Skottbenk frå garden Ulsrud i Vestre Gausdal. Skottbenken står på garden som i dag er eigd av Gausdal Historielag. Foto: Jørn Ulven
Den andre av skottbenkane som er registrert av studentar i samband med oppgåva eg har skrive om i ein tidlegare post er frå Gausdal kommune. Studenten Jørn Ulven, som til dagleg er handverkar på Maihaugen, har fotografert og målt opp benken og tekst og bilete under er hans.
Skottbenken som står på gården Ulsrud i Auggedalen, vestre Gausdal i Gausdal kommune er trulig laga på gården og har stått der sida.
Gården Ulsrud i Vestre Gausdal er i dag eigd av Gausdal historielag. Foto: Jørn Ulven
Ulsrud er en gård med lange tradisjoner og er nevnt i gårdsregister fra 1633, det er også funn fra eldre jernalder på gården. I dag står mye av gårdstunet som det var på 1800-tallet med bur fra tidlig 1700-tall som det eldste huset. Gården eies av Gausdal historielag som overtok i 2001 etter testament fra Anders Ulsrud, den brukes til arrangement og virker som museum. Gården besto av en del skog, ca. 700 da. og det har vært både oppgangssag og sirkelsag på gården.
Garden Ulsrud i Vestre Gausdal der skottbenken høyrer heime og truleg har vore sidan han var laga. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank, den faste planken har 3 stolper mens den løse har bare 2. Benken har lengde på ca. 5 meter og høyde 0,8 meter. Materialene er høvlet og forseggjort, untatt bunnstokken som bare er barket. På bunnstokken er trulig tyngden viktigst. Det ligger en kile ved benken som trolig har vært brukt til å spenne fast borda.
Stolpene er kilt ned i bunnstokken, som er en rundstokk 6 ½” – 10” som er kantet under, og både felt inn og kilt i plankene. Foto: Jørn UlvenStolper, planker og kile sett ovenfra. Foto: Jørn Ulven
Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Alt av treverk er i gran. Det midtre staget har knekt på kilesiden. Låsepinnene har fått hard håndtering.
Plankene er spikret i stolpene med 3 klipte spiker. Legg merke til hodet på trenaglen som låser stolpen i bunnstokken. Benken har merker etter sirkelsag på planken. Både stolper og fastplanken har en høvlet profil i kanten. Foto: Jørn UlvenDet midterste stolpeparet ser vi fremst i bildet. Her er har ikke løsplanken stolpe som står på tverrstaget. Tverrstagene er låst med kon låsepinne på den ene siden og kile (23mm x 40mm – 60mm x 210mm) på den andre. Stolpene spriker ca, 6 grader fra bunnstokken og opp. Kilene som er brukt for å låse løsplanken har nok vært kilt fra siden ettersom det er tydelige slitespor på planke og stolpe. Foto: Jørn UlvenDet går en trenagle med diameter på 30 millimeter gjennom stolpe og stokk i bunn. Naglen har hode (denne har kile) på eine sida og låsepinne på andre. Foto: Jørn UlvenFastplanken (til venstre) er 6” x 1 5/16”, mens løsplanken (til høyre) er på 6” x 5/4, løsplanken har stolper på 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til tverrstaget som måler 1 ½” x 2 3/8”. Foto: Jørn Ulven
Benken med den lause planken fjerna. Foto: Jørn Ulven
Stolper med strekkstag. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken sett framafrå. Foto: Jørn Ulven
Kiler er brukt til å låse strekkstagene. Foto: Jørn Ulven
Et av strekkstagene har hode. Foto: Jørn Ulven
Stolpene har kraftig slitasje etter bruk av kiler til å låse borda. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken sett ovenfra. Foto: Jørn Ulven
Detalj av skottbenken. Her er det brukt en kile til å juster høgda på det faste langbordet. Foto: Jørn Ulven
Skottbenken er slåande lik benken frå Vedum i Fåberg i både mål, funksjon og måten den er laga på. Det er heller ikkje meir enn 2-3 mil mellom desse gardane så det er nok eit felles tradisjonsområde. Det kan finnast verktøy på garden som har vore brukt saman med skottbenken. Dette står att å undersøkje. Sidan skottbenken har vore på garden i lang tid og det er mange gamle hus på garden så er det store sjansar for å finne bord som har vore høvla på skottbenken. Det er også noko som står att å undersøke. Det er veldig bra å få eitt døme til på ein bevart skottbenk frå Oppland. Når skottbenken attpåtil er bevart på garden han har vore brukt må vi vere godt nøgd i første omgang.
Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Niels J. Røine
Som dei første studentane til å presentere funn av skottbenk i Oppland har Jørn Ulven og Niels J. Røine samarbeidd om registrering av to skottbenkar. Den første av desse to er ein som er i samlinga til Maihaugen, Lillehammer museum. Under følgjer teksten frå Jørn og Niels.
SKOTTBENK FRA VEDUM, FÅBERG
Skottbenken står på Maihaugen, i vedskålen fra gården Vedum i Fåberg. Denne vedskålen står i dag på lagerplassen på Maihaugen og fungerer som eit brukshus for drifta. Det litt usikkert om benken fulgte med da bygningen ble demontert i 1975, men det er trolig. Gården, med gårdsnummer 124 og bruksnummer 1, ligger på sørsida av dalen der Gausa renner ut. Vedum er nevnt i ett diplom fra 1383. Gården hadde fiskerett i Lågen der lågåsilda var ei viktig inntektskilde. Det er ca. 2000 da. skog på gården.
Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Niels J. Røine
Skottbenken er basert på kiler, har en løs og en fast plank. Plankene har 3 stolper hver pluss de 3 frittstående, benken har en grovt tillhogd bunnstokk (6 ¾” x 4 ¾”). Stolpene er kilt ned i bunnstokken og er både felt inn, og kilt inn i plankene, disse er låst med 2 stk 30 mm. trenagler som går gjennom bunnstokken (10 ½” lange) med hode og splint. Tverrstagene har hode på ene siden (noe ødelagt på 2) og kile ( 22mm x 50 – 65mm x 160 mm) på den andre. Alt av treverk er av gran. Stolpene ( 2”- 2 ¾” x 7” x 30 ¼”) er spikret sammen med planken med 3 klipte eller smidde spiker.
Fastplanken er 1 ¾” x 7 ¼” mens løsplanken er på 1 3/16” x 6 ¾”, løsplanken har stolper på 2” x 3 ¾” x 13” med 1 ½” spor til spenntappen på 1 ½” x 2 3/8”. Plankene har noe mer utskår enn der stolpene står og den ene er spunsa på halv ved siste 14”. Tverrstagene er 2 ¾” x 2″ (2 ¾) x 19”, disse sitter 16” opp fra gulvet, der er det 10 ¼” avstand på yttersida av stolpene. Bunnstokken har 2 føtter som er felt inn med kile, stokken har 3 fordypninger på oversiden jevnt med stolpeavstand.
