Thor-Aage Heiberg, ein av våre faste bidragsytarar, har som student i Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim skrive ein rapport om snikring av skottbenk. Rapporten har tittelen, Produksjon av ny skottbenk «Jarlebenken» og kan lastast ned på frå lenke på sida på bloggen vår med oversikt over litteratur. Litteratur om skottbenk. Rapporten dokumenterer arbeidsprosessen og kan også fungere som instruksjon (kokebok) for dei som vil bygge sin eigen skottbenk. Prinsippa for snikring av dei ulike typane av skottbenk har nok såpass mykje til felles at rapporten til Thor-Aage kan nyttast om ein skal bygge andre typar enn «Jarlebenken». Dette er eit særleg godt tilbod til alle som drøymar om å byggje sin eigen skottbenk for å bli teken opp som medlem i Norsk Skottbenk Union.
I rapporten er det ein detalj som kan drøftast. Thor-Aage har laga tappane gjennom fotplata som heile tappar som er kilt. Det er i ein god tradisjon. Det er gjort på denne måten på dei aller fleste gamle skottbenkane. Det har som regel også gått bra. På «Jarlebenken» er føtene bunde saman av ein spennbolt og mellomstykker så belastninga blir ikkje så stor. Då er løysinga solid nok.
På nokre skottbenkar, slik som dei frå Karasjok og Kverndal i Målselv, har det vore store skadar i fotplata. Om det skuldast måten tappen er laga på, eller unødig stor belastning, er ikkje sikkert? Det er mogleg å dele opp i to mindre tappar og kile noko meir forsiktig på langs av veden for å minske problemet. Spesielt viktig blir dette på skottbenkar som ikkje har spennjarn og mellomstykker som stivar av konstruksjonen. Då vert belastninga på tappen i foten ganske stor.












