Nyoppdaga skottbenk i Troms

Så langt har søka etter gamle skottbenkar vore konsentrert i Indre-Troms og særleg på gardsbruk. No har det dukka opp ein skottbenk i eit naust i Ibestad kommune, ein stad vi ikkje ville tenkt oss å leite etter skottbenkar. Det var konservator Olav Austlid i Troms Fylkeskommune som var på ein av sine turar rundt i fylket og kom over skottbenken. Eigaren av naustet i dag hadde ikkje kjennskap til at det var ein skottbenk han hadde så det må ha vore tidlegare eigarar som har hatt benken i  bruk. Kor lenge skottbenken har vore i naustet er også vanskeleg å seie. Vi takkar Olav Austlid i Troms fylkeskommune for at han held utkikk etter skottbenkar på sine turar rundt om i fylket. Vi oppmodar også andre fylkeskommunar om å tipse oss om skottbenkar som måtte dukke opp i deira fylke. Det er framleis mange kvite flekkar på kartet rundt om i Noreg. No kan det altså vere grunn til å sjå ekstra nøye etter også i gamle naust rundt om i landet. Så langt er dette den mest maritime skottbenken eg kjenner til.

Skottbenken er heist opp og henger under samhaldarane i naustet. Foto: Oalv Austlid, Troms Fylkeskommune
Skottbenken er heist opp og henger under samhaldarane i naustet. Foto: Oalv Austlid, Troms Fylkeskommune

Enn så lenge har vi ikkje opplysningar på aktuelle mål på benken. Ut frå biletet ser det ut som lengda kan vere på kring 4,5 – 5 meter? Han strekker seg i alle fall mellom to samhaldarar i naustet og desse brukar å ha eit rom på ca 4 meter mellom seg. Det er forfriskande å sjå ein så godt bevart skottbenk i eit tydeleg maritimt miljø. Benken er i prinsipp ganske lik fleire av skottbenkane som vert stramma med kilar slik som skottbenken til Arne Graven i Karasjok. Denne skottbenken i Naustet ser likevel ut til å vere betydelig kraftigare bygd, i alle fall føtene (bukkane) er særleg kraftige. Langborda kan sjå ut til å vere om lag 2″ x 8″. Det ser ut til å vere eit fast langbord som er festa i eine staven i foten. Då har nok det andre langbordet vore stramma med kilar? Løysinga med å felle inn strekkfiskar med svalehale og spikre desse for å halde stavane saman er ei god og ganske utbreidd løysing på eit problem.

Ny skottbenk i Tana og Karasjok

Norsk Skottbenk Union har ikkje veldig mange aktive medlemmer, så langt er det berre 7  som har skrive innlegg på bloggen. Det kan skuldast at det verkar for komplisert å sette seg inn i korleis ein skal poste sjølv? Eg oppfordrar då til å sende inn bilete og stoff til ein av oss som er aktive som forfattarar på bloggen slik at vi kan poste. Det er viktig å få ut slikt stoff slik at andre kan få ta del i det. Bloggen er åpen for alle, både medlemmar og andre interesserte. For å lage ei meir formalisert ordning for opptak som medlem i Norsk Skottbenk Union vil vi krevje at det blir posta bilete av den aktuelle skottbenken som er grunnlaget for opptaket. Slik vil vi og slå eit slag for at fleire er med på å dele aktuelt stoff på bloggen.

Førstemann ut i denne samanhengen er restaureringshandverkaren Arne Graven i Karasjok. Han har sendt bilete av sin nybygde skottbenk som har utgangspunkt i skottbenken som vi tidlegare har skrive om frå Karasjok. Benken er snikra for å brukast til å høvle golvbord til eit nyrestaurert hus i Sirbma i Tana. På garden fann Arne ein langbenk for høvling av bord på flasken. Saman med skottbenken og nokre høvlar så har Arne det han treng til å høvle golvborda.

Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven
Skottbenken som Arne har snikra seg. Benken er 4,6 meter lang og langborda har dimensjon på 44 mm x 165 mm. Foto: Arne Graven

Vi vil med dette få ynskje Arne Graven velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union og takke han for å ha sendt over bilete til oss slik at vi kan dele dei med dykk andre. Vi er glade for å sjå at skottbenken er snikra i tråd med den lokale tradisjonen i Indre Finnmark. På denne jobben i Tana er benken den nordlegaste registrerte i Noreg. Til vanleg held Arne og benken til i Karasjok og der har vi ein gamal benk registrert frå før. Vi set stor pris på at Sametinget legg til rette for at handverkarar som Arne Graven får bruke skottbenken og høvle golvbord på den måten som ein bør i slike restaureringsprosjekt. Det er slett ikkje så sjølvsagt som det burde vore. Vi ynskjer Arne lukke til med resten av prosjektet og kjem gjerne tilbake med bilete av golvborda og seinare ferdig golv.

Skottbenk i praksis

De som har vore med ei stund på bloggen har kanskje danna seg eit bilete av korleis ein arbeider med skottbenk i praksis? På eit par tidlegare postar om skottbenk og golvbordhøvling har eg fått spørsmål om å legge ut litt film som viser arbeidsmåten. Eg har gjort nokre enkle opptak av høvling som eg har klipt saman for å gi eit inntrykk av arbeidsmåten. Dette har eg lagt på youtube og lenka til det her i denne posten. Eg håpar det kan gjere bruken av skottbenken meir forståeleg. Dette er meint som eit første forsøk på å vise korleis eg pløyer golvbord. Kom gjerne med innspel på korleis det kan gjerast betre. Det er mogleg å legge inn kommentarar og slikt, men det krev litt meir arbeid og planlegging. Bruk kommentarfeltet til innspel eller send til meg på e-post.

Golvbord og materialkvalitet

Materialen til golvborda eg høvlar er furu som eg sjølv har plukka ut på rot i ulike skogsområde her i Målselv. Furuene er først og fremst plukka ut på grunnlag av ei visuell vurdering av stamme og krone. Til golvbord vil eg helst ha ein nokolunde bein og rund stamme. Dimensjonen kan variere men eg har prøvd å ta ut tre som har 10-12″ diameter i toppen på ein rotstokk som er kring 6 meter lang. Det er ein fordel med lite og/eller små kvist i rotstokken. Tørrkvist kan også vere ei utfordring. Nokre fine andrestokkar kan også bli til bra golvbord men desse får eg sjeldan på 6 meters lengde i skogane i Målselv. Då vert dei kappa på fall som det heiter. Eg kappar dei på ein stad der det høver med toppdiameter, kvist eller avsmaling. Dei må berre vere lange nok til å passe med dei kortaste golvborda. I mitt fall er det 2,5 meter. Til golvbord bryr eg meg ikkje i så stor grad om furuene er vinde eller solvinde (hørevridd eller venstrevridd) i veden. Golvbord som er 5/4″ tjukke kan som regel rettast nok i høvlinga og spikrast ned på åsane eller tilfararane sjølv om dei har vinna seg under tørking.

Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Når eg leitar tømmer er det gjerne i område der eg veit at det finnast furu av den kvaliteten eg er ute etter. Det er sjeldan å finne heile bestand med god kvalitet på tømmeret. Eg plukkar då ut dei furuene som eg vurderer som høvelege til mitt føremål og merkar desse med band slik som Siv Holmin har gjort her. Nokre gongar kan eg sjølv hogge tømmeret, andre gongar er det skogeigaren sjølv som høgg og driv fram. Eg tar ut berre dei trea eg treng og lar resten stå. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av  fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Foto: Roald Renmælmo
Bord som er saga av tømmer som er vindt, altså høgrevridd, vil få motved på høgre side og medved på venstre side. Her er det markert med piler med blyant. Når eg høvlar slike bord ser eg med eint gong på strukturen i overflata på bordet at veden går mot den retninga eg høvlar. Biletet er tatt med baklys frå vindauget og då vert det skygge av fibrane som står opp i høgre side av bordet. Venstre side ser glattare ut. Dette bordet er saga på ei sirkelsag som gir jamn fin skuroverflate. Bord saga på oppgangssag vert mykje tydelegare enn det vi ser på dette bordet. Kvisten vi ser i biletet er ein svartkvist. Heldigvis er den ikkje av den lause typen, men ein som sit fast i bordet. Foto: Roald Renmælmo

Tømmeret eg har tatt ut er saga til 5/4″ bord med rot/topp avsmaling. Desse borda skal brukast til kledingsbord, takbord og golvbord. I utgangspunktet tenkjer eg meg å bruke alle dei borda som er mogleg å bruke. Eg vil helst ikkje sortere ut bord unødig. Eg tenkjer meg at handverkarane som bygde hus i den tida eg undersøkjer, det meste av 1800-talet, kanskje ikkje hadde høve til å velje bort så mykje material? Korleis sorterer ein då dei ulike kvalitetane bord til ulike typar bruk? Eg vil helst ha takbord utan kvist som gir lekkasje og samstundes med mest mogleg alved. Eg vil helst ha kledingsbord som er sterke og med mest mogleg alved. Til golvbord har eg difor plukka ut bord med lite alved og med ein del kvist. Eg vil prøve ut kor grensa går for kva bord som kan nyttast til golvbord utan at eg kjenner meg ukomfortabel med resultatet.

Ein del kvist treng ikkje å vere noko større problem. Det er verre når kvisten er av typen laus svartkvist. Slike har ein tendens til å ramle ut under høvling. Er det kvist heilt i kanten av bordet går det an å hogge bort litt meir ved i kanten for å kome inn på heil ved. Er det fjørkvist i flata på bordet kan dette vere verre. Mange av borda eg har tatt ut til golvbord er saga langt ut i stokken. Då har dei gjerne laus tørrkvist nær midten. Eg vil ikkje ha hol i golvet mitt så eg prøvar ut ein måte for å reparere slike bord. Arbeidsmåten har eg tenkt meg fram til på eige hand. Tilsvarande spunsar har eg sett i golv frå slutten av 1800-talet men då kan det vere vanskeleg å vite om det er seinare reparasjonar eller gjort slik eg viser under. På slutten av 1800-talet var det truleg anten hornlim (beinlim) eller kaseinlim som var vanleg brukt til slike reparasjonar som dette. Eg har ikkje gjort eit stort poeng av val av lim og har tatt det limet som eg hadde lettast tilgjengeleg på verkstaden.

Golvplogar frå Hadeland

På kurset i golvbordhøvling på Håndverksdagane på Røros var det med ein deltakar frå Hadeland. Han hadde med seg eit sett med golvplogar som verka gjennomtenkte og solide. Dei har nok vore enormt mykje brukt etter slitasjen å dømme. Dei har sikkert høvla mange tusen kvadratmeter med golvbord? I dag er dei så slitt at fjøra blir litt for tjukk til å passe i nota. Det kjem av slitasje på sida av ståla i både nothøvelen og fjørhøvelen. Vi har tidlegare skrive om skøttbenk på Hadeland og desse golvplogane  er med på å gi eit meir heilskapleg bilete av den lokale tradisjonen. Golvplogane er heilt klart av ein type som høyrer saman med skottbenken sidan dei samansette høvelståla skyt kant og høvlar pløyinga i same operasjon. Slike kan ikkje brukast utan skottbenk.

Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Golvplogane frå Hadeland. Nothøvelen til venstre og fjørhøvelen til høgre. Båe høvlane har vinkla handtak for at dei som høvlar skal få meir naturleg grep. Dette er i følgje eigaren vanleg på okshøvlar på Hadeland. Tilsvarande har eg også sett på okshøvlar i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Høvling av golvbord på Håndverksdager på Røros

Eg har kome tilbake til Målselv etter ei veke på Røros der eg har undervist i høvling og legging av golv på Håndverksdagane. Det var heile 18 deltakarar på mitt kurs så det ble ganske fullt i Raugarasjen i Kurantgården. Det var stort sprik i gruppa av deltakarar frå erfarne snikkarar, til dei som så vidt hadde prøvd å høvle på sløyden på skulen. Heldigvis er det å høvle på skottbenk noko dei fleste får til etter ei lita innføring og litt prøving. Så lenge høvlane fungerer og er justert så går høvlinga bra. Etter eit par dagar med høvling verka alle som vante snikkarar der dei drog okshøvelen. Det har tidlegare vore kurs i bygging av skottbenk på Røros. Såleis hadde vi tre nybygde skottbenkar med på kurset, i tillegg til den gamle skottbenken frå Nereng på Tynset.

Til venstre held to av deltakarane på og høvlar flask på ein høvelbenk. Nokre av benkane var i høgste laget (85 cm)  til slik høvling som vi dreiv med. Til høgre held ein på og skyt kant med skottoksen på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
Til venstre held to av deltakarane på og høvlar flask på ein høvelbenk. Nokre av benkane var i høgste laget (85 cm) til slik høvling som vi dreiv med. Til høgre held ein på og skyt kant med skottoksen på skottbenken. Foto: Roald Renmælmo
På kurset hadde vi ei kortfatta innføring i høvelmaking. Nokre av deltakarane fekk arbeidd med å lage seg høvlar og modifisert høvlar dei hadde laga tidlegare. Foto: Roald Renmælmo
På kurset hadde vi ei kortfatta innføring i høvelmaking. Nokre av deltakarane fekk arbeidd med å lage seg høvlar og modifisert høvlar dei hadde laga tidlegare. Foto: Roald Renmælmo
Vi brukte to ulike sett med ploghøvlar til golvbord og panel. Dei nyaste golvplogane mine vart brukt til pløying av golvborda som var 1 ½" tjukke. Her er fjørhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Vi brukte to ulike sett med ploghøvlar til golvbord og panel. Dei nyaste golvplogane mine vart brukt til pløying av golvborda som var 1 ½» tjukke. Her er fjørhøvelen. Foto: Roald Renmælmo
Eit hus som tidlegare var bygd på kurs var objektet som vi skulle panele og spikre golv i. Her held to av deltakarane på og spikrar golvborda som er høvla på kurset. Foto: Roald Renmælmo
Eit hus, som var bygd på eit tidlegare kurs, vart panelt og spikra golv i. Her held to av deltakarane på og driv i hop og spikrar golvborda som er høvla på kurset. Foto: Roald Renmælmo

Etter kurset får vi håpe at deltakarane som har fått opp augene for skottbenken og handhøvla golvbord. Vidare håpar vi at dei er med og spreier bodskapen rundt om i landet. Vi vil gjerne sjå at det blir meir utbreidd med handhøvla golvbord, i både nye hus, og i restaureringsprosjekt. Eg trur deltakarane har fått oppleve at det er mogleg å handhøvle golv og at det ikkje er veldig krevjande når høvlane og skottbenken fungerer. Kanskje vi får nokre av dei som nye medlemmar i Norsk Skottbenk Union etterkvart?

Kilar til skottbenken

Den nyaste skottbenken min er laga med skottbenken frå Kverndal i Målselv som førebilete. Eg tolkar det slik at skottbenken frå Kverndal har hatt kilar for å spenne fast borda. Det er få spor etter kilane og sjølve kilane er heller ikkje bevart. Korleis desse har sett ut er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Det er få av skottbenkane med kilestramming som har bevart kilar. Det er med andre ord lite å gå ut frå for å finne ei løysing på problemet med kilar. Eg laga meg nokre lange kilar for å prøve ut skottbenken. Desse stramma godt og fungerte men var store og uhandterlege. Det var også vanskeleg å bruke dei med  berre ei hand. Som regel må ein halde bordet som skal spennast fast med eine handa og stramme kilen med den andre. Det har vore tungvindt å bruke skottbenken på grunn av dette. Når eg skulle til å høvle eit litt større kvantum med golvbord bestemte eg meg for å modifisere kilen på skottbenken før eg byrja på golvbordhøvlinga.

Systemet fungerer fint så langt. Det er passe kon på kilen til at han er lett å stramme og lett å få laus. Det er ikkje gjort nokon tilpasningar i resten av skottbenken så denne løysinga kan vere i tråd med spor på den originale skottbenken frå Kverndal. Eg har hatt skottbenk med skruvar frå starten sjølv. Med det som utgangspunkt har eg opplevd at skottbenkane med kilestramming  har fungert riktig bra. Eg har endra syn på den saken. Kilane og denne skottbenken verkar å vere både funksjonell og effektiv i bruk, kanskje mellom dei fremste i landet?

Samanlikning av strykebenkar frå Suldal

Tenkte det var på tide med ein liten statusrapport på registreringa av gamle strykebenker i vårt område.

Det er nok kunn tilfeldigheter som gjere at strykebenker vert tekne vare på, og vert funne att. Det er svært få som veit kva dei har vore nytta til. Den einaste benken eg har kome over som er i bruk er Vasshusbenken som står på ei gardssag. Den er noko modifisert med lause boltar gjennom langborda som djupnestopp og kjetting i kilane (ikkje nokon dum ide). Benken vert nytta til barking av villmarkskledning.

To av museumsbenkane (Li- og Hålandsbenken) har begge skråavstiving i lengderetninga. Kolbeinstveitbenken er den lengste på 4340 mm og ei høgd på 800 mm. Den har fått nye langbord og er den me nyttar. Den har ei litt upraktisk lengd i forhold til verkstaden vår så me har planar om å lage ein ny og kortare benk ved høve.

Den siste benken eg kom øve stod inne på løegulvet i Nordmark. Der låg der og ein langbenk tilsvarande den frå Kvilldal oppå slindrene, denne er omlag 4 m i lengda. Strykebenken er den minste til nå med ei lengd på omlag 3 m og ei høgd på 780 mm. Den har og to knektar spikra fast på baksida som eg ikkje veit kva er til.

Under følger nokre bilete av benkane.

Frå Håland i Erfjord. Denne er 3520 lang og ei høgd på 810. Legg meke til spora etter kløyving i venstre enden. Dette vitnar om at langbordet er skore på oppgangsag. Foto: Ryfylkemuseet.
Hålandsbenken frå enden. Foto: Ryfylkemuseet
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er 2980 lang og har ei høgd på 780.
Frå Nordmark i øvre Suldal. Denne er omlag 3 m lang og har ei høgd på 780. Foto: Ryfylkemuseet.
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til "knekten" som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til?
Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til knekten som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til? Det lause langbordet kom til rette då eg bar benken inn att i løa… Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd mellom 800 og 840.
Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd på 800 og 840. Boltane som går gjennom langborda er lause og tener som djupnestopp.Foto: Ryfylkemuseet.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen (av impregnert festa med kjetting) Reparasjonar er utført nyleg.
Vasshusbenken frå enden. Her er kilen festa med kjetting. Reparasjonane er utført i seinare tid. Foto: Ryfylkemuseet.
Frå Li i Suldal. Denne er ... lang og har ei høgd på ... . Libenken har ein eigen påst her.
Frå Li i Suldal. Denne er 3240 lang og har ei høgd på 830. Li-benken har ein eigen post her. Foto: Ryfylkemuseet.

 

 

Strykbänk eller hyvelbänk for kanthyvling

 Jakta på skottbenken i Sverige held fram

Det kjem stadig innspel frå våre svenske vener på postane vi tidlegare har skrive om skottbenkar i Sverige.  Det siste er nok eit innspel frå Kalle Melin frå Knadriks kulturbygg i Kristianstad i Skåne. Han tipsa om at det er med eit fotografi av ein «hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder» i boka «Hallandsgårdar» av Albert Sandklef. (Sandklef, 1953) Boka var alt i bokhylla mi, men har så langt lege under radaren i skottbenksøket. Eg har leita i teksten i boka for å finne ut om det står noko meir om den aktuelle benken og bruken av den. Så langt er det berre fotografiet og den kortfatta billeteksten eg har funne. Sandklef var ein svært produktiv folkeminneforskar og kulturhistorikar som har etterlate seg store mengder med trykte skrifter og arkivmateriale. Det kan finnast meir informasjon om den aktuelle benken i dette materialet?

"Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp." Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar
«Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp.» Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar. (Sandklef, 1953)

Benken er laga på ein spesiell måte. Dei fire føtene er festa i ein stokk som ligg på golvet og er nesten like lang som benken. Om denne stokken er festa eller støtta på nokon måte kjem ikkje fram av fotografiet. Det ser ut som det er behov for sidevegs støtte? «Golvtilde» er det same som golvbord, eller golvtilje som vi ville skrive det på norsk. Det er tett mellom føtene og det er nok nødvendig for å stive av det relativt spinkle langbordet. Det verkar som det er fotstokken som sørgjer for avstivinga av benken. Det er i motsetning til dei fleste skottbenkane som vert stiva opp av kraftige og breie langbord.

Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka "Böndernas bygge" av Finn Werne. (Werne, 1993)
Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka «Böndernas bygge» av Finn Werne. (Werne, 1993)

I boka «Böndernas Bygge har Finn Werne med ei skisse av ein strykbänk som ser ut til å vere identisk med benken i boka til Albert Sandklef, men frå ei anna kjelde. Kjelda på denne skissa er Nordiska museet sine svar på spørjelister, EU 1485 NM. Eg har ikkje funne denne kjelda enn så lenge. Eg har berre leita i  ufullstendige kopiar av materialet og har ikkje hatt høve til å besøke arkivet med originalmaterialet der alle svara finnast. Det kan godt vere at begge kjeldene byggjer på den same benken, eller kjem frå same området. Vi kan derfor ikkje seie at denne benken er typisk svensk eller typisk frå Halland. Det er mogleg det er berre denne eine benken?

Uansett er det interessant å sjå korleis benken er laga. Det er som regel mykje enklare å finne ein lang tømmerstokk enn å finne gode emne til langbord til skottbenk. Denne måten å lage skottbenk på kan derfor vere eit bra alternativ om ein må ha ein benk på byggjeplassen og ein manglar gode langbord.

Kjelder

Albert Sandklef, Hallandsgårdar – Bebyggelse på gårdar och torp före 1900, Stockholm 1953

Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993

Skottbenk på Surnadal bygdemuseum

Bygdemuseet ligg på garden Åsen i Surnadal og er ein del av Nordmøre museum. Museet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med bygningar frå ulike tider og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Inne på låven er det samla ein del interessante bygningsdelar frå eldre hus i området. Mellom desse finnast også ein flott skottbenk i god stand. Skottbenken består av to bukkar (eller krakkar) og langbord. Han er laga slik at langborda er lause men vert halde på plass av eit blad frå bukken som er haka inn i sida på langbordet. Langborda er totalt 4 meter lange og måler 5 cm x 18.5 cm. Klikk på bileta i galleriet for å få større visning og billetekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.

 

Frå Møre og Romsdal fylke er det nemninga skotbenk som er mest vanleg om ei skal leggje svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed til grunn. Frå Hareid har vi «skotbenk» og «skothyvel», frå Volda «skotbenk» og frå Dalsfjord (også Volda?) «skotbenk». I Tresfjord har vi forma «skaatbenk» som ein variant av skrivemåten. Andre nemningar eller skrivemåtar er ikkje med i svarmaterialet frå fylket. Vi håpar denne posten kan vere til inspirasjon til potensielle medlemmar av Norsk Skottbenk Union i Møre og Romsdal slik at det kjem fram fleire gamle skottbenkar frå fylket og at nokon tek til  og byggjer seg benkar.

Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo