I dag har eg vore ein runde for å sjå på hus og verktøy i områda sør for Trondheim. Eitt av stoppa var på det flotte anlegget til Skaun Bygdamuseum i Skaun kommune i Sør-Trøndelag. Her har dei samla ei rekke interessante bygningar frå området og samla gjenstandar. Eg spurte sjølvsagt etter om det var skottbenkar i samlinga der. Det viste seg at vår kontaktmann på museet hadde ein skottbenk heime hos seg og meinte det også var ein på museet. Etter eit lite søk spora vi opp ein komplett skottbenk, tre lause bukkar til skottbenk og to skottoksar. I tillegg var det ei rekke andre høvlar som verka å høyre saman med bruk på skottbenk. Det er kva vi kan kalle full klaff. 🙂 Det var også tydeleg at det var omgrepet skottbenk som var i bruk i dette området.
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Lause bukkar til skottbenkar har vi funne ein god del av i Sør-Trøndelag og nokre av dei har vi skrive om tidlegare på bloggen. I tillegg har vi ein komplett skottbenk frå Leksvik som har liknande oppbygging som nokre av dei lause bukkane. Tradisjonen i Skaun er også tydeleg på at desse lause bukkane er delar av ein skottbenk og at det er berre langborda som manglar. Omvisaren vår på museet kunne fortelje at slike skottbenkar også vart brukt til å spenne fast stokken i når ein skulle hogge medfar i veggtømmer i samband med tømring av hus. Det er ei særs spennande opplysning og kan høve godt med den store bredda vi ser på denne skottbenken under. 🙂
Bukkane har høgd på like under 30″, ca 78 cm, målt frå golvet. Arbeidshøgda er litt avhengig av langborda og kan såleis vere noko høgre. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Spenntappane er låst med to trenaglar i kvar ende. Nede er føtene tappa gjennom fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Det er stort arbeidsrom i bukken. Ved bruk av 2″ tjukke langbord kan ein likevel ha emne på kring 8″ mellom langborda. Dette er langt meir enn kva som er mogleg å rekke over med dei breiaste skottoksane som er registrert. Då kan ein spørje seg om kva som er formålet med å ha så stor bredde på bukkane? Vår omvisar på bygdemuseet fortalte at han hadde høyrt at dei brukte skottbenken til å spenne opp veggstokkar som ein skulle hogge medfar i samband med tømring av hus. Slikt har eg ikkje vore borti tidlegare men kan forestille meg at det kan vere aktuelt med denne type bukkar som vi ser her. Foto: Roald Renmælmo
Den komplette skottbenken har total lengd på 8 alen, har 30″ arbeidshøgd og har to bukkar som held oppe langborda. Han vert stramma med skruvar.
Skottbenken med langbord er av typen som vert stramma med skruvar og har eine foten laus. Lengda er så vidt over 5 meter, 8 alen. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av skruven på skottbenken. Her er det mogleg å stramme godt til for å låse borda. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda er ca 30″ frå golvet. Lengda på fotplatene er også 30″. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er ca 1 ⅞» x 6″. Dei har margsida inn. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er festa til føtene som drevspon og kvar felling er merka for at ein ikkje skal ta feil under montering. Foto: Roald Renmælmo
Skottenken har vore skøyta på lengda ved eit høve. Det er gjort med 4 stk klinknaglar. Foto: Roald Renmælmo
I samlinga med snikkarverktøy var det to særs fine skottoksar som eg fekk fotografert. Begge har lister som er avtagbare og som er festa i sida. Begge har bakre handtak montert ganske langt fram, så nær høvelstålet som mogleg. Dette er ein detalj som eg har prøvd ut med tanke på at det gjer det lettare å bruke høvelen når ein høvlar aleine. Då vert det lettare å få trykk på tanna så ho tar godt. Med nyslipt stål så tar høvelen godt, medan når stålet ikkje tar så godt lengre, må det trykk til på høvelen for at han skal ta. Då er det ein fordel om det bakre handtaket er montert lengre fram, nærare senter av høvelen.
To flotte skottoksar i samlinga av verktøy på museet. Begge har meiar som er festa på sida. Den eine har forsterka sålen med eit stykke eik for å redusere slitasjen. Foto: Roald Renmælmo
Skottoksane er særs fint laga med flotte handtak og fint utforma sponrom. Foto: Roald Renmælmo
Den eine skottoksen sett frå framenden. Her ser ein korleis listene er tilpassa høvelstokken og korleis det er lagt på ein ny slitesåle av eik. Foto: Roald Renmælmo
Det er nok framleis mykje spennande som ventar på å bli oppdaga i Sør-Trøndelag. Her er det mykje å boltre seg i for medlemmane av Norsk Skottbenk Union.
Etter eg posta om høvlane på Nereng fekk eg innspel på at det kunne vore ein fordel å ordne bileta av høvlar i ulike kategoriar. Det for å gjere det lettare å få oversikt over dei ulike gruppene av høvlar. Eg har då omorganisert bileta i kategoriar av høvlar ut frå funksjon. Ordninga kunne vore gjort på andre måtar, kom gjerne med innspel på det i så fall. Sidan posten er så grunnleggande omarbeidd vel eg å poste den på nytt i den reviderte forma med dagens dato.
Nereng er ein gard i Tynset kommune i Østerdalen i Hedmark. I samband med ein stor gardsauksjon 22-23. juni 2013 kom det fram ein skottbenk i oversikta av det som skulle seljast. Dette vekka mi interesse og eg fekk mobilisert representantar frå Norsk Skottbenk Union som sikra seg denne skottbenken. Bilete og oppmålingsteikningar av benken har vi tidlegare posta her på bloggen. Eg vart også merksam på at det var ein del verktøy som vart ropt opp på auksjonen og prøvde å sikre meg så mykje som mogleg av dette for å ha som referanse på verktøy frå Nord-Østerdalen. Andre sikra seg ein del av verktøyet frå smia på garden. Skottbenken, snikkarverktøyet og utstyr frå smia kan til saman gi eit interessant bilete av handverket på garden.
Eg har så langt fotografert alle høvlane eg har fått tak i. Desse har eg presentert i eit billedgalleri lengre ned i posten. Det har ikkje dukka opp nokon skottokse mellom verktøya eg har fått tak i. Derimot er det med ein golvplog som tydeleg er meint for å brukast på skottbenk. Under har eg eit bilete av noko av verktøyet slik det stod i skåpet i snikkarverkstaden før auksjonen.
Eit av bileta frå auksjonen på Nereng. Skapet med snikkarverktøy ser veldig spennande ut for meg som er interessert i kva verktøy snikkarane hadde og brukte tidlegare. Foto: Ola Rye
Dei fleste av høvlane er stempla med bokstavane PP.N. Eg tolkar det slik at N står for Nereng. I folketeljinga for Tynset i år 1900 er det Peder P. Nereng som er husfader på garden. Han er fødd i Tynset i år 1849 og er sonen til Peder Arnesen fødd 1805. Peder Arnesen står oppført i folketeljinga frå 1865 som gårdbruker og smed. Det skulle tyde på at han har smidd meir enn berre til eige behov. Mange av høvlane har stål som verkar å vere heimesmidde. Blant «rusk og rask» i smia var det nokre tremalar som såg ut som høvelstål. Truleg er desse laga av snikkaren som har laga seg høvel og levert til smeden som skal smi stålet nøyaktig etter malen. Det er ingen malar som høver nøyaktig til stål i høvlane frå garden. Kanskje er det malar frå andre snikkarar som har kjøpt stål frå smeden på Nereng?
Peder P. Nereng er også nemnt i folketeljinga frå 1865, då som 16 år gamal. Det står i feltet for yrke at han «hjælper Faderen med Gaardsbrg.» Han er altså med i arbeidet på garden. Kanskje har han så tidleg begynt å snikre og å lage seg høvlar? Garden hadde vore i familien i lang tid før dette så det var sikkert høvlar til husbruk på garden. For meg verkar det rimeleg at Peder P. Nereng har vore den mest aktive snikkaren på garden og at høvlane for det meste er laga og brukt av han. Han yrkesaktive karriere var starta så vidt i 1865 og han var i full drift i år 1900. I folketeljinga for 1910 står kona, Marit Olsdatter, oppført som enke. Sonen Peder Pedersen fødd 1883 har og forbokstavane PP og kan såleis også ha brukt same stempel. Eg kan ikkje utelukke at han også står bak nokre av høvlane.
Tremalar til høvelstål frå smia på Nereng. Dei 4 øvste er tremalar til høvelstål og dei to nedste er stål frå høvlane frå Nereng. Foto: Roald Renmælmo
Under følgjer eit billedgalleri med høvlane frå Nereng som eg fekk kjøpt på auksjonen. Det kan ha vore fleire høvlar på garden men dette er truleg mesteparten. Eg har berre skrive kort om kvar enkelt høvel. Ei fullstendig registrering av høvlane har eg ikkje tatt mål av meg til å gjennomføre. Likevel håpar eg at bilete og dei korte tekstane kan gi eit bilete av høvlane på ein gard på Tynset i andre halvdel av 1800-talet. Eg har ordna høvlane i kategoriar for å gjere det meir oversiktleg. Namna på kategoriane og ordninga kunne godt vore annleis enn det eg har gjort så her er det ikkje vasstette skott mellom dei ulike kategoriane.
Klikk på bileta for å sjå dei i gallerimodus og få fram billedtekstane. Bruk piltastane på tastaturet ditt for å bla fram og tilbake i galleriet.
Sletthøvlar
Sletthøvlane i samlinga består av ein langhøvel, to okshøvlar og ein pusshøvel. Eg ville venta at det var fleire sletthøvlar i ei slik samling. Ein skrubbhøvel har truleg vore med blant verktøyet ein gong i tida men kan ha hamna på vidvanke?
Langhøvel med lengd på 26 ½ norsk tomme. Tanna er 2 ¼» brei av merket Ward & Paine, truleg etter 1840. Handtaket er stilt litt mot høgre side av høvelstokken slik som er vanleg på eldre høvlar. Høvelen har ikkje klaff på tanna. Høvelstokken er kring 3 ⅛» høg og laga av bjørk. Slitasjen etter hendene viser tydeleg at brunfargen er slitt bort. Høvelen er merka med bokstavane PP.N. Senga til høvelstålet ligg på ca 47 grader. Foto: Roald Remælmo
Okshøvel med 14 ½» lang høvelstokk. Høvelen har enkel tann av merket Atkinsson Brothers. Stokken er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Same okshøvel som på førre bilete. Handtaka er grada inn i stokken. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av same okshøvel som på dei to førre bileta. Tanna er 2 ⅜» brei. Foto: Roald Renmælmo
Ein ny okshøvel, denne utan høvelstål. Stokken er 14 ½» lang og høvelstålet har vore 2 ½» bredt. Høvelstokken er merka med OPS. Foto: Roald Renmælmo
Okshøvelen frå førre bilete med solen opp. Solen er kraftig runda for å kome ned i groper. Eg er usikker på kva den kan ha vore brukt til? Det kan vere for å høvle tømmerveggar som har vore rydd med øks på førehand? Foto: Roald Renmælmo
Pusshøvel eller sletthøvel med lengd på 11 ¼» og stokken av bjørk. Tanna er med klaff og av merket William Ash & Co – Burys. Tanna er 2 ¼» brei. Senga til stålet ligg på ca 47 grader. Det er inga merking på høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av sålen på høvelen på førre bilete. Sponåpning er ca 4 mm. Foto: Roald Renmælmo
Falshøvlar
Eg har ordna høvlane under saman sidan dei alle høvlar ein slags fals. Felles er at dei har eit fast land og eit stål som høvlar heilt ut i kanten så høvelen kan arbeide seg ei flate som er lågare enn flata ved sida. Dei to fletthøvlane er så smale at dei ikkje er særleg egna til å høvle vanlege falsar. Dei er då å rekne som vanlege fletthøvlar som vert brukt til å rette kantar på bord som skal høvlast. Kittfalshøvelen er derimot å rekne som ein falshøvel. Gradhøvelen er ikkje eigentleg ein falshøvel men verkar på tilsvarande måte og lagar ein skrå fals med fast bredde. Det er altså berre den kittfalshøvelen som er ein eigentleg falshøvel.
Fletthøvel med 24″ lang høvelstokk. Senga til høvelstålet er ca 47 grader. Stokken er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Fletthøvelen frå andre sida. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av fletthøvelen. Tanna er 13/16″ brei. Foto: Roald Renmælmo
Ein fletthøvel til som er noko mindre enn den førre. Denne har stokk som er 21 ½» lang. Stokken er laga av noko anna enn bjørk men eg er usikker på treslaget. Det kan sjå ut som bartre men verkar tyngre enn gran og furu. Stokken er merka med PP.N. Høveltanna høvlar ⅝» bredt. Foto: Roald Renmælmo
Falshøvel med fast land og fast djupne. Truleg er det ein høvel til å høvle kittfals til vindauge.Høvelen er 10″ lang. På sida av høvelen er det høvla ein karnissprofil som passar med karnisshøvelen på eit tidlegare bilete. Høvelen har ikkje fått overflatebehandling som dei andre høvlane. Høvelen er ikkje merka. Foto: Roald Renmælmo
Falshøvelen frå førre bilete sett frå undersida. Falsen er 10 mm brei og 8 mm djup. Foto: Roald Renmælmo
Gradhøvel til å høvle drevspon. Stokken er 7 ½» lang og merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av gradhøvelen på førre bilete. Graden er ⅜» brei. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvlar
Det er påfallande mange semshøvlar i samlinga. Særleg med tanke på at slike gjerne vert skadd av den harde bruken som dei kan bli utsett for. Den breiaste semshøvelen er på 45 mm, så breie er det ikkje så vanleg å finne.
Stor semshøvel, 10 ¼» lang av bjørk og med stål på 1 11/16″ bredde. Foto: Roald Renmælmo
Same semshøvel som på førre bilete. Senga til stålet ligg på ca 47 grader. Foto: Roald Renmælmo
Same semshøvel som på dei to førre bileta. Stålet er truleg heimesmidd og sponåpninga er kring 5 mm. Det er ikkje stempel på stål eller høvelstokk. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvel med 9 ½» lang høvlstokk. Høvelen er merka med PP. N. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvelen frå førre bilete sett framafrå. Stålet som er utan stempel er 45 mm bredt. Foto: Roald Renmælmo
Den store semshøvelen frå dei to førre bileta sett frå undersida. Sponåpninga er ca 3 mm. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvel med 8 ¾» lang høvelstokk. Høvelen er laga av bjørk og merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvelen frå førre bilete sett rett framafrå. Tanna er ¾» brei. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av semshøvelen på dei to førre bileta. Foto: Roald Renmælmo
Semshøvel med 8 ½» stokk og litt skråstilt tann. Stokken er merka PP.N. Senga til høvelstålet ligg på ca 50 grader. Foto: Roald Renmælmo
Same høvel som på førre bilete. Tanna høvlar ørlite breiare enn 1″. (ca 27 mm). Foto: Roald Renmælmo
Semshøvelen som på dei to førre bileta frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Ploghøvlar
Mellom ploghøvlane er det nokre litt artige variantar som ein ikkje finn i alle slike verktøysamlingar. Den vanlege plogen med justerbart land og veldig smal tann er sjølvsagt med. I tillegg er det med ploghøvlar for golvbord og panel. Ploghøvlane er ei stor gruppe med høvlar.
Golvploghøvel til å høvle fjør. Høvelen er 13″ lang og utstyrt med handtak som ein okshøvel. Senga til høvelstålet ligg på ca 47 grader. Foto: Roald Renmælmo
Golvploghøvelen frå førre bilete sett framafrå. Høvelen har ei heimesmidd tann som er 1 ¾» brei med ei spalte på ⅜» som er ⅜» frå kanten som ligg mot venstre land. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av golvplogen på dei to førre bileta. Plogen har to meiar på sidene slik som ein skottokse. Den høgre meien er høvla litt ned på høgda, truleg for å underhøvle borda litt på baksida? Høvelen er stempla med bokstavane PP. N. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvel med tverrhandtak påspikra framme. Høvelen er 10 ¼» lang og av bjørk. Senga til stålet ligg på ca 47 grader. Høvelen har ikkje merking. på stål eller høvelstokk. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvel med påspikra tverrhandtak framme. Same som førre bilete. Tanna står ¼» frå landet og høvlar så ei not på 5/16″, så er det ei spalte i tanna på 5/16″ før stålet tar igjen. Dette kan vere til ein form for vekselpanel? Foto: Roald Renmælmo
Ploghøvel ? utan stål, 10 ½ lang og av bjørk. Høvelen er merka med PP. N. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av sålen på nothøvelen på førre bilete. Det kan vere ein høvel til ei form for vekselpanel men sidan stålet manglar er det ikkje lett å vere sikker. Foto: Roald Renmælmo
Ploghøvel med justerbart land. Høvelstokken er 11″ lang og har skøyte av jarn. I dag er det ikkje høveltann på plass men den har nok vore ganske smal slik at vi snakkar om ein splitthøvel. I dag er det spikra på ei list som djupnestopp men den har vore utan slikt. Skøyta er omlag 1″ høg. Pinnane er omlag 8″ lange, noko som er ganske vanleg på slike høvlar. Høvelen er merka PP.N. Senga til høvelstålet ligg på ca 45 grader. Foto: Roald Renmælmo
Ploghøvelen frå førre bilete sett frå undersida. Låsinga på landet gjerast med å stikke inn ein kile i spalta midt på. I den er det to rundstokkar som klemmer mot pinnane. Foto: Roald Renmælmo
Fjørhøvel av bjørk med lengd på 11″ merka med bokstavane PP. N. Stålet ser heimesmidd ut men er ikkje merka. Senga til stålet ligg på ca 47 grader. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av fjørhøvelen på førre bilete. Høvelen høvlar ei fjør som er 9 mm brei og er 9 mm frå kanten. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvel med fast land. Høvelen er laga av bjørk og 11″ lang. Han er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvelen frå førre bilete sett framafrå. Stålet er 9 mm bredt og høvlar nota 9 mm frå kanten. Nota er ca 8 mm djup. Senga for høvelstålet er ca 47 grader. Foto: Roald Renmælmo
Sida av same nothøvel som på førre bilete. Foto: Roald Renmælmo
Sålen av nothøvelen på dei tre føregåande bileta. Høvelen er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvel med fast land. Høvelstokken er av bjørk og er 11″ lang. Stokken er stempla med PP.N. Senga til høvelstålet er på ca 47 grader. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av nothøvelen frå førre bilete. Stålet ser heimesmidd ut og er ⅜» bredt. Høvelen kan høvle ei not ca ⅜» frå kanten og ein ¼» djupt. Foto: Roald Renmælmo
Same høvel som på dei tre førre bileta. Høvelen sett frå framsida. Foto: Roald Renmælmo
Profilhøvlar
Blant profilhøvlane finn vi berre dei ganske vanlege staffhøvlane, ein karnisshøvel og hulkil. Alle desse har fast land og er berekna på å høvle profil langs ein rett kant.
Staffhøvel utan stål.Lengda på stokken er 9 ¼». Foto: Roald Renmælmo
Undersida av staffhøvelen frå førre bilete. Staffen har vore ca 11 mm brei. Truleg er dette in høvel for å høvle staff på pløgd panel. Høvelstokken er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Hulkilhøvel med fast land. Høvelstokken er 8 ¼» lang. Senga til høvelstålet er ca 50 grader. Foto: Roald Renmælmo
Hulkilhøvelen frå førre bilete. Høvelen er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Karnisshøvel med stokk som er 8 ¼» lang. Stokken er merka med PP.N. Senga til stålet ligg på ca 50 grader. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av sålen på karnisshøvelen frå førre bilete. Profilen er ca 11/16″ brei. Foto: Roald Renmælmo
Staffhøvel med eit veldig lite fast land. Lengda på stokken er 9″. Stokken er merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av staffhøvelen frå førre bilete. Total bredde på staffen er ¾». Foto: Roald Renmælmo
Staffhøvel med platte. Høvelen er 8 ¼» lang og merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av staffhøvelen frå førre bilete. Staffen er ½» brei og platta ⅛» brei. Foto: Roald Renmælmo
Glashøvel
Glashøvelen er ein kombinasjon av ein profilhøvel og ein falshøvel. Den høvlar kittfals på eine sida og profil på andre sida. Han vert brukt til å høvle til ramtre og sprosser til vindauge. Her kunne ein argumentere for at han høyrar saman med kittfalshøvelen. Han liknar også på profilhøvlane og ploghøvlane og kunne gjerne inngått i desse kategoriane.
Høvel til å høvle kittfals og profil i ramtre og sprosser til vindauge. Høvelen er truleg tenkt til rammer som er omlag 5/4″ tjukke og så vert sprossene ca 3 mm tynnare. Høvelen er 10″ lang, av bjørk og merka med PP.N. Foto: Roald Renmælmo
Undersida av sålen på høvelen frå førre bilete. Kittfalsen vert omlag 5/16″ x 5/16″. Foto: Roald Renmælmo
Glashøvelen på dei to føregåande bileta sett framafrå. Foto: Roald Renmælmo
Samlinga av høvlar frå Nereng trur eg kan avspegle kva som var vanleg på ein gard i det området. Det er få høvlar som verkar veldig spesialiserte. Dei fleste kan knytast til snikring av vanleg innreiing og møblar i hus. Alle høvlane er laga av bjørk. Dei fleste høvlane har stål som ikkje har smedstempel og som truleg er smidd på garden. Det er tre høvlar med stål produsert i Sheffield. Ståla er stempla med Ward, Atkinson og William Ash som alle er vanlege å finne i norske høvlar. Dei er vanlege å finne i høvlar frå omtrent midten av 1800-talet og fram mot tidleg 1900-tal. Mi oppfatning er at alle høvlane er laga på garden, eitt unntak kan vere den eine okshøvelen med eit anna stempel som eg ikkje kan knyte til garden. Kom gjerne med innspel og spørsmål høvlane.
Ein nylaga høvel som ikkje har noko form for overflatebehandling vil snart bli skitten og sjå mindre tiltalande ut. I tillegg vil høvelen lettare endre form som følgje av endringar i råme. Ei overflatebehandling bør derfor gjere det lettare å halde høvelen rein under vanleg bruk og verke stabiliserande i høve til fuktopptak. Kva type overflatebehandling som har vore vanleg på høvlar har truleg variert ein del over tid. Snikkaren Sjur Nesheim i Granvin hadde gjerne dei nylaga langhøvlane sine liggande i linolje over mange veker for at dei skulle trekke olja godt inn i treverket. På eldre høvlar, særleg dei av bjørk, ser det ut til å vere ei behandling som ligg utanpå treverket og som også tilfører ein farge.
Dei ferdige og prøvekjørte golvplogane vart først gnidd inn med kokt linolje som fekk tørke eit døgn. Så vart dei gnidd inn med ein fargeferniss med pigment. Først eitt strøk med eitt døgn tørking, så eitt strøk til og tørking. Her har dei fått eitt nytt strøk etter å ha vore i bruk i fleire månader. Foto: Roald Renmælmo
Overlatebehandlinga på dei nylaga golvplogane mine har fått litt tid på seg i bruk og ser ut til å fungere greitt. Dei er gnidd inn med ein sjølvlaga linoljeferniss tilsett pigment. Blandinga er som følgjer:
1 dl. kokt linolje (kjøpt frå Claessons trätjära i Göteborg).
1 dl. pigment med denne ca. fordelinga: ½ dl brent terra da Sienna, ½ dl rå terra da Sienna.
1 ml. Corsik, tørkemiddel til linoljemaling.
Eg la først på eit strøk med rein kokt linolje som eg førte på med ei fille og tørka av overflødig olje. Dette fekk tørke eitt døgn før eg smurte på første strøk med linolje med pigment. Dette la eg også på med ei fille og tørka av overflødig olje og pigment. Dette fekk tørke eit døgn før ny behandling. Etter to strøk verka overflata å ha fått ein tydeleg farge. Pigmentet legg seg på botn av olja og må rørast i før bruk. Etter at høvlane har vore brukt i meir enn eit halvt år verka dei litt tørre i overflata og har fått eit nytt strøk med den same olja med pigment. Alt er påført med ei fille. Pass på at slike oljefiller er sjølvantennande og må må fjernast på ein sikker måte. Ein kan legge dei i vatn, eller som meg, kaste dei rett inn i vedomnen og brenne dei med det same.
Til høgre er den eine golvplogen som er behandla som i beskrivelsen over. Til venstre er skottoksen min som eg laga for eit par år sidan. Denne smurte eg inn med limvatn. Limvatnet laga av beinlim, når eg skulle koke rein limpotta mi brukte eg vatnet til å smøre høvelen. Då fekk eg ei overflate som ikkje så lett vart skitten og som fungerte fint fram til eg fekk sett inn høvelen med linolje med pigment. Høvelen har vore smurt i fleire omgangar med variantar av tilsvarande blanding som golvplogen til høgre. Han tar likevel ikkje til seg så mykje farge på grunn av limbehandlinga. Foto: Roald RenmælmoSærleg i endeveden ser ein at behandling med limvatn hindrar olje og pigment å trenge inn i veden. På golvplogen til høgre ser ein at endeveden får ein tydeleg mørkare farge (og mattare) enn resten av overflata. På skottoksen til venstre er denne skilnaden merkbart mindre. Den er altså sett inn med limvatn før den har fått linoljeferniss. Foto: Roald Renmælmo
Ein nylaga ploghøvel er smurt inn med kokt linolje og skal få tørke før vidare behandling. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogen til venstre har fått tre behandlingar med pigment og linolje slik som beskrevet i teksten over. Høvel nr. 2 frå venstre har fått eit strøk med rein kokt linolje, tørka i 3 timar og så fått eit strøk med pigment og linolje. Høvel nr. 3 frå venstre har vore smurt tidlegare med kokt linolje og har her fått eit strøk med pigment og linolje. Høvelen lengst til høgre har fått eitt strøk med kokt linolje utan pigment. Foto: Roald Renmælmo
Ferdig revet pigment i linolje kjøpt frå firmaet Dictum i Tyskland. Eg har gjort første prøve med ei blanding av guloker og sienna i forhold ⅓ guloker, ⅓ sienna og ⅓ kokt linolje. Foto: Roald Renmælmo
Strykeprøve på høvla bjørk. Det øvste partiet er strøket med sienna av typen som er på førre bilete. Legg merke til at pigmentet trekker inn i fibrane og lagar mørke prikker/striper. I nedste del av biletet har eg strøket med guloker og det gir mindre slike mørke prikker/stiper. Foto: Roald Renmælmo
Overflatebehandling er ikkje mi sterke side, men eg ser at det er behov for å behandle høvlane eg lagar. Eg er ikkje i mål med å finne ei overflatebehandling som kjennast riktig i høve til det eg finn på mange av dei gamle høvlane. Det er mykje meir som må prøvast ut i tida framover. Likevel har eg fått til ei brukbar overflate på ein del av høvlane som eg har i bruk. Også høvlane som er sett inn med tjære fungerer til ei vis grad. Eg er takksam for synspunkt og gode råd på dette emnet. Er det andre som har gjort nyttige erfaringar de vil dele med oss på bloggen?
På kurset i golvbordhøvling på Håndverksdagane på Røros var det med ein deltakar frå Hadeland. Han hadde med seg eit sett med golvplogar som verka gjennomtenkte og solide. Dei har nok vore enormt mykje brukt etter slitasjen å dømme. Dei har sikkert høvla mange tusen kvadratmeter med golvbord? I dag er dei så slitt at fjøra blir litt for tjukk til å passe i nota. Det kjem av slitasje på sida av ståla i både nothøvelen og fjørhøvelen. Vi har tidlegare skrive om skøttbenk på Hadeland og desse golvplogane er med på å gi eit meir heilskapleg bilete av den lokale tradisjonen. Golvplogane er heilt klart av ein type som høyrer saman med skottbenken sidan dei samansette høvelståla skyt kant og høvlar pløyinga i same operasjon. Slike kan ikkje brukast utan skottbenk.
Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane med sålen opp. Det har vore mykje slitasje på høvlane. Foto: Roald Renmælmo
Ståla til høvlane er samansett av to delar og er justerbare i lengda. Slik er det lettare å justere riktig høgde på fjøra for kvar gong ståla er slipt. Høvlane er laga for å brukast på skottbenk og høvlar både pløying og skyt borda i same operasjon. Foto: Roald Renmælmo
Baksida av stålet til fjørhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Fjørhøvelstålet sett framafrå. Det er fila ut eit spor i sida på den smale tanna i midten slik at ho passar inn i spalta i det store stålet. Det sikrar at ståla vert stabile under høvling. Så fremt stålet er tilpassa godt i stokken og kilen er god så blir det nok lite vibrasjon i høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Ståla er stempla med smedstempelet AES. Truleg er det ein lokal smed i området rundt Hadeland. Kom gjerne med tips på aktuelle smedar som kan ha hatt dette stempelet. Eg tenkjer meg at slike stål er smidd på bestilling av snikkaren og at det er ein smed i nærområdet der høvlane var brukt som har smidd dei. Det er også mogleg at høvlane eller ståla kan ha kome frå ein annan stad og såleis ikkje er lokale. Foto: Roald Renmælmo
Det nærmar seg Håndverksdager på Røros. Det har vel lesarane av bloggen fått med seg sidan det har stått i oversikta over hendingar i høgre marg sidan tidleg i vår? I år skal eg halde kurs i høvling og legging av golvbord. For mange av deltakarane vert det nok det første møtet med skottbenken og det verktøyet som høyrer til arbeidet. Deltakarane vil få tilsendt ei liste over kva verktøy det kan vere bra å ha med seg. For dei utan kjennskap til slikt arbeid og verktøy så vil nok ei slik liste vere vanskeleg å forstå? Eg vil difor ha med bilete av aktuelt verktøy og gi ei lita forklaring på bruken av det. Eg går gjennom verktøyet i den rekkjefølgja som det vanlegvis vert brukt. Klikk på bileta i galleria for å vise billedteksten. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.
Kanting av bord
Borda kan vere grovkanta på førehand eller dei er med vankant etter gjennomskur. Då er det som regel greiast og grovkante borda før ein skal høvle flask. Sotsnor eller kritsnor er det vanlegaste for å merke ei rett line for å sage eller hogge etter. Alternativt kan ein risse eller streke etter eit rettbord.
Ei gamaldags sotsnor med hampesnøre og pjeks for å feste i endeveden er ekstra stas å bruke men ei vanleg kritsnor fungerer også bra. Foto: Roald Renmælmo
Ei vanleg snikkarbile høver godt til å hogge kantar på bord som ikkje har for mykje stor kvist. Ei slik bile kan gjerne vere mellom 1,2 og 1,6 kilo tung. Foto: Roald Renmælmo
Det kan ofte vere bra å sage kanting på borda. Då er ei gamaldags breisag av den store typen (ca 90 cm lang) det beste. Saga må ha langvedtanning. Ei stikksag (snikkarsag) med langvedtanning fungerer også fint til slik saging. Foto: Roald Renmælmo
Høvling av flask
Når borda er grovkanta er det klart for å høvle flasken. Det vil seie at rettsida (margsida) av bordet skal høvlast rett og plant. Etter tørk er det som regel ein del troing på borda og dette må høvlast slett før vi kan kante og pløye borda. Avhengig av kor mykje troing det er på borda bør vi ha høvlar med ulike eigenskapar for å gjere arbeidet lettare. Det mest effektive er å vere to mann som høvlar saman med ein okshøvel, ein høvel med 4 handtak. Det er også greitt å bruke vanlege sletthøvlar om ein skal arbeide aleine. Sletthøvlane bør då ikkje vere for breie for då vert det tungt å arbeide med dei. Under er ei oversikt over dei mest vanlege høvlane for å høvle flask. Ein alenstokk eller ei rett list er praktisk å ha for å bruke som rettholt når ein skal kontrollere om borda er plane nok.
I prinsippet kan alle høvlar med plan sole nyttast til å høvle flask. Desse høvlane er kopiar av høvlar frå første halvdel av 1800-talet og er laga spesielt med tanke på å fungere saman i ein samanheng. Frå høgre, skrubboksen, ein kort slettokse, ein lang slettokse og langhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Skrubboksen har lengde på kring 13″ og har ei tann som er litt over 2″ brei. Det kan gjerne vere ei ganske stor sponopning på slike høvlar, denne har nærare ¼» sponopning for å kunne høvle grovt. Dette er den første høvelen vi brukar for å gjerne grovarbeidet. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein kort slettokse, kring 12″ lang og høveltann på knapt 3″. Den store bredda gjer at det er lettare å høvle borda plane og slette. Slike høvlar kan ikkje stillast for grovt for då vert det for tungt å høvle. Dei er til sletthøvling etter at grovarbeidet er gjort. Foto: Roald Renmælmo
Denne slettoksen er kopi av ein høvel frå Frihetsli i Målselv. Det var ein høvel som Konrad Stenvold hadde brukt til sletthøvling av golvbord. Høvelen har tann som er ca 3″ brei og høvelen er 14 ½» lang. Med denne høvelen er det lett å få borda plane og rette. Foto: Roald Renmælmo
Ein langhøvel kan vere bra om ein vil ha ekstra slette og fine golv. Denne er ein alen lang og har stål som er 2 ⅛» brei. Foto: Roald Renmælmo
Desse høvlane er utforma slik at det er lett å sjå skilnaden på dei. Det er vanleg med okshøvlar som er ein mellomting mellom skrubbokse og slettokse. Vi kan likevel optimalisere dei for eitt av arbeidsområda. Det er i hovudsak gjennom måten vi sliper høvelstålet på at vi kan endre eigenskapane til høvelen. I tillegg er det særleg viktig at sålen på ein høvel som skal nyttast til sletthøvling (eller pusshøvling) må vere plan og bein. På ein sletthøvel kan det også vere bra om ikkje sponopninga er for stor. Høvelstål er som regel slipt slik at det blir ein liten boge på egglinja for at høvelstålet skal ta mest på midten og ikkje lage striper etter hjørna av høvelstålet.
På skrubboksen er det nødvendig å kunne stille høvelstålet til å ta grove spon. Når eg legg rettholt på solen over midten på tanna så viser den at tanna står ut ca 0,4 mm. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja er slipt slik at når høvelstålet står ut ca 0,4 mm midt på så ligg hjørna akkurat under planet på sålen. Foto: Roald renmælmo
Spona eg høvlar med tanna stilt på denne måten blir ca 0,5-0,6 mm tjukk på midten. Foto: Roald Renmælmo
I kanten er den same spona bare 0,05 mm tjukk og går heilt ut i null. Dette gjer at spona går uhindra gjennom sponrommet og ikkje lagar krøll. Foto: Roald Renmælmo
Slettoksen har ei egglinje som er mykje rettare enn skrubboksen. Her kan vi ikkje stille så grovt at høvelen tar ei spon som er 0,5 mm tjukk utan å få trøbbel. Foto: Roald Renmælmo
Egglinja på høvelstålet på langhøvelen er også ganske rett slik som på slettoksen. Her ser vi korleis høvelspona blir når eg stiller tanna så grovt at stålet tar i heile bredda. Spona får ikkje plass i bredda til å kome fritt gjennom sponrommet. Då vert det slike krøllar som vi ser her. Spona er ca 0,3 mm tjukk. Foto: Roald Renmælmo
Langhøvelen kan stillast for å ta riktig tynne spon. Denne er ca 0,05 mm tjukk. På så fint stille kan ein få ei veldig glatt overflate men det tar lang tid å høvle. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenkhøvlar
Felles for høvlane som vert brukt med skottbenken er at dei er spesielt tilpassa å høvle kant på borda. Dei har også meiar/lister som fungerer som djubdestopp. Slike høvlar finnast i ei rekke variantar men eg vil vise nokre vanlege.
Frå venstre, skottokse, og to golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Frå venstre, skottokse og to golvplogar med sålen opp. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane er som regel laga som eit par som passar saman der det er faste mål. Stillbare slike er ikkje så vanleg. Foto: Roald Renmælmo
Denne skottoksen har meiar som er laga av same stykke som høvelstokken. Det er også vanleg at desse er nagla, limt eller spikra på sidene på ein vanleg okshøvel. Foto: Roald Renmælmo
Legging av golv
Golvborda vi skal høvle blir med rot/topp avsmalning og skal leggast på åsar. Det er ulike strategiar for å sikre at golvet blir plant og vi skal gå gjennom fleire av desse. Den eine er å berre høvle rettsida og pløye kantane. Då vert undersida ujamn og må justerast i rett dimensjon ved kvar golvås.
Den store bordvinkelen kan vere grei å ha når ein skal starte å merke dei første borda for kapping. Merking gjer ein med ei rissnål for å få nøyaktig strek. Ein svaivinkel er grei å ha for å overføre vinklane på borda med rot/topp avsmalning. Foto: Roald Renmælmo
Ei fintanna (6-10 tpi) sag med tverrvedtanning er fint å ha for å kappe borda nøyaktig etter strek. Saga kan vere ei grindsag eller ei stikksag. Foto: Roald Renmælmo
Ripmot er fint for å merke på tjukna på borda for å hogge av for åsane. Hogginga gjer ein gjerne med snikkarbila. Foto: Roald Renmælmo
For å drive borda saman lagar vi til nokre trekilar, slår ned ein golvhake (eller haldhake) i golvåsen og driv kilane mellom denne og golvbordet. Foto: Roald Renmælmo
Ein god hammar som du er venn med er viktig. Å bomme på spikaren er ikkje bra når ein skal spikre eit fint handhøvla golv. Smidd spikar med store haud sørgjer for å halde borda nede. For å sikre at ikkje spikaren kløyver borda i endane så borer vi gjerne med ein liten navar, spikarbor. Foto: Roald Renmælmo
Tjære har vore vanleg til overflatebehandling av treverk utandørs. I nyare tid har det vore mest til stavkyrkjene og til trebåtar ein har brukt tjære. Tidlegare var tjære noko som ein måtte ha på ein normalt utstyrt gard for å smørje det meste av reiskap av treverk som vart brukt utandørs. Eg har ikkje belegg for å hevde at det har vore utbreidd å bruke tjære på høvlar og anna snikkarverktøy. Eg har ikkje funne skriftlege kjelder som tyder på det, ei heller tradisjonsberarar som har snakka om dette. Likevel har eg hatt lyst til å prøve å bruke tjære for å sjå korleis det blir i praktisk bruk. Farge og overflate på enkelte av dei gamle høvlane mine kan minne om treverk som er tjærebreidd.
Skottokse laga av Siv Holmin. Høvelen er laga i bjørk og er smurt inn med varm tjære som først var kokt omlag ein time. Tjæra var frå tjæremila til Sverre Opdahl i 2007. Høvelen var smurt med rein tjære. Det første året var overflata litt seig men heldt seg likevel nokså rein. No, etter 3 år, verkar overflata hard og sterk. Det verkar som det meste av farge ligg i fernissen og slitasjen får fram den lyse bjørka under. Forsøket viser at tjære kan fungere som overflatebehandling på høvlar. Resultatet kan minne om det ein ser på enkelte gamle høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Tjære
Tjære kan ein produsere av mange ulike råstoff og på ulike måtar. Når eg snakkar om tjære så er det produsert i tjæremile med fururot som råmateriale. I Indre Troms har vi lange og sterke tradisjonar på produksjon av tjære. På 1930-talet var nok produksjonen på sitt største, det i ei tid kor det var lite produksjon elles i landet. Enda i dag er det fleire som brenner mile på tradisjonelt vis i området. Dei siste åra har det særleg vore UL Freidig, ungdomslaget i nedre Bardu som har vore aktive med sine tjæremiler. Desse milene er opparbeidd av medlemmane og brent som ei sosial hending som inkluderer heile bygda.
Tjæremila på Ala i 2012. Mila vart brent i regi av UL Freidig. Foto: Roald Renmælmo
Tapping av tjære i nedre Bardu i 2012. Foto: Roald Renmælmo
Tjæremila på Ala i nedre Bardu i 2012. Foto: Roald Renmælmo
Det har vore, og er framleis, tradisjonar i tjærebrenning i andre område i landsdelen. I 2007 var eg med og dokumenterte brenninga av ei tjæremile med Sverre Opdahl i Skoganvarre i Finnmark. Sverre brukte i stor grad nedfallsfuru som råstoff til mila men hadde også ein del større røter av særleg feit furu. Med på brenninga var Arne Graven frå Karasjok. Klikk på bileta for å vise dei større og med tekst. Bruk piltastane på tastaturet for å gå mellom bilete i visningsmodus.
Ein stubbe med god ved til tjærrabrenning. Denne er frå Målselv og er ikkje dei som Sverre Opdahl brukte. Slike gamle stubbar kan gjerne vere frå 50 -100 år gamle og all geiveden er råtna bort. Foto: Roald Renmælmo
Ein stubbe med god ved til tjærrabrenning. Denne er frå Målselv og er ikkje dei som Sverre Opdahl brukte. Foto: Roald Renmælmo
Sverre brukar kombinasjon av stammeved og røtter. Han er konsekvent på å berre bruke den feitaste alveden som er tung og metta av harpiks. Foto: Arne Graven
Hoggestabben og øksa som Sverre bruker til spiking av tjæreveden. Foto: Roald Renmælmo
Sverre Opdahl kløyver tjærraved til mila. Foto: Arne Graven
Sverre Opdahl hogger bort fausk, den råtne geitveden. Slik ved må ikkje kome med veden som skal inn i mila. Den vil trekke til seg tjære som så brenner opp. Foto: Arne Graven
Det er store mengder med ved som går med sjølv til ei relativt lita mile. Foto: Arne Graven
Tjæremila til Sverre sett forfra. Han har gravd ut for å lage forsenking for tappinga. Foto: Roald Renmælmo
Mila er ferdig lagt inn. Foto: Arne Graven
Tova ligger klar til pålegging ved sida av den ferdig ilagte mila. Sverre står klar i bakgrunnen. Foto: Roald Renmælmo
Tekkingstorva er hogd til og er lagt klar til bruk. Foto: Arne Graven
Sverre legger på den første rullen med torv. Foto: Roald Renmælmo
Sverre tenner på mila nederst. legg merke til at torva ligger klar i rullar på toppen så det skal gå raskt å rulle dei ned. Foto: Roald Renmælmo
Sverre har tent på mila langs foten. Det er omlag 50 cm mellom kvart punkt han har tent på. Foto: Roald Renmælmo
Sverre legger torv på sida av dei stadene som har tatt skikkeleg fyr. Han følger med at det begynnner å brenne under torvene. Foto: Roald Renmælmo
Det begynner å bli varmt nok på toppen men det skal helst flamme opp før det er klart for å legge på torv for å tette toppen. Foto: Roald Renmælmo
Det er god fyr i mila og alt er klart til tapping. Foto: Roald Renmælmo
Det begynner å kome tjære frå mila. Foto: Roald Renmælmo
Ein del av tova har brent opp og vi har lagt på litt torv på dei varmaste stadane. Foto: Roald Renmælmo
Sverre fekk omlag 200 liter tjære av denne mila som er rekna som ei lita mile etter gamal målestokk. Botn av mila har form som ei trakt der diameteren er ca 3,2 meter der ytterkanten av veden ligg. Senter ligg ca 1 meter djupare. Milebotn blir tekt med never og så ender traktforma i eit rør som samlar om tjærra. Når Sverre fyrer på veden rundt er det viktig å få jamn varme rundt heile og så dekke til med torv for å halde varmen inne og presse ut tjærra av veden. Det er harpiksen i veden som blir pressa ut og blir til tjære. Inger Marie Egenberg har arbeidd mykje med tjære og tjærebrenning og har skrive ein del om emnet for den som vil lese meir om dette. Rolf Bakkeslett har også dokumentert ei tjæremile som ble brent i Nordreisa i 1982.
Eg har tatt opp litt videofilm som viser sjølve brenninga av mila med Sverre Opdahl i 2007.
Eg har tilgang på tjære av ulike kvalitetar frå tjæremiler eg kjenner godt ved å sjølv ha vore med på brenninga. Slik sett har eg kontroll på råstoffet. Gjennom forsøk på 3 høvlar så langt har eg ikkje vorte overtydd om at tjære ikkje kan fungere. Overflate og farge kan likne på den som er på enkelte gamle høvlar. Det gjenstår å prøve ulike variantar av påføring av tjære på høvlane. Eg har berre prøvd rein tjære. Blanding av tjære, linolje og terpentin er ganske vanleg mellom dei som smør hytteveggane sine. Det gir meir inntrenging og lysare farge. Eg er ikkje sikker på at det er ønskeleg på høvlane? På den første skottbenken eg laga brukte eg ei slik blanding på krakkar og langbord. Det har fungert veldig bra.
For ferniss på høvlar er tynning med sprit også eit alternativ som kan prøvast. Eg trur ein viktig funksjon til fernissen er at den dannar ein film som både held overflata rein og bremsar fuktvandring og sørgjer for at høvelstokken vert meir stabil. Utfordringa med rein tjære er den lange tørketida. Også til bruk på stavkyrkjene er det viktig å få tjæra til å tørke og bli liggande utanpå materialen for å beskytte best mogleg. Arbeidet til Inger Marie Egenberg viser at kvaliteten på tjæra har avgjerande betydning for korleis den dannar film. At den er milebrent på tradisjonelt vis er avgjerande. Dei ulike tappingane i løpet av brenninga av mila har tjæra ulik kvalitet. Tidleg i brenninga kjem det tjære som lettare dannar film. Ved tradisjonell milebrenning er det mogleg å halde dei ulike fraksjonane skilde. Eg vil skaffe meg tjære av ulike fraksjonar for å samanlikne det på høvlane.
Reinsleden er bygd av Johan Beddari i Pasvik. Eg penslar på rein tjære på treverket som er bjørk. Foto: Siv HolminEg brukar ei bensinfyrt blåselampe for å brenne tjæren inn i veden. På denne måten vert overflata snarare tørr og kleber mindre. Arbeidsmåten har eg lært av sledemakaren Johan Beddari. Foto: Siv Holmin
Eit spørsmål som også kan vere greitt å stille er om snikkaren har sett inn høvlane med ei form for grunning med dei same dei var ferdige? Det er i alle fall slåande at fargen på mange av høvlane er tydeleg i fernissen og ikkje har trekt særleg inn i treverket. Limvatn (sterkt utvatna hornlim) er noko eg har prøvd på mine høvlar. Det mettar treverket der det er motved eller endeved. Då trekker ikkje treverket ulikt i riktig så stor grad. Eg tenkjer meg at snikkaren gjerne har laga høvlar etter behov. Då har han kanskje ville ta høvelen i bruk så snart han er ferdig. Mine erfaringar med å ta nylaga høvlar i bruk er at dei snart blir skitne. Særleg den lyse bjørka trekker til seg skitt og blir ikkje spesielt fin. Å smørje slike høvlar med ein farga ferniss av eitt eller anna slag fjernar ikkje denne misfarginga. Ved å smørje høvelen med limvatn blir overflata lettare å halde rein fram til han får ferniss.
Eg har tidlegare skrive litt om korleis vi kan sjå spor etter skottbenken i vårt naboland Sverige. Det har vore lite respons på bloggen i form av kommentarar frå svenskane. Ut frå besøksstatistikken på bloggen og ut frå e-postar frå våre svenske vener ser eg tydeleg at det er ting på gang også i Sverige. Frå tømraren Pierre Bosson i Småland har eg fått tilsendt nokre bilete av ein høvel som har tydeleg slektskap med ein skottokse sidan han har meiar som fungerer som djupne-stopp.
Høvelen til Pierre med målestokk. Profilen i sålen tyder på at dette er ein høvel til å høvle dekklister, eller locklister som Pierre skriv på svensk. Altså lister som ligg utanpå smale fuger mellom underborda. Det blir som ein variant av tømmermanskleding. Foto: Pierre BossonDekklisthøvelen frå sida. Høvelen ser ut til å ha vore utstyrt med handtak som på ein okshøvel. Foto: Pierre Bosson
Høvling av slike dekklister til eit hus var nok eit ganske stort arbeid. Det er nok derfor denne høvelen er utstyrt med hol for å sette inn handtak som på ein okshøvel. Høgda på meiane på høvelen er nok laga slik at dei bestemmer dimensjonen på lista. Når meiane når nedpå underlaget som emnet ligg på har lista riktig dimensjon? Høvelen fungerer nok på ein plan benk og er ikkje avhengig av skottbenk for å fungere. Likevel brukar høvelen same prinsippet som høvlane til skottbenken. Pierre skriv om høvelen: «Den kommer i från Gränna i Jönköpings län. Jag köpte ett parti av hyvlar och stämjärn efter en snickare som hade varit verksam fram till 1940 talet».
Karl-Magnus Melin, ein tømrar i Skåne, har sendt meg bilete av nokre høvlar som minner enda meir om skottbenkhøvlar. Desse høvlane er eg nokså sikker på er tilsvarande våre skottoksar og høyrer saman med skottbenk og retting av bordkantar. Han har fotografert høvlane i Småland i Sverige.
Okshøvel med påspikra lister til meier. Denne er veldig lik tilsvarande høvlar i Noreg. Foto: Karl-Magnus MelinNok ein okshøvel med påspikra lister for å fungere som skottokse. Denne har også ei ekstra list som gjer opninga i sålen smalare. Kanskje det kan vere til eit anna bruksområde enn skottbenk? Foto: Karl-Magnus Melin
Eg held fram med å undersøkje meir kring skottbenken og utbreiinga han har hatt i Sverige. Kom gjerne med innspel i form av kommentarar til denne posten.
Som dei føregåande postane dei siste dagane så er denne også om framgangsmåten for å lage golvplog med utgangspunkt i eit sett med originale plogar frå fyste halvdel av 1800-talet. Høvelen er funksjonell men handtaka skal formast til og kantane på høvelen skal rundast som på den gamle høvelen. Klikk på bileta for å opne dei i visningsmodus og få fram teksten som høyrer med.
Lengda på høvelen vart merka opp og vinkla rundt i samband med oppmerking av høvelstokken. Dette er forklart i den første posten om høvelmakinga. Den originale høvelen er støthøvla i endeveden men det er spor etter saga på eit par stader. Om det har vore ei bakksag eller ei grindsag er vanskeleg å seie. Eg sagar med ei bakksag. Foto: Roald Renmælmo
Rundinga av kantane har ei markert avslutning eit stykke ned på sida. Denne markeringa er gjort med ripmot frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Kantane er runda mot ein riss som er ein liten ¼» frå kanten. Eg stilte ripmoten på 5,5 mm og ripa tydeleg til kvar side. Foto: Roald Renmælmo
Med ein sletthøvel høvlar eg kanten. Først lagar eg ein fas på 45 grader som får ei flate på litt over 4 mm. Bredda på flata omlag like stor som summen av flatene som står att inn til rissen. Så rundar eg ut frå denne flata ut mot rissen. Foto: Roald Renmælmo
Eg stikk djupare med eit tappjarn der rundinga skal avsluttast i endane. Tappjarnet går i rissen som er merka på sida. Foto: Roald Renmælmo
På kantane i endane brukar eg eit stemjarn og stikk ut veden på same måte som med høvlinga. Foto: Roald Renmælmo
Her er det skore ein 45 grader fas ned til stoppmerket. Foto: Roald Renmælmo
Alle kantane mot endeveden er greiast å skjere til med eit kvast stemjarn. Foto: Roald Renmælmo
Når kantane er grovskore med stemjarnet kan ein runde overgangane med ei fil. Foto: Roald Renmælmo
Det er vanleg at høvlane i mitt område har ein slagknapp av jarn i bakkant. Desse kan vere smidd spesielt til dette eller det er ein kappa spikar med stort hovud. Eg brukar 4″ eller 5″ smidd spikar som eg kappar til omlag 1 ½» – 2″ lengd. Foto: Roald Renmælmo
Eg førborar for slagknappen. Foto: Roald Renmælmo
Eg slår inn slagknappen med hammar. Fordelen med ein slagknapp av jarn er at det er lettare å justere høveltanna med ein liten hammar og ein sparar slitasje på høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Mange gamle høvlar er stempla med bokstavane til han som har laga høvelen. Eg har laga meg eit lite stempel med mine bokstavar. Foto: Roald Renmælmo
Her stemplar eg 5 gongar i framkanten av høvelstokken slik det er gjort på den gamle høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Ferdig stempla høvelstokk. Foto: Roald Renmælmo
Å spikke slike handtak kan sikkert gjerast til eit lite spikkekurs. Eg vel å ikkje gå for langt inn i detaljane. Her har eg saga inn 3 mm til eit referansedjup og spikka meg inn mot dette. Foto: Roald Renmælmo
Eg har så runda endane av skafta mot ein spiss. Dette kan sikkert med fordel gjerast etter nokre malar som ein legg på emnet og merkar etter. Eg spikka på frihand etter nokre referansepunkt. Gode spikkeknivar som er skikkelig kvessa er nødvendig. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er runda på tilsvarande vis som høvelstokken. Eg merkar dette med passar. Foto: Roald Renmælmo
Eg spikkar rundinga på same måten. Først ein 45 grader fas og så rundar eg denne. Foto: Roald Renmælmo
Inni rundingane er det greitt å ha ein kniv med ein litt avlang spiss. Foto: Roald Renmælmo
Det er nødvendig og snu og spikke med veden. Å kjenne nokre sentrale spikkegrep før ein tar til med slikt arbeid er sikkert bra. Foto: Roald Renmælmo
Også her er det greitt å ta den siste rundinga med ei fil. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er ferdige og slått på plass. Høvelen står saman med nothøvelen som også er ferdig. Foto: Roald Renmælmo
Den ferdige høvelen saman med originalen. Den nye manglar overflatebehandling i ei eller anna form. Dette blir tatt opp i ein seinare post. Foto: Roald Renmælmo
No gjenstår overflatebehandling av høvelstokken før denne er ferdig. Då er det berre å slipe høvelstålet og prøvekjøre høvelen. Som regel blir det litt småjustering av kile og slikt i samband med prøvekjøringa. Det er også sentralt at dei pløgde borda passar nøyaktig saman. Det blir også ein del av prøvekjøringa, å sjå om det må til justering på høvlane.
Handtaka på okshøvlar kan festast på ulike måtar til stokken. Dette er eit kritisk punkt på høvlane og det er som regel handtaka som først blir øydelagde på slike høvlar. På høvelen eg kopierer er handtaka felt inn i eit gradspor i høvelstokken. Gradsporet er svakt konisk, det er ca 1 mm breiare i eine enden. Når handtaka er høvla tilsvarande konisk kan ein tre dei inn frå sida. På originalhøvelen er det spor etter at handtaka er gradhøvla før dei er forma til som handtak. Eg tolkar det som at dei er tilpassa til høvelstokken først og så forma til. Då kan dei ha litt ekstra lengd for å justerast når dei er ferdige. Biletserien verkar som dei førre, klikk på bilete du ynskjer å sjå og bruk piltastane for å gå mellom dei ulike bileta.
Eg startar med dimensjonerte emne som er 28 mm breie og 23 mm høge. Dei er så lange at dei ferdig stikk 3″ ut på kvar side, total lengd 226 mm ferdig. Dette er ut frå måla på handtaka på den originale høvelen. Eg høvlar graden med ein fast gradhøvel. Her brukar eg ei foring på landet for at ikkje gradsporet skal bli for djupt. Foto: Roald Renmælmo
Gradsporet er ferdig høvla på dei to emna. Det går frå null i eine enden og til det djupet som er på biletet. Foto: Roald Renmælmo
Eg stiller ripmoten inn etter bredda på gradhøvlinga på emna. Foto: Roald Renmælmo
Eg merkar djupne på gradsporet på dei stadene eg skal felle inn handtaka. Plasseringa på desse er tatt ut frå den originale høvelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg måler vinkelen på graden på handtaka med svaivinkel og låser vinkelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg fører over denne vinkelen på høvelstokken der eg skal felle inn handtaket. Eg vinklar på begge sider av stokken det som blir eine sida av hantaket. Foto: Roald Renmælmo
Eg plasserer handtaka oppå høvelstokken og sentrer dei og merkar av på handtaket der det treff kanten på høvelstokken på kvar side. Foto: Roald Renmælmo
Målet fører eg over på høveslstokken langs rissen etter ripmoten. Då har eg bredda på gradsporet slik at det passar med handtaket. Foto: Roald Renmælmo
Frå dette merket vinklar eg over med same vinkelmål som eg har stilt inn svaivinkelen på. Foto: Roald Renmælmo
Eg tar tilsvarande mål på andre sida. Foto: Roald Renmælmo
Her fører eg også over same mål med passar. Foto: Roald Renmælmo
Og vinklar over med svaivinkelen. Foto: Roald Renmælmo
Eg rissar over mellom streka på sidene for å ha betre styring på saga. Foto: Roald Renmælmo
Eg sagar med ei fintanna sag heilt i kanten på streken på kvar side + eit sagskår på midten. Foto: Roald Renmælmo
Eit smalt stemjarn høver godt for å skjere ut veden mellom sagskåra. Foto: Roald Renmælmo
Når ein har målt rett, merka rett og saga rett så skal det bli rett, men det er greitt å prøve. Når eg saga slik at streken stod att i kanten av sagskåret vart det passe trongt. Foto: Roald Renmælmo
Eg kan tre handtaket lett på inn men må slå med ein lett hammar den siste biten. Det skal vere så trongt at du også må slå det laus med hammaren. Ver forsiktig med å slå for hardt eller for mykje. Det kan kløyve ut veden i høvelstokken. Foto: Roald Renmælmo
Tilsvarande saging for det andre handtaket. Det er greitt å tilpasse eitt i gongen slik at du kan justere på det andre handtaket etter erfaringane med det første. Foto: Roald Renmælmo
Utskjering av gradspor for det andre handtaket. Foto: Roald Renmælmo
No er handtaka ferdig tilpassa. For høvling av kantar og slikt må dei av ein gong. Merk dei slik at du ikkje byter plass på dei når du set dei fast permanent. Foto: Roald Renmælmo
Ein høvel må ha ein kile som låser høveltanna godt og som ikkje stoppar høvelspona på tur opp gjennom sponrommet. Kilen må ligge plant mot høveltanna og passe godt i kilegangen. For å få til dette er det lurt å sjekke om høveltanna er rimeleg flat oppå. Om ho er det kan du høvle kilen plan på det som vert undersida og det gjer arbeidet mykje enklare. Elles må du kanskje justere kilen etter tanna. Det er også viktig at høveltanna er tilpassa godt til senga og ligg stødig. Er tanna ujamn så må du justere senga etter det. Er tanna for ujamn kan det løne seg å slipe eller file til tanna på undersida. Det er ikkje uvanleg å sjå spor etter slik filing på undersida av gamle høvelstål. Framsida av kilegangen må vere mest mogleg plan, ha same koning på begge sider og helst vere like stor på begge sider. Er den ikkje det må du kanskje justere kilen etter korleis det ser ut, eventuelt justere kilegangen. Billedserien viser framgangsmåten for å lage kilen til høvelen. Klikk på bileta for visningsmodus. Du kan bruke piltastane på tastaturet for å gå fram og tilbake.
For å få eit mål på kor stor kilen må vere så måler eg først bredda på kilegangen, her er det 49 mm. Så måler eg lengda på kilegangen frå sponåpninga og opp. Her er det ca 2 ½». Foto: Roald Renmælmo
Så måler eg i øverkant av kilegangen, vinkelrett på stålet kor tjukk kilen må vere. Her er det ca ⅝». Foto: Roald Renmælmo
Så måler eg kor tjukk kilen må vere for å fylle ut fram mot sponåpninga. Her var det 3/16″. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar til og dimensjonerer eit emne av bjørk til kile. I utgangspunktet høvlar eg det 50 mm bredt, ¾» tjukt og 5 ½» langt. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vert vinkla rundt i eine enden. Foto: Roald Renmælmo
Frå vinklinga set eg av lengdemålet frå kilegangen, 2 ½». Foto: Roald Renmælmo
På dette lengdemålet set eg av tjukna på kilen i starten av kilgangen. Her er det ⅝». Tilsvarande set eg av 3/16″ på punktet i enden der eg vinkla over. Foto: Roald Renmælmo
Eg legg alenstokken mellom punkta eg har merka opp og rissar. Same operasjon gjer eg også på andre sida. Foto: Roald Renmælmo
Emnet er ferdig merka. Foto: Roald Renmælmo
Ei skuvtennt (langvedtanning) grindsag er høveleg til å sage ut kilen. Eg sagar på overmål og høvlar til det siste. Foto: Roald Renmælmo
Det kan vere tungvindt å høvle til ein slik kile. Eg har laga meg til ein kloss som er 2 ½» tjukk og med ei tynn list limt på som høvelstopp i framkant. Foto: Roald Renmælmo
Eg høvlar ned til streken. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ferdig høvla konisk. Foto: Roald Renmælmo
For å prøve kilen må han høvlast til på bredda for å gå inn i kilegangen. Her er det viktig å ikkje høvle for mykje i den tynne enden. Her bør den fylle heilt ut i sidene. I den tjukke enden kan det godt vere litt romt. Foto: Roald Renmælmo
Kilen bør slutte jamnt til kilegangen på begge sider. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er sett i etter justering. Her er rissen for utmålinga kome akkurat ned til inngangen av kilegangen. Merkinga var med andre ord ganske presis. No merkar eg på for utsaging av åping for sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eg sagar ut på sidene for åpninga. Pass på å sett att litt material til skråen og justering. Ikkje sag heilt til streken etter kanten av sponrommet. Foto: Roald Renmælmo
Eit lite hoggjarn kan brukast til å grovhogge ut veden. Eg hogg litt lett frå begge sider for å ikkje få utflising. Foto: Roald Renmælmo
Kilen har grovhogd åpning for sponrommet. Eg har også skore ut for skruven i høvelstålet. Foto: Roald Renmælmo
For å ikkje lage ein bratt vegg som spona hektar seg fast i skjer eg framkanten skrå. Foto: Roald Renmælmo
Kilen på den originale høvelen eg kopierer har innvendig runding i framkant. Denne skjer eg ut med ein kvass kniv. Foto: Roald Renmælmo
Eg grovskjer sidene innvendig på armane på kilen. Her blir det justert seinare. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er grovskore. Foto: Roald Renmælmo
Sidene av sponrommet er utvida mot framkanten for å gi betre rom til spona. No justerer eg dei til ferdig form. Foto: Roald Renmælmo
Eg pussar også over framkanten av sponrommet etter at sidene er ferdige. Foto: Roald Renmælmo
Sponrom kan ha mange ulike utformingar og også fasing av kantane innvendig er det ulike måtar å skjere. På denne høvelen er det ganske rette fasar som er omlag 45 grader. Foto: Roald Renmælmo
Fasinga vert på same måten i framkant. Foto: Roald Renmælmo
I starten av kilgangen blir det ein skarp kant. Denne er vanleg å fase. Foto: Roald Renmælmo
Når sidene av sponrommet er ferdig merkar eg på armane på kilen for tilskjering av desse. Foto: Roald Renmælmo
Merka på armane på kilen. Foto: Roald Renmælmo
Siste finpussen av kilen og armane på kilen. Armane skal stoppe ørlite bak egga på høveltanna og så skjerast ut i spiss. Innvendig skal sida på armane vere litt skrå oppover for å føre spona oppover. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er ferdig. Legg merke til korleis armane er avslutta framme. Dei skal danne ein jamn overgang frå sida av kilegangen slik at høvelspona ikkje har nokon stader å hekte seg fast. Foto: Roald Renmælmo
Kilen er på plass i ferdig sponrom. Foto: Roald Renmælmo