Høvelmaking, hogging av sponrom

Golvplogen i den førre posten, Høvelmaking oppmerking, er klar til å hogge ut for sponrom og kilegang. Her tappar ein ut etter dei merka som er sett av utvendig på høvelstokken. Over og under har ein merke som ein styrar etter og må halde seg innanfor. Merka på sidene må ein sikte etter. Særleg kan det vere krevjande å halde retninga på den 45 graders vinkelen på senga til høveltanna. Her er det lett å kome for djupt og då kan det bli så alvorlege feil at ein må kassere emnet. Bilete og forklaringar til vidare arbeid kjem i ein seinare post. Klikk på miniatyrbileta for å få opp visningsmodus og bruk gjerne piltastane på tastaturet for å gå til neste bilete.

Høvelmaking, oppmerking

Ein del av arbeidet mitt med å studere snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet har vore å lage kopiar av dei originale høvlane i verktøykista etter Knut Larsen Høis (1799-1882). Målet med det er både å få fungerande kopiar som eg kan bruke i mitt arbeid med snikring og å få studert dei originale høvlane gjennom kopieringa. I arbeidet har eg funne spor på dei gamle høvlane, spor eg tolkar inn i samanheng med korleis høvelen kan vere laga. Det er slikt som spor etter ripmot og rissnål for merking. Det er i seg sjølv eit spor som tyder på at høvelstokken har vore ganske ferdig høvla til før ein merka opp for arbeidet. Ut frå slike spor har eg prøvd å finne fram til ein arbeidsmåte og verktøy til å lage høvlar slik eg tenkjer meg at det kan ha vore gjort.

Eg vil vise arbeidet med å lage ein kopi av ein golvplog frå verktøykista, ein golvplog spesielt til skottbenken. Posten viser merkinga av høvelstokken frå ferdig retta, vinkla og dimensjonert emne. Emnet av bjørk er 70 mm bredt, 58 mm høgt og 340 mm langt, 2 11/16″ x 2 ¼» x 13″ i norske tommar. Ferdig lengde blir ca 315 mm (12″) medan dei andre måla er ferdige mål og skal ikkje justerast. Det kjem seinare postar som visar resten av arbeidet med høvelen. Dette er ein relativt komplisert høvel å lage som sin første høvel. Eg har organisert arbeidet og bileta slik at heile denne første serien viser framgangsmåten slik det vil vere på dei fleste høveltypane. Det bør vere overførbart til andre høvlar. Biletserien er eit forsøk på å formidle arbeidsprosessen på ein slik måte at det skal vere mogleg å arbeide ut frå det. Prøv gjerne om det fungerer og gi meg gjerne tilbakemelding. Du kan kommentere enten i posten eller under kvart enkelt bilete. Klikk på  bileta for å vise store bilete med tekst.

Høvelmaking og golvplog

Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane i verktøykista til Knut Larsen Høis (1799-1882). Plogane har stemplet til hans svigerbror, Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) som truleg har laga dei og brukt dei før Knut overtok dei. Truleg har Jon Sørgård laga og brukt høvlane til høvling av golvborda i Bardu kyrkje i 1828. Høvlane har meiar på sida for å brukast i skottbenk og er fungerer slik at ein slepp å rette borda først med skottoksen. Foto: Roald Renmælmo

Høvling av not og fjør på golvbord er det mest vanlege arbeidet ein nyttar skottbenken til. Ein skottbenk utan fungerande golvplogar er derfor ikkje komplett. Eg har frå før nokre ulike sett med golvplogar og dei første laga eg for 12 år sida som kopi av høvlane til Konrad Stenvold. (Renmælmo, 2013) Desse er eit par, ein fjørhøvel og ein nothøvel, som passar i hop. Når eg skal høvle golvborda er det nødvendig å skye bein kantane av borda med skottoksen før eg høvlar not eller fjør. Dette gjer at det blir ein ekstra arbeidsoperasjon for kvar kant av golvbordet som skal høvlast. Golvplogane i verktøykista etter snikkaren Knut Larsen Høis (1799-1882) har  løyst dette problemet. Her er det i kvar av høvlane ei høveltann som er sett saman av to stål. Fjørhøvelen har ei brei tann med spalte og så ei lita tann i spalta som skyt bein kanten på fjøra. Nothøvelen har også ei brei tann med spalte som skyt kantane på sida av nota, og ei lita tann som stikk fram og høvlar botn på nota.

Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Nothøvelen med tann og kile tatt ut. Det vesle stålet som står i spalta kan skruvast laus for at ein lettare kan slipe ståla. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Foto: Roald Renmælmo
Sponromm og kilegang på fjørhøvelen. Det vesle stålet i spalta ligg på undersida og må fellast ned i senga. Her er det tappa ut for å gi stålet nødvendig rom.  Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med ei gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
Handtaka er festa til høvelstokken med eit gradspor som dei er tredd inn i frå sida. Sporet er ca 1 mm breiare i eine sida (over 70 mm lengde) for at handtaket kan slåast inn frå sida og sitte godt fast. Handtak og gradspor er merka med blyant for at dei ikkje skal bytast om. Ut frå det kan vi slutte at dei to handtaka er individuelt tilpassa. Handtaka har også vore limt med hornlim ein eller annan gong. Det treng ikkje å vere originalt. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
I ein tidlegare post har eg skrive om smiing av høvelståla til golvplogane. Desse ståla er ferdig tilpassa og klare til bruk. Her er nytt og gamalt stål ved sida av den originale høvelen og emne av bjørk til kopi. Vinkel, rissnål, alenstokk og ripmot er verktøyet som skal brukast til å merke opp emnet. Foto: Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto:  Roald Renmælmo
Den eine plogen er ferdig, nothøvelen. Han har fått stempel med mine bokstavar men har ikkje fått sin ferniss og er såleis ikkje heilt klar til bruk. Foto: Roald Renmælmo

Det er vesentleg at paret av golvplogar fungerer slik at golvborda passar saman. Derfor er det heilt sentralt å vere nøyaktig både i arbeidet med å slipe til ståla, og å hogge ut kilegang og seng så stålet ligg stabilt og stødig. Eg vil i ein seinare post gå gjennom arbeidsmåten som eg nyttar til fjørhøvelen som enda gjenstår å få ferdig.

Kjelder

Renmælmo, Roald. «Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken», artikkel i Kulturarvets hantverk, Jamtli forlag, 2013

Båtforma sletthøvlar i Noreg

Etter posten til Thor Aage om dei nylaga høvlane hans, og særleg den kisteforma pusshøvelen, har vi hatt både kommentarar på bloggen, og e-postveksling om utbreiinga av slike høvlar i Noreg. Det viser seg at dette er emne som godt kan løftast opp til ein større gjennomgang. I utgangspunktet er mange av sletthøvlane i Noreg laga som okshøvel, gjerne for to mann. Då kan stålet og høvelstokken vere bredt utan at det byr på problem. Derimot blir det verre med dei vanlege sletthøvlane om dei er for breie bak til at ein kan halde på ein god måte. I England har ein løyst det problemet ved å forme høvelstokken som ein båt der den er breiast der stålet går gjennom solen og smalast bak. I posten til Thor Aage kommenterte eg at slik form på høvlane ikkje er uvanleg i Hardanger. Jarle Hugstmyr har vist til tilsvarande form på høvlar både i Telemark og Buskerud. Jarle kallar forma for «båtforma» og eg vel å bruke det omgrepet. På engelsk snakkar ein om «coffin Smoother Plane», direkte omsett blir det «kisteforma pusshøvel». På norsk vil ordet «kiste» ha eit anna innhald enn det engelske coffin så båtforma høvel er nok betre.

Høvlane etter snikkaren  Carl Johnsen Svanajord (d. 1799) frå Kvitseid i Telemark. Tre av desse fire er båtforma. Foto: Jarle Hugstmyr
Høvlane etter snikkaren Carl Johnsen Svanajord (d. 1799) frå Kvitseid i Telemark. Tre av desse fire er båtforma. Carl var ein av dei store snikkarane i Telemark på slutten av 1700-talet og har etterlate seg ei rekke flotte høvlar. Ståla i mange av høvlane hans er engelske så kontakten med england var til stades på den tida. Foto: Jarle Hugstmyr
Også på Kongsberg er det båtforma høvlar. Denne er frå samlinga til bygningsvernsenteret på Kongsberg. Foto: Jarle Hugstmyr
Også på Kongsberg er det båtforma høvlar. Denne er frå samlinga til bygningsvernsenteret på Kongsberg. Foto: Jarle Hugstmyr
Frå venstre, høvel frå Valdres, frå Hardanger og frå Telemark. Alle har båtforma stokk. Høvlane er frå eiga samling. Foto: Roald Renmælmo
Frå venstre, høvel frå Valdres, frå Hardanger og frå Telemark. Alle har båtforma stokk. Høvlane er frå eiga samling. Foto: Roald Renmælmo
Høvelen er kjøpt på brukthandel i Telemark. Truleg er dette ein 1700-tals høvel. Stokken er 13" lang (34 cm), 63 mm brei på midten og 52 mm brei bak. Stålet har vore 1 ⅞" bredt. Stokken ser ut til å vere laga av lønn. Foto: Roald Renmælmo
Høvelen er kjøpt på brukthandel i Telemark. Truleg er dette ein 1700-tals høvel. Stokken er 13″ lang (34 cm), 63 mm brei på midten og 52 mm brei bak. Stålet har vore 1 ⅞» bredt. Stokken ser ut til å vere laga av lønn. Foto: Roald Renmælmo
Denne høvelen er kjøpt på brukthandelen på Voss og skal vere frå Granvin i Hardanger. Stokken er av ask og 10 ½" (27,7 cm) lang. Stokken er 68 mm brei på midten og 45 mm bak. Stålet har vore 1 ⅞" bredt, kanskje litt meir. Foto: Roald Renmælmo
Denne høvelen er kjøpt på brukthandelen på Voss og skal vere frå Granvin i Hardanger. Stokken er av ask og 10 ½» (27,7 cm) lang. Stokken er 68 mm brei på midten og 45 mm bak. Stålet har vore 1 ⅞» bredt, kanskje litt meir. Foto: Roald Renmælmo
Denne høvelen kjem truleg frå Valdres. Stokken er 10 ¼"  (26,8 cm) lang og truleg av ask. Stokken er 63 mm brei på midten og 58 mm bak. Stålet har vore 1 ⅞" bredt. Foto: Roald Renmælmo
Denne høvelen kjem truleg frå Valdres. Stokken er 10 ¼» (26,8 cm) lang og truleg av ask. Stokken er 63 mm brei på midten og 58 mm bak. Stålet har vore 1 ⅞» bredt. Foto: Roald Renmælmo

Dette er døme på høvlar med båtforma stokk. Det finnast sikkert fleire variantar av slike i andre område? Det er slåande at ståla er like under 2″ breie. Kanskje er det eit praktisk mål sidan høvelstokken elles vert for brei til å halde på ein god måte? Eller at høvelen blir for tung å bruke med breiare stål? Når det gjeld okshøvlar er dei som regel laga med utgangspunkt i eit stål som er 2 ¼» bredt eller meir. Dette er kanskje ein samanheng som vi kan sjå nærare på? Kom med innspel.

Fogbock, Sverige sitt svar på skottbenken

I heftet "Byggnadssnickaren på landet" av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.
I heftet «Byggnadssnickaren på landet» av J. M. Bong frå 1888 er det med nokre teikningar og forklarande tekst på Sverige sitt svar på skottbenken, fogbocken.

Det har etterkvart dukka opp mange norske skottbenkar som vi har fått gleda av å sjå her på bloggen. Ein del litteratur, både eldre og nyskrive har også kome til etterkvart. Det har derimot vore labert med innspel frå vårt naboland i aust, Sverige. Eg har difor sett meg nøydd til å sjølv legge fram litt av det som faktisk finnast av svensk litteratur som omhandlar skottbenken. I boka «Byggnadssnickaren på landet, en handledning vid innläggning av golf och paneler, förferdigande av trappor, fönster och dörrkarmar, olika slags dörrar, veranda m m, äfensom åtskilliga därtil behöfliga hyflar m fl verktyg.» (J. M. Bong, 1888) er det, som vi skulle vente, med eit avsnitt om skottbenken, eller «en mekanisk fogbock» som den blir kalla. Nedanfor gjengir eg teksten som Bong har skrive for å forklare bruken.

Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
Snitt av mekanisk fogbock frå boka til J. M. Bong.
En mekanisk fogbock

«För at lätta hopfogningen af bräder och plank kan man göra sig en fogbock, hvilken är af mycken nytta, särdeles för den som är ovan vid dylikt arbete. Fig. 1 visar en af de båda fotställningarna, sedd från änden, och fig. 2 fogbocken, sedd från sidan. Stolparna a a göras 1 aln 4 tum långa och 4 tum breda. De inntappas i ett understycke b, i den ställning fig. 1 utvisar. Hålen i detta understycke göras dock så stora att stolparne kunna skjutas ett stycke emot eller ifrån hvar andra. Sedan upphyflas ett par plankor c c, af 8-9 tums bredd samt minst en fots större längd än det virke, som skall fogstrykas (utriktas), och i dessa plankor inskäras ställningstolparne ½ tum djupt, ungefär 2 alnar från änden. Att stolparne i öfre änden skola inskäras och afsneddas så att plankorna bliva rätt uppstående, synes af fig 1. När detta är gjordt, fästas plankorna med grof spik och nu göres en skruf, d, med skrufmutter, e, så at fogbocken kan hopskrufvas samt af öfvad person riktas på öfre kanten. 

Anm, Det säger sig sjelft, att derest icke plankorna äro fullkomligt raka, kunna icke heller fogarne, som strykas, bliva det. 

Härefter fastskrufvas, på en vanlig oxhyfvel, en brädbit af ½ tums tjocklek på hvardera sidan om jernet. Sätter man nu in ett bräde i fogbocken, så att det står ¾ tum högre än plankorna, så måste man borthyfla ¼ tum, innan de å hyfveln anbragta listerna komma att hvila på kanterna af fogbockens plankor. Då hyfveln icke vidare kan skära några spånor, är brädet parallelt med kanterna af fogbockens plankor och följaktligen rakt, dernest plankorna blifvit ordentligt tillriktade. 

Det torde ligga i öppen dag, att denna fogbock är af stor nytta, synnerligast vid innredning af byggnader, innläggning af golf och paneler m. m., enär helt och hållet ovana personer i den kunna fogstryka bräder lika bra som gamla timmerarbetare. Man måste dock naturligtvis tillse, att fogbocksplankorna så väl å öfre som undre kanten väl sluta intill brädet; men skulle de icke göra detta, i fall något gröfre virke innsättes, så upphuggas endast hålen på fotstyckenas yttre sidor och kilar insättas i stället å de inre sidorna.» (J. M. Bong, 1888)

I teksten er det brukt alen og tommar, dette er dei eldre svenske verktum der ein slik er 24,74 mm, det er 24 tommar i ein alen. Bong gir ei inngåande forklaring på konstruksjonen og bruken av fogbocken. Forklaringa hans er så detaljert at det verkar som om han har ein del erfaring med bruken av slike, enten på eige hand, eller at han har fått ei grundig innføring i emnet.

I boka «Byggnadsarbetarminnen», ei samling av forteljingar av handverkarar som var yrkesaktive sist på 1800-talet og først på 1900-talet, er også nemninga riktbock med. «Vad som särskilt vackte min uppmärksamhet var att aldrig bönderna kanta plank och bräder vid sågen, det fick vi stå och kanta med yxa efter kritsnöre och sedan rikta i riktbock. «(Rehnberg, 1950) Her er det ikkje innlysande at høvlinga vart gjort med ein okshøvel med meiar slik som Bong beskreiv, men det er truleg. Andre av svara i denne boka beskriv ein langhøvel som er 1 ½ alen og som var brukt til slik retting. Då har dei ikkje skrive noko om ein særskilt riktbock eller innretning som var brukt til dette. Det er i så fall ikkje nødvendig med dei lange rettborda som fogbocken til Bong har.

I boka «Dalby i gamla tider», frå Karl L:son Bergkvists uppteckningar, er nemninga fogbängk med. «Fogbängk: två långa kantställda plankor på träbockar, mellan vilka plankan som skulle hyvlas ställdes på kant och en oxhyvel (oxhøvvel), på undersidan försedd med två tunna lister ute vid kanterna, drogs efter plankans kant tills listerna berörde stödplankorna. Den användes vid kanthyvling av golvplankor.» (Bergkvist, 1999) I boka er det lagt vekt på lokal uttale av orda og derfor er nemningane skrive i ei form som er nær uttala. Det er mykje som er veldig likt slik eg er vant til frå Norsk. Skrivemåten «fogbängk» kunne sikkert endrast til «fogbänk» for å gjere det litt lettare. Boka eit resultat av eit stort innsamlingsarbeid i tida 1948-1968 gjort av skogsarbeidaren Karl L:son Bergkvist.

Eg håpar vi får innspel frå våre svenske vener som sikkert har fleire kjelder og andre nemningar på skottbenken?

Kjelder

Bergkvist, Karl L:son, «Dalby i gamla tider», Kulturkoppra, Falun, 1999

Bong, J. M., «Byggnadssnickaren på landet», 1888.

Rehnberg, Mats, «Byggnadsarbetarminnen», Nordiska museet, 1950

Jointing bench or shooting bench as English translation of skottbenk?

This is a typical situation with a "skottbenk" used with at "skottokse" (the handplane) for shooting the edgde of a long board. Photo: Roald Renmælmo
This is a typical situation with a «skottbenk» used with at «skottokse» (the handplane) for shooting the edgde of a long board. Theese workbenches have been very common in Norway. There is also a system of special handplanes that are used with theese benches. To the left in the picture you can see a long bench that are used when you work the flat side of the boards. Photo: Roald Renmælmo

As a blogger I want to know my readers and get some feedback from them. Our readers have mostly been norwegian, swedish and danish as they understand the Norwegian language. The last few days there have been an encreasing number of readers from USA, Belgium, Canada, UK, Portugal and Germany. This might be coused by a post on the blog, A Woodworker`s Musings that led the readers to both this blog and a related blog, Høvelbenk. There was also some traffic from a internet forum for workbench questions. For us it is very interesting to know if there are similar workbenches as the «Skottbenk» in other countries. Please comment on this post if you have any information.

The Norwegian word «skottbenk» could translate to shooting bench as it works a similar way as a shooting board or a sticking board. It is used for jointing and squaring boards and planks, usually long boards. There are some patents of such benches at the United States Patent and Trademark Office, some of them are presented in an earlier post. One of theese benches are called a Joiners bench «with improvement for Jointing and Squaring boards and lumber».  We could also translate «skottbenk» to «jointing bench». There are also other terms in Norwegian to describe theese benches. The word «rettbenk» could translate to «straight bench». The word «strykebenk» are both used to describe a «skottbenk» but are also the name for the coopers long jointing plane.

The «skottbenk» are used to hold the board when you work the edge with some special handplanes with depth stops (named «meie» that means skid) on both sides. The top of the long straight bords on the «skottbenk» works as guides for theese depth stops. There are planes just for jointing and are named «skottokse», and there are plows for flooring or panels. I have seen this system of work in Norway, Sweden and Denmark. The patented bences from USA indicate that something similar are known there to? There is also a drawing made by Leonardo da Vinci that shows a similar workbench. The last one is so complicated that it has been called a «planing machine», but it works a similar way as a «skottbenk».  If you know something about similar benches in other countries, please comment on this post.

Høvelstål til golvplogar

Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir høvelstål til golvplogar. Her smir han til det vesle stålet som er tilpassa spalta i hovudstålet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelståla til ploghøvlane frå verktøykista til Høs-Knut er truleg smidd av ein lokal smed, anten i Østerdalen eller i Bardu. Det er ikkje smedstempel på dei. Dei to delane av stålet er smidd kvar for seg og tilpassa til kvarandre. Desse vert helde saman av ein skruve. Skruven er også smidd og truleg gjenga av smeden.

Mattias Helje smidde til emna til ståla. Eg grovslipte desse før herding. Mattias herda ståla og så gjorde eg finjustering av tilpasninga. Det vesle stålet i spalta må passe nøyaktig for å at det ikkje skal hekte seg høvelspon her. I tillegg må dei to ståla, til not og til fjør, passe nøyaktig saman for at golvborda skal gå i hop. Dette er eit presisjonsabeid som tar litt tid og krev skarpe filer og konsentrasjon. Det er nødvendig å gjere siste justering etter herding sidan stålet som regel endrar litt form under herdinga.

Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til den eine nothøvelen i kista til Høs-Knut. Ståla er laminerte, det vil seie at det er lagt stål på framsida av stålet og så er dette smisveisa saman. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
Å hogge ut ei nøyaktig spalte i hovudstålet er eit krevjande arbeid. Vi grovslipte denne før herding. Her ligg delane til ståla til ploghøvlane. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
For å få nøyaktig tilpassing av høvelståla merka eg opp og filte til forma. Grovfilinga før herding og nøyaktig finpuss etter herding. Herda stål er hardt å file så det gjer ein minst mogleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar. Dette er nok litt meir moderne enn på originalen men det gjer nytta. Foto: Roald Renmælmo
Mattias smidde emnet til skruve som eg fekk med meg heim til Målselv. Her gjenga eg opp emnet med ein gjengebakke som skjer gjengar på ¼» rundt emne. Dette er nok litt meir moderne verktøy enn det som var brukt på dei originale ståla. Foto: Roald Renmælmo

Golvplogar og golvbord

Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo
Golvplog til not. Denne er frå verktøyet i kista etter snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut. Foto: Roald Renmælmo

I Norsk Skottbenk Union har vi hatt eit klart fokus på sjølve skottbenken. Vi har på bloggen skrive litt om skottoksen som har ein nøkkelfunksjon i samband med bruken av skottbenken.  Dei skriftlege kjeldene som omtalar skottbenken har gjerne fokus på høvling av golvbord og at det er det viktigaste bruksområdet til skottbenken. Då er det snakk om golvbord med not og fjør det er snakk om. Vi snakkar om å pløye golvbord og til det brukar vi golvplogar. Slike golvplogar er som regel i par, ein for not og ein for fjør, som sikrar at borda skal passe i hop. Det er mange ulike variantar av golvplogar og eg har skrive litt om golvplogane til Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv i artikkelen, Handhøvling av golvbord, på jakt etter skottbenken, som ligg i litteraturoversikta på bloggen. Desse høvlane verkar saman med skottoksen og føreset at ein rettar bordkanten først med skottoksen og så pløyer anten not eller fjør.

Snikkaren Knut Larsen Høis, Høs-Knut (1799-1882), har etterlate seg ei kiste med verktøy som han og svigerbroen Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har laga og brukt. I kista er det fleire golvplogar og mellom desse eitt sett. Desse høvlane har ei høveltann som er sett saman av to delar slik at ein kan skyte beint og pløye i same operasjon. For meg verkar det å vere fornuftig sidan ein sparer eit verktøy og ein arbeidsoperasjon. Om ein skal høvle eit stort golv kan det utgjere ei stor innsparing av arbeid. Det føreset at høvelstålet og høvlinga fungerer bra under arbeidet.

Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. Foto: Roald Renmælmo
Til venstre er nothøvelen frå kista til Høs-Knut. Midt på biletet er høvelståla, til venstre det gamle og til høgre ein nysmidd kopi. Emnet ved sida av høvelen er til den nye høvelen som er under produksjon. På benken ligg verktøy til merking av emnet, rissnål, gjervinkel, alenstokk og ripmot. Foto: Roald Renmælmo

Eg har starta arbeidet med å lage kopiar av golvplogane i kista til Høs-Knut. Dette arbeidet starta med å besøke smeden Mattias Helje og smi kopiar av høvelståla saman med han. Mattias har smidd ein del ulike høvelstål til meg tidlegare og var også med på seminaret vi hadde i Trondheim i haust. Han har derfor eit godt grunnlag for å smi slikt. Likevel er er det komplisert å lage eit sett med ploghøvelstål av denne typen. Det krev eit tett samarbeid mellom snikkar og smed undervegs i arbeidet.

Skottbenk eller?

Ein av mine tidlegare studentar i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST sendte meg nokre bilete av det han lurte på kunne vere ein skottbenk. Lars, som studenten heiter, kom over desse bukkane eller benkane medan han var på eit oppdrag ute på Reins kloster i Rissa. Han driv eit foretak som heiter Syllstokken AS, der han og to andre tek på seg oppdrag med restaurering av bygningar.

Den eine av bukkane eg fekk bilete av. Denne kan likne veldig på ein skottbenk men med berre eitt veldig kort langbord. Foto: Lars Aasdøl
Den eine av bukkane eg fekk bilete av. Denne kan likne veldig på ein skottbenk men med berre eitt veldig kort langbord. Foto: Lars Aasdøl

Føtene, eller bukkane i denne innretninga kan minne om andre skottbenkar vi har skrive om på bloggen. Det er spesielt med berre eit langbord. Dette er heller ikkje rett i overkanten. Bukkane er montert med skruvane kvar sin veg. Eg lurer på om dette kan vere bukkane til ein skottbenk som har fått montert på ein planke for anna arbeid eller er montert for lagring. Mi erfaring med skottbenkar er at langborda gjer skottbenken vanskeleg å lagre, det tar  mykje plass. Langborda må justerast for kvar ny oppsetting av skottbenken. Det kan ha vore grunnen til at bukkane er lagra utan langborda?

Den andre bukken frå same stad. Denne kan ha vore ein del av ein skottbenk men har kanskje hatt eit anna bruksområde? Foto: Lars Aasdøl
Den andre bukken frå same stad. Denne kan ha vore ein del av ein skottbenk men har kanskje hatt eit anna bruksområde? Foto: Lars Aasdøl

Denne siste bukken har ei utsparing i den eine foten for noko som kan vere for langbord. Det er ikkje lett å sjå for seg at denne kan fungere med to langbord og eit bord som skal høvlast mellom desse. Det blir komplisert å halde fast under fast-spenning. Kan vi sjå for oss at det har vore til ein skottbenk med berre eit langbord eller eit laust rettbord/rei? Kanskje vi kan vere på sporet av ploggogn som vi tidlegare har skrive om? Ordet gogn er gjerne brukt som ei fellesnemning for innretningar som består av fleire delar og som er nyttig for å få gjort eit arbeid. Ordet kan nyttast i staden for ordet reiskap. Ein snakkar om gogn om t.d. ein vevstol. Såleis kan alle innretningar og reiskap brukt til pløying av bord få nemninga ploggogn knytt til seg. Nokre av svara i spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed er inne på at dei nytta bukkar som ein kunne feste bord på høgkant i. Desse var ikkje knytt til bruken av langbord, rettbord eller liknande som høvelen kunne styre etter for å høvle beint. Denne siste bukken kan vere døme på ein slik.

Sidan det er ein anna skottbenk lagra saman med denne siste bukken kan det vere naturleg å tenkje seg at desse kan ha noko med kvarandre å gjere? Mi erfaring med høvling av lange bord er at det er vanskeleg å få god klem på midten av skottbenken. Då brukar eg ei laus tvinge for å hjelpe til å støtte. Dette hindrar ikkje at det kan bli litt svikt på midten av benken. Då kan golvborda bli høvla litt smalare på midten. Om ein brukar ein laus bukk på midten så vil denne stø under langborda og motverke dette. Kanskje det er bruksområdet til denne lause bukken? Då har vi minst to ulike tolkingar av bruken av desse bukkane. Kom med forslag og innspel. Finnast det fleire slike rundt om i landet?

«Ellevbenken» og kjeldene

For ei tid sidan hadde vi ein post om skottbenken til Ellev Steinsli som var spesielt utvikla til snikring av dører. Vi var inne på at denne benken var inspirert av «Jarlebenken» men med nokre modifiseringar i form av ein lågare benk på sida og stramming med kilar. Systemet for fastspenning verka for meg å vere nytt? No viser det seg at Ellev ikkje var først med akkurat denne varianten, han har ikkje hevda det heller.  Knut Dalen i Røldal har  midt på 1930-talet teikna ein strykebenk som nyttar same prinsippet for fastspenning, kile og kontrakile på høgkant. Knut har med namnet strykebenk som er vanleg elles i Hordaland og sørover. Han har også med nemninga «benkebord», om desse har vi få døme på nemningar, men langbord er kjent frå tidlegare.

Strykebenken frå Røldal teikna av Knut Dalen. Teikninga er frå svar til spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed på 1930-talet
Strykebenken frå Røldal teikna av Knut Dalen. Teikninga er frå svar til spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed på 1930-talet