Norsk Skottbenk Union i 2014

Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Den nylaga skottbenken til Einar Strand er rigga klar til å brukast til eit opplegg i den kulturelle skolesekken på Leka skole i 2014. Det er fyste gong det har vore eit tilsvarande opplegg og det viste seg at innslaget var særs populært blant elevane.  Foto: Roald Renmælmo

Vi er snart inne i eit nytt år og då kan det høve å sjå kva som har skjedd i året som har vore. På bloggen har vi hatt 37 000 visningar med den travlaste dagen med 1157 visninger. Dei fleste lesarane har vore norske, men USA og Sverige er like bak. Vi har hatt lesarar frå totalt 70 ulike land. Den mest populære posten har vore Høvelmaking, oppmerking. Vi har publisert 56 nye postar i året som gjekk. Mange av lesarane har vorte tipsa om bloggen frå andre bloggar rundt om i verda. Lost Art Press toppar lista av slike bloggar, Dennis Laney er på ein god andreplass, og systerbloggen Høvelbenk er ein god nummer 3. Vi har delteke på ei rekke arrangement i året som har gått. På Håndverksdagane på Røros hadde vi eit eige kurs i høvling og legging av golvbord. På Bygningsvernkongressen på Norsk Folkemuseum hadde vi ikkje berre vår eige sesjon men var og ein sentral del av opningsseremonien.

Det er framleis mykje som står ugjort når vi går inn i det nye året. Det er ei rekke skottbenkar og rettbenkar som vi veit om, men som ikkje er presentert på ein riktig måte på bloggen og såleis ikkje kvalifiserer for fullverdig medlemskap. For å vere heilt konkret så dreier det seg om 2 rettbenkar på Norsk Folkemuseum, 3 skottbenkar i Bergen, ein skottbenk på Maihaugen, 2 skottbenkar på Røros og nokre under produksjon på Røros, i Verdal m.m. I tillegg er det mange gamle skottbenkar rundt om i landet som vi har fått tips om, men som vi ikkje har fått registrert på ein god måte. Også ein skottbenk i Lima i Sverige er lokalisert. Rørosmuseet har to skottbenkar i samlinga si som skulle vore registrert og presentert på bloggen. Husasnotra i Valsøybotn har fleire skottbenkar som ikkje har vore presentert på bloggen. I tillegg er dei ei rekke skottbenkar som våre ivrige støttespelarar rundt om i landet har tipsa om og sendt meg bilete av. Eg presenterer eit utval av slike tips i billedgalleriet under. Dette som ei påminning til meg og andre om at det er mykje ugjort og at vi gjerne vil ha meir detaljerte foto og oppmålingar av alle desse benkane og presentere dette på bloggen for at vi alle kan få tilgang til dokumentasjonen.

 Med ynskje om eit godt nytt år der skottbenken vert ein sentral medspelar.

Skottbenk frå Lavangen

Sør-Troms museum vil også vere mellom musea som har skottbenkar i sine samlingar. Denne skottbenken kjem frå garden til Karin Lind, tidlegare husflidskonsulent i Troms, i Lavangen i Sør-Troms. Eg kom over skottbenken for omlag 12-13 år sidan då eg besøkte Krambuvika bygdemuseum, der benken høyrar heime. Då fekk eg tatt nokre bilete og fekk nokre mål på delane. Benken var ei sentral kjelde for bygginga av den fyste skottbenken min for 12 år sidan. Sidan har eg lært mykje om skottbenkar og bruken av dei. Thor Larssen som er museumshandverkar i Sør-Troms museum har vore så vennleg å ta fram skottbenken og fotografere han for meg. Museet har mykje anna spennande i sine samlingar. Eg har skrive om ein høvelbenk som er i samlinga på Grytøy bygdetun. Det er heilt sikkert mykje meir spennande saker å finne i samlingane til museet, men vi får vise skottbenken først.

Skottbenken er tatt ut for fotografering. Langborda på benken er 4,63 cm lange og arbeidshøgda er 82 cm. Foto: Thor Larssen
Skottbenken er tatt ut for fotografering. Langborda på benken er 4,63 cm lange og arbeidshøgda er 82 cm. Foto: Thor Larssen

Skottbenken er med sine 82 cm av dei med størst arbeidshøgd. Berre skottbenken til Per Volden og skottbenken frå Li i Suldal er høgre med sine 83 cm høgde. Eg tok utgangspunkt i denne høgda når eg snikra min fyste skottbenk. Eg merka snart at det var i høgste laget for mine armar og tok av litt av høgda på den. Langborda er omlag 2″ x 8″ i dimensjon. Det er tydeleg at det har vore viktig at den faste staven på foten skulle låsast i ein fast posisjon. Det har dei løyst med å spikre fast eit lite skråband mellom staven og fotplata. Den andre, lause, foten har det vore viktig å få i rett høgde. Då har dei sett inn kilar mellom staven og fotplata slik som Thor Aage fann på skottbenken på Skårvoll. Skottbenken i Lavangen var tydeleg merka «SKOTTBENK» med store bokstavar på ein papirlapp då eg såg han fyste gongen. Her er det ikkje tvil om namnet på benken eller kva han har vore brukt til.

Skottbenken sett frå sida. Føtene er plassert etter noko som ser ut til å vere ei inndeling av langborda på 5. ⅕ av bordet stikk ut i kvar ende og ⅗ er mellom bukkane. Om dette er eit prinsipp som er brukt i praksis veit eg ikkje. Foto: Thor Larssen
Skottbenken sett frå sida. Føtene er plassert etter noko som ser ut til å vere ei inndeling av langborda på 5. ⅕ av bordet stikk ut i kvar ende og ⅗ er mellom bukkane. Om dette er eit prinsipp som er brukt i praksis frå gamalt av veit eg ikkje. Eg har berre observert at det ser ut som det kan passe på fleire skottbenkar. Foto: Thor Larssen
Den eine foten har ein treskruve med diameter på kring 2" til stramming. Skruen er låst med kloss i den faste foten. Den faste foten er støtta av eit kort skråband. Foto: Thor Larssen
Den eine foten har ein treskruve med diameter på kring 2″ til stramming. Skruen er låst med kloss i den faste foten. Den faste foten er støtta av eit kort skråband. Foto: Thor Larssen
Den andre foten vert stramma av ein kile. Her kan det ha vore ein tilsvarande skruve tidlegare. Den faste foten er støtta med eit lite skråband. Foto: Thor Larssen, Sør-Troms museum
Den andre foten vert stramma av ein kile. Her kan det ha vore ein tilsvarande skruve tidlegare. Den faste foten er støtta med eit lite skråband. Foto: Thor Larssen, Sør-Troms museum

Romsdalsmuseet i verdsklasse med si samling med skottbenkar

Deltakarane på eit kurs i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo
Deltakarane på ei samling i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo

Denne veka har for meg starta med seminar i listverkshøvling på Sverresborg i Trondheim. Sjølvsagt spelte skottbenkane ei sentral rolle i arbeidet vi gjorde der. Skottbenkane til Jarle Hugstmyr og Tor Aage Heiberg var i bruk saman med skottbenken til Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på NDR. I dag har vore fyste dagen på ei samling i høvelmaking og høvling på Romsdalsmuseet i Molde. Handverkarane på museet kunne fortelje at dei har ikkje mindre enn tre skottbenkar i samlinga si på museet. Det er truleg den største konsentrasjonen av skottbenkar på eitt og same museum? Nokon betre? Sven Hoftun har tidlegare skrive om benkane til Ryfylkemuseet og det er mogleg dei også har tre? Det kan drøftast om det er snakk om skottbenkar eller strykebenkar i så fall. Den eine skottbenken på Romsdalsmuseet var frå Austigard og vart teken ut og fotografert. Det er eit veldig fint eksemplar av sorten som vert stramma med kilar.

Skottbenken på bileta over har også ei historie utanom det vanlege for tilsvarande benkar i musea. Bjørn Austigard som har ei lang karriere bak seg på Romsdalsmuseet var den som fekk tak i benken og sytte for at han vart innlemma i samlinga på museet. Han hugsar sjølv at benken var i bruk kring 1953-54 i samband med byggjearbeid i heimbygda. Det var Johannes Austigard (1900 – 1976) og Halvdan Austigard (fødd 1908) som då høvla bord på skottbenken.

Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenk i Rørvik i Nord-Trøndelag

Einar Strand i Nord-Trøndelag fylkeskommune har i lang tid hatt planar om å snikre ein skottbenk for å bli med i Norsk Skottbenk Union. Når eg skulle kome for å demonstrere høvling fekk han fart på saken og fekk ferdig sin skottbenk i dag. Foto: Roald Renmælmo
Einar Strand i Nord-Trøndelag fylkeskommune har i lang tid hatt planar om å snikre ein skottbenk for å bli med i Norsk Skottbenk Union. Når eg skulle kome for å demonstrere høvling fekk han fart på saken og fekk ferdig sin skottbenk i dag. Foto: Roald Renmælmo

I samband med festivalen Vrimmel i Namdalen i Nord-Trøndelag har vi eit par dagar der vi demonstrerer handverk eit par ulike stader. I dag var vi på Leka Skole i Leka kommune og handsaga, rydde stokkar og høvla bord på skottbenk. Høvlinga på skottbenk var eit populært innslag for elevane som var ivrige på å sikre seg høvelspon av ulike typar. For å vere rusta til demonstrasjonen har Einar Strand i Rørvik arbeidd til langt på natt dei siste dagane for å få ferdig sin skottbenk og langbenk til bruk i demonstrasjonsarbeidet. Benkane er prøvd ut i dag og er såleis godkjente. Vi ønskar dermed Einar velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Skottbenken til Einar er ikkje ein nøyaktig kopi av ein original. Han har henta inspirasjon frå både skottbenken frå Kverndal i Målselv og ein skottbenk frå Nordmøre. Skottbenken vert stramma med kilar på tilsvarande måte som min kopi av skottbenken frå Kverndal. Skottbenken  er ein benk som kan seiast å vere i eit maritimt miljø slik som benken frå Troms som vi presenterte i førre post.

Her har vi rigga oss til på skoleplassen med sagstilling, ryarbukkar, langbenk og skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Her har vi rigga oss til på skoleplassen med sagstilling, ryarbukkar, langbenk og skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Elevane på skulen var veldig ivrige på å prøve skottbenken, truleg mest for å få laga seg ei høvelspon som dei fekk med seg? I alle fall var det mange som fekk sitt første møte med skottbenken i dag. Det kan vere bra for framtidig rekruttering til Norsk Skottbenk Union? Dessverre var eg for oppteken med høvlinga når elevane var med oss til at eg fekk tatt særleg med foto av dette. Arrangementet er ein del av Den kulturelle skolesekken, som er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar. Vi håpar fleire kommunar og fylkeskommunar ser sitt snitt til å få med skottbenken og andre sentrale handverkstradisjonar med i opplegget til Den kulturelle skolesekken. Skottbenken er i alle fall godt egna til slike formidlingsopplegg.

Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Einar på plass på Leka skole med langbenken og skottbenken som han har laga seg. Skottbenken vert stramma med kilar. Foto: Roald Renmælmo

Nyoppdaga skottbenk i Troms

Så langt har søka etter gamle skottbenkar vore konsentrert i Indre-Troms og særleg på gardsbruk. No har det dukka opp ein skottbenk i eit naust i Ibestad kommune, ein stad vi ikkje ville tenkt oss å leite etter skottbenkar. Det var konservator Olav Austlid i Troms Fylkeskommune som var på ein av sine turar rundt i fylket og kom over skottbenken. Eigaren av naustet i dag hadde ikkje kjennskap til at det var ein skottbenk han hadde så det må ha vore tidlegare eigarar som har hatt benken i  bruk. Kor lenge skottbenken har vore i naustet er også vanskeleg å seie. Vi takkar Olav Austlid i Troms fylkeskommune for at han held utkikk etter skottbenkar på sine turar rundt om i fylket. Vi oppmodar også andre fylkeskommunar om å tipse oss om skottbenkar som måtte dukke opp i deira fylke. Det er framleis mange kvite flekkar på kartet rundt om i Noreg. No kan det altså vere grunn til å sjå ekstra nøye etter også i gamle naust rundt om i landet. Så langt er dette den mest maritime skottbenken eg kjenner til.

