenken min for 12 år sidan. Sidan har eg lært mykje om skottbenkar og bruken av dei. Thor Larssen som er museumshandverkar i Sør-Troms museum har vore så vennleg å ta fram skottbenken og fotografere han for meg. Museet har mykje anna spennande i sine samlingar. Eg har skrive om ein høvelbenk som er i samlinga på Grytøy bygdetun. Det er heilt sikkert mykje meir spennande saker å finne i samlingane til museet, men vi får vise skottbenken først.
Skottbenken er tatt ut for fotografering. Langborda på benken er 4,63 cm lange og arbeidshøgda er 82 cm. Foto: Thor Larssen
Skottbenken er med sine 82 cm av dei med størst arbeidshøgd. Berre skottbenken til Per Volden og skottbenken frå Li i Suldal er høgre med sine 83 cm høgde. Eg tok utgangspunkt i denne høgda når eg snikra min fyste skottbenk. Eg merka snart at det var i høgste laget for mine armar og tok av litt av høgda på den. Langborda er omlag 2″ x 8″ i dimensjon. Det er tydeleg at det har vore viktig at den faste staven på foten skulle låsast i ein fast posisjon. Det har dei løyst med å spikre fast eit lite skråband mellom staven og fotplata. Den andre, lause, foten har det vore viktig å få i rett høgde. Då har dei sett inn kilar mellom staven og fotplata slik som Thor Aage fann på skottbenken på Skårvoll. Skottbenken i Lavangen var tydeleg merka «SKOTTBENK» med store bokstavar på ein papirlapp då eg såg han fyste gongen. Her er det ikkje tvil om namnet på benken eller kva han har vore brukt til.
Skottbenken sett frå sida. Føtene er plassert etter noko som ser ut til å vere ei inndeling av langborda på 5. ⅕ av bordet stikk ut i kvar ende og ⅗ er mellom bukkane. Om dette er eit prinsipp som er brukt i praksis frå gamalt av veit eg ikkje. Eg har berre observert at det ser ut som det kan passe på fleire skottbenkar. Foto: Thor LarssenDen eine foten har ein treskruve med diameter på kring 2″ til stramming. Skruen er låst med kloss i den faste foten. Den faste foten er støtta av eit kort skråband. Foto: Thor LarssenDen andre foten vert stramma av ein kile. Her kan det ha vore ein tilsvarande skruve tidlegare. Den faste foten er støtta med eit lite skråband. Foto: Thor Larssen, Sør-Troms museum
Frå Li i Suldal. Denne er 3240 cm lang og har ei høgd på 830 cm. Libenken, høvelbenken, har ein eigen post på bloggen Hyvelbenk.
På Ryfylkemuseet har eg oppdaga endå ein skottbenk. Den låg oppå slindrene på løa på Li som har vore museumsgard frå 2009. Riksantikvaren har vore på Li sidan 1936.
Skottbenken på Li i Suldal. Benken har nok hatt kilestramming. Foto: Ryfylkemuseet.
Skottbenken har langbord som er 3240 mm lange. Arbeidshøgda er på 830 mm. Dimensjon på langborda er 195 x 30 mm i gjennomsnitt. Det skal være kilar til stramming, men dei er ikkje å finne.
Skottbenken til Per Volden i Os i Østerdalen er ein klassisk modell med treskruve. Denne skottbenken var utgangspunktet for den vidareutvikla «Jarlebenken» som har fått ei viss utbreiing. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken til Per Volden i Os i Østerdalen er godt kjent for oss i Norsk Skottbenk Union sidan denne har vore utgangspunkt for den såkalla «Jarlebenken» som ein del har snikra seg. «Jarlebenken» har i tillegg ein flat benk på sida for å høvle flask og liknande. Korleis ein har høvla flask på den gamle benken til Per Volden er ikkje kjent.
Skottbenken har skruvar for å spenne saman langborda. Skruvane i dag er fornya og har litt i underkant av 2″ diameter. Fotstokken er 4″ x 13″ og 70 cm lang. Stavane varierer mellom 2 1/2″ – 3″ tjukne og 5″ – 5 1/2″ breidde. Dei er tappa gjennom fotstokken. Høgda på skottbenken er totalt 83 cm frå golvet til overkant langbord. Det faste langbordet er 45 x 308 mm. Det lause langbordet er 55 mm tjukt i overkant og 32 mm i underkant. Dette bordet er 170 mm bredt. Langborda er 4 meter lange. Dei to stavane blir halde saman av eit kraftig spennjarn som har eit stort hovud på eine sida og har skive og sliss for kile i andre enden. Alle delane utanom skruvane er av furu. Skruvane er av bjørk.
Spennjarnet som låser stavane på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo