Fogbänk på Gotland i Sverige

Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en "fogbänk". Gotland Burs 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står M. Klintberg fot.
Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en «fogbänk». Gotland Burs, 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står «M. Klintberg fot».

I vår søken etter skottbenkar i Sverige kjem vi stadig over nye opplysningar som tyder på at det har eksistert ein del slike benkar. Fotografiet over dukka opp i samlinga av fotografi som Finn Werne og Peter Sjømar samla inn i samband med boka «Böndernas bygge» som kom ut i 1993. Fotografiet var ikkje trykt i boka men finnast i materialet som var samla inn og som finnast på Institusjons- og hantverksbiblioteket til Göteborgs Universitet i Mariestad. Det er tydeleg at fotografiet er arrangert for fotografen. Her manglar stablar med material og høvelspon om dette skulle vore ein arbeidsplass der ein høvla bord på benken. Bordet er også spent fast med for stor overhøgde til at høvelen kan verke slik han skal. Likevel har nok både fotomodellane og fotografen kjennskap til både benken og høvlane. På marka ligg det ein høvel som tydeleg er ein skottokse med meiar. Dei andre høvlane er nok ploghøvlar til not og fjør. Høvelen dei brukar på kanten av bordet ser ut som ein vanleg okshøvel. Fogbänken er av liknande type som ei rekke av dei norske skottbenkane. Det ser ut som begge langborda er faste og at ein strammar med å kile i spenntappen. Då er truleg den eine foten laus eller rom for å kunne spennast opp?

Om vi skal ta påskrifta M. Klintberg på alvor så kan det dreie seg om folkeminneforskaren og fotografen Mathis Klintberg (1847-1932). Årstalet 1908 på fotografiet kan stemme godt.  Han vart filosofie doktor i Uppsala i 1886 og arbeidde mykje med innsamling på Gotland. Det kan finnast meir informasjon om biletet i arkivmaterialet etter han. Burs er ein stad på Gotland.

Elles har det dukka opp nokre språkspor. I Tysk – Svensk ordbok har eg kome over «fogbänk» som omsetjing av det tyske ordet «Fügebank«. Det tyske ordet kan bety det same som det norske «strykbenk» som er den lange høvelen bøkkarane brukar til å stryke stav. Altså er nemninga «fogbänk» tvetydig på svensk. Det er også tvetydig på tysk sidan det kan beskrive ein høvel med meiar til ein skottbenk. Tysk har også «fügebock» som svarar til svenske «fogbock».  På svensk har eg og funne ordet «fóg-gét», «en bänk, som användes vid foghyfling af bräder, fogbänk».

Kjelder:

Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993

Forsøk med tjære på høvlar

Tjære har vore vanleg til overflatebehandling av treverk utandørs. I nyare tid har det vore mest til stavkyrkjene og til trebåtar ein har brukt tjære. Tidlegare var tjære noko som ein måtte ha på ein normalt utstyrt gard for å smørje det meste av reiskap av treverk som vart brukt utandørs. Eg har ikkje belegg for å hevde at det har vore utbreidd å bruke tjære på høvlar og anna snikkarverktøy. Eg har ikkje funne skriftlege kjelder som tyder på det, ei heller tradisjonsberarar som har snakka om dette. Likevel har eg hatt lyst til å prøve å bruke tjære for å sjå korleis det blir i praktisk bruk. Farge og overflate på enkelte av dei gamle høvlane mine kan minne om treverk som er tjærebreidd.

Skottokse smurt med rein tjære
Skottokse laga av Siv Holmin. Høvelen er laga i bjørk og er smurt inn med varm tjære som først var kokt omlag ein time. Tjæra var frå tjæremila til Sverre Opdahl i 2007. Høvelen var smurt med rein tjære. Det første året var overflata litt seig men heldt seg likevel nokså rein. No, etter 3 år, verkar overflata hard og sterk. Det verkar som det meste av farge ligg i fernissen og slitasjen får fram den lyse bjørka under. Forsøket viser at tjære kan fungere som overflatebehandling på høvlar. Resultatet kan minne om det ein ser på enkelte gamle høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Tjære

Tjære kan ein produsere av mange ulike råstoff og på ulike måtar. Når eg snakkar om tjære så er det produsert i tjæremile med fururot som råmateriale. I Indre Troms har vi lange og sterke tradisjonar på produksjon av tjære. På 1930-talet var nok produksjonen på sitt største, det i ei tid kor det var lite produksjon elles i landet. Enda i dag er det fleire som brenner mile på tradisjonelt vis i området. Dei siste åra har det særleg vore UL Freidig, ungdomslaget i nedre Bardu som har vore aktive med sine tjæremiler. Desse milene er opparbeidd av medlemmane og brent som ei sosial hending som inkluderer heile bygda.