Skottbenken er heist opp og henger under samhaldarane i naustet. Foto: Oalv Austlid, Troms Fylkeskommune
Skottbenken er heist opp og henger under samhaldarane i naustet. Foto: Oalv Austlid, Troms Fylkeskommune

Enn så lenge har vi ikkje opplysningar på aktuelle mål på benken. Ut frå biletet ser det ut som lengda kan vere på kring 4,5 – 5 meter? Han strekker seg i alle fall mellom to samhaldarar i naustet og desse brukar å ha eit rom på ca 4 meter mellom seg. Det er forfriskande å sjå ein så godt bevart skottbenk i eit tydeleg maritimt miljø. Benken er i prinsipp ganske lik fleire av skottbenkane som vert stramma med kilar slik som skottbenken til Arne Graven i Karasjok. Denne skottbenken i Naustet ser likevel ut til å vere betydelig kraftigare bygd, i alle fall føtene (bukkane) er særleg kraftige. Langborda kan sjå ut til å vere om lag 2″ x 8″. Det ser ut til å vere eit fast langbord som er festa i eine staven i foten. Då har nok det andre langbordet vore stramma med kilar? Løysinga med å felle inn strekkfiskar med svalehale og spikre desse for å halde stavane saman er ei god og ganske utbreidd løysing på eit problem.

Ny skottbenk i Tana og Karasjok

Norsk Skottbenk Union har ikkje veldig mange aktive medlemmer, så langt er det berre 7  som har skrive innlegg på bloggen. Det kan skuldast at det verkar for komplisert å sette seg inn i korleis ein skal poste sjølv? Eg oppfordrar då til å sende inn bilete og stoff til ein av oss som er aktive som forfattarar på bloggen slik at vi kan poste. Det er viktig å få ut slikt stoff slik at andre kan få ta del i det. Bloggen er åpen for alle, både medlemmar og andre interesserte. For å lage ei meir formalisert ordning for opptak som medlem i Norsk Skottbenk Union vil vi krevje at det blir posta bilete av den aktuelle skottbenken som er grunnlaget for opptaket. Slik vil vi og slå eit slag for at fleire er med på å dele aktuelt stoff på bloggen.

Førstemann ut i denne samanhengen er restaureringshandverkaren Arne Graven i Karasjok. Han har sendt bilete av sin nybygde skottbenk som har utgangspunkt i skottbenken som vi tidlegare har skrive om frå Karasjok. Benken er snikra for å brukast til å høvle golvbord til eit nyrestaurert hus i Sirbma i Tana. På garden fann Arne ein langbenk for høvling av bord på flasken. Saman med skottbenken og nokre høvlar så har Arne det han treng til å høvle golvborda.

Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven
Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven

Vi vil med dette få ynskje Arne Graven velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og takke han for å ha sendt over bilete til oss slik at vi kan dele dei med dykk andre. Vi er glade for å sjå at skottbenken er snikra i tråd med den lokale tradisjonen i Indre Finnmark. På denne jobben i Tana er benken den nordlegaste registrerte i Noreg. Til vanleg held Arne og benken til i Karasjok og der har vi ein gamal benk registrert frå før. Vi set stor pris på at Sametinget legg til rette for at handverkarar som Arne Graven får bruke skottbenken og høvle golvbord på den måten som ein bør i slike restaureringsprosjekt. Det er slett ikkje så sjølvsagt som det burde vore. Vi ynskjer Arne lukke til med resten av prosjektet og kjem gjerne tilbake med bilete av golvborda og seinare ferdig golv.