Benken har lengde 5,29 m og høyde 0,8 meter. Det er en forholdsvis grovgjort benk, men er kraftig og solid. Den løse og den faste planken har spor som tyder på at de er handsaga.
Skottbenken som i dag står på Maihaugen er truleg frå Vedum i Fåberg og står i dag i vedskålen frå Vedum som er flytt til Maihaugen. Foto: Niels J. Røine
Spenntapp som låser dei to føtene saman. Foto: Niels J. Røine
Føtene og langborda sett ovenfra. Foto: Niels J. Røine
Det lause langbordet har ein liten fot som står på spenntappen. Foto: Niels J. Røine
Kilen som låser spenntappen. Foto: Niels J. Røine
Føtene er festa til fotstokken med 2 stk. 30 mm tjukke trenaglar. Spenntappen har eit hovud på eine sida og er låst med ein kile på andre sida. Foto: Niels J. Røine
Det er to slike fjøler som er grada inn i underkant av fotstokken og sørgjer for å gjere den stødigare. Foto: Niels J. Røine
Det er to slike tapphol i fotstokken og det er usikker kva dei er til. Foto: Niels J. Røine
Registert og fotogafert av Jørn Ulven og Niels J. Røine, april 2015.
Oppmålingsskisse av skottbenken frå Vedum, Fåberg. Skisse: Jørn Ulven
Dette er den fyrste skottbenken frå Oppland fylke som vi presenterer her på bloggen. Frå Fåberg har vi nemninga «Tell-benk» i svarmaterialet frå Norsk Folkeminnesamling. På Maihaugen har nemninga «skjørbenk» vore brukt om denne benken. Det var ein tidlegare tilsett, Morten Sandvold, som er opphavet til nemninga på Maihaugen. I Setelarkivet i Norsk Ordbok finnast nemninga «skjerbenk» og er forklart som enten tilsvarande ein bandstol eller som den bevegelege delen av ein sagbenk på ei sirkelsag. Eg er usikker på om nemninga kan knytast til tradisjonen kring skottbenk, eller om ho har kome til i seinare tid og då lånt frå terminologien knytt til sirkelsager?
Skottbenken er av ein type som vi ikkje har sett så mykje til andre stader i Noreg. Frå Sverige finnast det døme på tilsvarande benkar i Halland og truleg også i andre område. Det er også andre benkar som har avstiving av bukkane i nedkant. Frå Røldal er det eit døme frå svarmaterialet på spørjelistene om snikkarhandverket.
Som lærar i bygningsvern på Høgskolen i Sør-Trøndelag underviser eg både dei studentane som studerer Teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim og ei gruppe med studentar som studerer bygningsvern, eit Etter- og Vidareutdanningstilbod (EVU) i Oppland fylke. Studentane i Oppland er erfarne tømrarar som har drive med restaureringsarbeid og har lyst til å utvikle seg som handverkarar. Innføring og øving i eldre handverksteknikkar er ein sentral del av utdanninga. Dette semesteret har dei hatt 4 samlingar på ei veke kvar gong. I tilknyting til kvar samling har dei også fått ei heimeoppgåve. Første samling i januar var ei innføring i det å lage sin eige høvel. Oppgåva etter samlinga var å lage ein høvel basert på lokale eldre høvlar frå studentane sine heimtrakter. Neste samling var ei innføring i å snikre vindauge for hand med tradisjonelle handverktøy. Då var var heimeoppgåva å lage eit vindauge basert på eit eldre handlaga vindauge. Den tredje samlinga var ei innføring i skjering av glas, kitting og måling av det vindauge dei hadde laga. I tillegg var det også ei innføring i handhøvling av profilert listverk og bruk av skottbenk. Då var sjølvsagt ei av dei valfrie oppgåvene å leite opp og registrere gamle skottbenkar i fylket.
Studentane på EVU bygningsvern i Oppland med vindauga dei har snikra som heimeoppgåve. Vindauga er snikra med handverktøy, i stor grad med sjølvlaga høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Oppgåvetekst:
Snikkaren som skal arbeide med handverktøy er avhengig av å ha ein god arbeidsbenk. Til dei fleste arbeidsoppgåvene er ulike variantar av høvelbenk mest praktisk. Når snikkaren skal høvle lange emne, slik som golvbord, er ikkje høvelbenken særleg egna. Då har det vore vanleg med ein spesiell benk som ein spenner opp borda i for høvling på kant. Som regel har denne benken hatt to lange bord eller plankar som som ein spenner fast emnet mellom for høvling. Skottbenk er ei vanleg nemning på slike benkar, men andre nemningar finnast. I Oppland fylke har eg kome over nokre kjelder som nemner skottbenken. Dette kan du lese om på bloggen til Norsk Skottbenk Union: https://skottbenk.wordpress.com/category/geografisk-plassering/noreg/oppland/
Prøv om du kan finne ein gamal original skottbenk på dine heimtrakter, eller ein annan stad i fylket. Det kan vere at dei du spør, ikkje kjenner til nemninga skottbenk. Då kan bilete av slike benkar vere nyttige for å vise korleis benkane kan sjå ut.
Dokumenter skottbenken ved hjelp av foto og målsett oppmålingsteikning. Få med relevante detaljar i samanføyingar, om nødvendig med detaljfoto og/eller skisser. Sjå denne sida for døme på oppmåling av skottbenk: https://skottbenk.wordpress.com/category/dokumentasjonsmetodikk/
Skriv litt om skottbenken du har registrert. Kva kan du finne av opplysningar om bruken av den? Kor har du funne benken? (kommune og gard) Er det ei lokal nemning på benken, eller delar av benken? Kan du finne verktøy som er knytt til benken?
Materialet skal leverast inn med tanke på publisering på bloggen til Norsk Skottbenk Union.
Den første heimeoppgåva var å lage ein høvel basert på tradisjonelle lokale høvlar. Her er høvlar som studentane har laga som heimeoppgåve. Foto: Roald Renmælmo
Dei som har levert inn svar på denne oppgåva vil få dette lagt ut på bloggen etterkvart som eg får klargjort alt av bilete og tekst. I utgangspunktet har vi ikkje registreringar av gamle originale skottbenkar frå Oppland frå før. Studentane som har leita fram og registrert og dokumentert skottbenkar har såleis gjort eit viktig arbeid som gjer at vi får mykje meir kunnskap om skottbenken på Austlandet. Eg vel å gi att oppgåveteksten som inspirasjon til eventuelle andre som er interessert i å leite fram gamle skottbenkar og sende oss tips.
Vi har også hatt med skottbenken på ulike måtar i undervisning av studentane som tar bachelor i teknisk bygningsvern og restaurering i Trondheim. Sist hadde vi seminar i handhøvling av listverk på Sverresborg og då var sjølvsagt skottbenken sentral for fleire av gruppene. Vi har også hatt høvling av golvbord som eit av kursa i tverrfagleg kompetanse for dei studentane som ikkje er snikkarar. Dei av studentane i Trondheim som er snikkarar har sjølvsagt med skottbenken på ei rekke av samlingane.
Høvling av golvbord med fjørhøvel på skottbenk. Av Konrad Stenvold har eg lært korleis ploghøvlane fungerer saman med skottbenken. Det er likevel mange sider av arbeidet med skottbenken som eg veit lite om. Då kan eg bruke andre kjelder til å supplere kunnskapen. Foto: Roald Renmælmo
Eg held fram med den populære serien om kva som er å finne om skottbenken i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Ei generell innleiing om materialet kan du lese i førre post som tok for seg dei 4 nordlegaste fylka i Noreg – Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Eg går gjennom fylke for fylke og siterer frå dei svara som har med noko om skottbenken.
Sør – Trøndelag
Joh. Bakken i Budal skriv: Lange stykker blev lagt på en rettbenk ; en benk med føter ved hver ende og skruv der gjennem. To lange, rette og vertikalt stående bord.
S. J. Almås i Hølonda (i dag Melhus kommune) skriv: ved høvling av lange trestykker (fjøler) bruka dei sokalla «rettbenk«. I svaret har Almås teikna og forklart ein rettbenk og teikninga har eg lagt ved under.
Skisse av rettbenk av S. J. Almås i Hølonda frå 1934.
Ola Grefstad i Meldal har intervjua snikkaren Jon Aspli og han har skrive: Bruka «skruvtvingo» til å feste lange fjøler, eller sette dei i maskinbenk, eller «skotbenk» som ein skaut fjølene i, fekk dei skotbein, bruka skottokse fyrst og så plog. Seinare kom maskinplogane som gjorde arbeidet for båe desse.
Ola J. Rise i Oppdal har skrive: Skottbenk var vel 2 fjøler på kant med rom imillom til det ein skulle høvle, «skjøt«.
Av 7 svar frå Sør-Trøndelag har vi 4 som har skrive om skottbenken. To har brukt nemninga skottbenk og to har brukt nemninga rettbenk. I tillegg har Ola Grefstad skrive om maskinbenk og maskinplogar. Truleg er dette siste ploghøvlar som høvlar både rett kant og pløyer i same operasjon. Om det er nokon skilnad på «maskinbenk» og skottbenk er vanskeleg å seie ut frå forklaringa hans? Det kan vere lagt inn andre funksjonar i benken som gjer at han vert kalla maskinbenk? Kanskje er det benketypen som Thor Aage har funne i Oppdal som vert kalla «maskinbenk»? Det er slåande at benken er laga slik at det lause langbordet har spiler gjennom foten for at det skal halde seg rett når ein justerer med skruven. Kanskje det er tenkt slik at ein kan høvle begge vegar med høvelen og sleppe å endsnu bordet for å høvle andre kanten? «Maskinplog» kan vere ein ploghøvel som skyt bordet og pløyer i same operasjon slik som dei siste ploghøvlane eg har laga?
Hedmark
Håvard Skirbekk i Elverum skriv: Omframt den vanlege høvelbenken hadde dei pløybenken, der dei oksa plankar og gjorde not og fjør.
Aksel Andreassen i Løten skriv: Pløybenk (på Ringsaker «skottbenk«). På den høvla vi pløgjinsbord. Oksbenk til høvling på breisida. Teljebukk til underlag når dei skulle «bjelke» tømmer.
S. J. Svenskløe i Nes (i dag Ringsaker kommune) skriv: På gardane hadde dei ein «skotbenk«, 5-6 meter lang. På den pløgde dei bordi. Dei la ein breid plank på benken når dei skulde pløgja, eller uksa lange bord. Den og var 5-6 meter. Ein «skotbenk» var laga av 3 sterke bukkar, ein planke som sat fast i bukkane på kant og ein like lang laus som stod på knektar, ein knekt i kvar bukk.
Håvard Skirbekk i Våler skriv: Utanom høvelbenken hadde dei skotbenken, «skottbenk«, ein benk av 2 – 2» plankar, den eine fast, den andre til å bleige fast med kilbleig. Skottbenken var 6-7 meter lang og vart brukt til spunningsbord (panel) o.l.
Av totalt 10 svar frå Hedmark er det 4 som har med skottbenken. Nemningane er pløybenk og skottbenk. Det er to svar frå Håvard Skirbekk og det skuldast at svara frå han er intervju med eldre snikkarar.
Møre og Romsdal
Knut Steinsvik i Dalsfjord (i dag Volda Kommune) skriv: Skotbenk – timmerstokk med påspikra bukrokar der ein feste med kilar bord som skulde skytast beine (rette), t.d. golv, bordkledning, paneling o. a.
N. A. Lillebø i Sunnylven (i dag ein del av Stranda kommune) skriv: Ingen skilnad millom hjulmakar- og snikkarbenk, men bygningssnikkarane måtte ha plogbenk.
J. Haddal i Hareid skriv: Skotbenk – til det var brukt 2 plankar med skotne kantar (rette). Millom desse plankar sette ein det bordet som skulde skytast. For å halda bordet fast millom plankarne, hadde ei kilar paa sidorne. Haddal har også ei skisse som viser snitt av denne skotbenken med ein skothyvel.
Snitt av skotbenk og skothyvel teikna i svaret frå J. Haddal i Hareid.
Jakob M. Bjørlykke i Sande kommune skriv: Forutan høvelbenk hadde dei også skotbenk. Skotbenken hadde 2 undeliggande tvertred med hakk på enden, og ved dette hakket feste dei då bordet som skulde skytast, med kilar. Bord som skulde høvlast til bordklædning og slikt, la dei berre paa ein vanleg bænk og sat 2 mann med ein tvimannshyvel, medan ein skuva og ein drog.
Hans Skeidsvoll i Tresfjord skriv: Forutan høvelbenk bruktest skaatbenk til aa «skjøte» og pløgje golv- og loftbord paa.
Bertil Bjørlykke i Volda skriv: Hadde dei arbeidsstykke som var for lange for vanlege hyvelbenkar, so brukte dei skotbenk. Det var tvo plankar lagde på kant, og so sette dei fjøli dei skulde hyvla, fast ned imillom, og skaut henne bein på den måten. Dei hadde då fest klampar under hyvelen, så han tok passeleg mykje.
Av totalt 18 svar frå Møre og Romsdal er det 6 som skriv om skottbenken. Benkane som Jakob M. Bjørlykke og Knut Steinsvik skriv om har eg litt vanskeleg med å sjå for meg. Det er mogleg skissa til J. Haddal viser ei tilsvarande benk? Det har vore veldig artig om vi kunne finne ein original skotbenk av denne typen i dette området. Eg kjenner ikkje til gamle skottbenkar frå Sunnmøre, men dei finnast i rikt monn på Nordmøre og i Romsdal. Kanskje vi har leita berre etter det vi kjenner som skotbenk og då oversett ein skotbenkvariant som ikkje hittil er dokumentert her på bloggen eller andre stader. Her må nokon ut og leite etter gamle benkar på Sunnmøre.
Oppland
G. Klevgard i Etnedal skriv: Skulde lange bord og planker pløgjas saman til paneling eld golv var det brukt skøtbenk.
S. A. Jørstad i Fåberg (i dag Lillehammer kommune) skriv: Tell-benken til aa halde fast planken medan dei høvla og pløygde golvplankane, med 3 høvler.
Jo Turtumøygard i Lom skriv: Likeeins var det skotbenk, til bruk når ein skulde skjote (høvle) borda bein på kant. Det var to lange beine fjøler som stod på kant og kunde førast nære og lenger frå kvarandre. Ein sette bordet millom desse og festa det med bløyg.
Thv. Gaarder i Gran skriv: Skøtbenk til langhøvling, not og fjør.
A. Kløvrud i Nordre Land skriv: Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa. Her er det uklart kva han meiner sidan han ikkje nemner at det er lange fjøler det dreier seg om, eller at fjølene vert festa for å høvlast på kant. Eg har det med likevel så nokon kan undersøkje kva han meiner med «kjerringa» i den samanhengen.
Ola Breivegen i Ringebu skriv: Dei hadde vanleg høvelbenk, og so hadde dei noko dei kalla skottbenk. Skottbenken var veldig lang. Han brukte dei når dei skulde skjote (eller fuge) i hop noko riktig langt og so når dei pløygde bord. (Skottbenkar var det svært få som hadde, og dei gjekk i lånom.) På skottbenkene var det berre ein skruve og nokre haka til å halde bordet inntil benken med.
Halvor Trønsehaugen i Sør-Aurdal skriv: Naar dei festa lange stykker da hadde dei tillaga noko dei kalla for skøttbenk. I den pløygde dei også både gulvplanker og hemlingsbord.
Det er ingen av svara frå Oppland som har skisser som viser utforminga av skottbenkar. Dette biletet er henta frå Maihaugens bok om Handverk frå år 2000. Teksten til biletet er: «To mann høvler not og fjær på golvbord med okshøvel. Demonstrasjon i Vågå i 1987.» Det er heilt klart ein skotbenk med tilhøyrande høvel vi kan sjå på biletet, men dette er ikkje informasjon som er opplyst om i boka, det er mine tolkingar. Det kan altså vere grunn til å undersøkje om denne skottbenken framleis kan finnast i Våga?
I Oppland er det heile 7 av totalt 18 svar som nemner skøttbenk eller liknande nemningar. Svaret frå Kløvrud kan vere noko usikkert og såleis er det kanskje 6 stk. vi snakkar om? Det er likevel ein stor andel av svara som har med skottbenken og forklaring. Det har vore slåande få funn av gamle skottbenkar frå Oppland som vi har fått dokumentert her på bloggen. Eg har kjennskap til ein på Toten og har sett ein på Lillehammer for ein del år tilbake. Det har også vore ein på Hadeland som vi ikkje har klart å spore opp. Det kan vere eit stort potensiale for å finne gamle skottbenkar i Oppland og presentere dei på bloggen.
Totalt for Sør-Trøndelag, Hedmark, Møre og Romsdal og Oppland var det 53 svar på spørjelista. Av desse er det 20 stk som har skrive om skottbenk eller tilsvarande. Her er det litt meir variasjon i både utforming av benkar og på nemningar. Det er eit grunnlag for å gå vidare både for å leite etter benkar som ser annleis ut enn dei vi etterkvart kjenner frå bloggen, og også for å bruke dei aktuelle nemningane i vidare søk etter skriftlege kjelder. Totalt har eg gått gjennom i overkant av halvparten av alle svara på spørjelista og presentert i denne og førre post: Skottbenk i Norsk Folkeminnesamling, del 1. Det går att i fleire av svara at ein skil mellom det å høvle golvbord (golvplankar) og himlingsbord (hemlingsbord). Det tyder på at det er skilnad på utforming og/eller arbeidsmåten på desse. Slike detaljar er det ingen som kjem inn på i svara sine. Eg kjem tilbake med fleire postar i denne serien og vil freiste å gå gjennom alle svara.
Skottbenken frå Kverndal i Målselv er ein av mange gamle skottbenkar som vi har presentert her på bloggen. Eigarane av denne hadde ikkje kjennskap til namnet eller bruken av denne. Slik informasjon må vi då hente frå andre kjelder. Foto: Siv K. Holmin
Sidan skottbenken ikkje er ein del av pensum i formalisert fagutdanning i snikkarfaget og ikkje med i faglitteraturen i faget er det ikkje så lett å finne felles, eller gode, nemningar på benken, delar av benken og arbeidsmåten. Vi har nokre spreidde kjelder som er med i oversikta over litteratur om skottbenk i menyen over. Vi har også presentert nokre bloggpostar om både nemningar og om ulike skriftlege kjelder. Med søkefunksjonen i bloggen kan ein enkelt spore opp alt som er skrive. Det er eit materiale som har vore nemnd ved nokre høve men som ikkje er skikkelig forklart; svara på spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk Folkeminnesamling. Spørjelista vart sendt ut til snikkarar i heile Noreg i 1934. Det kom inn 168 svar, nokre er særs omfattande og detaljerte og andre har lite informasjon som er nyttig for oss. Eg har skrive ein artikkel med utgangspunkt i noko av dette materialet, Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis. Der skriv eg meir om bakgrunnen for spørjelista. Eg har også posta på høvelbenkbloggen om dette. Artikelen har utgangspunkt i svara på spørsmålet om høvelbenken. Spørsmålet var formulert slik:
«Høvelbenken. Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk? Kann nokon hugsa ei tid dei ikkje nytta høvelbenk? Gjorde ein skilnad mellom hjulmakarbenk og snikkarbenk, og kva var skilnaden? Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar på det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o. s. b. Uttrykk for å feste lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.»
Spørsmåla er godt formulert og grundig gjennomarbeidde. Det er tydeleg at dei som har laga spørsmåla har god kjennskap til snikkarhandverket. Likevel er nok spørjelista i stor grad basert på faglitteraturen i snikkarfaget. Denne er for det meste omsett frå tilsvarande utanlandske bøker og avspeglar i liten grad det tradisjonelle snikkarhandverket på bygdene i Noreg. Døme på dette er spørsmålet om skilnaden på hjulmakarbenk og snikkarbenk. Det baserer seg på ei feilaktig omsetjing frå terminologi på dansk der ein snakkar om karetmagerbænk som ein høvelbenk som var populær blant vognmakarar og som hadde ein spesiell baktange. Det ser ut til at det berre var eitt av dei 168 svara som hadde forstått dette og svart på dette. Tilsvarande var det også med nemninga benkehakar som var misforstått av dei aller fleste som har svart.
I innleiinga til spørsmåla er det forklart at det er dei lokale nemningane ein er ute etter og at det er bra om dei kan skrive orda slik dei vert uttala. Soleis er det stor variasjon i skrivemåtar i svara. Når det gjeld skottbenken spesielt så gjer fråværet av han i litteraturen at snikkarane ikkje har noko referanse til korleis ein skal skrive namnet.
Eg tvilar på at dei som formulerte spørsmålet «Brukte dei andre måtar å festa arbeidsstykket enn i høvelbenk?» tenkte på skottbenken? Eg har likevel tatt meg tid til å gå gjennom alle dei 168 svara, nærare 2000 handskrivne sider, for å sjå etter om skottbenken er med. Eg går gjennom svara fylkesvis og startar lengst nord i landet. Stadnamna eg brukar er dei som er oppgjeve i svaret. Som regel er det kommunenamn. Kommunestrukturen i 1934 var annleis enn i dag så det er ikkje heilt lett å få oversikt over geografien. Eg har likevel freista å merke posten med geografi-kategoriar ut frå dagens kommunestruktur. Nokre kommunar vart delt mellom fleire større kommunar i samband med samanslåing (Hillesøy og Sør-Rana) og då kan det vere vanskeleg å vite kor eg skal plassere svaret i høve til kommunestrukturen i dag. I vår samanheng er det ikkje eit stort problem om svaret er knytt til feil kommune. Eg skriv namnet på den som har svart så det går an å gjere meir inngåande undersøkingar lokalt.
I Finnmark er ikkje skottbenken med i det eine svaret som kom inn frå fylket. Vi har tidlegare vist til andre kjelder som dekkjer tradisjonen med skottbenk i Finnmark. Eg startar difor med Troms.
Troms
Snikkaren Jens Solvang i Hillesøy kommune (i dag ein del av Tromsø kommune) var erfaren snikkar og hadde fleire svar som var illustrerte. Om skottbenken skriv han: Den tid ein sjølv høvla og pløydde golv- og loftbord bruka dei «skottbenk» og «skotthøvel» til å høvle rett kant og pløye i. Han har og teikna ei skisse av ein skottbenk som har langbord på 8 alen. Han skil mellom golvbord og loftbord sjølv om desse kan sjå ganske like ut. Med loftbord meiner han nok bord som fungerer som golvbord på loftet men som også er synleg himling i etasjen under. Slike er det vanleg å høvle flate på margsida og pløye dei etter denne. Så legg ein borda med margsida ned. Baksida som vender opp kan vere meir eller mindre høvla.
Skisse av skottbenk teikna av Jens Solvang, Hillesøy i 1934.
Henri Reiersen på Skjervøy skriv: Ja, jamnt brukte dei skottbenken, fem alner lang, tvo «bokker«, støttestativ i endene og eit «sagbord» 6 tummar breid, tvo tjukk, fast i bukkane på kant (upp ned) og eit av same slag attmed og det kunde stillast tett inntil det faste eller frå ved kiler som vart slegne millom ein vinkelkloss og denne lause bordfjøla. Når snikkaren skulde kanthøvle eller pløye var det godt å kunne ha denne innretning. Og når snikkaren skulle høvle lange bord so la han nokre bord ovanpå bokkane og desse to kantståande borda hvis øverste kant svarte til øverste ende av bokken.
I Troms var det til saman 8 svar som kom inn. Dei to som har med skottbenken i svaret har også svart utfyllande på dei andre spørsmåla. Sjølv om det verkar som om skottbenken var vanleg og utbreidd i Troms på denne tida så har både Jens og Henri ei inngåande forklaring av benken og bruken. Eg tolkar det som at dei rekna med at dei som skulle lese svara trong denne innføringa for å forstå? Sidan skottbenken ikkje er nemnt i spørsmåla så skulle det tyde på at han var ukjent for dei som har laga spørsmåla? Skottbenk er den gjennomgåande nemninga i Troms. Det er døme på både skruvar og kile til stramming. Jens nemner og skotthøvel som namnet på høvelen til skyting av bord.
Nordland
Olav Engen i Sør – Rana (i dag truleg del av Hemnes kommune) skriv: Til å retta («skjota«) lange emne, golvplankar t.d. hadde dei sokalla skotbenk – 2 lange plankar nøgje beinka i yvekanten, festa i kvar sine to føter i passeleg lengd frå båe endar, kvart fotpar standande på ein tung tverrklamp, den eine litt lauseleg – rørleg – so dei med ein skruv eller eit drev kunde persa plankane saman um emnet, eller losna på dei og ta det ut att – det settast fast millom plankane med passeleg kant uppum til å høvla av med ein mei-okse, ein oksehøvel med to listor – meiar – fest under som gjekk på benkjeplankane på kvar si sida av emneplanken og sa frå når det var høvla nokk: kanten på emnet vart då retta, beint, som benkjekanten var.
J. Fondal i Meløy nemner: Høvelbenkens høide er i skrittmålet på snikkarane. Skottbenken.
Fridtjov Wahl i Lurøy nemner: Høvelbenk var kjent, men dei nytta og skottbenk som dei nytta når dei pløgde bord.
Ragnvald Mo i Saltdal nemner: Til å retta opp lange trestykke hadde dei skåttbenken.
Også i Nordland er nemninga skottbenk gjennomgåande i dei 4 av totalt 14 svar som har nemnt skottbenken. Skrivemåten varierer mellom «skottbenk», «skåttbenken» og «skotbenk». Olav Engen nemner «mei-okse» som nemning på høvelen. Han nemner og «benkjeplankane» som nemning på langborda.
Nord – Trøndelag
Hans Vold i Frosta skriv: (først om høvelbenken) Dessutan har vi endno : oksbenk – lang planke – som lange bord okshøvles paa. Ataat disse har vi ogsaa: skottbænk for samanskjoting og pløining av gulvbord.
Olaf Tessem i Beitstad skriv: «Eg nyttar tre oksehyvla. Det er grovpjaulen med enkel tann med lidt rundig eg, omtrent slik (utydelig skisse). Den høvel skærer jupt og let. Den tjener istedet for øksen til at take (det) meste. Så nytter man oksen som er noget finere instillet og derpå finoksen med helt retslipet tann. Enda er ikkje bordet helt plant. Man må nu take rubanken, en skothøvel umkring en alen lang. Til finere arbeider må man have en skothøvel med lidt bredere tann retslipet og fint instillet. For at gjera det enda finare må man enda gå det over med slethøvlen. Den lyt vere mykket kvass og klaffen skruet såleis at den ikkje river en flis ved motved eller kvist. .. Den tid man arbeidet op loft og gulv, brukte dei ein skotbenk. Det vart to lange planker stillet på kant. Det var fastgjorte i to føter med et beveglige ben. Når et gulvobord skulde skøites (skytes?) og pløyes, vart det set imellom planken, som vart sammenklemt med grove skruer eller drev. Nu vart kanten høvlet med skotoksen. Denne var forsynet med spormeier eller klamper på kvar side. Skulle der pløyes fjer måtte plogen have lignende klamper. Sovare arbeid er no helt gået av bruk. Der ere høvlemaskiner som gjer arbeidet ganske billigt.»
Olav Urstad i Harran (i dag ein del av Grong kommune) skriv: Naar dei pløgde saman golvbord brukte dei skottbenk d. v. s. to plankar sette på kant og imellom desse feste ein golvplanken ved å kile plankane saman med bløygar.
H. O. Naem i Kvam (i dag ein del av Steinkjer kommune) skriv: Ein annan slags benk som bruktes naar der skulde høvles lange bord og plankar t. d. til golv og loft, var «skotbenken«. Den måtte helst vere noko lengre enn det som skulde høvles. Den var laget av to 2″ x 6» eller bredere planker som stod på kant i to stativer, den fremste festet til disse og den andre bevegelig. Millom desse plankar vart saa det som skulde pløiast sat fast med kilar, saamykje høgare enn skotbenken som «fjera» (plognaden).
Edv. Kruken i Leksvik skriv: «Når bord skulde settes sammen til større bredde som måtte felles sammen i kantene særskilt når der var lange materialer så som gulv m. v. blev der brukt en slags benk som kaldtes skåttbenk. Det kaldes å skjøte bord sammen. … Å sette ihop flere fjøle eller planker til en bred flate kaldes å skjøt sammen, var det også fuget sammen så kaldtes det å pløie sammen, så kaldtes det å pløie sammen. Begge dele kunde være limet. Fugen kaldtes fårr og den delen som gikk neri fugen kaldtes fjerr. Det var gølvbord og loftbord».
Ingolv Svinset i Ogndal (i dag ein del av Steinkjer kommune) skriv: Uframt høvelbenk brukte dei og skotbenk (lengre type). Lange stykke vart festa i skotbenk.
I Nord-Trøndelag er skottbenken med i 6 av 11 svar. Skrivemåten varierer mellom «skåttbenk», «skotbenk» og «skottbenk«. Hans Vold nemner oksbenk bruka til å høvle flask på borda.
I dei fire nordlegaste fylka var det til saman 34 svar på spørjelista om snikkarhandverket. 12 av svara hadde med skottbenk men ein eller anna variant av skrivemåten. Dei fleste har også gitt ei ganske detaljert forklaring av korleis benken ser ut og korleis han vert brukt. Når ein ser det opp mot at det ikkje var spurt spesielt om skottbenk eller pløying av bord så er det stort for oss i Norsk Skottbenk Union at så mange likevel har tatt med skottbenken i svaret. Dei fire nordlegaste fylka sør til Trondheimsfjorden er omlag halve Noreg. Eg vel då å stoppe med dei i denne fyrste delen av gjennomgangen av svarmaterialet i Ord og Sed. Resten av Noreg får kome i 2 eller 3 postar til kring same tema.
Bortistu gjestegård har flere gamle bygninger, og i en av de er det et snekkerloft. Der finnes mye forskjellig verktøy og lent bedagelig inntil en høvelbenk står det også ett par forseggjorte skottbukker uten langbord. Bukkene antar jeg er laget tidlig på 1900-tallet, men det gjenstår for meg å få kontakt med den personen som muligens vet noe mer om de.
Langbordene har vært gradet inn i beinet og beina er merket fra I til IIII, slik at de kommer på samme plass igjen når benken er blitt demontert. Det bevegelige langbordet har føringsstenger som sørger for at det glir stødig frem og tilbake. Strammingen skjer ved hjelp av skruene.
Dette er bare en smakebit. Kommer tilbake med mer hvis jeg kommer over mer informasjon om disse bukkene.
To komplette, fint utførte bukker til skottbenk, uten langbord.
Skruen er låst til det bevegelige beinet med en kile så beinet blir med på returen.
Bukken har høyde rundt 30″. Langbordene står på avsatsen i beina.
Føringsstengene gir en stødig og jevn gange uten at det bevegelige beinet skjevstilles ved fastspenning av smalt emne.
Turen i Sør-Trøndelag som eg skreiv om i posten om skottbenkane på Skaun Bygdamuseum hadde fleire stopp. Den fyste stoppen var i Evjengrenda i Melhus kommune. Her var det dei to stabbura på garden eg og Anders Gimse skulle undersøkje. Anders vurderer å tømre stabbur som studentoppgåve og sidan eg skal vere rettleiar bør eg sjølv setje meg inn korleis dei lokale stabbura er bygd i heimtraktene til Anders. Båe stabbura har golvbord og loftbord som er høvla på skottbenk. Det i seg sjølv var interessant for oss som driv med slikt.
Dei to stabbura på Evjen i Melhus. Peder Evjen står på trappa på det største stabburet. Foto: Roald Renmælmo
Anders hadde vore på garden tidlegare og kunne avsløre at han hadde sett ein skottbenk. Sjølvsagt måtte vi undersøkje skottbenken før vi gjorde grundige undersøkingar av stabbura. Skottbenken stod oppstilt i same rommet der han hadde vore brukt sist. Peder og Elias som var oppvakse på garden kunne begge fortelje at dei hadde vore med å brukt benken som dei kalla for høvelbenk. Eg spurde spesielt etter namna skotbenk, rettbenk og strykbenk men ingen verka kjende. Dei kalla det berre for høvelbenk. Det var den einaste skottbenken dei visste om i grenda. Dei kunne fortelje at det hadde vore folk som hadde med seg bord som dei høvla på benken. Det var bord som skulle brukast til labord, bord til å kle inn novene på tømmerhus. Det var til slike bord benken var bruk til den tida dei hugsa etter.
Peder Evjen ved sida av skottbenken og med høvelspona frå sist benken var i bruk!! Peder har vore med og høvla på denne benken. Gamal original høvelspon frå høvling på skottbenk må vere eit særsyn å finne tak i? Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er 7 ¼ alen lang (4,55 meter) men har vore noko kortare. Han er forlenga med bord som er skøytt på i eine enden. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken har arbeidshøgd på ca 30″ (78,5 cm). Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken er av typen som vert stramma med skruvar. Langborda er spikra fast til føtene. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er ca 7″ breie og 2″ tjukke. Dei ligg med margsida inn. Foto: Roald Renmælmo
Det er eit lite skråband som stivar av føtene på tvers. Spondungen ligg på den sida av skottbenken som skruvinga vert gjort på. Det verkar då som ein har gått på den sida som fotografen står på når ein har høvla. Foto: Roald Renmælmo
Spona frå siste gong skottbenken var i bruk har vorte liggande att. Det verkar som det meste av spon som ligg på toppen er frå høvling av flask og kant. Spon frå pløying av bord kunne eg ikkje finne i første omgang. Foto: Roald Renmælmo
Ved sida av skottbenken står det ein relativt vanleg høvelbenk som du kan sjå heilt til venstre i biletet. Midt på biletet er ein grov planke som er støtta opp og som ser ut som ein benk for snikkararbeid. Han kan vere for å kappe emne på eller for å høvle flask på bord. Peder hugsa ikkje kva denne vart brukt til. Foto: Roald Renmælmo
Ein skottbenk saman med tradisjonsberarar og høvelspona frå arbeidet på skottbenken er ei ganske unik kjelde til å forstå skottbenken. Frå ein tidlegare tur i Melhus kommune har eg nokre bilete av bevart høvelspon som truleg er frå fyrste halvdel av 1800-talet. Spona vart funne i Prestegårdslåna i Melhus i samband med restaureringsarbeid. Spona var brukt som isolasjon i veggen i ei eldre døropning som hadde vore snikra att. Då døropninga skulle opnast igjen dukka høvelspona opp. Heldigvis var dei ansvarlege for restaureringa så framsynte at dei tok vare på høvelspona og pakka ho godt inn i laken. Slik kan vi få tilgang til å undersøkje høvelspona og hente ut kunnskap om snikkaren sitt arbeid. Spona kan fortelje om kva slags høvlar snikkaren har brukt. Vi kan sjå kor tjukke høvelspona er. Det kan seie noko om kor effektivt snikkaren har høvla.
Høvelspon som vart funne brukt som isolasjon i ei attsnikra døropning på Prestegårdslåna på Melhus. Foto: Roald RenmælmoDet er ulike typar høvelspon som er brukt. Her kan ein sjå spon både etter gropoksen og slettoksen, tjukke og tynne spon. Her er også spon etter skottokse og etter pløying av golvbord med ploghøvlar. Tjukna på spona er eit resultat av kor grovt snikkaren har justert tanna på høvelen. Her kan vi få inntrykk av korleis arbeidet med høvlinga har vore. Kor tungt har det vore å dra høvelen? Kor mange drag måtte snikkaren høvle for å pløye borda. Foto: Roald Renmælmo
I dag har eg vore ein runde for å sjå på hus og verktøy i områda sør for Trondheim. Eitt av stoppa var på det flotte anlegget til Skaun Bygdamuseum i Skaun kommune i Sør-Trøndelag. Her har dei samla ei rekke interessante bygningar frå området og samla gjenstandar. Eg spurte sjølvsagt etter om det var skottbenkar i samlinga der. Det viste seg at vår kontaktmann på museet hadde ein skottbenk heime hos seg og meinte det også var ein på museet. Etter eit lite søk spora vi opp ein komplett skottbenk, tre lause bukkar til skottbenk og to skottoksar. I tillegg var det ei rekke andre høvlar som verka å høyre saman med bruk på skottbenk. Det er kva vi kan kalle full klaff. 🙂 Det var også tydeleg at det var omgrepet skottbenk som var i bruk i dette området.
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Lause bukkar til skottbenkar har vi funne ein god del av i Sør-Trøndelag og nokre av dei har vi skrive om tidlegare på bloggen. I tillegg har vi ein komplett skottbenk frå Leksvik som har liknande oppbygging som nokre av dei lause bukkane. Tradisjonen i Skaun er også tydeleg på at desse lause bukkane er delar av ein skottbenk og at det er berre langborda som manglar. Omvisaren vår på museet kunne fortelje at slike skottbenkar også vart brukt til å spenne fast stokken i når ein skulle hogge medfar i veggtømmer i samband med tømring av hus. Det er ei særs spennande opplysning og kan høve godt med den store bredda vi ser på denne skottbenken under. 🙂
Bukkane har høgd på like under 30″, ca 78 cm, målt frå golvet. Arbeidshøgda er litt avhengig av langborda og kan såleis vere noko høgre. Foto: Roald Renmælmo
Dette er ein av tre like lause bukkar til skottbenk som er i samlinga på museet. Desse ser ut til å ha vore brukt med lause langbord. Foto: Roald Renmælmo
Spenntappane er låst med to trenaglar i kvar ende. Nede er føtene tappa gjennom fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Det er stort arbeidsrom i bukken. Ved bruk av 2″ tjukke langbord kan ein likevel ha emne på kring 8″ mellom langborda. Dette er langt meir enn kva som er mogleg å rekke over med dei breiaste skottoksane som er registrert. Då kan ein spørje seg om kva som er formålet med å ha så stor bredde på bukkane? Vår omvisar på bygdemuseet fortalte at han hadde høyrt at dei brukte skottbenken til å spenne opp veggstokkar som ein skulle hogge medfar i samband med tømring av hus. Slikt har eg ikkje vore borti tidlegare men kan forestille meg at det kan vere aktuelt med denne type bukkar som vi ser her. Foto: Roald Renmælmo
Den komplette skottbenken har total lengd på 8 alen, har 30″ arbeidshøgd og har to bukkar som held oppe langborda. Han vert stramma med skruvar.
Skottbenken med langbord er av typen som vert stramma med skruvar og har eine foten laus. Lengda er så vidt over 5 meter, 8 alen. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av skruven på skottbenken. Her er det mogleg å stramme godt til for å låse borda. Foto: Roald Renmælmo
Arbeidshøgda er ca 30″ frå golvet. Lengda på fotplatene er også 30″. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er ca 1 ⅞» x 6″. Dei har margsida inn. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er festa til føtene som drevspon og kvar felling er merka for at ein ikkje skal ta feil under montering. Foto: Roald Renmælmo
Skottenken har vore skøyta på lengda ved eit høve. Det er gjort med 4 stk klinknaglar. Foto: Roald Renmælmo
I samlinga med snikkarverktøy var det to særs fine skottoksar som eg fekk fotografert. Begge har lister som er avtagbare og som er festa i sida. Begge har bakre handtak montert ganske langt fram, så nær høvelstålet som mogleg. Dette er ein detalj som eg har prøvd ut med tanke på at det gjer det lettare å bruke høvelen når ein høvlar aleine. Då vert det lettare å få trykk på tanna så ho tar godt. Med nyslipt stål så tar høvelen godt, medan når stålet ikkje tar så godt lengre, må det trykk til på høvelen for at han skal ta. Då er det ein fordel om det bakre handtaket er montert lengre fram, nærare senter av høvelen.
To flotte skottoksar i samlinga av verktøy på museet. Begge har meiar som er festa på sida. Den eine har forsterka sålen med eit stykke eik for å redusere slitasjen. Foto: Roald Renmælmo
Skottoksane er særs fint laga med flotte handtak og fint utforma sponrom. Foto: Roald Renmælmo
Den eine skottoksen sett frå framenden. Her ser ein korleis listene er tilpassa høvelstokken og korleis det er lagt på ein ny slitesåle av eik. Foto: Roald Renmælmo
Det er nok framleis mykje spennande som ventar på å bli oppdaga i Sør-Trøndelag. Her er det mykje å boltre seg i for medlemmane av Norsk Skottbenk Union.
På vei til Trondheim og høvelsamling på Sverresborg høsten 2014, reiste jeg om Røros og besøkte en gård i Feragen, øst for bergstaden, ganske nær grensen til Sverige. Det ante meg at det kunne finnes en del spennende verktøy der. Gården er drevet av samme familie gjennom 12 generasjoner, det er den tolvte som driver nå. Tross alle endringer har de en Gammelstuggu som er ganske urørt. Den eldste delen er fra første del av 1700-tallet, påbygget i 1860-årene og stått uforandret siden. Oppe er det snekkerloft, og Lars Jørgensen Feragen (1829-1908) fikk det rådet av en aursunding at han måtte gjøre stuggu så høg at han kunne hogge opp et skåke emne inne (Amund Spangen og Randi Borgos 2002 «På Sta’a og uti markom).
Men så er det skottbenken. Den sto litt utilgjengelig for fotografering, så jeg forsøker med en tegning i tillegg til bilder. Benken er i god stand og ble sist brukt på 1990-tallet da det ble lagt nytt gulv i gammelstuggu.
Skottbenken slik den står. Gulvet her er høvlet på skottbenken, det ble lagt nytt midt på 1990-tallet
Stavene er i bjørk og skottplanken i furu. Den er nett og fin, arbeidshøyden er 67 cm. Stavene står på en fot med en avstand på snaut 30 cm. Et tverrtre eller sarg om en vil, holder avstanden og en bolt like over holder sammen. Skottplankene har «ører» som hviler ned på tverrtreet/sargen. Den faste planken er boltet fast i stavene på den ene siden. Det er også skråband fra bukkene og til den faste skottplanken. Dette er en skottbenk med skrue. Det er nærliggende å tro at skottbenken er fra tiden de bygget nytt hus. Det ble påbegynt sist på 1800-tallet og var ferdig i 1926. Det kan nevnes at sagbruk kom først på 1920-tallet og de forteller at kransagen var mye i bruk fram til da.
Detalj av bukk og skrue. Merk at begge er omgjengelige
På loftet fantes det mye høvler og en del tilhørte skottbenken, som skottokse og golvplog. Golvplogen er ganske lik den som tidligere er beskrevet på denne bloggen (august 2014) som golvplog fra Hadeland. Den samme løse tanna for not og fjær. Men litt annerledes. Alle høvlene jeg så er i hovedsak gjort på gården. Men stempler på tennene viser at de har skaffet en del høvelstål utenfra. Ellers har de langt på vei gjort det meste selv. De forteller at emner ble funnet når de drev ved sjau, noe som pågikk hele året. Da ble det lagt unna emner til høvelstokk, skjæker og annet de måtte trenge. Alt bærer preg at det har vært hendige folk på gården.
Golvploger
Og her er tannaEmne fra ved haugen, en brukbar skrutvinge
Sør-Troms museum vil også vere mellom musea som har skottbenkar i sine samlingar. Denne skottbenken kjem frå garden til Karin Lind, tidlegare husflidskonsulent i Troms, i Lavangen i Sør-Troms. Eg kom over skottbenken for omlag 12-13 år sidan då eg besøkte Krambuvika bygdemuseum, der benken høyrar heime. Då fekk eg tatt nokre bilete og fekk nokre mål på delane. Benken var ei sentral kjelde for bygginga av den fyste skottbenken min for 12 år sidan. Sidan har eg lært mykje om skottbenkar og bruken av dei. Thor Larssen som er museumshandverkar i Sør-Troms museum har vore så vennleg å ta fram skottbenken og fotografere han for meg. Museet har mykje anna spennande i sine samlingar. Eg har skrive om ein høvelbenk som er i samlinga på Grytøy bygdetun. Det er heilt sikkert mykje meir spennande saker å finne i samlingane til museet, men vi får vise skottbenken først.
Skottbenken er tatt ut for fotografering. Langborda på benken er 4,63 cm lange og arbeidshøgda er 82 cm. Foto: Thor Larssen
Skottbenken er med sine 82 cm av dei med størst arbeidshøgd. Berre skottbenken til Per Volden og skottbenken frå Li i Suldal er høgre med sine 83 cm høgde. Eg tok utgangspunkt i denne høgda når eg snikra min fyste skottbenk. Eg merka snart at det var i høgste laget for mine armar og tok av litt av høgda på den. Langborda er omlag 2″ x 8″ i dimensjon. Det er tydeleg at det har vore viktig at den faste staven på foten skulle låsast i ein fast posisjon. Det har dei løyst med å spikre fast eit lite skråband mellom staven og fotplata. Den andre, lause, foten har det vore viktig å få i rett høgde. Då har dei sett inn kilar mellom staven og fotplata slik som Thor Aage fann på skottbenken på Skårvoll. Skottbenken i Lavangen var tydeleg merka «SKOTTBENK» med store bokstavar på ein papirlapp då eg såg han fyste gongen. Her er det ikkje tvil om namnet på benken eller kva han har vore brukt til.
Skottbenken sett frå sida. Føtene er plassert etter noko som ser ut til å vere ei inndeling av langborda på 5. ⅕ av bordet stikk ut i kvar ende og ⅗ er mellom bukkane. Om dette er eit prinsipp som er brukt i praksis frå gamalt av veit eg ikkje. Eg har berre observert at det ser ut som det kan passe på fleire skottbenkar. Foto: Thor LarssenDen eine foten har ein treskruve med diameter på kring 2″ til stramming. Skruen er låst med kloss i den faste foten. Den faste foten er støtta av eit kort skråband. Foto: Thor LarssenDen andre foten vert stramma av ein kile. Her kan det ha vore ein tilsvarande skruve tidlegare. Den faste foten er støtta med eit lite skråband. Foto: Thor Larssen, Sør-Troms museum