
Denne skottbenken dukka opp på ein auksjon i sommar og vart kjøpt av Kolbjørn Vegar Os som har gjort ei oppmåling av benken i ein eige post.

Skottbenk der ein nyttar kile for å spenne fast borda.
Denne skottbenken dukka opp på ein auksjon i sommar og vart kjøpt av Kolbjørn Vegar Os som har gjort ei oppmåling av benken i ein eige post.
På Ryfylkemuseet har eg oppdaga endå ein skottbenk. Den låg oppå slindrene på løa på Li som har vore museumsgard frå 2009. Riksantikvaren har vore på Li sidan 1936.
Skottbenken har langbord som er 3240 mm lange. Arbeidshøgda er på 830 mm. Dimensjon på langborda er 195 x 30 mm i gjennomsnitt. Det skal være kilar til stramming, men dei er ikkje å finne.
Me held på med restaureringa av løa i Viga, Hjelmeland, Rogaland. I den forbinding ynskte me å høvle kanten på golvborda for hand. Den gamle skottbenken vår (som såg ut som om den var nytta til sagekrakk) fekk nye langbord og me laga ein skottokse. Det er imponerande kor godt det går. Me skal og høvle kledningen når den tid kjem. Planlegg og å lage not- og pennhøvlar for skottbenk og…
Vår skottbenk er om lag 4300 mm lang og 800 mm høg.
På grunnlag av framifrå arbeid med å kartlegge lokale skottbenkar i Ryfylke og høvling av store mengder kledingsbord på skottbenk er Sven Hoftun teken opp som fullverdig medlem i Norsk Skottbenk Union. (kommentert av Roald)
Ola Tveiten (1881-1967) skreiv ein interessant og innholdsrik artikkel om hus og bygningsskikkar i Hosanger. artikkelen står i «Norveg» 1953. Her er eit utdrag frå denne. «Når det skulle pløgjast, dvs. byggjast med pløgt tømmer, vart tømmeret tillaga før byggjearbeidet tok til. Å laga til var å høvla, kantstyka og pløgja tømmeret, og det var oftast gjort i strykebenk. Det var mykje snarare å byggja med tillaga tømmer enn med hyvebygging.
Strykebenken var to tømmerstokkar som var strokne (hevleskotne) så beine og i vinkel som ein fekk dei. Dei var stilte opp i krykkjer som var sers tillaga til dette, og dei måtte vera sterke og godt fråseggjorne. I desse krykkjene vart dei to strokne stokkane sette med den strokne kanten opp jamhøge, og så langt i mellom at det var rom for ein tømmerstokk, og så han kunne kilast godt fast.
Til å stryka med hadde dei ein sers strykhøvel, ein høvel på skap som ein okshøvel, men større og med eit land på kvar sida. Stokken som skulle strykast, vart kilt fast og vart høvla så langt ned at lannet på høvelen tok ned på dei faste stokkane på benken, Etter betre benken og høvelen var, etter betre vart stokkane strokne. Etterpå vart dei så pløgde med tømmerplog og både stryking og pløgjing var tomanns arbeid, eit tungt slitarbeid. Golv- og panelingsbord var og strokne i strykebenk når dei hadde han oppe. Dei sette i benken og strauk 2 eller 3 bord om gongen etter så tjukke dei var.»
Nei jeg har ikke på noe tidspunkt hatt intensjoner om å revolusjonere skottbenken som den er og alltid har vert. Likevel har jeg fra første gang jeg så en skottbenk tenkt at om jeg skulle lage en slik så skulle den ikke være så tung som de modellene jeg har sett. Den skulle være enklere å transportere, men samtidig sterk nok til sitt bruk. Den kunne godt være slik at den kunne brukes til andre formål. Med dette i tankene gikk jeg i gang med å utvikle en prototype.
Bukken er laget av furu som er forsterket med eik på kritiske punkter. Selve klemma er laget av eik og platene i klemma er krysslimt (3 lag) eik. Foten er låst ved hjelp av en tapp med kile i midten. Med to slike bukker og løse langbord er det snart å sette opp en skottbenk der det trengs. Langbord kan en improvisere med 2″ x 8″ som er en vanlig dimensjon hos trelasthandleren.
Foto: frå Aage Hegge samlingen. Aage Peder Lund Hegge (1872-1940) var lensmann i Karasjok i åra 1900-1936 og tok ei mengd foto på sine reiser. Fotoet er skanna av De Samiske Samlinger i Karasjok. Hans namnebror og etterkomar Aage Hegge følgjer bloggen og har latt oss bruke biletet.
Eg vil oppmode alle som har gamle bilete av skottbenkar om at dei gjerne postar dei på bloggen. Ta kontakt for informasjon om korleis det gjerast. Pass på at du har kontroll på kven som har rettane på bileta så vi ikkje får problem i ettertid.
På museet i Karasjok i Finnmark, RDM-De Samiske Samlinger, er det både ein enkel byggearbeidsplass høvelbenk og ein gamal skottbenk. Skottbenken er av ein type som finnast mange stader rundt om i landet og som har fastspenning med kile.
Skottbenken har i dag berre eit fast langbord men har spor etter at det har vore eit laust langbord tidlegare. Eg har ikkje funnet registreringsnummer på benken men det kan finnast opplysningar om kor benken har vore brukt? Så langt er dette den nordlegaste og austlegaste skottbenken vi i Norsk Skottbenk union har sett.
Alle materialane som er brukt til skottbenken ser ut til å vere handsaga. Langbordet er berre høvla på den sida som vender opp og som blir flata som meiane på skottoksen skal ta nedpå. Langbordet er også toppskore på høgda og smalnar frå 8″ i rotenden til 7″ i toppenden. Likevel er det omlag same høgde frå overkant av spennborda og opp til overkant langbord ved begge bukkane.
Frå garden Kverndal i Målselv har eg fått denne skottbenken. Benken ser ut til å vore brukt over lengre tid og har vore gjennom modifisering og reparasjonar. Det kan sjå ut som det har vore skruvar til fastspenning av borda frå starten? Det er i alle fall bora hol som peikar i den retninga. Mi tolking er at benken har hatt eit system med kilar for å spenne fast borda men slike kilar er ikkje bevart saman med benken.
Langborda på skottbenken er 5,26 meter lange og dimensjonen er 45 x 193 mm. Høgda på føtene gjer benken 75 cm høg frå underkant av fot til overkanten på langborda. Langborda har også ein del spor som kan tyde på at det har vore høvla bord på flasken. I lengderetninga er det spor etter at det har vore skråband frå foten og opp i langborda.