Amerikanske patent på skottbenk

Det amerikanske patentkontoret, United States Patent Office, har motteke enorme mengder med patentsøknadar på mykje rart opp gjennom tidene. Gjennom å søkje i databasen til dagens United States Patent and Trademark Office så kan ein finne litt av kvart. Eit søk på ordet «Workbench» gir 4180 treff. Ved ein gjennomgang av delar av dette materialet så dukkar det sjølvsagt opp nokre skottbenkliknande patentar. Dei eldste treffa på patent på arbeidsbenk er frå 1840-talet, ei tid då snikkaren framleis arbeidde med handverktøy og arbeidsbenken var av stor betydning. Samtidig var det ei tid der det å vart meir aktuelt å masseprodusere slikt som verktøy. Patentrett kunne vere ei kjelde til ei sikker inntekt om ein fekk eit populært produkt og fekk godtgjersle for salet.

Her er ein patent  Av John E. Cryer på ein arbeidsbenk som også fungerer som skottbenk.
Her er ein patent Av John E. Cryer frå 1859 på ein arbeidsbenk som også fungerer som skottbenk. Høvelen har lister som er festa på sida av høvelstokken med fungerer på same måten som meiane på skottoksen.
Vertikalsnitt av arbeidsbenken til John E. Cryer. Legg merke til systemet med fastspenning av bordet.
Vertikalsnitt av arbeidsbenken til John E. Cryer. Legg merke til systemet med fastspenning av bordet.

Her kan du lese heile patentbeskrivelsen og sjå teikningane med forklaringar. J.E.Cryer, 1859, skottbenkpatent 1859. Han kallar benken for «Joiners bench», med det han forklarar som «improvement» for «Jointing and Squaring boards and Lumber». I systemet hans ligg det også eit eige still-apparat for å regulere høgda på det som skal høvlast, ikkje ulikt slik det var på skottbenken til Leonardo da Vinci. Mellom patentsøknadane var det i alle fall 4 arbeidsbenkar til som vi godt kunne klassifisere som skottbenk. Dei fleste hadde ei form for justering av dimensjon (djubdestopp). Dei siste patenta på skottbenkvariantar var utvikla av ein C.A.Williams i 1884, han var særs aktiv på å utvikle patent på arbeidsbenkar.

Skottâ-bæŋ`kâ, skottbenk på samisk

Tittelen på posten er det samiske ordet for skottbenk med skrivemåten frå ordboka til Konrad Nielsen frå 1938. Ein meir tidsriktig skrivemåte i dag er skohtabeaŋka. Ordboka frå 1938 er eit standardverk som er grunnlaget for all nordsamisk leksikografi og samstundes ei sentral skildring av den samiske kulturen, slik han kjem til uttrykk i språket. I ordboka er det utfyllande ord-forklaringar på både norsk og engelsk. Boka kom i fire bind, dei tre første med orda i alfabetisk ordning, og det fjerde bindet som ei systematisk oppstilling av det samiske ordforrådet. For oss handverkarar er dette fjerde bindet spesielt spennande sidan dei ulike handverka i samisk kultur er skildra på ein god måte. Her er mange gullkorn for den som vil leite.

Oppslaget på ordet skottbenk på samisk i ordboka til Konrad Nielsen frå 1938.
Oppslaget på ordet skottbenk på samisk i ordboka til Konrad Nielsen. Her viser han også til ordet «solges» som er det samiske namnet på meiane på skottoksen. (Konrad Nielsen, 1938)
Skottbenk i samisk - norsk ordbok
Utklipp frå ei seinare samisk – norsk ordbok som har med ein meir moderne skrivemåte. Ordforklaringa er så godt som ordrett den same som den norske forklaringa til Konrad Nielsen frå 1938. (Samisk – norsk ordbok 1995)

Vi har fleire døme på skottbenkar i samiske område. Ein av dei første skottbenkane som var presentert på bloggen vår er den frå museet i Karasjok. Også det flotte biletet av dei som høvlar på skottbenk er frå samisk område.

Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Hodeplagga dei har på seg indikerer at dette er midt på sommaren i den tida mygga er på sitt verste. Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge var lensmann Indre Finnmark på 1920-1940-talet og tok ei mengd med foto frå sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eit arbeidslag har sett opp eit tømmerhus ved Šuoššjavre i Finnmark og er i gang med å høvle bord til enten golv eller tak. To mann sit og høvlar takåsar med okshøvel og to mann står ved skottbenken og høvlar bord på flasken med okshøvel. Legg merke til at det eine langbordet på skottbenken ligg på diagonalen mellom føtene for at det skal bil stødigare å høvle bordet på flasken. Foto: frå Aage Hegge samlingen.

Kjelder:

Lappisk ordbok, Lapp Dictionary, Konrad Nielsen, Oslo, 1938.

Samisk – norsk ordbok, Brita Kåven, Johan Jernsletten, Ingrid Nordal, John Henrik Eira og Aage Solbakk, Davvi Girji, 1995

Skottbenken i «Vår gamle bondekultur»

I 1908 kom Kristofer Visted ut med boka » Vor gamle Bondekultur».  Boka kom ut i ei tid då det var viktig for Noreg å bli trygg på sin kultur og sine tradisjonar. Boka presenterer norsk bondekultur i eit historisk perspektiv i stor bredde og i ei moderne form med rikelig bruk av illustrasjonar. Visted arbeidde med ei ny og oppdatert utgåve då han døydde i 1949. Hilmar Stigum tok over arbeidet og fullførte utgjevinga som kom ut i 1951. Stigum supplerte mellom anna med eit nytt kapittel, «Hjemmesysler, Håndverk, Bygdekunst». Her er det skrive om ulike handverk og skottbenken har fått sin  plass i bondekulturen, i alle fall i form av eit bilete. Likevel er det nok lagt mest vekt på bygdekunsten i kapitlet, treskjering og rosemåling  var nok vurdert som viktigare for bondekulturen enn skottbenken? Hilmar Stigum hadde stor interesse for handverk og verktøy. Han hadde sjølv opplæring som både skreddar og fotograf. Han bygde opp eit eige magasin med fokus på verktøy og jordbruksreiskapar på Norsk folkemuseum. 

Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes grulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka " Vår gamle bondekultur", Visted og Stigum, 951
Når det skulle bygges hus, måtte det bl. a. skaffes gulvplanker. De ble høvlet hjemme på gården , og kantene skulle høvles slik at de kunne felles sammen. Under arbeidet ble bordene festet i en såkalt skottbenk, slik som bildet viser. Det er tatt på Hadelandsmuseet. Foto og billedtekst: Frå boka » Vår gamle bondekultur», Visted og Stigum, 1951

Skottbenken er truleg ein benk i samlinga til museet? Det verkar som om biletet er arrangert for bruk til illustrasjonen sidan det ikkje er spor etter høvelspon og eit eventuelt golvbord manglar. Det er ikkje heilt lett å sjå om benken har skruvar eller kilestramming. Bildeteksten er også litt mangelfull sidan det berre står at borda ble festa for høvling. Finessen med meiar på skottoksen for å sikre seg at golvborda får heilt rette kantar er ikkje forklart. Det ser heller ikkje ut som høvelen på biletet har slike meiar? Vi får sjå om vi får mobilisert lokale skottbenkentusiastar på Hadeland til å sjekke ut saken nærare?

Kjelder: 

Vår gamle bondekultur, Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Oslo, 1951

Meir om strykebenk, døme frå Stord.

I bygdebok for Huglo skriv Einar Heldal (fødd 1915) om då han fekk vere med Knut Brandvik (1859-1942) våren 1931 og bygge eit vilkårshus.

«Høvlinga var tungt arbeid. For bordhøvling med økshøvel sat me på bordstabelen og drog høvelen mellom oss. Me hadde to økshøvlar til dette arbeidet, ein grov-stilt og ein som var finare stilt til sluttarbeidet. Eg var dugeleg sår i bakenden den sommaren. Knut hadde arbeidd seg ein strykebenk som borda vart høvla rettkant i. Så var det pløying: me høvla not og fjør på golvbord og innvendig kledning.» (Bygdebok for Huglo, 1998)

Her er det også brukt namnet strykebenk. Her er det tydeleg at dei ikkje brukte ein eige benk til å høvle flask, men brukte bordstabelen som underlag for høvlinga. Det ser også ut til at strykebenken berre var brukt til retting av kanten og at det var andre høvlar til pløyinga av golvborda. Beskrivelsen av dei to okshøvlane (stava økshøvel) med forskjellig stille, stemmer med tilsvarande skildringar frå Trøndelag og Nord-Noreg. Det er ikkje med namn på høvelen til strykebenken men det kan kanskje vere strykhøvelen som Trond Oalann tidlegare har vore inne på? Det er naturleg at strykebenk og strykhøvel heng saman språkleg.

Kjelder:

Huglo bygdelag, ved Arne Sortland, Bygdebok for Huglo – Far etter menneske, Stord, 1998

Smedar prøver skottbenk for første gong

Smedane er på Sverresborg og prøver for første gong å høvle på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Smedane er på Sverresborg og prøver for første gong å høvle på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

For fleire av smedane var seminaret i Trondheim ei høve til å få eit første møte med skottbenken og høvlane som høyrer til. Vi starta med ein demonstrasjon av korleis dei ulike høvlane høyrer saman i arbeidet med å høvle flask og kant. Ein smal og grovstilt skrubbhøvel i starten, ein litt finare stilt sletthøvel, ein langhøvel og ein finstilt pusshøvel til slutt gir eit bra resultat og ein effektiv arbeidsmåte. For smedane var det nyttig å erfare at det er litt ulike krav til høvelståla til kvar av desse høvlane. Å smi eit godt stål til ein langhøvel eller pusshøvel er ikkje så lett som å smi eit smalt skrubbhøvelstål. Det er høge krav til slitestyrke på eggstålet på ein skrubbhøvel men stålet treng ikkje å vere heilt plant for å fungere. På ein pusshøvel blir det mykje enklare å få nøyaktig form på den skjerande eggen på stålet om stålet er mest mogleg plant.

Smedane fekk prøve seg på å høvle flask med okshøvel. Skrubbokse og slettokse vart prøvd ut. Foto: Roald Renmælmo
Smedane fekk prøve seg på å høvle flask med okshøvel. Skrubbokse og slettokse vart prøvd ut. Foto: Roald Renmælmo

Først fekk smedane prøvd seg litt med okshøvel for å høvle flask på nokre prøvebord. Så fekk dei prøve seg på å høvle flask på golvbord og skyte desse i skottbenken. Dei som ikkje hadde prøvd slikt arbeid før var overraska over kor bra trehøvlane fungerte og kor bra det verkar med ein god skottbenk. Siste dagen fekk smedane gjort ferdig høvlane sine og prøvd dei ut. Nokre av smedane skulle rett heim og lage seg nokre fleire høvlar medan dei hadde arbeidsmåten friskt i minne. Det lovar godt for tilgangen på gode smidde høvelstål i tida framover.

Smiing av høvelstål på seminaret

Smiing av laminert høvelstål. Smedane på samlinga har begynt å smi høvelstål. Odd Inge Holmberget er oppslagar for Mattias Helje. Foto: Roald Renmælmo
Smiing av laminert høvelstål. Odd Inge Holmberget er oppslagar for Mattias Helje som brukar ein plansett for å få høvelstålet så flatt som mogleg. Foto: Roald Renmælmo

Smedane brukte ein lang dag i går i snikkarverkstaden og for å lære seg å lage høvel med eit sjølvsmidd stål. Mange av dei har ikkje laga høvel tidlegare så det er ein del nytt for dei fleste.  Torsdagen starta med meir kjent arbeid i smia på NDR i Trondheim. På programmet står smiing av høvelstål. Smia som har vore gjennom ein del forbetringar av golv, smiavlar og luft. Dette gjorde arbeidet med smiing av laminerte høvelstål ein del enklare enn det var tidlegare. Laminerte høvelstål vil seie at emnet til høvelstålet er smijarn eller eitt meir moderne stål, gjerne eit konstruksjonsstål med lite karbon, eller ARMCO stål som er så godt som heilt fritt for karbon og andre legeringar. For å få god og kvass egg legg smeden på eit herdbart karbonstål i framkant på eine sida av stålet. Dette vert smisveisa saman og smidd ut til den forma høvelstålet skal ha.

Vi starta økta med å drøfte kva utfordringar dei ulike smedane har hatt med sine høvelstål tidlegare. At laminerte stål krummar seg under herding er ein gjengangar. Eggstålet og jarnet oppfører seg ulikt når høvelstålet vert nedkjølt. Vi drøfta ulike moglege tiltak for å minimere problemet. Å bruke tynnare eggstål, å krumme stålet motsatt veg før herding, å spenne opp høvelstålet under bråkjøling og å rette stålet før/under anløping var slikt som var drøfta. Smedane fekk sjølv erfare kor viktig det er at høvelstålet er ganske rett når ein skal tilpasse senga i kilegangen til høvelstålet.

Smiing av høvelstål i smia på NDR. Foto: Roald Renmælmo
Smiing av høvelstål i smia på NDR. Frå venstre Odd Inge Holmberget, Mattias Helje, Øystein Myhre og Jan Tommy Kirkholt. Foto: Roald Renmælmo

Det er heilt sentralt for medlemmane i Norsk Skottbenk Union at vi har eit godt samarbeid med smedar som kan levere høvelstål til dei ulike spesialhøvlane vi brukar i arbeidet vårt. Det er gjerne snakk om stål til golvplogar, semshøvel, plog, skottokse og profilhøvlar. Nokre stål skal ein sette opp med fil og må såleis ikkje vere for harde. Andre stål må filast til nøyaktig før herding og så herdast av smeden for å få nok slitestyrke. I tillegg treng vi benkehakar, killingfot, rissenåler og forskjellig verktøy som smedane kan levere.

Smedane som var med på seminaret i Trondheim var Odd Inge Holmberget, Torgeir Henriksen, Jon Dahlmo, Terje Anders Granås, Øystein Myhre, Mattias Helje, Jan Tommy Kirkholt, Patrik Jarefjäll og Ole-Andreas Fjær. I tillegg var metallurg og knivmakar Fredrik Haakonsen, snikkar Thor-Aage Heiberg, snikkar Tomas Karlsson og tømrar Oddmund Aarø med. Eg og Jarle Hugstmyr leia arbeidet med høvelmaking og utprøving av skottbenk. Vi delte fokuset på tre emne, høvelmaking, smiing av høvelstål og utprøving av ulike høvlar på skottbenk.

Smedsamling på NDR i Trondheim

Smedane er samla i snikkarverkstaden på NDR og har begynt å merke opp emnet for å lage sin første eigenproduserte høvel.
Smedane er samla i snikkarverkstaden på NDR og har begynt å merke opp emnet for å lage sin første eigenproduserte høvel. Foto: Roald Renmælmo

Smedsamlinga har starta i Trondheim. Vi har fått med oss dei aller fleste av dei smedane som har erfaring med å smi høvelstål og forskjellig verktøy til snikring. For at smedane skal få eit godt innblikk i kva som er viktig å tenkje på med smiing av høvelstål får dei lage sin eige høvel med sjølvsmidd stål. Utgangspunktet er eit emne av bjørk som vert merka og sponrom og kilegang tappa ut. Dei fleste fekk høvlane nokolunde klare til prøvehøvling i løpet av ein lang dag.

I morgon vert det eit fokus på smiing av høvelstål i smia på NDR før vi skal til Sverresborg. På Sverresborg får smedane  ei innføring i metodikk i høvling og korleis dei ulike høvlane høyrer saman i ein arbeidsprosess. Høvling på skottbenk er sjølvsagt eit sentralt emne som alle skal få prøve.

Skottokse på Dølmotunet

Skottokse i samlinga på Dølmotunet i Tolga. Høvelen er stempla med bokstavane EI, truleg er det bokstavane til snikkaren som har laga og brukt høvelen. Skottoksen er kring 12 " lang og kan høvle litt i overkant av 2" bredde. Høvelen har meiane laga av same stykke som høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Skottokse i samlinga på Dølmotunet i Tolga. Høvelen er stempla med bokstavane EI, truleg er det bokstavane til snikkaren som har laga og brukt høvelen. Han har ein fin raud farge i fernissen. Skottoksen er kring 12 » lang og kan høvle litt i overkant av 2″ bredde. Høvelen har meiane laga av same stykke som høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo

Ein skottbenk utan skottokse eller andre høvlar med meiar er ikkje så lett å bruke. Derfor vil vi gjerne ha inn døme på høvlar som er brukt med skottbenken og som har meiar som skal gå nedpå langborda på benken. På Dølmotunet i Tolga er det ein fin samling med snikkarverktøy på eitt av lofta. Det er fleire golvplogar og skottoksar blant høvlane i samlinga. Skottoksar er som regel laga av ein okshøvel som ein har festa på lister som fungerer som meier. Vi finn ofte gamle okshøvlar som har spor etter at det har vore festa slike meiar og kan då sjå at dei har vore brukt som skottokse. Det er meir uvanleg å finne skottoksar som har meiane laga av same stykke som resten av høvelstokken. Det er eit litt komplisert arbeide å få høvla ut sporet mellom dei to meiane. Det er også mykje meir komplisert å få merka og tappa ut sponrom og kilegang på slike høvlar.

Den fint laga skottoksen er stempla med bokstavane -EI. Truleg er bokstaven E første bokstav i fornamnet til snikkaren og I er første bokstav i etternamnet. Eg har ikkje klart å identifisere snikkaren så langt, men det kan dukke opp nye opplysningar. Det er fleire høvlar med same stempel i samlinga på museet.

Undersida av skottoksen. Høvelen er laga av bjørk. Det er gjort eit særs fint arbeid med denne. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av skottoksen. Høvelen er laga av bjørk. Det er gjort eit særs fint arbeid med denne. Foto: Roald Renmælmo

Handtaka er grada inn og er felt inn så presis at dei er faste nok utan andre festemidlar. Kilen har ein anna farge i fernissen enn resten av høvelen. Kanskje den kan vere frå ein anna høvel eller er laga ny ved eit høve? Det er ein særleg fin raud farge i fernissen. Det er også ganske tydeleg at fargen ikkje er ein beis ettersom slitasjen får fram det lyse treverket og fernissen med farge berre ligg att i groper i overflata. Det er særleg tydeleg på undersida av handtaka der fargen berre står att i spora etter raspa som er brukt for å forme handtaka. Stålet ser ut til å vere smidd av ein lokal smed? Det er i alle fall ein skottokse til i samlinga på museet, den har også meiane laga av same stykke som resten av høvelstokken. 

Den gamle verktykassa

I årbok for  Nord-Trøndelag Historielag for 1952 har lærar Anton Granhus skrive ein interessant artikkel om ei verktøykasse etter, Oliver, ein lokal tømrar  og snikkar i Beitstad. Far til Oliver hadde laga kassa ein gong tidleg på 1800-talet. Kassa inneheldt det verktøyet faren, og seinare Oliver trong for å tømre og innreie hus. Eg saksar frå teksten:

«Til innreidingsarbeidet i hus og til innbuarbeid må man han ha nokre høvlar: Gropokse (skrubbhøvel), slettokse, langhøvel (rubank), skottokse med meiar, golvplogar, fløttplog og småplogar, borvinne og borar, ømse listhøvlar, rundhøvel, fleire mindre hoggjarn og holjarn, grindsager for tverved og langved, ei smal svingsag og helst eit par rasper og filer for tre. Men desse siste kunne han unnvære og. Ein kunne bruke skavgras i staden for sandpapir og brentstein i staden for rasp. Nei ein trong ikkje meire verkty.»

Vidare skriv han om om høvling av golvbord:

«Golv og loft tok og mykje ofte tungt arbeid. Det var ikkje lett å stå dagen lang og okse dei fossesaga borda som til dels kunne vera så ruffne av sagdrag at dei likna eit vaskebrett. Og når ein hadde høvla så mange at ein trudde det vart nok til eit golv, så skulle dei skjøtas og pløyast i skottbenken. Skjøtinga gjekk så nokonlunde lett likevel, for her hogg ein vekk dei verste hompane. Og to mann i skottoksen drog alltid han. Da vart pløyinga tyngre var bordkanten full av kvist og motved. Borda var jamnt halvannan tomme tjukke, og plogen var seig å dra. Men hadde ein kome så langt at golvyrket var ferdig , ja da var det berre moroa å legge golva. Med haldhake og drev dreiv dei borda saman, og med bila slo dei den svarte storhovda maskinfirtommen tvert gjennom bordet til golvåsen.»