Skottbenken i bruk, verkemåte og justering

I min førre post, Skottbenk i praksis med videofilm av golvbordhøvling kjem det fram av filmen korleis eg spenner fast golvborda i skottbenken og skyt dei rette medan eg pløyer. Dette er enkelt og greitt og alle borda blir rette og pløyinga blir i vinkel til den retthøvla flasken på borda. Det demonstrerer det geniale med skottbenken på ein god måte. Dette er vel og bra heilt til du sjølv skal til å lage skottbenk og høvle golvbord. Då dukkar det opp spørsmål om korleis ein får justert skottbenken slik at langborda vert rette og i vinkel. Det spørsmålet fekk eg frå ein av våre amerikanske lesarar, Dennis Laney, som har alvorlege planar om å bygge seg skottbenk for eige bruk og samstundes blogge om dette og arbeide for å spreie skottbenken i USA. Eg svarar på spørsmålet hans på norsk i første omgang, men vil seinare arbeide med tilsvarande informasjon på engelsk. Omsetjing av slikt er ikkje så lett når skottbenken og bruken av han ikkje er etablert i det engelske språket.

Dette billedgalleriet med forklaringar skulle vere ein grei start for å forstå systemet med skottbenken. Dette er slikt eg sjølv har kome fram til gjennom bruken av mine skottbenkar. Eg har lært å bruke skottbenk av Konrad Stenvold som hadde ein del erfaring med bruken av slike. Då eg høvla saman med han så var eg dessverre ikkje så god til å spørje om alle slike detaljar som det med retting av langbord. Kor nøye var dei med slikt tidlegare? Det er det ikkje lett å få svar på i dag.

Når eg høvlar på skottbenken så merkar eg om borda blir beine og i vinkel. Det er enkelt å skyte bein to bord og så legge dei ved sida av kvarandre for å sjå om dei fell fint i hop i heile lengda. Avvik på dette blir fort synleg. Å skyte beint eit bord og så bruke det som rettbord for å sjekke overkanten av langborda er også ein god metode for å sjekke både vinkel og rett line. I denne samanhengen er det veldig bra om langborda på skottbenken ikkje er vinde sidan dei då vil endre vinkel når ein spenner fast bordet mellom dei. I tillegg bør bordet ein høvlar og prøvar vinkelen med ikkje vere vindt. Om du har rette bord tilgjengeleg så bruk dei til dette.

Å finne gode emne til langbord på skottbenken kan krevje litt innsats. Til dei skottbenkane eg har laga, eller vore med å lage, har eg som regel leita gjennom 30 -50 stk 2″ x 8″ i ein stabel for å finne to gode emne. Om ein sagar sjølv så kan det vere ein fordel å leite ei fin furu og så sage plankane litt på overmål i bredde og tjukne for å ha litt å justere på. Det er som regel nok å ha 8″ toppmål på plankane og så det målet ein får i rota, gjerne  9″- 10″ bredde. Solvinne emne er eit dårleg utgangspunkt, vrir dei seg kraftig under tørk så er det bare å kassere dei som langbord. Pass også på å unngå emne med stor kvist eller tørrkvist.

Skottbenk i praksis

De som har vore med ei stund på bloggen har kanskje danna seg eit bilete av korleis ein arbeider med skottbenk i praksis? På eit par tidlegare postar om skottbenk og golvbordhøvling har eg fått spørsmål om å legge ut litt film som viser arbeidsmåten. Eg har gjort nokre enkle opptak av høvling som eg har klipt saman for å gi eit inntrykk av arbeidsmåten. Dette har eg lagt på youtube og lenka til det her i denne posten. Eg håpar det kan gjere bruken av skottbenken meir forståeleg. Dette er meint som eit første forsøk på å vise korleis eg pløyer golvbord. Kom gjerne med innspel på korleis det kan gjerast betre. Det er mogleg å legge inn kommentarar og slikt, men det krev litt meir arbeid og planlegging. Bruk kommentarfeltet til innspel eller send til meg på e-post.

Golvbord og materialkvalitet

Materialen til golvborda eg høvlar er furu som eg sjølv har plukka ut på rot i ulike skogsområde her i Målselv. Furuene er først og fremst plukka ut på grunnlag av ei visuell vurdering av stamme og krone. Til golvbord vil eg helst ha ein nokolunde bein og rund stamme. Dimensjonen kan variere men eg har prøvd å ta ut tre som har 10-12″ diameter i toppen på ein rotstokk som er kring 6 meter lang. Det er ein fordel med lite og/eller små kvist i rotstokken. Tørrkvist kan også vere ei utfordring. Nokre fine andrestokkar kan også bli til bra golvbord men desse får eg sjeldan på 6 meters lengde i skogane i Målselv. Då vert dei kappa på fall som det heiter. Eg kappar dei på ein stad der det høver med toppdiameter, kvist eller avsmaling. Dei må berre vere lange nok til å passe med dei kortaste golvborda. I mitt fall er det 2,5 meter. Til golvbord bryr eg meg ikkje i så stor grad om furuene er vinde eller solvinde (hørevridd eller venstrevridd) i veden. Golvbord som er 5/4″ tjukke kan som regel rettast nok i høvlinga og spikrast ned på åsane eller tilfararane sjølv om dei har vinna seg under tørking.

Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band slik som Siv Holmin har gjort her. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av  fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Dette bordet er saga på ei sirkelsag som gir jamn fin skuroverflate. Bord saga på oppgangssag vert mykje tydelegare enn det vi ser på dette bordet. Kvisten vi ser i biletet er ein svartkvist. Heldigvis er den ikkje av den lause typen, men ein som sit fast i bordet. Foto: Roald Renmælmo

Tømmeret eg har tatt ut er saga til 5/4″ bord med rot/topp avsmaling. Desse borda skal brukast til kledingsbord, takbord og golvbord. I utgangspunktet tenkjer eg meg å bruke alle dei borda som er mogleg å bruke. Eg vil helst ikkje sortere ut bord unødig. Eg tenkjer meg at handverkarane som bygde hus i den tida eg undersøkjer, det meste av 1800-talet, kanskje ikkje hadde høve til å velje bort så mykje material? Korleis sorterer ein då dei ulike kvalitetane bord til ulike typar bruk? Eg vil helst ha takbord utan kvist som gir lekkasje og samstundes med mest mogleg alved. Eg vil helst ha kledingsbord som er sterke og med mest mogleg alved. Til golvbord har eg difor plukka ut bord med lite alved og med ein del kvist. Eg vil prøve ut kor grensa går for kva bord som kan nyttast til golvbord utan at eg kjenner meg ukomfortabel med resultatet.

Ein del kvist treng ikkje å vere noko større problem. Det er verre når kvisten er av typen laus svartkvist. Slike har ein tendens til å ramle ut under høvling. Er det kvist heilt i kanten av bordet går det an å hogge bort litt meir ved i kanten for å kome inn på heil ved. Er det fjørkvist i flata på bordet kan dette vere verre. Mange av borda eg har tatt ut til golvbord er saga langt ut i stokken. Då har dei gjerne laus tørrkvist nær midten. Eg vil ikkje ha hol i golvet mitt så eg prøvar ut ein måte for å reparere slike bord. Arbeidsmåten har eg tenkt meg fram til på eige hand. Tilsvarande spunsar har eg sett i golv frå slutten av 1800-talet men då kan det vere vanskeleg å vite om det er seinare reparasjonar eller gjort slik eg viser under. På slutten av 1800-talet var det truleg anten hornlim (beinlim) eller kaseinlim som var vanleg brukt til slike reparasjonar som dette. Eg har ikkje gjort eit stort poeng av val av lim og har tatt det limet som eg hadde lettast tilgjengeleg på verkstaden.

Golvplogar frå Hadeland

På kurset i golvbordhøvling på Håndverksdagane på Røros var det med ein deltakar frå Hadeland. Han hadde med seg eit sett med golvplogar som verka gjennomtenkte og solide. Dei har nok vore enormt mykje brukt etter slitasjen å dømme. Dei har sikkert høvla mange tusen kvadratmeter med golvbord? I dag er dei så slitt at fjøra blir litt for tjukk til å passe i nota. Det kjem av slitasje på sida av ståla i både nothøvelen og fjørhøvelen. Vi har tidlegare skrive om skøttbenk på Hadeland og desse golvplogane  er med på å gi eit meir heilskapleg bilete av den lokale tradisjonen. Golvplogane er heilt klart av ein type som høyrer saman med skottbenken sidan dei samansette høvelståla skyt kant og høvlar pløyinga i same operasjon. Slike kan ikkje brukast utan skottbenk.

Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo