Det har vore ganske stille frå våre sympatisørar på Vestlandet når det gjeld å presentere nye eller gamle strykebenkar her på bloggen. Vi kan lese på andre bloggar at det er litt aktivitet sjølv om det ikkje når heilt fram til oss som følgjer spent med her på bloggen om det skal dukke opp noko snart. Enn så lenge har vi ikkje fått presentert ordentleg ein einaste gamal original benk frå Hordaland eller Sogn og Fjordane. No har det omsider kome inn tips frå Arne Høyland om ein strykebenk på Osterøy. Han skriv litt om det på sin eige blogg Byggjeskikk.
Bukk til strykebenk. Denne står i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland
Bukken er ein type som minner mykje om dei vi finn i Trøndelag og på Nordmøre. Han har vore stramma med kile som blir slått gjennom ein spenntapp. Langborda har vore festa i ein fals på stavane slik som er vanleg. Truleg har dei vore festa med spikar eller skruvar. Arne foreslår at bukken har vore brukt i ein skottbenk som har vore brukt i samband bygging av kyrkja. Bruvik kyrkje vart bygd i 1867 av byggmeister Ole Vangberg. Ole finn vi som busett i Bergen i 1885 i følgje folketeljinga det året. Då er han registrert som byggmeister på adressa Wesenbergsmuget 4, gård nr. 23-7c. Han er då ført opp som fødd i 1833 i Frosten pr. Trondhjem som fødestad og kona med Strinden Trondhjem som fødestad. Det kan kanskje forklare korfor denne bukken har så mykje felles med tilsvarande i områda rundt Trondheim? Det er ikkje godt å vite om benken har vore laga etter lokale tradisjonar, eller om det var byggmeisteren frå Trøndelag som stod for utforminga basert på sin tradisjon? Uansett er det i alle fall veldig artig at benken er teke vare på i kyrkja og at han mest truleg kan knytast til byggjearbeidet i 1867.
Det er no mogleg for medlemmar og sympatisørar å gjere nærare undersøkingar av både benken og kyrkja. Det er store sjansar for at det kan finnast material i kyrkja som har vore høvla på denne benken. Ole Vangberg var og byggmeister på ei rekkje kyrkjer på Vestlandet og ei oversikt over det finnast i Norsk kunsterleksikon som har eit eige oppslag om Vangberg. Kanskje kan det vere tilsvarande benkar i nokon av dei andre kyrkjene? Eg vil rette ei stor takk til Arne Høyland som tipsa om denne benken.
Den tredje av skottbenkane som er registrert av studentar i bygningsvern i Oppland fylke er ein eg har kjent til i mange år, men ikkje sett med eige auge før eg fekk desse bileta. Fyrste kurset eg hadde i høvling av golvbord og bruk av skottbenk var på Alm gård i 2003 i regi av Oppland Fylkeskommune. Då snikra vi nokre provisoriske skottbenkar for høvle panel og golvbord til restaurering av den freda gamlestova på garden. Kurset og høvlinga gjekk bra, men eg hadde lite tid til å undersøke om det fans lokale skottbenkar. Etter eg var reist heim til Målselv vart det funnen ein skottbenk på nabogarden til Alm og eg vart informert om dette. Det har likevel ikkje høvd slik at eg har fått sjå benken, eller bilete av benken, før no. Hans Andreas H. Lien er ein av studentane som har valt registrering av skottbenk som ein av oppgåvene på studiet. Han har levert tekst, bilete og målsette skisser av skottbenken som vert presentert her.
Skottbenk frå Blikset gård på Østre Toten. Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken befinner seg i dag på Fjeld gård. Grunnen til at den står der i dag var at Fjeld lånte den av Alm gård, som igjen lånte den av Blikset. Alle disse gårdene er innen gangavstand. Sist gang den ble brukt som skottbenk er uvisst. Den er i senere tid brukt som arbeidsbenk til å høvle profil på panelbord. Det ble da ikke brukt verktøy som er knyttet opp mot skottbenkarbeid.
Det har ikke vært mulig å finne ut noe mer om historien til skottbenken, da ingen visste noe særlig om den, bortsett fra at de hadde hørt at den var brukt til å høvle lange bord på. Alderen til skottbenken er heller ikke så lett å si noe om, den beste indikatoren er vel spikeren som er brukt. Det er den eldste typen klippte mustadspiker.
Skottbenken kraftig bygd og har tre bukkar for å stive den av på lengda. Foto: Hans Andreas H. Lien
Langbord og bukk. Foto: Hans Andreas H. Lien
Bukk og langbord sett ovenfra. Strekkfiskene er underlag for det lause langbordet. Det er spikra fast ein kloss på foten som anlegg for kilen. Foto: Hans Andreas H. Lien
Det lause langbordet har ei støtte som er spikra på. Foto: Hans Andreas H. Lien
Innsida av langbordet. Foto: Hans Andreas H. Lien
Bukk med det lause langbordet til venstre og det faste til høgre. Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken frå enden. Foto: Hans Andreas H. Lien
Hol i toppen av den eine foten. Kanskje for benkehake? Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenken er 6,5 lang, har tre bein, og er kilestrammet. Fastbordet er spikret til beina, og har nok heller ikke vært løsnet for transport. Det er spikret på ett bord som går langsmed alle tre beina på motsatt side av arbeidssiden. Dette vil jeg tro at er for å gjøre benken stødigere. Både fast- og løsbordet hadde en avsmalning på bredden på litt over 1”. Ved enden av fastbordet er det tappet ut hull for en benkehake. Dette er antakelig gjort for å kunne legge bordemnet oppå fastbordet og løsbordet for å høvle flasken.
Skottbenken sett frå sida. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Baksida av benken. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj av bein, framside. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Detalj lausbord. Teikning: Hans Andreas H. Lien
Det var ikke noe verktøy å finne til skottbenken bortsett fra benkehaken som fortsatt satt i.
I enden av det faste langbordet er det bora eit hol som det står ei jarnklo i. Dette er truleg for å høvle bord på flasken på benken. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa på plass i langbordet. Her er det laga eit hol i sida på bordet slik at ein kan slå ut jarnkloa frå undersida. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa tatt ut av benken. Foto: Hans Andreas H. Lien
Baksida av jarnkloa. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med tommestokken som skala ved sida. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Breidda er kring 1 ½». Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Jarnkloa med skala. Foto: Hans Andreas H. Lien
Tanngarden på jarnkloa er tydeleg fila til ønska fasong. Foto: Hans Andreas H. Lien
Hans Andreas H. Lien
Det har vore fleire skottbenkar som har spor som kan tyde på at det kan ha vore ein jarnklo (benkehake) som har stått i eit hol i eine langbordet. Vi har då berre sett holet og ikkje hatt jarnkloa på plass. Både den siste og den førre skottbenken frå Ejvengrenda hadde slike hol som kan ha vore for ei jarnklo. Rettbenken frå Budalen hadde mange hol i langborda. Verdas lengste skottbenk på Skårvoll har også fleire hol i langborda, Thor Aage spekulerer på både benkehake (jarnklo) og kjellingfot. Det er sikkert også mange fleire benkar som har tilsvarande hol som kan ha samband med bruk av jarnklo og høvling på flasken. Vi har og eit bilete av eit arbeidslag i Finnmark som høvlar bord på flasken på skottbenken. Elles er skottbenken frå Blikset av utsjånad ikkje ulik fleire av skottbenkane som Sven Hoftun har skrive om frå Rogaland.
For nokre veker sidan la eg inn ein funksjon på bloggen for å ta i mot tips av lesarar som veit av gamle skottbenkar. Det gjekk ikkje mange dagane før eg fekk inn eit tips frå Oddbjørn Syrstad som hadde lese det eg skreiv om ein skottbenk i grenda hans, Evjengrenda ved Lundamo i Melhus. Oddbjørn skreiv at han og har ein skottbenk og lurte om om den var av interesse for oss. Sjølvsagt var det interessant, og i førre veke fekk eg høve til å undersøkje skottbenken saman med Thor Aage Heiberg og Ellev Steinsli. Oddbjørn har kjøpt garden Oppigard Evjen, busett seg der og overtok samstundes mykje av det som var på garden av verktøy og utstyr. Han har teke godt vare på Skottbenken han kunne syne fram til oss.
Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er knapt 30″ høg og bukkane er festa til langborda med drevspon. Langborda og bukkane hadde merking omlag på same vis som den eine skottbenken på Skaun Bygdatun. Det er to bukkar som vert stramma med skruvar. Fotplata er kring 7″ brei og kring 29″ – 30″ lang. Skruvane er drygt 2″ i diameter. Det faste langbordet er skorda av med eit skråband som er spikra fast ned i fotplatene. Eg merka meg ikkje kor lang langborda var men trur det var kring 4,5 meter? Det kan vi få sjekka ut nærare. Langborda er knapt 1 ¾» tjukke og 5 ½» breie.
Skottbenken med to bukkar har arbeidshøgd på like under 30″. Skruven går gjennom ein klosse med innvendige gjengar som er spikra fast i den eine foten. Foto: Roald Renmælmo
På den andre sida er det eit hovud på skruven. I dette er det eit hol og ein spilspik for å stramme skruven. Foto: Roald Renmælmo
Bukkane har fotplate som er tynna ut mot endane slik at ein ikkje skal snuble så lett i dei. Foto: Roald Renmælmo
Langborda ser ut til å vere mykje brukt. Foto: Roald Renmælmo
Det kan ha vore festa bord på flasken i skottbenken. Det var fleire små hol, og som her ein trenagl som står i eit hol i benken. Foto: Roald Renmælmo
Begge langborda er skøytte for å få benken litt lengre. Til venstre kan vi skimte ein spennande høvelbenk med fottang (legvise på engelsk) som er sjeldan å finne. Foto: Roald Renmælmo
Den faste foten er stiva av med eit skråband som er spikra ned i fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Gjengar. Foto: Roald Renmælmo
Gjengar. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata er kring 7″ brei. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata er kring 29″ lang og gjer benken stødig i bruk. Foto: Roald Renmælmo
Oddbjørn har tatt vare på verktøyet som var på garden. Her er, frå venstre, ein stillbar brei falshøvel, ein fjørhøvel for skottbenk, ein skottokse og ein nothøvel for skottbenk. Både verktøyet og skottbenken stod i ei snikkarstue på garden. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken har stått på loftet i ei snikkarstue på garden. Rommet der den stod er bevart og har framleis høvelbenken og dreibenken ståande på plass. Her kan vi studere korleis høvelbenk og skottbenk har vore plassert i ein verkstad som har vore i bruk. Det er også ein del verktøy som kan knytast til skottbenken. I alle fall er 3 av høvlane på garden knytt til høvling av golvbord på skottbenk. I tillegg er det vanlege okshøvlar og sletthøvlar til flaskhøvlinga.
Dei siste som budde på Oppigard Evjen, før Oddbjørn overtok, var brørne Anders Evjen (1893-1966) og John Evjen (1906-1985). Faren deira heitte Lars Anderssen (1860-1937). I folketeljinga for år 1900 står han oppført som gardbrukar, hustømmermann og snikkar. Yrkestitlane hustømmermann og snekker vart skrive «hustømmermd og snedker» som var den vanlege skrivemåten i folketeljingane for desse yrka. Det er tydeleg at Lars var ein som dreiv med byggjearbeid av ulike slag både innan snikring og tømring. Både høvelbenken og skottbenken ber preg av at det er ein, meir enn normalt, dyktig snikkar som har arbeidd dei og brukt dei. Også høvlane som høyrer til på garden ser ut til å ha vore laga av ein dyktig snikkar. Dette gjer det ekstra spennande å gjere vidare undersøkingar av både skottbenk, høvelbenkar og verktøy.
Saman med skottbenken og spondungen på nabogarden vert dette ei veldig god kjelde til å forstå korleis skottbenken, verktøyet og verkstaden har fungert i den tida det var i bruk. Dette er slikt vi skal prøve å sjå nærare på, og dokumentere på ein god måte. Vi vil rette ei stor takk til Oddbjørn Syrstad som tipsa oss om skottbenken, tok i mot oss og viste oss skottbenk og verktøy. Med dette vil vi og oppmode andre som har skottbenk eller interessant verktøy om å bruke tipsfunksjonen på bloggen og sende oss tips.
Skottbenk frå garden Ulsrud i Vestre Gausdal. Skottbenken står på garden som i dag er eigd av Gausdal Historielag. Foto: Jørn Ulven
Den andre av skottbenkane som er registrert av studentar i samband med oppgåva eg har skrive om i ein tidlegare post er frå Gausdal kommune. Studenten Jørn Ulven, som til dagleg er handverkar på Maihaugen, har fotografert og målt opp benken og tekst og bilete under er hans.
Skottbenken som står på gården Ulsrud i Auggedalen, vestre Gausdal i Gausdal kommune er trulig laga på gården og har stått der sida.
Gården Ulsrud i Vestre Gausdal er i dag eigd av Gausdal historielag. Foto: Jørn Ulven
Ulsrud er en gård med lange tradisjoner og er nevnt i gårdsregister fra 1633, det er også funn fra eldre jernalder på gården. I dag står mye av gårdstunet som det var på 1800-tallet med bur fra tidlig 1700-tall som det eldste huset. Gården eies av Gausdal historielag som overtok i 2001 etter testament fra Anders Ulsrud, den brukes til arrangement og virker som museum. Gården besto av en del skog, ca. 700 da. og det har vært både oppgangssag og sirkelsag på gården.
Garden Ulsrud i Vestre Gausdal der skottbenken høyrer heime og truleg har vore sidan han var laga. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank, den faste planken har 3 stolper mens den løse har bare 2. Benken har lengde på ca. 5 meter og høyde 0,8 meter. Materialene er høvlet og forseggjort, untatt bunnstokken som bare er barket. På bunnstokken er trulig tyngden viktigst. Det ligger en kile ved benken som trolig har vært brukt til å spenne fast borda.
Stolpene er kilt ned i bunnstokken, som er en rundstokk 6 ½” – 10” som er kantet under, og både felt inn og kilt i plankene. Foto: Jørn UlvenStolper, planker og kile sett ovenfra. Foto: Jørn Ulven
Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Alt av treverk er i gran. Det midtre staget har knekt på kilesiden. Låsepinnene har fått hard håndtering.
Plankene er spikret i stolpene med 3 klipte spiker. Legg merke til hodet på trenaglen som låser stolpen i bunnstokken. Benken har merker etter sirkelsag på planken. Både stolper og fastplanken har en høvlet profil i kanten. Foto: Jørn UlvenDet midterste stolpeparet ser vi fremst i bildet. Her er har ikke løsplanken stolpe som står på tverrstaget. Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Stolpene spriker ca, 6 grader fra bunnstokken og opp. Kilene som er brukt for å låse løsplanken har nok vært kilt fra siden ettersom det er tydelige slitespor på planke og stolpe. Foto: Jørn UlvenDet går en trenagle med diameter på 30 millimeter gjennom stolpe og stokk i bunn. Naglen har hode (denne har kile) på eine sida og låsepinne på andre. Foto: Jørn UlvenFastplanken (til venstre) er 6” x 1 5/16”, mens løsplanken (til høyre) er på 6” x 5/4, løsplanken har stolper på 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til tverrstaget som måler 1 ½” x 2 3/8”. Foto: Jørn Ulven
Benken med den lause planken fjerna. Foto: Jørn Ulven
Stolper med strekkstag. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken sett framafrå. Foto: Jørn Ulven
Kiler er brukt til å låse strekkstagene. Foto: Jørn Ulven
Et av strekkstagene har hode. Foto: Jørn Ulven
Stolpene har kraftig slitasje etter bruk av kiler til å låse borda. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken sett ovenfra. Foto: Jørn Ulven
Detalj av skottbenken. Her er det brukt en kile til å juster høgda på det faste langbordet. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken er slåande lik benken frå Vedum i Fåberg i både mål, funksjon og måten den er laga på. Det er heller ikkje meir enn 2-3 mil mellom desse gardane så det er nok eit felles tradisjonsområde. Det kan finnast verktøy på garden som har vore brukt saman med skottbenken. Dette står att å undersøkje. Sidan skottbenken har vore på garden i lang tid og det er mange gamle hus på garden så er det store sjansar for å finne bord som har vore høvla på skottbenken. Det er også noko som står att å undersøke. Det er veldig bra å få eitt døme til på ein bevart skottbenk frå Oppland. Når skottbenken attpåtil er bevart på garden han har vore brukt må vi vere godt nøgd i første omgang.
Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Niels J. Røine
Som dei første studentane til å presentere funn av skottbenk i Oppland har Jørn Ulven og Niels J. Røine samarbeidd om registrering av to skottbenkar. Den første av desse to er ein som er i samlinga til Maihaugen, Lillehammer museum. Under følgjer teksten frå Jørn og Niels.
SKOTTBENK FRA VEDUM, FÅBERG
Skottbenken står på Maihaugen, i vedskålen fra gården Vedum i Fåberg. Denne vedskålen står i dag på lagerplassen på Maihaugen og fungerer som eit brukshus for drifta. Det litt usikkert om benken fulgte med da bygningen ble demontert i 1975, men det er trolig. Gården, med gårdsnummer 124 og bruksnummer 1, ligger på sørsida av dalen der Gausa renner ut. Vedum er nevnt i ett diplom fra 1383. Gården hadde fiskerett i Lågen der lågåsilda var ei viktig inntektskilde. Det er ca. 2000 da. skog på gården.
Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Niels J. Røine
Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank. Plankene har 3 stolper hver pluss de 3 frittstående, benken har en grovt tillhogd bunnstokk (6 ¾” x 4 ¾”). Stolpene er kilt ned i bunnstokken og er både felt inn, og kilt inn i plankene, disse er låst med 2 stk 30 mm. trenagler som går gjennom bunnstokken (10 ½” lange) med hode og splint. Tverrstagene har hode på ene siden (noe ødelagt på 2) og kile ( 22mm x 50 – 65mm x 160 mm) på den andre. Alt av treverk er av gran. Stolpene ( 2”- 2 ¾” x 7” x 30 ¼”) er spikret sammen med planken med 3 klipte eller smidde spiker.
Fastplanken er 1 ¾” x 7 ¼” mens løsplanken er på 1 3/16” x 6 ¾”, løsplanken har stolper på 2” x 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til spenntappen på 1 ½” x 2 3/8”. Plankene har noe mer utskår enn der stolpene står og den ene er spunsa på halv ved siste 14”. Tverrstagene er 2 ¾” x 2″ (2 ¾) x 19”, disse sitter 16” opp fra gulvet, der er det 10 ¼” avstand på yttersida av stolpene. Bunnstokken har 2 føtter som er felt inn med kile, stokken har 3 fordypninger på oversiden jevnt med stolpeavstand.
Benken har lengde 5,29 m og høyde 0,8 meter. Det er en forholdsvis grovgjort benk, men er kraftig og solid. Den løse og den faste planken har spor som tyder på at de er handsaga.
Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Niels J. Røine
Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Niels J. Røine
Føtene og langborda sett ovenfra. Foto: Niels J. Røine
Det lause langbordet har ein liten fot som står på spenntappen. Foto: Niels J. Røine
Kilen som låser spenntappen. Foto: Niels J. Røine
Føtene er festa til fotstokken med 2 stk. 30 mm tjukke trenaglar. Spenntappen har eit hovud på eine sida og er låst med ein kile på andre sida. Foto: Niels J. Røine
Det er to slike fjøler som er grada inn i underkant av fotstokken og sørgjer for å gjere den stødigare. Foto: Niels J. Røine
Det er to slike tapphol i fotstokken og det er usikker kva dei er til. Foto: Niels J. Røine
Registert og fotogafert av Jørn Ulven og Niels J. Røine, april 2015.
Oppmålingsskisse av skottbenken frå Vedum, Fåberg. Skisse: Jørn Ulven
Dette er den fyrste skottbenken frå Oppland fylke som vi presenterer her på bloggen. Frå Fåberg har vi nemninga «Tell-benk» i svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling. På Maihaugen har nemninga «skjørbenk» vore brukt om denne benken. Det var ein tidlegare tilsett, Morten Sandvold, som er opphavet til nemninga på Maihaugen. I Setelarkivet i Norsk Ordbok finnast nemninga «skjerbenk» og er forklart som enten tilsvarande ein bandstol eller som den bevegelege delen av ein sagbenk på ei sirkelsag. Eg er usikker på om nemninga kan knytast til tradisjonen kring skottbenk, eller om ho har kome til i seinare tid og då lånt frå terminologien knytt til sirkelsager?
Skottbenken er av ein type som vi ikkje har sett så mykje til andre stader i Noreg. Frå Sverige finnast det døme på tilsvarande benkar i Halland og truleg også i andre område. Det er også andre benkar som har avstiving av bukkane i nedkant. Frå Røldal er det eit døme frå svarmaterialet på spørjelistene om snikkarhandverket.
Som lærar i bygningsvern på Høgskolen i Sør-Trøndelag underviser eg både dei studentane som studerer Teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim og ei gruppe med studentar som studerer bygningsvern, eit Etter- og Vidareutdanningstilbod (EVU) i Oppland fylke. Studentane i Oppland er erfarne tømrarar som har drive med restaureringsarbeid og har lyst til å utvikle seg som handverkarar. Innføring og øving i eldre handverksteknikkar er ein sentral del av utdanninga. Dette semesteret har dei hatt 4 samlingar på ei veke kvar gong. I tilknyting til kvar samling har dei også fått ei heimeoppgåve. Første samling i januar var ei innføring i det å lage sin eige høvel. Oppgåva etter samlinga var å lage ein høvel basert på lokale eldre høvlar frå studentane sine heimtrakter. Neste samling var ei innføring i å snikre vindauge for hand med tradisjonelle handverktøy. Då var var heimeoppgåva å lage eit vindauge basert på eit eldre handlaga vindauge. Den tredje samlinga var ei innføring i skjering av glas, kitting og måling av det vindauge dei hadde laga. I tillegg var det også ei innføring i handhøvling av profilert listverk og bruk av skottbenk. Då var sjølvsagt ei av dei valfrie oppgåvene å leite opp og registrere gamle skottbenkar i fylket.
Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Vindauga er snikra med handverktøy, i stor grad med sjølvlaga høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Oppgåvetekst:
Snikkaren som skal arbeide med handverktøy er avhengig av å ha ein god arbeidsbenk. Til dei fleste arbeidsoppgåvene er ulike variantar av høvelbenk mest praktisk. Når snikkaren skal høvle lange emne, slik som golvbord, er ikkje høvelbenken særleg egna. Då har det vore vanleg med ein spesiell benk som ein spenner opp borda i for høvling på kant. Som regel har denne benken hatt to lange bord eller plankar som som ein spenner fast emnet mellom for høvling. Skottbenk er ei vanleg nemning på slike benkar, men andre nemningar finnast. I Oppland fylke har eg kome over nokre kjelder som nemner skottbenken. Dette kan du lese om på bloggen til Norsk Skottbenk Union: https://skottbenk.wordpress.com/category/geografisk-plassering/noreg/oppland/
Prøv om du kan finne ein gamal original skottbenk på dine heimtrakter, eller ein annan stad i fylket. Det kan vere at dei du spør, ikkje kjenner til nemninga skottbenk. Då kan bilete av slike benkar vere nyttige for å vise korleis benkane kan sjå ut.
Dokumenter skottbenken ved hjelp av foto og målsett oppmålingsteikning. Få med relevante detaljar i samanføyingar, om nødvendig med detaljfoto og/eller skisser. Sjå denne sida for døme på oppmåling av skottbenk: https://skottbenk.wordpress.com/category/dokumentasjonsmetodikk/
Skriv litt om skottbenken du har registrert. Kva kan du finne av opplysningar om bruken av den? Kor har du funne benken? (kommune og gard) Er det ei lokal nemning på benken, eller delar av benken? Kan du finne verktøy som er knytt til benken?
Materialet skal leverast inn med tanke på publisering på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Dei som har levert inn svar på denne oppgåva vil få dette lagt ut på bloggen etterkvart som eg får klargjort alt av bilete og tekst. I utgangspunktet har vi ikkje registreringar av gamle originale skottbenkar frå Oppland frå før. Studentane som har leita fram og registrert og dokumentert skottbenkar har såleis gjort eit viktig arbeid som gjer at vi får mykje meir kunnskap om skottbenken på Austlandet. Eg vel å gi att oppgåveteksten som inspirasjon til eventuelle andre som er interessert i å leite fram gamle skottbenkar og sende oss tips.
Vi har også hatt med skottbenken på ulike måtar i undervisning av studentane som tar bachelor i teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim. Sist hadde vi seminar i handhøvling av listverk på Sverresborg og då var sjølvsagt skottbenken sentral for fleire av gruppene. Vi har også hatt høvling av golvbord som eit av kursa i tverrfagleg kompetanse for dei studentane som ikkje er snikkarar. Dei av studentane i Trondheim som er snikkarar har sjølvsagt med skottbenken på ei rekke av samlingane.
Svarmaterialet frå spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling viser seg å vere ei god kjelde for å undersøkje utbreiing og bruk av skottbenken i Noreg. Det har kome fram gjennom dei 4 tidlegare postane som har presentert svarmaterialet, del 1, del 2, del 3 og del 4. Spørjelista vart sendt ut i 1934 og dei fleste svara kom nok inn same år sjølv om få av dei er datert. Målet med spørjelista var å få fram dei nemningane som var vanlege i snikkarhandverket på bygdene. I innleiinga til spørsmåla kan vi lese:
«Med handverk meiner me her i denne spursmålslista det yrket som snikkarane utover på bygdene driv eller dreiv. For kvar landslut var – og er enno mange stader – bygdesnikkaren sitt område bunde til ei mengd faste, nedervde former av bruksting og husbunad, snikring av fast inventar i stovene o.s.b. Det er nemningane åt dette handverket me vil ha fram, eit handverk som i mange måtar kann gripa over på bygningssnikkaren sitt umråde, men som ikkje har større å gjera med finare møbelsnikring, bysnikring. Sjølvsagt har no mange bysnikaruttrykk vunne inn på bygdene, og me vilde då gjerne ha greie på um det t. d. lever ei gamal nemning og ei nymotens side um side for same tingen, um den nye nemningi har trengt den gamle burt og i tilfelle når, kva namn som no kjennest innførde. Det var også bra um alle namn og nemningar kunde skrivast så likt uttalen på staden som mogeleg.» (Frå Nemndi til gransking av norsk nemningsbruk, 2. Snikkarhandverket, 1934)
Innleiinga går inn på at språket er i endring og at nemningar i snikkarhandverket på bygdene vert påverka av «bysnikring». Truleg meiner ein med «bysnikring» det formelle møbelsnikkarfaget der ein hadde formalisert utdanning og prøve i form av sveineprøve. Fleire av svara på spørjelista er også inne på at ein kunne sjå endringar i arbeidsmåte og nemningar på grunn av snikkarkursa som mange hadde delteke på. Snikkarkurs var det mange av rundt om i Noreg i fyrste halvdel av 1900-talet og ei viss einsretting av arbeidsmåtar og nemningsbruk i snikkarhandverket var nok eitt av resultata. I spørjelista spør ein spesielt etter om det finnast ei gamal nemning som har vorte trengt burt av ei «nymotens» og i tilfelle når?
Det er ikkje spurt etter alder og bakgrunn til dei som svarar på spørjelista. Ein del av dei som har svart skriv at dei ikkje kjenner snikkarhandverket godt nok og ein del er nok for unge til å kjenne dei eventuelle eldre nemningane. Det er likevel nokre av dei som svarar som skriv når dei er fødd/kor gamle dei er og at dei er snikkarar. Fleire av desse er fødde kring 1850 og har vore snikarar heile livet. Nokre av svara representerer altså inngåande kjennskap til snikkarhandverket og har solid rotfeste i den lokale handverkstradisjonen. På denne tida var det truleg eit fåtal av snikkarane på bygdene som hadde formalisert utdanning i faget. Det vanlege var nok å lære faget gjennom å arbeide saman med andre handverkarar med meir erfaring.
Geografisk fordeling
Vi kunne sjå for oss at det var stor variasjon frå bygdelag til bygdelag, både når det gjeld nemningar, og når det gjeld arbeidsmåtar. Særleg når ein tenkjer på topografien i Noreg og dei store avstandane. Det er meir enn 200 mil mellom nordlegaste og sørlegaste stad vi har svar frå i spørjelista. Å kartlegge ein slik variasjon er noko av det som var formålet med å sende ut spørjelista til alle delar av landet. Ein ville kartlegge regional utbreiing av nemningane og gjerne påvise ulike «kulturgrenser» mellom språklege fenomen.
Svara på spørjelista er ordna i mapper, ei for kvart fylke, slik det ligg i arkivet på Norsk Folkeminnesamling. Eg har også handsama svarmaterialet i høve til denne ordninga. Slik har eg også presentert sitata om skottbenken i dei fire bloggpostane som presentere heile råmaterialet. Del 1, Del 2, Del 3 og Del 4. Frå Oslo var det ingen svar. Frå Finnmark var det berre eitt og frå Vestfold var det berre to svar. Elles er fordelinga høveleg jamn med fylka Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane som alle har 15 eller fleire svar. Totalt for heile landet er det 168 svar på spørjelista.
Diagram som viser geografisk fordeling av total mengde svar på spørjelista om Snikkarhandverket frå kvart fylke. Oslo er ikkje med i oversikta sidan det ikkje var svar frå dette fylket.
Når eg så systematiserer svarmaterialet frå heile landet så er det slåande at heile 54 av 168 svar har med skottbenken. Det veldig nær ⅓ av svara! Av desse er det heile 52 som har med nemning på benken. To av svara forklarar ei innretning som eg tolkar som skottbenk utan at dei har namn på det. Når vi ser på fordelinga av svara som har med noko om skottbenken så er det slåande at Hordaland har få svar som har med noko om skottbenken. Finnmark, Akershus og Buskerud har ingen svar med skottbenk og er derfor ikkje med i oversikta under.
Diagram som viser fylkesvis fordeling av svar som har med namn og/eller forklaring på skottbenk.
Når vi reknar prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken så har både Vestfold, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag over 50% av svara som har med skottbenken.
Diagram som viser kor mange prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken i svaret.
Vi må hugse på at det ikkje var spurt særleg etter skottbenken eller benkar med den funksjonen som skottbenken har. Heile spørsmålet om høvelbenken er gjeve att i den fyrste av dei fire postane som listar opp dei ulike svara. «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» og «Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» er dei to formuleringane som har framprovosert dei svara som har med skottbenken. Om det har vore spurt spesielt etter skottbenken trur eg svarprosenten har vore mykje høgre. Vi kan i alle fall slutte av svara at skottbenken var godt kjend og utbreidd over det meste av landet i 1934.
Dei ulike nemningane
Sjølv har eg fyrst vorte kjend med nemninga skottbenk og den skrivemåten. Bakgrunnen min i denne samanhengen har eg skrive litt om i artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Det var ikkje lenge etter vi starta bloggen til Norsk Skottbenk Union før det kom fram at det fans fleire nemningar på benken vår. Strykebenk og rettbenk er dei som har stor nok utbreiing til at vi har tatt dei med i overskrifta på bloggen. Kva kan vi då lese ut av svara om kor vanlege dei ulike nemningane er? Både nemninga skottbenk og nemninga strykebenk har mange variantar av skrivemåte. Det skuldast både at det i innleiinga til spørjelista er forklart at ein skal skrive nemningane så nær opp til uttalen som mogleg, og at nemninga skottbenk ikkje er vanleg å sjå i skrift. Truleg hadde ikkje nemninga vore på trykk nokon stad i 1934 då ein sende ut spørjelista?
I ordlista til Ivar Aasen frå 1873 har han ikkje med skotbenk eller skottbenk, men han har med «skothyvel» som er forklart slik: «Langhøvel, hvorpaa man kanter Fjele eller Staver; s. skjota» som svarar til det eg kjenner som «strykbenk», ein lang høvel som står på eit stativ med sålen opp. Eg har såleis ikkje klart å spore opp døme på skottbenk eller tilsvarande arbeidsbenk som har vore med i skrift før den er med i «Lappisk ordbok grunnet på dialektene i Polmak, Karasjok og Kautokeino», Konrad Nielsen, 1938. Då er skrivemåten i den norske forklaringa «skottbenk». Skottbenken var altså på trykk på samisk først. Det var altså ikkje ei etablert rettskriving for skottbenk på den tida spørjelista vart sendt ut. For å forenkle oversikta over dei ulike nemningane har eg sortert alle ulike skrivemåtar i normaliserte skrivemåtar som skottbenk, strykebenk, rettbenk og pløybenk.
Diagram som viser fordelinga av nemningar på benken vår. Skrivemåten er normalisert for å ordne orda i hovudgrupper.
Det er 31 stk som har svart skottbenk med ein eller annan variant av skrivemåten. Det er 10 som har svart strykebenk i ein versjon av skrivemåten. 3 har svart rettbenk. 2 har svart pløybenk, 2 har svart feibænk/føybænk. Dei andre svara, oksebenk, plankekrakk, tell-benk og kjerringa, er det berre eitt av kvar. Eg har ordna dette prosentvis i diagrammet under.
Diagram som viser prosentvis fordeling av nemningane på skottbenken i svarmaterialet.
Skottbenk er utan tvil den vanlegaste nemninga og er med i 60% av svara som har med nemning. Ein kan sjølvsagt drøfte om rettskrivinga skal vere skottbenk, skotbenk eller skøttbenk sidan desse tre formene er vanlege alle tre. Strykebenk er også ei utbreidd nemning som er med i 19% av svara.
Dei vanlegaste nemningane fordelt fylkesvis
Dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, strykebenk og rettbenk, er så mange at vi kan sjå på korleis dei fordeler seg geografisk på fylkesnivå. Eg har sett opp tre diagram, eitt for kvar nemning, som viser den geografiske fordelinga.
Diagram som viser fordelinga av dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, rettbenk og strykebenk på fylkesnivå.
Det er nokre mønster som vi kan sjå av dette. Nemninga rettbenk finnast både i Sør-Trøndelag og Hordaland. Strykebenk er i kystfylka frå Sogn og Fjordane og sørover, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Østfold. Feibenk finn vi i Vestfold og Østfold. Pløybenk finn vi berre i Hedmark, i kommunane Løten og Elverum. Skottbenk er ganske jamnt fordelt over heile landet men ikkje Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Vestfold og Østfold. Dette stemmer også bra med det som har kome fram i ulike postar her på bloggen tidlegare. Rettbenk har vi døme på frå Budal i Sør-Trøndelag som Terje Planke har skrive om. Strykebenk har vi fleire døme på frå Suldal i Rogaland som Sven Hoftun har skrive om. Svara på spørjelista stadfester eit mønster som vi alt har lagt merke til gjennom arbeidet vårt med kartlegging av skottbenkar og andre relevante kjelder som kan gi oss informasjon om skottbenken.
Alle svara eg har sitert i dei bloggpostane eg har skrive om svarmaterialet er merka med kategoriar for kommune. Om du ser i margen til høgre, øvst på sida på bloggen, så er det ei rute som er merka: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå rett inn på kommune, fylke eller land i geografisk ordning. Då får du fram alle bloggpostar som er merka med den aktuelle kategorien. Om du slår opp på Gran kommune i Oppland får du i dag opp 4 bloggpostar som har kjelder frå kommunen. Når du så les gjennom desse postane kan du kome ned på enda meir detaljert nivå, på den enkelte gard og enkelte handverkar. Eg håpar dette materialet vil bli nyttig for vidare kartlegging av skottbenkar rundt om i Noreg. Med denne gjennomgangen er det berre nemningane eg har tatt for meg. Tilsvarande gjennomgang av utforming av skottbenken og forklaringane av bruken kan og bli aktuelt seinare. Kom gjerne med forslag til vidare undersøkingar og systematisering av svarmaterialet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Det er frå omlag same tid som ein fekk inn svar på spørjelista om snikkarhandverket.
Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1, del 2 og del 3 med gjennomgang av dei andre fylka i Noreg. Dette er siste delen i denne serien og med den har eg presentert alle svara på spørjelista som har med noko om skottbenk. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.
Vest-Agder
Knut Lauvdal i Laudal (i dag Marnadal kommune) skriv: For lang stykke bruka dei skottbenk, og stykki vart festa med klamrer og bløygar.
Frå Vest-Agder var det totalt 10 svar på spørjelista. Berre eitt av svara går inn på skottbenk og brukar det som nemning.
Aust-Agder
Helga Løvland i Froland skriv: For å høvle lange bord eller planker sette dei op plankekrakk.
Magnild Hagelia i Gjerstad skriv: Til retteleg lange ting vart bruka «strykebenk«. Den sette dei op for kvart høve, t. d. når dei høvla golvplank.
Knut Homme i Valle skriv: Strøbenk bruka dei når ein ting var for lang på vanleg høvelbenk. D.v.s. tvo plankar som stend jamsides på smalkantene, den eine fast og den andre laus, som fær bløyga ho innåt emnet.
Frå Aust-Agder var det totalt 9 svar på spørjelista og 3 av dei har med strykebenk. Nemninga plankekrakk kan ha ei anna meining enn skottbenk. Nemninga strøbenk kan vere skrivefeil og kan ha vore meint strøkbenk? Det kan og vere at ordet vert uttala strøbenk i Setesdalen?
Telemark
Steinar Kollkjen i Mo (i dag Tokke kommune) skriv: I gamal tid er bruka 2 upptømra tverrtre. Yver desse var lagd 2 plankar hell liknande. I millom desse var so det som skulde høvlast sett. I tverrtreene var bløygar på utsida. Når desse var slegne til var det som skulde høvlast klemd godt til. Det var helst til pløying – not og fjær – dette var brukt. Til å jamne hadde dei ein høvl som gjekk på meiar, ein på kvar side. Denne kalla dei «lokårn«.
Frå Telemark var det totalt 10 svar på spørjelista og berre eitt av desse går inn på noko som eg tolkar som skottbenk. Her kalla han høvelen med meiar for «lokårn». Lokar er elles ei vanleg nemning på ein langhøvel, gjerne brukt til lagging. Det er ein del likskapstrekk mellom skyting av stavar til lagging og skyting av lange bord på skottbenk så her kan det vere samband.
Vestfold
Ole Bråvoll i Andebu skriv: Hussnikkern bruke føibænk å tømmermannsbænk.
Lars M. Ramberg i Botne (i dag Holmestrand kommune) skriv: Til høvling av lange bord og planker hadde de et par bokker (krakker) som de satte opp ved siden av en veg(g?). De la da planken oppå og slog den fast med kile.
I Vestfold var det berre 2 svar totalt på spørjelista og båe desse har med noko som eg tolkar som ein skottbenk. Berre ein av dei har med nemninga føibænk som då er einaste døme på nemning frå fylket. Sidan 100% av svara frå Vestfold har med skottbenken så bør det vere mogleg å finne gamle benkar rundt på gardane. Så langt har vi ikkje eit einaste døme på gamle benkar frå dette fylket.
Østfold
Hans Stumberg i Idd (i dag Halden kommune) skriv: Foruten høvelbenken hadde man en lang planke påheftet en kloss, så det man skulde bearbeide blev festet omtrent slik: (ufullstendig skisse, ikkje attgjeve her) Dette kaldes en «strøkbenk«. Sansynligvis var denne kjent før høvelbenken. (…..) De brukte strøkbenken når det gjaldt å feste lange stykker som ikke fikk plass på høvelbenken.
Arne Sandem i Spydeberg skriv: «Feibænk» bruktes for retning av gulvbord.
Båstad i Trøgstad skriv: Jeg kan ikke huske andet i min tid end Høvelbenken blev benyttet. Kun naar store stykker skulde okses, saa var der sat op en benk av planker som var indrettet slik at man baade okset og brukte ploughøvlen (oksebenk).
Frå Østfold var det 7 svar totalt på spørjelista, 3 av desse har med skottbenken. Nemningane er strøkbenk, feibænk og oksebenk. Feibænk er ganske nær opp til føibænk som Ole Bråvoll i Andebu i Vestfold skriv. Eg er usikker på kva ordet skriv seg frå? Kan det ha samband med fuge slik som svenske fogbock og danske fugbænk? Eller kan det ha samband med å pløye slik som pløybenk? Det er vel nærliggande å tenkje seg at ein har hatt utveksling med Sverige og Danmark og at nemningane kan ha gått begge vegar over grensene. Vi har ikkje kunne spora opp gamle skottbenkar i Østfold så langt. Medlemmane av Norsk Skottbenk Union i Østfold bør undersøkje i om det kan finnast noko i heimfylket sitt.
Skottbenken på De Samiske Samlinger i Karasjok i Finnmark. Kanskje finnast det skottbenk, feibænk, strøkbenk, oksebenk eller strykebenk i samlingane til eit av musea i desse fylka som vi ikkje har døme på benkar frå? Foto: Roald Renmælmo
I Oslo, Akershus og Buskerud er det ikkje med noko om skottbenk i svara. I Akershus var det 6 svar og i Buskerud var det også 6 svar. Frå Oslo var det derimot ingen svar på spørjelista. Om vi då legg til Finnmark som hadde berre eitt svar på spørjelista, men utan opplysningar om skottbenk, så har vi totalt 4 fylke som vi ikkje har opplysningar om skottbenk i svara på spørjelista.
Frå Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold var det totalt 38 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 10 av svara har med skottbenken i ei eller anna form. Det er ingen som har teikningar eller detaljerte forklaringar på utforminga av benken. Knut Homme frå Valle og Steinar Kollkjen frå Tokke har forklaringar som er i tråd med utforminga på skottbenkar vi kjenner frå før her på bloggen. Felles for alle desse fylka er at vi ikkje har døme på gamle originale skottbenkar i dette området. Det er også sparsamt med skriftlege kjelder om skottbenken frå dette området. Vi har aktive skottbenkbrukarar både i Østfold og Telemark. Det er soleis håp om at det kan dukke opp benkar i desse områda.
Einar Strand i Nord-Trøndelag høvlar med skottokse på sin nylaga skottbenk. Skottbenken er laga med utgangspunkt i gamle originale skottbenkar. Den låge benken til venstre er for å høvle flask på borda før kanthøvling. Foto: Roald Renmælmo
Eg held fram med gjennomgangen av svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesmling. Eg har frå før posta del 1. og del 2 med gjennomgang av dei nordlegare og austlegare fylka. Den generelle innleiinga som beskriv materialet og arbeidsmåten min er med i del 1.
Sogn og Fjordane
Ivar Rauboti i Balestrand skriv: Ikkje kjent noko redskap i staden for høvelbenk, men til å kantstryka lengere bord og plankar hadde dei strokbenk.
G. G. Bekmann i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Strjukebenk: planke med trekloss og blegg.
Helge Dale i Hafslo (i dag ein del av Luster kommune) skriv: Når det var berre kantskjoting brukte dei strokbeink, strukebeink, tvo plankar festa loddbeint til stolpar, mellom plankane festa dei bordet som skulde «skjotast«.
K. Gjesme i Lærdal skriv: Dei brukte, å brukar endå, ein skåtbeink til å beinskjota bori i. Han saog paolag soleis ut. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.
Skisse av skåtbeink av K. Gjesme i Lærdal. Tala på skissa er forklara i teksten. 1. (plo) aos te ha unde. 2. Ein planke pao kor sia. 3. Imødlo dei plankad´n bore so ska hevlast beint. 4. Føted´n me klemma uppe før plankad´n. 5. Kjila te å slao plankad´n å bore fast me.
A. B. Vansråk i Kyrkjebø (i dag ein del av Høyanger kommune) skriv: Skotbenk
Anders Barmen i Selje skriv: Når ein skulde «skyta» kanten på t.d. uferdige bordkledsbord hadde dei ein «skotbenk» med nokre kilar i staden for skrue.
M. H. Berstad i Selje skriv: Ein bruka «skotbenk» med «benkehakjo», ja skotbenken var nytta heilt til 1890-åra.
Wilhelm Kvalheim i Volda (svaret gjeld for Vågsøy) skriv: Skotbenken laga ein av ein lang planke og kunde verta laga for høvet når ein bygde eller vølte hus.
Skotbenk som illustrerer svaret frå Wilhelm Kvalheim
Olav Sagen i Årdal skriv: Skotbenk som dei skaut bordi på.
I Sogn og Fjordane kom det inn til saman 15 svar på spørjelista. Heile 9 av svara nemner skottbenken med ein eller annan skrivemåte. 6 av svara har nemninga skotbenk eller varianten skåtbeink. 3 av svara har nemninga strokbenk eller strjukebenk. Det er nokre av forklaringane og teikningane som tyder på at desse svara beskriv andre typar benkar enn det vi vanlegvis snakkar om med skotbenk. Skåtbeinken som K. Gjesme har teikna er bygd opp på ein annan måte enn dei vanlege. Han er bygd opp med ein kraftig ås (aos te ha unde) som står på føter. Tilsvarande seg eg ser for meg kan stemme med korleis nokre av svara frå Møre og Romsdal beskriv i posten om Skottbenken i Norsk Folkeminnesamling, del 2. Benken som Wilhelm Kvalheim har teikna minner ein del om benken som Arne Høyland har skrive om på sin blogg.
Hordaland
Haldor Kåstad i Bruvik (delt mellom Osterøy og Vaksdal, dette gjeld truleg Vaksdal) skriv: Til å retta materialen vart den set i rettebenken, so var ein 8 alen lång, med påsett 2 klåsser frå undersiden, med håkar tå tre festa det fast, brugtes kjilar. Den arbeidsmåten brukes endå i bygder dei har skog og ikkje når the å få det opparbeidt på masjinar.
Knut Dalen i Røldal (i dag ein del av Odda Kommune) skriv: Strykebenken var bere i bruk når ein skulde kanthøvla lange bord, t.d. golvbord. Ein bruko da meihøvle. Han vart kalla so av di han hadde «meiar«, smale ripor på båe sidor av solen. Det bordet som skulde høvlast rett i kant , vart sett fast millom tvo bord som høyrde til benken. Benken sine bord laut vera heilt retta og nøgje vinkla i øvre kant. Når eit bord skulde rettast, let ein det stikka litt høgare upp enn benken sine bord. Meiane på høvlen gjekk då på ustida av det bordet ein høvla, og når bordet var nedhøvla slik at meiane tok benkebordi, var kanten på det rett.
Skisse av strykebenk i svaret frå Knut Dalen.
Frå Hordaland var det heile 19 svar på spørjelista om snikkarhandverket. Berre to av desse har med noko om strykebenken eller rettebenken, som er dei to nemningane som er brukt. Heldigvis er båe dei to svara ganske utfyllande og detaljerte. Knut Dalen har og med ei skisse som viser korleis strykebenken ser ut og korleis ein kiler fast borda.
Rogaland
Lars Gjels i Jelsa (i dag Suldal kommune) skriv: «Strykebenk» laga man mangesteds naar det trenges for at kantstryke og pløie gulvbord o. lign. Gjøres av 2 mand med okshøvel langt bedre end med langhøvel, festes med 2 kiler i strygebenken. Okshevla, = 2 mand arbeider sammen, uten høvelbenk. Kanthogge, stryga på kant og pløia (alt dette i strygebenk), for å lage gulvbord. Strygebenk lages av 2 solide rettkantede passende lange bord sat på kant i to sterke krakker. Mellom disse bord og krakken kjiles arbeidsvirket fast og rettes med øks og okshøvel med påsatte meier, samt pløies. To mand arbeider sammen.
Edvard Kageberg i Sjernarøy (i dag Finnøy kommune) skriv: Dei brukte strykebenk til å stryka (høvla) av bordi på kanten. Ein strykebenk var to krakkar med eit fast bord og eit laust bord. Når flatsida skulde høvlast sat dei på bordi og det gjer mange snikkarar endå.
Jon Line i Time skriv: Høvelbenk og strygebenk sa dei.
I Rogaland var det til saman 10 svar på spørjelista og 3 av desse har med med strykebenk eller strygebenk. Lars Gjels får også med at når ein er 2 mann med okshøvel så høvlar ein lang betre enn med langhøvel.
Samanlagt for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var det 44 svar på spørjelista. 14 av svara har med skottbenken som svar på korleis ein festar lange emne som skal høvlast. Så langt har vi berre presentert originale strykebenkar frå Rogaland tidlegare på bloggen. Det har vore skrive litt om nokre benkar i Sogn og Fjordane men desse er ikkje fullstendig dokumentert. Frå Hordaland har eg ikkje fått tips om gamle skottbenkar. Alle svara frå desse tre fylka viser at det kan vere grunn til å leite meir etter gamle skottbenkar i desse områda. Gjennomgangen av dei siste fylka kjem i ein siste bloggpost i nær framtid.
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.
Sør – Trøndelag
Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord.
S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse.
Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.
Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?
Hedmark
Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.
Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer.
S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.
Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.
Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.
Møre og Romsdal
Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a.
N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.
J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.
Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.
Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.
Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.
Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.
Oppland
G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.
S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.
Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg.
Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.
A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.
Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk, og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.
Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?
I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.
Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.