Det har vore, og er framleis, tradisjonar i tjærebrenning i andre område i landsdelen. I 2007 var eg med og dokumenterte brenninga av ei tjæremile med Sverre Opdahl i Skoganvarre i Finnmark. Sverre brukte i stor grad nedfallsfuru som råstoff til mila men hadde også ein del større røter av særleg feit furu. Med på brenninga var Arne Graven frå Karasjok. Klikk på bileta for å vise dei større og med tekst. Bruk piltastane på tastaturet for å gå mellom bilete i visningsmodus.

Sverre fekk omlag 200 liter tjære av denne mila som er rekna som ei lita mile etter gamal målestokk. Botn av mila har form som ei trakt der diameteren er ca 3,2 meter der ytterkanten av veden ligg. Senter ligg ca 1 meter djupare. Milebotn blir tekt med never og så ender traktforma i eit rør som samlar om tjærra. Når Sverre fyrer på veden rundt er det viktig å få jamn varme rundt heile og så dekke til med torv for å halde varmen inne og presse ut tjærra av veden. Det er harpiksen i veden som blir pressa ut og blir til tjære. Inger Marie Egenberg har arbeidd mykje med tjære og tjærebrenning og har skrive ein del om emnet for den som vil lese meir om dette. Rolf Bakkeslett har også dokumentert ei tjæremile som ble brent i Nordreisa i 1982.

Eg har tatt opp litt videofilm som viser sjølve brenninga av mila med Sverre Opdahl i 2007.

Eg har tilgang på tjære av ulike kvalitetar frå tjæremiler eg kjenner godt ved  å sjølv ha vore med på brenninga. Slik sett har eg kontroll på råstoffet. Gjennom forsøk på 3 høvlar så langt har eg ikkje vorte overtydd om at tjære ikkje kan fungere. Overflate og farge kan likne på den som er på enkelte gamle høvlar. Det gjenstår å prøve ulike variantar av påføring av tjære på høvlane. Eg har berre prøvd rein tjære. Blanding av tjære, linolje og terpentin er ganske vanleg mellom dei som smør hytteveggane sine. Det gir meir inntrenging og lysare farge. Eg er ikkje sikker på at det er ønskeleg på høvlane? På den første skottbenken eg laga brukte eg ei slik blanding på krakkar og langbord. Det har fungert veldig bra.

For ferniss på høvlar er tynning med sprit også eit alternativ som kan prøvast. Eg trur ein viktig funksjon til fernissen er at den dannar ein film som både held overflata rein og bremsar fuktvandring og sørgjer for at høvelstokken vert meir stabil. Utfordringa med rein tjære er den lange tørketida. Også til bruk på stavkyrkjene er det viktig å få tjæra til å tørke og bli liggande utanpå materialen for å beskytte best mogleg. Arbeidet til Inger Marie Egenberg viser at kvaliteten på tjæra har avgjerande betydning for korleis den dannar film. At den er milebrent på tradisjonelt vis er avgjerande. Dei ulike tappingane i løpet av brenninga av mila har tjæra ulik kvalitet. Tidleg i brenninga kjem det tjære som lettare dannar film. Ved tradisjonell milebrenning er det mogleg å halde dei ulike fraksjonane skilde. Eg vil skaffe meg tjære av ulike fraksjonar for å samanlikne det på høvlane.

Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv Holmin
Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv Holmin
Eg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin
Eg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin

Eit spørsmål som også kan vere greitt å stille er om snikkaren har sett inn høvlane med ei form for grunning med dei same dei var ferdige? Det er i alle fall slåande at fargen på mange av høvlane er tydeleg i fernissen og ikkje har trekt særleg inn i treverket. Limvatn (sterkt utvatna hornlim) er noko eg har prøvd på mine høvlar. Det mettar treverket der det er motved eller endeved. Då trekker ikkje treverket ulikt i riktig så stor grad. Eg tenkjer meg at snikkaren gjerne har laga høvlar etter behov. Då har han kanskje ville ta høvelen i bruk så snart han er ferdig. Mine erfaringar med å ta nylaga høvlar i bruk er at dei snart blir skitne. Særleg den lyse bjørka trekker til seg skitt og blir ikkje spesielt fin. Å smørje slike høvlar med ein farga ferniss av eitt eller anna slag fjernar ikkje denne misfarginga. Ved å smørje høvelen med limvatn blir overflata lettare å halde rein fram til han får ferniss.

 Aktuelle lenker:

tjarebrenning-i-malselv-1932-2

https://www.academia.edu/1470486/Milebrent_tyritjaere._Tekniske_egenskaper_og_et_historisk_korrekt_vedlikehold

Click to access Tjarebrenning_iTroms.pdf

http://www.bakkeslett.no/tjeremile/TjereStartSide.htm

http://www.finsk.no/index.php/no/norge/nord-troms/kvaenangen#lasse

http://www.porsanger.kommune.no/index.php?id=166518&showtipform=1&cat=21685&gb=

Click to access tjarebrenning-midtre-gauldal-skogeierlag-2012.pdf

Nytt funn

Jeg var på besøk hos noen nye venner på Lien Gård ved Svorkmo, sør for Orkanger. Der var det to trønderlån fra litt før 1850, og gården har vært i familien hele tiden. Jeg så flere rom der det var gulvbord med avsmalning , og lengste lengder på drøyt tre meter. Og ganske riktig: På låven fant vi skottbenken. Den er 3.30m lang, og har noen annerledes detaljer enn de jeg har sett her på bloggen tidligere. Jeg hadde ikke all verdens tid til å gjøre skikkelig dokumentasjonsarbeid, men den står trygt. Jeg fant også en høvel med meier, som kan høre til benken. Nøyere dokumentasjonsarbeid må gjøres.

This slideshow requires JavaScript.

Alle foto: Lars Asdøl

 

Jakta på skottbenken i Sverige

Eg har tidlegare skrive litt om korleis vi kan sjå spor etter skottbenken i vårt naboland Sverige. Det har vore lite respons på bloggen i form av kommentarar frå svenskane. Ut frå besøksstatistikken på bloggen og ut frå e-postar frå våre svenske vener ser eg tydeleg at det er ting på gang også i Sverige. Frå tømraren Pierre Bosson i Småland har eg fått tilsendt nokre bilete av ein høvel som har tydeleg slektskap med ein skottokse sidan han har meiar som fungerer som djupne-stopp.

Høvelen til Pierre med målestokk. Profilen i sålen tyder på at dette er ein høvel til å høvle dekklister, eller locklister som Pierre skriv på svensk. Altså lister som ligg utanpå smale fuger mellom underborda. Det blir som ein variant av tømmermanskleding. Foto:  Pierre Bosson
Høvelen til Pierre med målestokk. Profilen i sålen tyder på at dette er ein høvel til å høvle dekklister, eller locklister som Pierre skriv på svensk. Altså lister som ligg utanpå smale fuger mellom underborda. Det blir som ein variant av tømmermanskleding. Foto: Pierre Bosson
Dekklisthøvelen frå sida. Høvelen ser ut til å ha vore utstyrt med handtak som på ein okshøvel. Foto: Pierre Bosson
Dekklisthøvelen frå sida. Høvelen ser ut til å ha vore utstyrt med handtak som på ein okshøvel. Foto: Pierre Bosson

Høvling av slike dekklister til eit hus var nok eit ganske stort arbeid. Det er nok derfor denne høvelen er utstyrt med hol for å sette inn handtak som på ein okshøvel. Høgda på meiane på høvelen er nok laga slik at dei bestemmer dimensjonen på lista. Når meiane når nedpå underlaget som emnet ligg på har lista riktig dimensjon? Høvelen fungerer nok på ein plan benk og er ikkje avhengig av skottbenk for å fungere. Likevel brukar høvelen same prinsippet som høvlane til skottbenken. Pierre skriv om høvelen: «Den kommer i från Gränna i Jönköpings län. Jag köpte ett parti av hyvlar och stämjärn efter en snickare som hade varit verksam fram till 1940 talet».

Karl-Magnus Melin, ein tømrar i Skåne, har sendt meg bilete av nokre høvlar som minner enda meir om skottbenkhøvlar. Desse høvlane er eg nokså sikker på er tilsvarande våre skottoksar og høyrer saman med skottbenk og retting av bordkantar. Han har fotografert høvlane i Småland i Sverige.

Okshøvel med påspikra lister til meier. Denne er veldig lik tilsvarande høvlar i Noreg. Foto: Karl-Magnus Melin
Okshøvel med påspikra lister til meier. Denne er veldig lik tilsvarande høvlar i Noreg. Foto: Karl-Magnus Melin
Nok ein okshøvel med påspikra lister for å fungere som skottokse. Denne har også ei ekstra list som gjer opninga i sålen smalare. Kanskje det kan vere til eit anna bruksområde enn skottbenk? Foto: Karl-Magnus Melin
Nok ein okshøvel med påspikra lister for å fungere som skottokse. Denne har også ei ekstra list som gjer opninga i sålen smalare. Kanskje det kan vere til eit anna bruksområde enn skottbenk? Foto: Karl-Magnus Melin

Eg held fram med å undersøkje meir kring skottbenken og utbreiinga han har hatt i Sverige. Kom gjerne med innspel i form av kommentarar til denne posten.

Høvelmaking, forming av handtak og sluttføring

Som dei føregåande postane dei siste dagane så er denne også om framgangsmåten for å lage golvplog med utgangspunkt i eit sett med originale plogar frå fyste halvdel av 1800-talet. Høvelen er funksjonell men handtaka skal formast til og kantane på høvelen skal rundast som på den gamle høvelen. Klikk på bileta for å opne dei i visningsmodus og få fram teksten som høyrer med.

No gjenstår overflatebehandling av høvelstokken før denne er ferdig. Då er det berre å slipe høvelstålet og prøvekjøre høvelen. Som regel blir det litt småjustering av kile og slikt i samband med prøvekjøringa. Det er også sentralt at dei pløgde borda passar nøyaktig saman. Det blir også ein del av prøvekjøringa, å sjå om det må til justering på høvlane.

Høvelmaking, grading av handtak

Handtaka på okshøvlar kan festast på ulike måtar til stokken. Dette er eit kritisk punkt på høvlane og det er som regel handtaka som først blir øydelagde på slike høvlar. På høvelen eg kopierer er handtaka felt inn i eit gradspor i høvelstokken. Gradsporet er svakt konisk, det er ca 1 mm breiare i eine enden. Når handtaka er høvla tilsvarande konisk kan ein tre dei inn frå sida. På originalhøvelen er det spor etter at handtaka er gradhøvla før dei er forma til som handtak. Eg tolkar det som at dei er tilpassa til høvelstokken først og så forma til. Då kan dei ha litt ekstra lengd for å justerast når dei er ferdige. Biletserien verkar som dei førre, klikk på bilete du ynskjer å sjå og bruk piltastane for å gå mellom dei ulike bileta.

Høvelmaking, kile og justering av sponrom

Ein høvel må ha ein kile som låser høveltanna godt og som ikkje stoppar høvelspona på tur opp gjennom sponrommet. Kilen må ligge plant mot høveltanna og passe godt i kilegangen. For å få til dette er det lurt å sjekke om høveltanna er rimeleg flat oppå. Om ho er det kan du høvle kilen plan på det som vert undersida og det gjer arbeidet mykje enklare. Elles må du kanskje justere kilen etter tanna. Det er også viktig at høveltanna er tilpassa godt til senga og ligg stødig. Er tanna ujamn så må du justere senga etter det. Er tanna for ujamn kan det løne seg å slipe eller file til tanna på undersida. Det er ikkje uvanleg å sjå spor etter slik filing på undersida av gamle høvelstål. Framsida av kilegangen må vere mest mogleg plan, ha same koning på begge sider og helst vere like stor på begge sider. Er den ikkje det må du kanskje justere kilen etter korleis det ser ut, eventuelt justere kilegangen. Billedserien viser framgangsmåten for å lage kilen til høvelen. Klikk på bileta for visningsmodus. Du kan bruke piltastane på tastaturet for å gå fram og tilbake.

Høvelmaking, høvling av profil i sålen

Når høveltanna er ferdig tilpassa er det klart for å høvle profilen i sålen. Dette er eit arbeid som må gjerast særs nøyaktig for at høvelen skal fungere godt. Ein god flyttplog, ein ploghøvel med stillbart land er nesten nødvendig for å få til dette arbeidet. Er du ikkje venn med ploghøvelen din på førehand så er ikkje denne høvlinga egna til å prøve den ut. Utprøving av høvelen må gjerast på førehand. Vanlege feil med slike høvlar er at landet ikkje er beint, at skøyta under ikkje er bein og at stålet ikkje sit godt eller passar til høvelen. Har du ein flyttplog med stillbar stopp på djupna så er det praktisk til dette arbeidet.

Høvelmaking, innfelling av vesletanna

Så langt er arbeidet med høvelen ganske likt slik det er for alle sletthøvlar og dei fleste høvlane med sponutkast midt på. Det som er spesielt på denne høvelen er den samansette høveltanna, den vesle tanna i midten som på denne høvelen justerer høgda på fjøra. Denne tanna er festa til hovudstålet med ein liten skruve for at det skal gå an å ta ståla frå kvarandre når dei skal slipast. Det er ikkje noko form for justering på denne festemåten så all lengdejustering må gjerast  ved å slipe riktig lengde på vesletanna i høve til den store tanna.

Høvelmaking, hogging av sponrom

Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.