Sensasjonsoppslag, sanseleg sjeldsynt sinnrik skottbenk – på Västagården i Lima i Sverige

Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Foto: Roald Renmælmo
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.

Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården

Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.

Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo

På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening  vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige.  Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.

Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.

Galleri av skottbenken på Västagården

Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.

Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.

Jarnklo

Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk

Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje

Strykebenk i Bruvik kyrkje på Osterøy

Det har vore ganske stille frå våre sympatisørar på Vestlandet når det gjeld å presentere nye eller gamle strykebenkar her på bloggen. Vi kan lese på andre bloggar at det er litt aktivitet sjølv om det ikkje når heilt fram til oss som følgjer spent med her på bloggen om det skal dukke opp noko snart. Enn så lenge har vi ikkje fått presentert ordentleg ein einaste gamal original benk frå Hordaland eller Sogn og Fjordane. No har det omsider kome inn tips frå Arne Høyland om ein strykebenk på Osterøy. Han skriv litt om det på sin eige blogg Byggjeskikk.

Bukk til strykebenk. Denne står  i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland
Bukk til strykebenk. Denne står i dag i Bruvik kyrkje på Osterøy. Foto: Arne Høyland

Bukken er ein type som minner mykje om dei vi finn i Trøndelag og på Nordmøre. Han har vore stramma med kile som blir slått gjennom ein spenntapp. Langborda har vore festa i ein fals på stavane slik som er vanleg. Truleg har dei vore festa med spikar eller skruvar. Arne foreslår at bukken har vore brukt i ein skottbenk som har vore brukt i samband bygging av kyrkja. Bruvik kyrkje vart bygd i 1867 av byggmeister Ole Vangberg. Ole finn vi som busett i Bergen i 1885 i følgje folketeljinga det året. Då er han registrert som byggmeister på adressa Wesenbergsmuget 4, gård nr. 23-7c. Han er då ført opp som fødd  i 1833 i Frosten pr. Trondhjem som fødestad og kona med Strinden Trondhjem som fødestad. Det kan kanskje forklare korfor denne bukken har så mykje felles med tilsvarande i områda rundt Trondheim? Det er ikkje godt å vite om benken har vore laga etter lokale tradisjonar, eller om det var byggmeisteren frå Trøndelag som stod for utforminga basert på sin tradisjon? Uansett er det i alle fall veldig artig at benken er teke vare på i kyrkja og at han mest truleg kan knytast til byggjearbeidet i 1867.

Det er no mogleg for medlemmar og sympatisørar å gjere nærare undersøkingar av både benken og kyrkja. Det er store sjansar for at det kan finnast material i kyrkja som har vore høvla på denne benken. Ole Vangberg var og byggmeister på ei rekkje kyrkjer på Vestlandet og ei oversikt over det finnast i Norsk kunsterleksikon som har eit eige oppslag om Vangberg. Kanskje kan det vere tilsvarande benkar i nokon av dei andre kyrkjene? Eg vil rette ei stor takk til Arne Høyland som tipsa om denne benken.

«Bruvik kirkested mot Hananipa» av Odd Roar Aalborg - Eige arbeid. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 no gjennom Wikimedia Commons - https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg#/media/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg
«Bruvik kirkested mot Hananipa» av Odd Roar Aalborg – Eige arbeid. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 no gjennom Wikimedia Commons – https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg#/media/File:Bruvik_kirkested_mot_Hananipa.jpg

Skottbenk fra Blikset Gård, Østre Toten

Den tredje av skottbenkane som er registrert av studentar i bygningsvern i Oppland fylke er ein eg har kjent til i mange år, men ikkje sett med eige auge før eg fekk desse bileta. Fyrste kurset eg hadde i høvling av golvbord og bruk av skottbenk var på Alm gård i 2003 i regi av Oppland Fylkeskommune. Då snikra vi nokre provisoriske skottbenkar for  høvle panel og golvbord til restaurering av den freda gamlestova på garden. Kurset og høvlinga gjekk bra, men eg hadde lite tid til å undersøke om det fans lokale skottbenkar. Etter eg var reist heim til Målselv vart det funnen ein skottbenk på nabogarden til Alm og eg vart informert om dette. Det har likevel ikkje høvd slik at eg har fått sjå benken, eller bilete av benken, før no. Hans Andreas H. Lien er ein av studentane som har valt registrering av skottbenk som ein av oppgåvene på studiet. Han har levert tekst, bilete og målsette skisser av skottbenken som vert presentert her.

Skottbenk frå Bikset gård på Østre Toten. Foto: Hans Andreas H. Lien
Skottbenk frå Blikset gård på Østre Toten. Foto: Hans Andreas H. Lien

Skottbenken befinner seg i dag på Fjeld gård. Grunnen til at den står der i dag var at Fjeld lånte den av Alm gård, som igjen lånte den av Blikset. Alle disse gårdene er innen gangavstand. Sist gang den ble brukt som skottbenk er uvisst. Den er i senere tid brukt som arbeidsbenk til å høvle profil på panelbord. Det ble da ikke brukt verktøy som er knyttet opp mot skottbenkarbeid.

Det har ikke vært mulig å finne ut noe mer om historien til skottbenken, da ingen visste noe særlig om den, bortsett fra at de hadde hørt at den var brukt til å høvle lange bord på. Alderen til skottbenken er heller ikke så lett å si noe om, den beste indikatoren er vel spikeren som er brukt. Det er den eldste typen klippte mustadspiker.

Skottbenken er 6,5 lang, har tre bein, og er kilestrammet. Fastbordet er spikret til beina, og har nok heller ikke vært løsnet for transport. Det er spikret på ett bord som går langsmed alle tre beina på motsatt side av arbeidssiden. Dette vil jeg tro at er for å gjøre benken stødigere. Både fast- og løsbordet hadde en avsmalning på bredden på litt over 1”. Ved enden av fastbordet er det tappet ut hull for en benkehake. Dette er antakelig gjort for å kunne legge bordemnet oppå fastbordet og løsbordet for å høvle flasken.

Det var ikke noe verktøy å finne til skottbenken bortsett fra benkehaken som fortsatt satt i.

Hans Andreas H. Lien

Det har vore fleire skottbenkar som har spor som kan tyde på at det kan ha vore ein jarnklo (benkehake) som har stått i eit hol i eine langbordet. Vi har då berre sett holet og ikkje hatt jarnkloa på plass. Både den siste og den førre skottbenken frå Ejvengrenda hadde slike hol som kan ha vore for ei jarnklo. Rettbenken frå Budalen hadde mange hol i langborda. Verdas lengste skottbenk på Skårvoll har også fleire hol i langborda, Thor Aage spekulerer på både benkehake (jarnklo) og kjellingfot. Det er sikkert også mange fleire benkar som har tilsvarande hol som kan ha samband med bruk av jarnklo og høvling på flasken. Vi har og eit bilete av eit arbeidslag i Finnmark som høvlar bord på flasken på skottbenken. Elles er skottbenken frå Blikset av utsjånad ikkje ulik fleire av skottbenkane som Sven Hoftun har skrive om frå Rogaland.

Nok ein skottbenk i Evjengrenda i Melhus

For nokre veker sidan la eg inn ein funksjon på bloggen for å ta i mot tips av lesarar som veit av gamle skottbenkar. Det gjekk ikkje mange dagane før eg fekk inn eit tips frå Oddbjørn Syrstad som hadde lese det eg skreiv om ein skottbenk i grenda hans, Evjengrenda ved Lundamo i Melhus. Oddbjørn skreiv at han og har ein skottbenk og lurte om om den var av interesse for oss. Sjølvsagt var det interessant, og i førre veke fekk eg høve til å undersøkje skottbenken saman med Thor Aage Heiberg og Ellev Steinsli. Oddbjørn har kjøpt garden Oppigard Evjen, busett seg der og overtok samstundes mykje av det som var på garden av verktøy og utstyr. Han har teke godt vare på Skottbenken han kunne syne fram til oss.

Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo
Oddbjørn Syrstad (tv) er eigar av denne flotte skottbenken. Thor Aage Heiberg (th) er ein av utsendingane til Norsk Skottbenk Union. Foto: Roald Renmælmo

Skottbenken er knapt 30″ høg og bukkane er festa til langborda med drevspon. Langborda og bukkane hadde merking omlag på same vis som den eine skottbenken på Skaun Bygdatun.  Det er to bukkar  som vert stramma med skruvar. Fotplata er kring 7″ brei og kring 29″ – 30″ lang. Skruvane er drygt 2″ i diameter. Det faste langbordet er skorda av med eit skråband som er spikra fast ned i fotplatene. Eg merka meg ikkje kor lang langborda var men trur det var kring 4,5 meter? Det kan vi få sjekka ut nærare. Langborda er knapt 1 ¾» tjukke og 5 ½» breie.

Skottbenken har stått på loftet i ei snikkarstue på garden. Rommet der den stod er bevart og har framleis høvelbenken og dreibenken ståande på plass. Her kan vi studere korleis høvelbenk og skottbenk har vore plassert i ein verkstad som har vore i bruk. Det er også ein del verktøy som kan knytast til skottbenken. I alle fall er 3 av høvlane på garden knytt til høvling av golvbord på skottbenk. I tillegg er det vanlege okshøvlar og sletthøvlar til flaskhøvlinga.

Dei siste som budde på Oppigard Evjen, før Oddbjørn overtok, var brørne Anders Evjen (1893-1966) og John Evjen (1906-1985). Faren deira heitte Lars Anderssen (1860-1937).  I folketeljinga for år 1900 står han oppført som gardbrukar, hustømmermann og snikkar. Yrkestitlane hustømmermann og snekker vart skrive «hustømmermd og snedker» som var den vanlege skrivemåten i folketeljingane for desse yrka. Det er tydeleg at Lars var ein som dreiv med byggjearbeid av ulike slag både innan snikring og tømring. Både høvelbenken og skottbenken ber preg av at det er ein, meir enn normalt, dyktig snikkar som har arbeidd dei og brukt dei. Også høvlane som høyrer til på garden ser ut til å ha vore laga av ein dyktig snikkar. Dette gjer det ekstra spennande å gjere vidare undersøkingar av både skottbenk, høvelbenkar og verktøy.

Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Dette er mannen som var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå  "Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend", Melhus kommune 1992.
Lars og Ingeborg Evjen i Oppigard Evjen. Lars (1860-1937) var oppført som snikkar og hustømmermann i folketeljinga i 1900. Foto frå «Busetnad og folkeliv i Horg. 4: Gard og Grend», Melhus kommune, 1992. Lars var son av Anders Larsen Sørtømme (1823-1898) frå Løvåsdalen under Valdum. Han var kjent for å bygge hestevandringar og var nok også ein flink snikkar.

Saman med skottbenken og spondungen på nabogarden vert dette ei veldig god kjelde til å forstå korleis skottbenken, verktøyet og verkstaden har fungert i den tida det var i bruk. Dette er slikt vi skal prøve å sjå nærare på, og dokumentere på ein god måte. Vi vil rette ei stor takk til Oddbjørn Syrstad som tipsa oss om skottbenken, tok i mot oss og viste oss skottbenk og verktøy. Med dette vil vi og oppmode andre som har  skottbenk eller interessant verktøy om å bruke tipsfunksjonen på bloggen og sende oss tips.

Skottbenken i «Lærebog i bygningskunsten»

Eg har gjort eit poeng av at skottbenken ikkje har kome med i faglitteraturen i snikkarfaget eller tømrarfaget. Det er mogleg det vert «sant» om eg repeterer det mange nok gongar og ikkje tar meg bryet med å sjekke med denne faglitteraturen? Om ein slår saman faglitteraturen i våre nordiske land så blir det fort ein del bøker som ein kan leite gjennom på søk etter skottbenken. Eg har gjort ein del tekstsøk i digitaliserte versjonar av nokre av desse bøkene. Så langt har eg ikkje fått treff på skottbenk, rettbenk eller strykebenk i dette materialet. Eg har då gått vidare og lest gjennom det som er skrive om golvbord. Sanneleg vart det ikkje napp på dette, og eg må moderere mine påstandar om at skottbenken er fråverande i faglitteraturen.

Theodor Broch gav ut «Lærebog i Bygningskunsten» i Christiania (Oslo) i 1848. Boka er gjerne halde fram som den første norske læreboka i husbygging. Broch var norsk og hadde militær utdanning frå Noreg, men han hadde offentlege stipend for å reise og studere militær byggekunst i Tyskland, Frankrike, Østerrike, Belgia og Nederland. Han baserte nok mykje av både tekstinnhald og illustrasjonar på utanlandsk faglitteratur. Det er tydeleg at øksene han har teikna er meir i tråd med tyske og danske økser enn med samtidige norske økser. Det er grunn til å vere kritisk til kor vidt boka representerer norske tradisjonar, eller om det er mykje påverknad frå utanlandsk faglitteratur? Likevel er boka ei tidleg og viktig kjelde som tar for seg mange nyttige detaljar som ikkje er med i nyare fagbøker.  Om bord og plankar skriv han:

«§410. Bord og Planker som ved Hjælp av Hövlen ere jevnede paa deres brede Sideflader, kalder man hövlede; er de hövlede paa de smale Kanter siges de at være strögne. Dette siste er nödvendigt ved Bord eller Planker, som lægges Side om Side, thi elles ville de aldrig slutte tæt til hinanden. Strygningen udføres sædvanlig paa Fugbænken (Fig. 65), paa hvilken Bordet eller Planken holdes opretstaaende mellom Aagerne ab og cd ved Kilerne m, m. Al Hövling sker först med en kort Hövel (Skrubhövlen), hvorved Bordene eller Plankerne kun blive grovt tiljevnede (skrubhövlede); siden fuldföres planeringen med en finere, lang Hövel (Slethövlen, Oxhövlen, Stryghövlen).» (Theodor Broch, «Lærebog i Bygningskunsten», 1848)

Skisse av Fugbænk frå "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Skisse av Fugbænk frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848. Skissa er med i ei eige bok som har med alle planer som det er henvist til i teksten i boka.

Illustrasjonen av Fugbænken i boka til Broch har litt til felles med benken som K. Gjesme i Lærdal har teikna. Også nokre av benkane som beskrive frå Sunnmøre kan ha fellestrekk med denne benken. I staden for lange bord som ein klemmer saman er det ein ås som kanten på bordet som skal høvlast ligg på. Korleis «stryghövlen» har sett ut er vanskeleg å seie sidan den ikkje er illustrert eller forklart nærare. Det kan vere ein lang høvel. Det er mogleg at Fugbænken til Broch fanns i fleire variantar, også med rettbord på sida slik som K. Gjesme har teikna? Slik han er forklart i tekst og skisse har ein ikkje noko form for rettbord som ein eventuell skottokse kan brukast saman med. Arbeidshøgda er 2 fot, ca 62,75 cm. For høvling av 8″ – 10″ breie bord så gir det ei høveleg arbeidshøgd samanlikna med det som er vanleg på andre typar skottbenkar.

Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord.
Vidare i teksten forklarar Broch om pløying av bord. frå «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.
Skisse 206 frå planverket til "Lærebog i Bygningskunsten" av Theodor Broch, 1848.
Figur 206 frå planverket til «Lærebog i Bygningskunsten» av Theodor Broch, 1848.

Skottbenk frå Ulsrud, Vestre Gausdal

Skottbenk frå garden Ulset i Vestre Gausdal i Gausdal kommune. Skottbenken står på garden som i dag er eigd av Gausdal Historielag. Foto: Jørn Ulven
Skottbenk frå garden Ulsrud i Vestre Gausdal. Skottbenken står på garden som i dag er eigd av Gausdal Historielag. Foto: Jørn Ulven

Den andre av skottbenkane som er registrert av studentar i samband med oppgåva eg har skrive om i ein tidlegare post er frå Gausdal kommune. Studenten Jørn Ulven, som til dagleg er handverkar på Maihaugen,  har fotografert og målt opp benken og tekst og bilete under er hans.

Skottbenken som står på gården Ulsrud i Auggedalen, vestre Gausdal i Gausdal kommune er trulig laga på gården og har stått der sida.

Gården Ulsrud i Vestre Gausdal er i dag eigd av Gausdal historielag. Foto: Jørn Ulven
Gården Ulsrud i Vestre Gausdal er i dag eigd av Gausdal historielag. Foto: Jørn Ulven

Ulsrud er en gård med lange tradisjoner og er nevnt i gårdsregister fra 1633, det er også funn fra eldre jernalder på gården. I dag står mye av gårdstunet som det var på 1800-tallet med bur fra tidlig 1700-tall som det eldste huset. Gården eies av Gausdal historielag som overtok i 2001 etter testament fra Anders Ulsrud, den brukes til arrangement og virker som museum. Gården besto av en del skog, ca. 700 da. og det har vært både oppgangssag og sirkelsag på gården.

Garden Ulsrud i Vestre Gausdal er i dag eigd av Gausdal historielag. Foto: Jørn Ulven
Garden Ulsrud i Vestre Gausdal der skottbenken høyrer heime og truleg har vore sidan han var laga. Foto: Jørn Ulven

Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank, den faste planken har 3 stolper mens den løse har bare 2. Benken har lengde på ca. 5 meter og høyde 0,8 meter. Materialene er høvlet og forseggjort, untatt bunnstokken som bare er barket. På bunnstokken er trulig tyngden viktigst. Det ligger en kile ved benken som trolig har vært brukt til å spenne fast borda.

Stolpene er kilt ned i bunnstokken, som er en rundstokk 6 ½” – 10” som er kantet under, og både felt inn og kilt i plankene. Foto: Jørn Ulven
Stolpene er kilt ned i bunnstokken, som er en rundstokk 6 ½” – 10” som er kantet under, og både felt inn og kilt i plankene. Foto: Jørn Ulven
Låsing
Stolper, planker og kile sett ovenfra. Foto: Jørn Ulven

Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Alt av treverk er i gran. Det midtre staget har knekt på kilesiden. Låsepinnene har fått hard håndtering.

Stolper
Plankene er spikret i stolpene med 3 klipte spiker. Legg merke til hodet på trenaglen som låser stolpen i bunnstokken. Benken har merker etter sirkelsag på planken. Både stolper og fastplanken har en høvlet profil i kanten. Foto: Jørn Ulven
Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm - 60mm x 210mm) på den andre. Foto: Jørn Ulven
Det midterste stolpeparet ser vi fremst i bildet. Her er har ikke løsplanken stolpe som står på tverrstaget. Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Stolpene spriker ca, 6 grader fra bunnstokken og opp. Kilene som er brukt for å låse løsplanken har nok vært kilt fra siden ettersom det er tydelige slitespor på planke og stolpe. Foto: Jørn Ulven
Det går en trenagle med diameter på 30 millimeter gjennom stolper og stokk i bunn. Naglen har hode på eine sida og låsepinne på andre. Foto: Jørn Ulven
Det går en trenagle med diameter på 30 millimeter gjennom stolpe og stokk i bunn. Naglen har hode (denne har kile) på eine sida og låsepinne på andre. Foto: Jørn Ulven
Fastplanken er 6” x 1 5/16”, mens løsplanken er på 6” x 5/4, løsplanken har stolper på 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til tverrstaget ( 1 ½”*2 3/8” ). Foto: Jørn Ulven
Fastplanken (til venstre) er 6” x 1 5/16”, mens løsplanken (til høyre) er på 6” x 5/4, løsplanken har stolper på 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til tverrstaget  som måler 1 ½” x 2 3/8”. Foto: Jørn Ulven

Registrert av Jørn Ulven, april 2015.

Oppmålingsskisse av skottbenken på Ulsrud. Skisse: Jørn Ulven
Oppmålingsskisse av skottbenken på Ulsrud. Skisse: Jørn Ulven

Skottbenk Ulsrud

Skottbenken er slåande lik benken frå Vedum i Fåberg i både mål, funksjon og måten den er laga på. Det er heller ikkje meir enn 2-3 mil mellom desse gardane så det er nok eit felles tradisjonsområde. Det kan finnast verktøy på garden som har vore brukt saman med skottbenken. Dette står att å undersøkje. Sidan skottbenken har vore på garden i lang tid og det er mange gamle hus på garden så er det store sjansar for å finne bord som har vore høvla på skottbenken. Det er også noko som står att å undersøke. Det er veldig bra å få eitt døme til på ein bevart skottbenk frå Oppland. Når skottbenken attpåtil er bevart på garden han har vore brukt må vi vere godt nøgd i første omgang.

Skottbenk frå Vedum, Fåberg

Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Jørn Ulven / Niels J. Røine
Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Niels J. Røine

Som dei første studentane til å presentere funn av skottbenk i Oppland har Jørn Ulven og Niels J. Røine samarbeidd om registrering av to skottbenkar. Den første av desse to er ein som er i samlinga til Maihaugen, Lillehammer museum. Under følgjer teksten frå Jørn og Niels.

SKOTTBENK FRA VEDUM, FÅBERG

Skottbenken står på Maihaugen, i vedskålen fra gården Vedum i Fåberg. Denne vedskålen står i dag på lagerplassen på Maihaugen og fungerer som eit brukshus for drifta. Det litt usikkert om benken fulgte med da bygningen ble demontert i 1975, men det er trolig. Gården, med gårdsnummer 124 og bruksnummer 1, ligger på sørsida av dalen der Gausa renner ut. Vedum er nevnt i ett diplom fra 1383. Gården hadde fiskerett i Lågen der lågåsilda var ei viktig inntektskilde. Det er ca. 2000 da. skog på gården.

Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Jørn Ulven / Niels J. Røine
Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Niels J. Røine

Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank. Plankene har 3 stolper hver pluss de 3 frittstående, benken har en grovt tillhogd bunnstokk (6 ¾” x 4 ¾”). Stolpene er kilt ned i bunnstokken og er både felt inn, og kilt inn i plankene, disse er låst med 2 stk 30 mm. trenagler som går gjennom bunnstokken (10 ½” lange) med hode og splint. Tverrstagene har hode på ene siden (noe ødelagt på 2) og kile ( 22mm x 50 – 65mm x 160 mm) på den andre. Alt av treverk er av gran. Stolpene ( 2”- 2 ¾” x 7” x 30 ¼”) er spikret sammen med planken med 3 klipte eller smidde spiker.

Fastplanken er 1 ¾” x 7 ¼” mens løsplanken er på 1 3/16” x 6 ¾”, løsplanken har stolper på 2” x 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til spenntappen på 1 ½” x 2 3/8”. Plankene har noe mer utskår enn der stolpene står og den ene er spunsa på halv ved siste 14”. Tverrstagene er 2 ¾” x 2″ (2 ¾) x 19”, disse sitter 16” opp fra gulvet, der er det 10 ¼” avstand på yttersida av stolpene. Bunnstokken har 2 føtter som er felt inn med kile, stokken har 3 fordypninger på oversiden jevnt med stolpeavstand.

Benken har lengde 5,29 m og høyde 0,8 meter. Det er en forholdsvis grovgjort benk, men er kraftig og solid. Den løse og den faste planken har spor som tyder på at de er handsaga.

Registert og fotogafert av Jørn Ulven og  Niels J. Røine, april 2015.

Oppmålingsskisse av skottbenken frå Vedum, Fåberg. Skisse: Jørn Ulven
Oppmålingsskisse av skottbenken frå Vedum, Fåberg. Skisse: Jørn Ulven

Dette er den fyrste skottbenken frå Oppland fylke som vi presenterer her på bloggen. Frå Fåberg har vi nemninga «Tell-benk» i svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling. På Maihaugen har nemninga «skjørbenk» vore brukt om denne benken. Det var ein tidlegare tilsett, Morten Sandvold, som er opphavet til nemninga på Maihaugen. I Setelarkivet i Norsk Ordbok finnast nemninga «skjerbenk» og er forklart som enten tilsvarande ein bandstol eller som den bevegelege delen av ein sagbenk på ei sirkelsag. Eg er usikker på om nemninga kan knytast til tradisjonen kring skottbenk, eller om ho har kome til i seinare tid og då lånt frå terminologien knytt til sirkelsager?

Skottbenken er av ein type som vi ikkje har sett så mykje til andre stader i Noreg. Frå Sverige finnast det døme på tilsvarande benkar i Halland og truleg også i andre område. Det er også andre benkar som har avstiving av bukkane i nedkant. Frå Røldal er det eit døme frå svarmaterialet på spørjelistene om snikkarhandverket.

Skottbenk som høgskulefag

Som lærar i bygningsvern på Høgskolen i Sør-Trøndelag underviser eg både dei studentane som studerer Teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim og ei gruppe med studentar som studerer bygningsvern, eit Etter- og Vidareutdanningstilbod (EVU) i Oppland fylke. Studentane i Oppland er erfarne tømrarar som har drive med restaureringsarbeid og har lyst til å utvikle seg som handverkarar. Innføring og øving i eldre handverksteknikkar er ein sentral del av utdanninga. Dette semesteret har dei hatt 4 samlingar på ei veke kvar gong. I tilknyting til kvar samling har dei også fått ei heimeoppgåve. Første samling i januar var ei innføring i det å lage sin eige høvel. Oppgåva etter samlinga var å lage ein høvel basert på lokale eldre høvlar frå studentane sine heimtrakter. Neste samling var ei innføring i å snikre vindauge for hand med tradisjonelle handverktøy. Då var var heimeoppgåva å lage eit vindauge basert på eit eldre handlaga vindauge. Den tredje samlinga var ei innføring i skjering av glas, kitting og måling av det vindauge dei hadde laga. I tillegg var det også ei innføring i handhøvling av profilert listverk og bruk av skottbenk. Då var sjølvsagt ei av dei valfrie oppgåvene å leite opp og registrere gamle skottbenkar i fylket.

Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Vindauga er snikra med handverktøy, i stor grad med sjølvlaga høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Oppgåvetekst:

Snikkaren som skal arbeide med handverktøy er avhengig av å ha ein god arbeidsbenk. Til dei fleste arbeidsoppgåvene er ulike variantar av høvelbenk mest praktisk. Når snikkaren skal høvle lange emne, slik som golvbord, er ikkje høvelbenken særleg egna. Då har det vore vanleg med ein spesiell benk som ein spenner opp borda i for høvling på kant. Som regel har denne benken hatt to lange bord eller plankar som som ein spenner fast emnet mellom for høvling. Skottbenk er ei vanleg nemning på slike benkar, men andre nemningar finnast. I Oppland fylke har eg kome over nokre kjelder som nemner skottbenken. Dette kan du lese om på bloggen til Norsk Skottbenk Union: 
https://skottbenk.wordpress.com/category/geografisk-plassering/noreg/oppland/

  1. Prøv om du kan finne ein gamal original skottbenk på dine heimtrakter, eller ein annan stad i fylket. Det kan vere at dei du spør, ikkje kjenner til nemninga skottbenk. Då kan bilete av slike benkar vere nyttige for å vise korleis benkane kan sjå ut.
  2. Dokumenter skottbenken ved hjelp av foto og målsett oppmålingsteikning. Få med relevante detaljar i samanføyingar, om nødvendig med detaljfoto og/eller skisser. Sjå denne sida for døme på oppmåling av skottbenk: https://skottbenk.wordpress.com/category/dokumentasjonsmetodikk/
  3. Skriv litt om skottbenken du har registrert. Kva kan du finne av opplysningar om bruken av den? Kor har du funne benken? (kommune og gard) Er det ei lokal nemning på benken, eller delar av benken? Kan du finne verktøy som er knytt til benken? 
  4. Materialet skal leverast inn med tanke på publisering på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo

Dei som har levert inn svar på denne oppgåva vil få dette lagt ut på bloggen etterkvart som eg får klargjort alt av bilete og tekst. I utgangspunktet har vi ikkje registreringar av gamle originale skottbenkar frå Oppland frå før. Studentane som har leita fram og registrert og dokumentert skottbenkar har såleis gjort eit viktig arbeid som gjer at vi får mykje meir kunnskap om skottbenken på Austlandet. Eg vel å gi att oppgåveteksten som inspirasjon til eventuelle andre som er interessert i å leite fram gamle skottbenkar og sende oss tips.

Vi har også hatt med skottbenken på ulike måtar i undervisning av studentane som tar bachelor i teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim. Sist hadde vi seminar i handhøvling av listverk på Sverresborg og då var sjølvsagt skottbenken sentral for fleire av gruppene. Vi har også hatt høvling av golvbord som eit av kursa i tverrfagleg kompetanse for dei studentane som ikkje er snikkarar. Dei av studentane i Trondheim som er snikkarar har sjølvsagt med skottbenken på ei rekke av samlingane.

Golvbord høvla på skottbenk, tidsbruk

Halvparten av golvet er lagt i rommet. Denne første halvparten er høvla av sirkelsaga bord. Foto: Roald Renmælmo
Halvparten av golvet er lagt i rommet. Denne første halvparten er høvla av sirkelsaga bord. Totalt er det 21 stk, bord som er 4 alen lange (251, 5 cm) og byggjer 4,33 meter i bredda. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive om høvling av golvbord, legging av handhøvla golv, eldtørking av material til golvbord, vértørka material til golvbord og snikring av golvplogar. For å ha eit golv å prøve ut høvlane og arbeidsmåten på har eg valt å høvle og legge eit golv i rommet eg etterkvart skal bruke til verkstad. Eg kunne lagt heillengte bord på ca 5,5 meter, men ville heller prøve ut korleis det er å arbeide med kortare bord og skøyte alle borda i flakskøyt slik det er vanleg med bord med rot og toppavsmaling. Eg har delt golvet i to lengder slik at borda i eine enden vert 4 alen lange og borda i andre enden litt over 5 alen lange. Eg har høvla ferdig og spikra den halvparten av golvborda med lengd på 4 alen. Desse borda er høvla frå 5/4″ sirkelsaga bord som er kanta med rot/topp avsmaling på saga. Borda er flaskhøvla med skrubbokse og slettokse og pløgd. Dei fleste borda har not/not og fjør/fjør og lagt annakvar med rot topp. Undervegs i legginga av borda vart det snudd nokre bord for å få tvilsame kvistar og slikt nærare veggen der det vert lite slitasje.

Golvborda er spikra med synleg smidd spikar. Spikaren er smidd av Mabäcker byggnadssmide i Dalsland i Sverige. Foto: Roald Renmælmo
Golvborda er spikra med synleg smidd spikar. Spikaren er smidd av Mabäcker byggnadssmide i Dalsland i Sverige. Det er ein spikar for kvar tilfarar på kvart bord. Foto: Roald Renmælmo
Tidsbruk

Eg har tidlegare vore med og høvla golvbord i ulike restaureringsprosjekt. Typisk er det nokre få golvbord som skal høvlast for å erstatte råteskadde bord. Der det har vore snakk om å høvle litt mengder av slike bord har eg vore kursleiar for grupper av handverkarar som skal lære og øve seg på slik golvbordhøvling. Det har lite for seg å rekne på tida ein nybyrjar brukar på å høvle golvbord, sidan mesteparten av tida går til å prøve seg fram og øve seg. Sjølv har eg etterkvart såpass med erfaring med høvling, spesielt pløying av bord, at eg ville freiste å måle tidsbruken på høvling og legging av golvet. Utgangspunktet for denne første halvparten av golvborda var sirkelsaga og grovkanta bord (rot/topp skorne).

Eg har ikkje kome over mykje informasjon om kor stor produksjon ein handverkar hadde på høvling og legging av golv. Frå Ulvik i Hardanger har eg kome over ei lita skildring:

«I gamal tid bordkledde dei ikkje husi, på jamnen. No vart det vis å bordkleda òg. Å leggja tolv bord på ei timra var ein manns dagsverk, sa dei. Det gjekk no heller røke å bordkle, for ein slapp pløma. Men golvi vart det meir og meir til dei dei plømde. Å høvla, pløma og leggja ned seks firealningsbord i eit golv rekna ein til eit dagsverk å vera. (Ulv.)» (Opedal 1982)

I Ulvik, som Opedal viser til, var det vanleg med liggande sulagd kleding. Kledningsborda vart kanta parallelle, eller med liten avsmalning, og retta med høvel. Å «pløme» er å pløye borda med not og fjør. Å høvle og legge 6 bord som er 4 alen lang vart altså rekna som eit dagsverk. Han skriv ikkje noko om bordtjukne, bordbreidde, korleis borda var kanta, korleis borda var saga eller korleis ein gjorde for å få borda til å byggje like høgt frå åsane. Alt dette spelar inn på kor mykje tid ein brukar på høvling og legging.

Endeveden av golvborda med pløyinga synleg. Foto: Roald Renmælmo
Endeveden av golvborda med pløyinga synleg. Foto: Roald Renmælmo

Eg har med utgangspunkt i teksten til Halldor Opedal valt å høvle 6 bord i gongen og leggje dei med det same. Eg har arbeidd aleine og har tatt tida på dei ulike arbeidsoperasjonane sjølv. Arbeidet har derfor vorte meir oppdelt enn om eg skulle arbeidd uforstyrra, berre med tanke på produksjonen. Eg har derfor valt å ta tida på dei ulike arbeidsoperasjonane for kvart bord og så summere dette.

1. gruppe med 6 bord

Borda har avsmalning frå rot til topp og det smalaste bordet var 19 cm bredt i toppen og det breiaste bordet 28,5 cm bredt i rota.  Gjennomsnittleg breidd på dei 6 borda var 22,6 cm. Eg har summert måla lengd og breidde på borda for å få eit tal på arealet som kvart bord dekkjer. Det er forskjell på arbeidsmengda på smale og breie bord. Den smalaste bordet var 0,4817 m2 og det breiaste bordet 0,7059 m2. Gjennomsnittleg areal på borda var 0,5889 m2. Totalt areal på dei 6 golvborda er 3,5334 m2. På arbeidet med høvling av borda har eg delt inn arbeidet etter kva høvel eg brukar til arbeidet, skrubbokse, slettokse, nothøvel og fjørhøvel.

Skottbenken og høvelbenken eg nytta til høvling av golvborda. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken og høvelbenken eg nytta til høvling av golvborda. På høvelbenken høvla eg med skrubbokse og slettokse. På skottbenken høvla eg med nothøvel og fjørhøvel. Eg har skrive om verktøyet som er brukt tidlegare. Foto: Roald Renmælmo

For å vise på ein oversiktleg måte korleis eg har rekna tid har eg stilt opp målingane i ein tabell med eit diagram som viser fordeling av tidsbruk for kvart bord. Annakvart bord har to fjører og annakvart bord har to noter slik det er vanleg på slike handhøvla golv. Difor vert det enten brukt nothøvel eller fjørhøvel på bordet.

Tabell og diagram over tidsbruken på høvling av dei fyrste 6 golvborda.
Tabell og diagram over tidsbruken på høvling av dei fyrste 6 golvborda. Borda var 4 alen lange, med litt overmål for reinkapping. Den grove kapplengda var på 2,6 meter og areal og slikt er rekna ut frå dette sidan det er denne lengda som vert høvla.

Summert tidsbruk for kvart bord er slik, bord 1 – 23 minutt, bord 2 – 41 minutt, bord 3 – 18 minutt, bord 4 – 18 minutt, bord 5 – 26 minutt og bord 6- 32 minutt. Total arbeidstid for høvlinga er 2 timar og 38 minutt. Ein skulle tru bord 6 som det breiaste ville krevje mest arbeid med høvlinga, men i staden var det bord 2 som utmerka seg i så måte. Her var det høvling med slettoksen som gjorde utslaget i arbeidstid. Dette var på grunn av at bordet både var vindt og krumma under tørkinga. Om borda er nokolunde flate før ein tar til med høvlinga så sparar ein veldig mykje tid. Kvaliteten på materialen er altså avgjerande for tidsbruken. For alle 6 borda er summert tidsbruk for skrubboksehøvling 22 minutt, for slettoksehøvling 52 minutt, totalt 1 time og 14 minutt på sletthøvlinga. For tre av borda er summert tidsbruk for nothøvling 36 minutt og for fjørhøvling 48 minutt, totalt 1 time og 24 minutt på pløyinga. I effektiv produksjonstid på høvlinga har eg brukt om lag 45 min/pr. m2 golvbord.

Måling av tidsbruken på dei ulike delane av høvlinga, viser at pløyinga tar meir tid enn flaskhøvlinga. Pløyinga tar om lag like mykje tid på kvart bord, uavhengig av breidde på bordet. Breie bord tar litt lengre tid å høvle på flasken enn smale bord, men byggjer samstundes meir i bredda på golvet. Om borda er høveleg flate verkar det å vere ein fordel at borda er breie for å få mest mogleg areal med golvbord i høve til arbeidstida. Også når det gjeld tidsbruken på legging av golvet er det, i tidsbruk, liten skilnad på å legge breie og smale bord.

For å halde borda på plass under spikring har eg fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Foto: Roald Renmælmo
For å halde borda på plass under spikring har eg fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Foto: Roald Renmælmo

Korleis eg arbeider med legging og spikring av golvborda har eg skrive om i: Legging av handhøvla golv. Her har eg ikkje delt opp arbeidet i ulike undergrupper og tatt tida på dette. Eg har prøvd å arbeide løpande med dei 6 borda som eg har lagt i kvar omgang. Total tidsbruk på legging av dei fyrste 6 borda var i overkant av 3 timar i effektiv arbeidstid. Her brukte eg også litt tid på fotografering av arbeidet undervegs så arbeidet vart ikkje gjort heilt utan avbrekk. Det er ganske tydeleg at arbeidet med å legge og spikre borda tar lengre tid enn arbeidet med høvlinga. Med utgangspunkt i den materialen eg har arbeidd med er det overkommeleg å høvle og leggje 6 stk, 4 alen lange golvbord. Ein må likevel arbeide fokusert og jamnt for å ha ein slik produksjon. Med tidsmåling og fotografering av arbeidet ville det blitt ein veldig lang dag, eller to dagar, før eg fekk fullført arbeidet.

Golvhake

Under mitt siste besøk hos smeden Mattias Helje fekk eg han til å smi nokre kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i. Slike hakar finnast beskrive i ulike kjelder, men er ikkje så vanlege å finne. (eks. Bong 1906) Min har eg fått tak på ein brukthandel på Fauske i Salten, men eg kan ikkje seie noko sikkert om proveniens. Den originale haken er smidd av fleire mindre bitar som er smisveisa saman. Utgangspunktet for det var truleg at ein ikkje hadde store nok emne, eller at dei ville utnytte små bitar dei hadde liggande i smia? Vi valde å smi den av eit heilt emne sidan det ikkje burde vere gode grunnar noko anna.

Mattias har fleire smier som er innreidd på forskjellig vis. Dette er den nyaste og det er nok her han arbeider til vanleg. Foto: Roald Renmælmo
Mattias har fleire smier som er innreidd på forskjellig vis. Dette er den nyaste og det er  her han arbeider til vanleg. Her vart det meste av arbeidet med golvhakane gjort.  Foto: Roald Renmælmo
Utgangsemnet var eit rundt jarn som vart bøyd til ein skarp 90 graders knekk. Foto: Roald Renmælmo
Utgangsemnet var eit rundt jarn som vart bøyd til ein skarp 90 graders knekk. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vart så smidd ut til ferdig fasong. Foto: Roald Renmælmo
Emnet vart så smidd ut til ferdig fasong. Foto: Roald Renmælmo

Den eldste smia til Mattias er truleg tømra i fyrste halvdel av 1800-talet og er innreidd i tråd med korleis smiene var på denne tida. Avl, belg, smiste og verktøy er av gamle typar. Vi avslutta arbeidet med å smi golvhakane i denne smia for å sjå korleis belg og avl fungerer i gamalsmia. Eg tok opp nokre filmsnuttar som viser arbeidet i smia. Eg har sett dette saman til ein liten film som fangar opp litt av stemninga i ei slik smie.

Kjelder:

Bong, J. M. (1906). Byggnadssnickaren på landet, En handlegdning vid innlägging af golf och paneler, förfärdiande av trappor, fönster och dörrkarmar, olika slags dörrar, veranda m m, äfvensom åtskilliga därtilø behöfliga hyflar m fl verktyg. Norrköping: Johan Jönsons Boktryckkriactiebolag.

Opedal, Halldor. (1982). Gamle handverk i Hardanger : smedar, snikkarar, skomakarar, skreddarar : folkeminne.

Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, gjennomgang og drøfting

Svarmaterialet frå spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling viser seg å vere ei god kjelde for å undersøkje utbreiing og bruk av skottbenken i Noreg. Det har kome fram gjennom dei 4 tidlegare postane som har presentert svarmaterialet, del 1, del 2, del 3 og del 4. Spørjelista vart sendt ut i 1934 og dei fleste svara kom nok inn same år sjølv om få av dei er datert. Målet med spørjelista var å få fram dei nemningane som var vanlege i snikkarhandverket på bygdene. I innleiinga til spørsmåla kan vi lese:

«Med handverk meiner me her i denne spursmålslista det yrket som snikkarane utover på bygdene driv eller dreiv. For kvar landslut var – og er enno mange stader – bygdesnikkaren sitt område bunde til ei mengd faste, nedervde former av bruksting og husbunad, snikring av fast inventar i stovene o.s.b. Det er nemningane åt dette handverket me vil ha fram, eit handverk som i mange måtar kann gripa over på bygningssnikkaren sitt umråde, men som ikkje har større å gjera med finare møbelsnikring, bysnikring. Sjølvsagt har no mange bysnikaruttrykk vunne inn på bygdene, og me vilde då gjerne ha greie på um det t. d. lever ei gamal nemning og ei nymotens side um side for same tingen, um den nye nemningi har trengt den gamle burt og i tilfelle når, kva namn som no kjennest innførde. Det var også bra um alle namn og nemningar kunde skrivast så likt uttalen på staden som mogeleg.» (Frå Nemndi til gransking av norsk nemningsbruk, 2. Snikkarhandverket, 1934)

Innleiinga går inn på at språket er i endring og at nemningar i snikkarhandverket på bygdene vert påverka av «bysnikring». Truleg meiner ein med «bysnikring» det formelle møbelsnikkarfaget der ein hadde formalisert utdanning og prøve i form av sveineprøve. Fleire av svara på spørjelista  er også inne på at ein kunne sjå endringar i arbeidsmåte og nemningar på grunn av snikkarkursa som mange hadde delteke på. Snikkarkurs var det mange av rundt om i Noreg i fyrste halvdel av 1900-talet og ei viss einsretting av arbeidsmåtar og nemningsbruk i snikkarhandverket var nok eitt av resultata. I spørjelista spør ein spesielt etter om det finnast ei gamal nemning som har vorte trengt burt av ei «nymotens» og i tilfelle når?

Det er ikkje spurt etter alder og bakgrunn til dei som svarar på spørjelista. Ein del av dei som har svart skriv at dei ikkje kjenner snikkarhandverket godt nok og ein del er nok for unge til å kjenne dei eventuelle eldre nemningane. Det er likevel nokre av dei som svarar som skriv når dei er fødd/kor gamle dei er og at dei er snikkarar. Fleire av desse er fødde kring 1850 og har vore snikarar heile livet. Nokre av svara representerer altså inngåande kjennskap til snikkarhandverket og har solid rotfeste i den lokale handverkstradisjonen. På denne tida var det truleg eit fåtal av snikkarane på bygdene som hadde formalisert utdanning i faget. Det vanlege var nok å lære faget gjennom å arbeide saman med andre handverkarar med meir erfaring.

Geografisk fordeling

Vi kunne sjå for oss at det var stor variasjon frå bygdelag til bygdelag, både når det gjeld nemningar, og når det gjeld arbeidsmåtar. Særleg når ein tenkjer på topografien i Noreg og dei store avstandane. Det er meir enn 200 mil mellom nordlegaste og sørlegaste stad vi har svar frå i spørjelista. Å kartlegge ein slik variasjon er noko av det som var formålet med å sende ut spørjelista til alle delar av landet. Ein ville kartlegge regional utbreiing av nemningane og gjerne påvise ulike «kulturgrenser» mellom språklege fenomen.

Svara på spørjelista er ordna i mapper, ei for kvart fylke, slik det ligg i arkivet på Norsk Folkeminnesamling. Eg har også handsama svarmaterialet i høve til denne ordninga. Slik har eg også presentert sitata om skottbenken i dei fire bloggpostane som presentere heile råmaterialet. Del 1, Del 2, Del 3 og Del 4. Frå Oslo var det ingen svar. Frå Finnmark var det berre eitt og frå Vestfold var det berre to svar. Elles er fordelinga høveleg jamn med fylka Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane som alle har 15 eller fleire svar. Totalt for heile landet er det 168 svar på spørjelista.

Diagram som viser total mengde svar på spørjelista frå kvart fylke. Oslo er ikkje med i oversikta sidan det ikkje var svar frå dette fylket.
Diagram som viser geografisk fordeling av total mengde svar på spørjelista om Snikkarhandverket frå kvart fylke. Oslo er ikkje med i oversikta sidan det ikkje var svar frå dette fylket.

Når eg så systematiserer svarmaterialet frå heile landet så er det slåande at heile 54 av 168 svar har med skottbenken. Det veldig nær ⅓ av svara! Av desse er det heile 52 som har med nemning på benken. To av svara forklarar ei innretning som eg tolkar som skottbenk utan at dei har namn på det. Når vi ser på fordelinga av svara som har med noko om skottbenken så er det slåande at Hordaland har få svar som har med noko om skottbenken. Finnmark, Akershus og Buskerud har ingen svar med skottbenk og er derfor ikkje med i oversikta under.

Diagram som viser fylkesvis fordeling av svar som har med namn og/eller forklaring på skottbenk.
Diagram som viser fylkesvis fordeling av svar som har med namn og/eller forklaring på skottbenk.

Når vi reknar prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken så har både Vestfold, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag over 50% av svara som har med skottbenken.

Diagram som viser kor mange prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken i svaret.
Diagram som viser kor mange prosent av svara frå kvart fylke som har med skottbenken i svaret.

Vi må hugse på at det ikkje var spurt særleg etter skottbenken eller benkar med den funksjonen som skottbenken har. Heile spørsmålet om høvelbenken er gjeve att i den fyrste av dei fire postane som listar opp dei ulike svara. «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» og «Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» er dei to formuleringane som har framprovosert dei svara som har med skottbenken. Om det har vore spurt spesielt etter skottbenken trur eg svarprosenten har vore mykje høgre. Vi kan i alle fall slutte av svara at skottbenken var godt kjend og utbreidd over det meste av landet i 1934.

Dei ulike nemningane

Sjølv har eg fyrst vorte kjend med nemninga skottbenk og den skrivemåten. Bakgrunnen min i denne samanhengen har eg skrive litt om i artikkelen, «Handhøvling av golvbord – på jakt etter skottbenken». Det var ikkje lenge etter vi starta bloggen til Norsk Skottbenk Union før det kom fram at det fans fleire nemningar på benken vår. Strykebenk og rettbenk er dei som har stor nok utbreiing til at vi har tatt dei med i overskrifta på bloggen. Kva kan vi då lese ut av svara om kor vanlege dei ulike nemningane er? Både nemninga skottbenk og nemninga strykebenk har mange variantar av skrivemåte. Det skuldast både at det i innleiinga til spørjelista er forklart at ein skal skrive nemningane så nær opp til uttalen som mogleg, og at nemninga skottbenk ikkje er vanleg å sjå i skrift. Truleg hadde ikkje nemninga vore på trykk nokon stad i 1934 då ein sende ut spørjelista?

I ordlista til Ivar Aasen frå 1873 har han ikkje med skotbenk eller skottbenk, men han har med «skothyvel» som er forklart slik: «Langhøvel, hvorpaa man kanter Fjele eller Staver; s. skjota» som svarar til det eg kjenner som «strykbenk», ein lang høvel som står på eit stativ med sålen opp. Eg har såleis ikkje klart å spore opp døme på skottbenk eller tilsvarande arbeidsbenk som har vore med i skrift før den er med i «Lappisk ordbok grunnet på dialektene i Polmak, Karasjok og Kautokeino», Konrad Nielsen, 1938. Då er skrivemåten i den norske forklaringa «skottbenk». Skottbenken var altså på trykk på samisk først. Det var altså ikkje ei etablert rettskriving for skottbenk på den tida spørjelista vart sendt ut. For å forenkle oversikta over dei ulike nemningane har eg sortert alle ulike skrivemåtar i normaliserte skrivemåtar som skottbenk, strykebenk, rettbenk og pløybenk.

Diagram som viser fordelinga av nemningar på  benken vår. Skrivemåten er normalisert for å ordne orda i hovudgrupper.
Diagram som viser fordelinga av nemningar på benken vår. Skrivemåten er normalisert for å ordne orda i hovudgrupper.

Det er 31 stk som har svart skottbenk med ein eller annan variant av skrivemåten. Det er 10 som har svart strykebenk i ein versjon av skrivemåten. 3 har svart rettbenk. 2 har svart pløybenk, 2 har svart feibænk/føybænk. Dei andre svara, oksebenk, plankekrakk, tell-benk og kjerringa, er det berre eitt av kvar. Eg har ordna dette prosentvis i diagrammet under.

Diagram som viser prosentvis fordeling av nemningane på skottbenken i svarmaterialet.
Diagram som viser prosentvis fordeling av nemningane på skottbenken i svarmaterialet.

Skottbenk er utan tvil den vanlegaste nemninga og er med i 60% av svara som har med nemning. Ein kan sjølvsagt drøfte om rettskrivinga skal vere skottbenk, skotbenk eller skøttbenk sidan desse tre formene er vanlege alle tre. Strykebenk er også ei utbreidd nemning som er med i 19% av svara.

Dei vanlegaste nemningane fordelt fylkesvis

Dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, strykebenk og rettbenk, er så mange at vi kan sjå på korleis dei fordeler seg geografisk på fylkesnivå. Eg har sett opp tre diagram, eitt for kvar nemning, som viser den geografiske fordelinga.

Diagram som viser fordelinga av dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, rettbenk og strykebenk på fylkesnivå.
Diagram som viser fordelinga av dei tre vanlegaste nemningane, skottbenk, rettbenk og strykebenk på fylkesnivå.

Det er nokre mønster som vi kan sjå av dette. Nemninga rettbenk finnast både i Sør-Trøndelag og Hordaland. Strykebenk er i kystfylka frå Sogn og Fjordane og sørover, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Østfold. Feibenk finn vi i Vestfold og Østfold. Pløybenk finn vi berre i Hedmark, i kommunane Løten og Elverum. Skottbenk er ganske jamnt fordelt over heile landet men ikkje Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Vestfold og Østfold. Dette stemmer også bra med det som har kome fram i ulike postar her på bloggen tidlegare. Rettbenk har vi døme på frå Budal i Sør-Trøndelag som Terje Planke har skrive om. Strykebenk har vi fleire døme på frå Suldal i Rogaland som Sven Hoftun har skrive om. Svara på spørjelista stadfester eit mønster som vi alt har lagt merke til gjennom arbeidet vårt med kartlegging av skottbenkar og andre relevante kjelder som kan gi oss informasjon om skottbenken.

Alle svara eg har sitert i dei bloggpostane eg har skrive om svarmaterialet er merka med kategoriar for kommune. Om du ser i margen til høgre, øvst på sida på bloggen, så er det ei rute som er merka: «Oversikt over geografi og tema». Der kan du gå rett inn på kommune, fylke eller land i geografisk ordning. Då får du fram alle bloggpostar som er merka med den aktuelle kategorien. Om du slår opp på Gran kommune i Oppland får du i dag opp 4 bloggpostar som har kjelder frå kommunen. Når du så les gjennom desse postane kan du kome ned på enda meir detaljert nivå, på den enkelte gard og enkelte handverkar. Eg håpar dette materialet vil bli nyttig for vidare kartlegging av skottbenkar rundt om i Noreg. Med denne gjennomgangen er det berre nemningane eg har tatt for meg. Tilsvarande gjennomgang av utforming av skottbenken og forklaringane av bruken kan og bli aktuelt seinare. Kom gjerne med forslag til vidare undersøkingar og systematisering av svarmaterialet.