Om Anton Granhus hadde vore med på slikt arbeid saman med Oliver er nok usikkert, men han hadde nok kjennskap til korleis arbeidet vart gjort. Når han skriv «fossesaga» så meiner han nok at borda er saga på ei enkeltplada vassdrive oppgangssag. Slike bord blir gjerne ganske grove og krev mykje arbeid med høvelen før dei er slette nok til golvbord. Legg merke til at han skriv at dei høvla flasken på alle borda før ein skaut dei beine. Vi kan spekulere på om det skuldast at dei hadde rigga til skottbenken for å høvle flask på toppen av langborda? Slik som det ser ut som på biletet av karane som høvlar på skottbenk i Karasjok.

Kjelder:

Granhus, Anton, 1952, Den Gamle verktøykassa, artikkel i Årbok for Nord-Trøndelag Historielag.

Skottbenken i Årbok for Namdalen

Det er ikkje måte på kor mange ulike årbøker som finnast rundt om i landet. Kvart år kjem det stadig påfyll av artiklar med eit lokalt tilsnitt om ulike tema. Heller ikkje skottbenken slepp unna slike årboksartiklar. I vår vesle redaksjon er det grenser for kva vi kan halde oversikt over når det gjeld årbøker frå heile Noreg, men nokre slike artiklar har vi fått med oss. Ein av desse artiklane har den slåande tittelen, Skottbenken, og er skrive av Arne Vennevik til Årbok for Namdalen 1981. Vi saksar frå teksten:

«Skottbenken var et redskap som en måtte ha for å høvle gulvbord og panel. Når tømringa var gjort, måtte gulv handhøvles, og det var et tungt og slitsomt arbeide. Tømmer ble hugget i bestemte lengder som passet til hvert rom. Bare rotstokker ble brukt. Saginga ble gjort på den måten at de saget hva stokken holdt. Det vil si at borda ble bredere mot rotenden. Dette var av praktiske grunner. For det første ble det mindre arbeide med høvling av not og fjær – og så når gulvet skulle legges måtet en til. En bredde på borda på 12-14 tommer var ikke uvanlig. Tykkelsen var 1 1/2 tomm, og det måtte til da det var meget langt mellom gulvåsene. Så var det høvlinga. Først ble det brukt en høvel med to toms høveltang. Det var «slettoksen». Disse høvlene hadde to handtak, for det var tung og arbeidskrevende. Det måtte være to mann om arbeidet.

Så var det å sette bordet i skottbenken for høvling av not og fjær. Det ble satt fast med kiler ca. 1 cm høyere enn plankene i skottbenken. Da ble det brukt en høvel med lister på begge sider så bordet ble høvlet bent. Det ble laget not på begge sider av bordet – likeså fjær. Gulvet ble lagt fra begge sider i rommet og så møttes de i døra under dørstokken. Siste bordet ble laget etter mål og drevet inn. 

Panelbord var det ens bredde på. På panel var den en «staff» (profil) i tillegg til not og fjær. Det var vanlig med 7-8 tommers bredde, og så ble det høvlet en «staff» på midten av bordet. Vekselpanel ble også høvlet i skottbenken.»

Skottbenken. Bilete skanna frå artikkelen til Arne Vennevik i Årbok for Namdalen 1981
Skottbenken. Bilete skanna frå artikkelen til Arne Vennevik i Årbok for Namdalen 1981

Skottbenken på biletet er ein type som vert stramma med kilar. Kilane er på plass på denne benken når biletet er tatt. Skildringa av framgangsmåten og verktøyet er ganske likt det vi kjenner frå andre stader i landet. Eit avvik er at slettoksen har 2 toms tann. Elles ville ein gjerne kalle det for ein gropokse eller skrubbokse. Skildringa av leggje-måten for golvborda minner om korleis det var vanleg å legge golv som skulle vere særleg tette slik som på stabbur og låvegolv (treskegolv). Om skildringa her gjeld stovehus er ikkje skrive i artikkelen. Slik sett kan det godt vere at leggje-måten gjeld for låvegolv og stabbur og at det var andre leggje-måtar på golv i stovehus?

Kjelde:

Vennevik, Arne, 1981, Skottbenken, artikkel i Årbok for Namdalen 1981.

%d bloggarar likar dette: