Studentane på tradisjonelt bygghandverk på NTNU har i tradisjonsfaglig fordypning i oppgåve å finne, registrere og måle opp ein lokal skottbenk frå sitt område. Student og medlem i unionen, Sven Hoftun, har posta sitt oppgåvesvar på bloggen med oppmåling av strykebenken i Hoftun. Etter han posta kom det inn spørsmål om korleis kilane kan ha sett ut og Sven svarar at det blir posta om ein tilsvarande benk frå same område som også har kilane bevart. Her følgjer tekst og dokumentasjon frå student Kjell Gunnar Haraldseid på Ryfylkemuseet.
Strykebenken på Øystad i Suldal. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
På garden Øystad i Suldal, Rogaland hadde de stående en strykebenk, lengde 319 cm, høyde cm 75 med originale kiler. Bukkane er laga av furu og alle delene er grovt tilhogde med øks, det er noe vannkant på enkelte deler. Stavene er 75 cm høye og blir bundet sammen med tverrbord som er felt inn i stavene med svalehale og spikret. Alle fellingene er grovt utført og ingen er helt like. Den ene foten har en tverrfot som har vært spikret i golvet.
Strykebenken sett fra enden med kilen på plass. Det er slått på et bord på begge bukkene for å gjøre kilegangen mindre. Foto: Kjell Gunnar Haraldseid
Langbordene er og laget i furu og har høvlet innside og topp men ellers grov overflate. På enden av langbordene kan man se spor etter bruk av øks. Det faste langbordet har en dimensjon på 3190 mm lengde, høyde 170 mm og tykkelse 25 mm. Det løse langbordet er likt bortsett ifra høyden som er 185 mm.
Spor etter felling eller kapping med øks. Foto: Kjell Gunnar HaraldseidDet faste langbordet er ikke felt inn i staven men står på fot slik som det løse og er festet i staven med spiker. Foto: Kjell Gunnar HaraldseidTverrfot enkelt innfelt og grovt tilhogd mellom stavene.Kilene er av furu, grovt laga og har noe vannkant og ulik lengde.
Arbeidshøyden på strykebenken er 75 cm og det er rundt 5 cm lavere enn det som vi finner på de andre benkene her i Suldal. Høyden gjør at man kommer godt over høvelen og får ført kreftene ned i arbeidsstykket. Lengden på benken gjør at man kan høvle 5 alna bord og ha litt lenge igjen på benken.
Denne benken dukka tilfeldig opp under synfaring av eit vedlikehaldsprosjekt på eit stabbur i Hoftun, Suldal. Den stod stua vekk bak ein del ting på lemmen. Og det var eit heilt lite løft som måtte til, for å få den fram og ut i lyset for dokumentering.
Strykbenken i Hoftun
Benken måler 4500mm i lengda og er 875mm frå gulv til øvre kant langbord. Benken føyer seg rett inn i rekka av andre benker frå Suldal i utforming og funksjon. I dette tilfellet er all materialen skoren på sirkelsag og det er berre innsida og øvre kanten av langborda som er høvla.
Her ser me merkinga for plassering og uttaking til svalehalen.
Studerer me litt på oppmerkinga er det tydeleg nokre punkter som er avgjerande. Til dømes er dette øvre kanten på borda med svalehale som held beina saman. Denne høgda må vera lik på begge sider for at ikkje høgda på det lause langbordet skal endra seg ved forskjellige tjukner på arbedstykket. Dette er avgjerande for om den ferdighøvla kanten er vinkel i forhold til innsida på det faste langbordet. Vinkelen på svalehalen ser ut til å vera utført på frihand, då djupna på hakket ikkje er lik på nokon av dei.
På avstandstykka er det høgda på øvre kanten som er avgjerande.
Mellom borda er det eit ope rom som gir plass til ein tapp som helt det lause langbordet på plass.
Denne benken har omlag to tommar mellom avstandstykka.
Ser me tilbake på blogginlegget om Samanlikning av strykebenkar frå Suldal og studerer biletet av Nordmarkbenken, har den knektar spikra fast til beina på baksida. Restar av ein slik knekt er der og på eine foten på benken frå Hoftun. På den andre foten er der spor som fortel om at der har vore ein. På same måten som på Nordmarkbenken, ser det ut som om denne ikkje har gått heilt opp slik at den fluktar med øvre kant på beina. Det er fortsatt uklart for meg kva denne har vore nytta til. Det verkar for meg som om den vert for smal til å lagre materialar på (jf. Nordmarkbenken).
Krossbanda ser ut som om dei kan vera tilført ved eit seinare høve. Dette samsvarar med fleire andre benker eg har studert. Men dei er komt til før knektane forsvant, då borda er tilpassa spora etter knektane. Det er berre innfestinga av det faste langbordet som utgjer avstivinga i lengda om ein ikke har skrå- eller krossband. Dette er erfaringsvis nok, då benkane me brukar på museet ikkje har ekstra avstiving i lengda. Dette er Kolbeinstveitbenken som er i stålhallen pga lengda og ein nylaga, kortare variant av same som passar betre på verkstaden.
Hoftunbenken på baksida
Når det gjeld oppmåling av benkane frå Suldal, har eg begynt å tenkje på kor nøye det er med å detaljteikne dei. Eg tolkar at benkane er noko som er laga til på plassen av til dømes ein omreisande snikkar. Han har nok ikkje hatt med seg strykebenken på trøsykkelen. Alle benkane eg har sett på til nå, er av forholdsvis grove og tildels vinne materialar. Det varierar og om rettsida på langborda vender inn eller ut. Det som er avgjerande for å få til ein strykebenk som fungerer etter intensjonen er:
at lengda på langborda må stå i høve til arbeidstykka ein skal høvle.
arbeidshøgda på benken må vera lageleg
lik høgd i øvre kant, framme og bak, på samhaldet mellom beina
at øvre kanten på samhaldet er vinkelrett med innsida på det faste langbordet.
at øvre kanten på langborda er i vinkel til innsida på det faste bordet
at langborda er beine etter lengda
Med dette i bakhovudet, og med tanke på samanlikningsgrunnlaget, har eg berre laga ei enkel skisse med nokre hovudmål om ein vil lage ein tilsvarande benk.
We are back in Norway after almost two weeks touring Minnesota, Wisconsin and Iowa in USA. For most of us it was our first trip to USA and it was a very nice experience for all of us. We have met a lot of skilled craftsmen and made many new friends on our journey. The first four days we spent in Grand Marais, a small city on the northern shore of Lake Superior in Minnesota. There we met Trond Oalann that had a class making a Norwegian kind of timberframing, «stavline» at North House Folk School. On our stay here we had some demonstration of planemaking, splitting and hewing logs and forging plane irons and chisels. Peter Henrikson at North House let us have some pices of white pine so we could start to make a new Skottbenk for our demonstration at Handworks 2017. We did also assist Trond and did some work with his students.
The «Stavline» building course at North House Folk School.
The «Stavline» building course at North House Folk School.
Jon Dahlmo are forging a laminated plane iron at Nort House Folk School.
Thor Aage and Peter are demonstrating planemaking at North House.
Siv Holmin are demonstrating how to split a white pine log with axe.
Thor Aage Heiberg are planing the pices that are going to be our new Skottbenk.
After our stay in Grand Marais we drove down to Folklore Village near Dodgeville in Wisconsin. I had read about Aslak Olsen Lie (1798-1886), a woodworker from Reinli in Valdres in Norway who moved to Wisconsin with his family in 1848. Here he built his new home in 1848-49 and this house is now under restauration by Nels Diller who works for Folklore Village. We got to meet the director Terri Van Orman and the carpenter Nels Diller and could see a lot of original materials and logs from when Aslak built his home more that 160 years ago. Some of the preserved floor boards seems to have been made on a skottbenk, but we could not find a bench in that area. You can read about Aslak Olsen Lie in the very interesting book: Snikkaren Aslak Olsen Lie : bygdekunstnar i Valdres og Wisconsin. It might be available only for Norwegian readers?
Aslak Olsen Lie, nr 2 from the right, and his family in front of his home in Wisconsin in 1874. Photo. Andrew Dahl
The Aslak Lie house during dismantling from the original site.
Nels Deller (left) and the new rising of the Aslak Lie house at Folklore Village.
Floor boards from the Lie house. The members of Norsk Skottbenk Union belive that a Skottbenk have been involved in making theese boards
Materials from the Lie house.
Springdale Lutheran Church whith the steeple attributet to Aslak Olsen Lie and built in 1877.
The sign at Springdale Lutheran Church
We left Folklore Village and drove to Vesterheim in Decorah, Iowa. We arrived in the evening 16th May and could participate in 17th May celebration in Decorah the next day. It was still time to make a visit to the museum collection at Vesterheim. Darlene Fossum-Martin from Vesterheim guided us through the very interesting collection of tools and workbenches in the Painter-Bernatz Mill and the building in the Open Air Division. We even got to se some of the furniture collection where they had a cabinet attributed to Aslak Olsen Lie.
The Erikson-Hansen stabbur at Vesterheim
Workbench and «okshøvel» at Vesterheim
This plane in the collection seems very «Norwegian».
This saw seems like its Norwegian relatives.
The «navar» are most likely from Norway.
Ivar has found a broad axe that looks like axes in Telemark in Norway.
This cabinet are attributed to Aslak Olsen Lie and we could do some research in the joinery details.
After our stay in Decorah we drove to Amana where Handworks 2017 where arranged. This was the main reason for us to go to USA in the first place. It was caused by a tip from Jameel Abraham at Benchcrafted who had found an old original Skottbenk in Amana. At Handworks we found a lot of hand tool enthusiasts from all over USA, Canada, UK, Australia and Norway. It was great to meet all the nice people we only had seen on various blogs and instagram. We went straight down to Amana Woolen Mill and found the old local Skottbenk. Then we finished the new Skottbenk we had started to make in Grand Marais.
We made our stand ready with both a low planing bench and a new Skottbenk.
The new Skottbenk are finished and in use. We got a lot of interestied visitors. Here we had Deneb Puchalski from Lie-Nielsen Toolworks who has tried some of the special planes for the Skottbenk.
The original local Skottbenk at our stand at Handworks
Siv are taking some measures and make drawings of the local Skottbenk. We will later post this information on the blog so that you Americans can make a copy of an old American Skottbenk.
It was a lot of things to see and do at Handworks and you might get an impression on Instagram #handworks2017. I recomend the YouTube video of the presentation Roy Underhill had on saturday at Handworks.
Det gjekk rykte om ein skottbenk i Austefjorden. Peter Brennvik hadde fått eit tips av Anders Hunnes om ein benk. Skulle dette bli den første registrerte skottbenken på Sunnmøre?
Dei to bukkane til skottbenken. Foto: S.K.Holmin.
Den 26. november, 2016 for Kåre Løvoll og eg inn i Austefjorden og såg på to bukkar (Anders var også med). Eigaren meinte bukkane var brukt til å legge veggstokkar i for å ta ut mefar til tømring. Han hadde ikkje sett benken i bruk sjølv. Eigaren viste oss dei to bukkane. Han kjende ikkje til og hadde ikkje sett eller funne langbord som høyrde til benken.
Skottbenken
Bukkane er laga av furu, men delen som held saman dei to føtene er av bjørk. Delane har ikkje nøyaktig like mål. Det er litt variasjon på lenge bredde og tjukkleik på dei like delane. Dei er hogd til ut ifrå eit emne for å passe til bukken. Emna har ein del synleg vankant og er fasa på mange kantar.
Stavane står på ein 51-53 cm lang, ca. 12 cm høg og 15,5 cm brei fot. Denne er hogd til og det er hogd ein fas langs kanten på langsidene på oppsida. Den har margen i. Høgda på bukkane, altså lengde på stavane er 81-86 cm høge, ca 11-12 cm breie og 8-9 cm tjukke. Dei er altså ikkje kappa nøyaktig for å ha lik høgde. Det er marg i tre av stavane og ein har margen ut. Stavane står med avstand 7,5 cm på foten. Dei har tappar nede som går gjennom foten og er festa med ein rund trenagle som er 17-18 mm. Tappane på staven 8-9 cm lange (stavens tjukkleik) og 3 cm breie. Dei er runda på kantane. Så tapphola er truleg laga ved å borre to 3 cm store gjennomgåande hol og så hogd ut i mellom. Stavane er nøyaktig tilpassa flata oppå foten.
Stavane har tappar nede som er tappa ned i foten og festa med trenagler. Foto: S.K.Holmin.
For å halde stavane stødig saman er det eit tverrtre av rund bjørk som går gjennom eit tapphol i begge stavane. Tverrtreet er hogd ned til 4”x1” der det skal gjennom slissen. I enden som stikk ut er det laga eit hol og satt i ein trekile som gjer at staven ikkje kan pressast ut. På den eine bukken har tverrtreet fått ein sprekk i enden, så der er det forsterka med ein oppgangsaga bordbit som er tredd inn på og det er satt inn ein lang jernspiker/bolt som kile.
Bukken med tverrtre av bjørk. Dette går gjennom tapphol i føtene. Eit bord er tredd inn på enden og festa med ein jernspiker/bolt som kile, som forsterkning, sidan tverrtreet har sprukke. Foto: S.K.Holmin.
Det er hogd ut for langborda i øverste delen av staven. Her er det hogd ut 3,5 cm djupt og 4,5 cm ved står att på staven på 8 cm (mål frå ein stav). Frå botn av utfelling for langbord og opp til toppen av stavane er det 24,5 og 25 cm på eine bukken og 22 og 23 cm på den andre bukken. Så om ein har langbord på om lag 25-27 cm høgde (dei treng kanskje ikkje å ha vore paralelle?) kan ein høvle opp til 12” breie bord. Alt etter kor høg meien er på høvelen. Tverrtret som avgrensar kor breidt bord ein kan høvle, ligg om lag 3 cm lavare enn underkant av langbordet.
Føtene står med 7,5 cm mellomrom på foten. Oppe er det 14-15 cm mellomrom etter at det er tatt ut for langborda. Om langborda er 2” tjukke kan ein høvle i underkant av 2” bord i denne benken. Utan langborda får ein plass til ein dryg 5” stokk. Det var ikkje tydlege spor etter festing av langbord på bukkane.
Den andre bukken, der tverrtreet er festa med ein trekile. Vi ser også uthogginga for langborda øverst på stavane. Foto: S.K.Holmin.
På begge bukkane er det spikra på ein bordbit på tvers mellom stavane som går litt høgre enn tverrtreet. Det er skåre ut eit hakk i kvar av desse. Det er uklart kva nytte desse har hatt. Kanskje for å kunne bruke bukkane utan langborda og legge veggtømmer på høgkant i bukkane for å ta ut mefar? Det var ikkje synlege slitasjespor etter dette. Bordbitane er dessutan montert slik at ein kan ha på langborda også. På eine staven er det fora på litt med ei treflis i botn av utfellinga for langbordet for å kome i høgde med bordbiten? Det kan også vere at bordbitane fungerer som ei ekstra avstiving etter at bukkane har vorte slarkete. Bordbitane er oppgangsaga material og spikra med klippspiker.
Om nokon skal lage seg skottbenk på Sunnmøre kan denne vere ein fin modell. Det har truleg vore brukt kilar for å feste bordet i benken, sidan det ikkje er skruar på den. Det er sjeldan å finne originale løysingar på dette. Vi har funne få benkar med originale kilar. Så her må vi ha augene opne, kanskje det dukkar opp fleire skottbenker med langbord og kilar.
Tusen takk til Olav og Anders for triveleg møte.
Og takk til Peter som vidareformidla tipset, og Kåre som vart med.
Høvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Eg har tidlegare skrive ein del om dei funna eg gjort om skottbenken i spørjelistene om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk folkeminnesamling. Eg rekna med at eg hadde gått gjennom alt av relevante svar i dette materialet i samband med min store gjennomgang og analyse. I førre veke var eg tilbake på Blindern saman med studentar i tradisjonelt bygghandverk, Terje Planke og smedstipendiat Øystein Myhre. Føremålet vårt var å gå gjennom andre spørjelister om smedhandverket, timbremannsyrket og husbygging. Også desse spørjelistene vart sendt ut på 1930-talet og inneheld mykje spennande materiale. Særleg for oss handverkarar er det veldig spennande å sjølv få lese gjennom kva våre forgjengarar har skrive og forklart om sitt handverk i for kring 80 år sidan. I gjennomgangen av dette materialet dukka det faktisk opp eit svar på spørjelista om snikkarhandverket mellom svara om timbremannsyrket. Det var svar frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Det har kome inn i 1946 og Olav skriv at han har samla inn stoffet i Bjølsetgrenda ved Jømna stasjon. Det tyder på at han skrive ned etter handverkarar som ikkje er namngjevne i svaret hans, men som han har vurdert som kunnskapsrike innan dette fagområdet.
Olav Furuset skriv dette som svar på spørsmålet om høvelbenken:
«Når dei arbeidte bord brukte dei plogbenk. Det var to stabber med eit skår i. I dette sette ein 2 plankar. Den eine feste dei i skårsida i stabben. Den andre var laus. Millom desse to plankane la dei bordet dei skulle arbeide. Så slo dei kilen mellom det lause bordet og sida på skåret i stabben. Fyrst teljet dei tå med øks det grøvste. Fyrst risse dei sjølvsagt op så dei hadde noko å halde seg ette. Etter teljinga skjøt dei tå resten med skjøtoksen. Skulde dei så laga pløyde bord brukte dei not og fjørplog. Etterpå strøk dei av kvasskantane med semshøvel. Nå dei så hadde laga staffen var dei ferdige med bordet.»
Det han nemner som plogbenk verkar å ha sett ut og verka noko tilsvarande som benken som eg har skrive om frå Lima i Sverige. Etter beskrivelsen var nok stabbane av noko liknande utforming. Beskrivelsen frå Jømna er nok den som geografisk ligg nærast Lima av alle spørjelistesvara i Norsk Folkeminnesamling. Det er ca 16 mil å kjøre mellom Lima og Jømna, men det har vore ein del kontakt og handel mellom folk i desse områda tidlegare. Det er derfor ikkje spesielt merkeleg at det er slektskap mellom skottbenkane (plogbenkane) i dette området. Artig er det også at Olav har med mange ord i forklaringa si om korleis benken vart brukt. Han får også med at dei brukte semshøvel til å stryke av kvasskantane. Dette er noko som eg har sett spor etter på gamle golvbord i Målselv og andre stader så det var artig å sjå at det også er beskrive i tekst.
Kanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, «telje tå det grøvste med øks». Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo
Det strøymer på med tips om skottbenkar frå ulike stader i landet. Det er så vidt vi klarar å ta unna alle tipsa. I april 2015 skreiv eg om skottbenkar i Oppland ut frå svarmaterialet i Norsk Folkeminnesamling. Då hadde eg ikkje tilgang til bilete av gamle benkar frå fylket, men brukte eit bilete frå Maihaugens årbok som viste demonstrasjon av skottbenk i Vågå i 1987. Då hadde eg ikkje meir informasjon om denne benken og etterlyste om nokon hadde tips i så måte. For nokre veker sidan fekk vi inn tips på bloggen frå Tore Nysæter som arbeider med registrering av gjenstandar i Gudbrandsdalsmusea. Han hadde kome over ein skottbenk i eitt av husa på Jutulheimen bygdamuseum. Ut frå bileta han sendte er eg viss på at det er snakk om same skottbenken som på biletet i Maihaugens årbok.
Skottbenk på Jutulheimen bygdamuseum i Vågå. Foto: Tore Nysæter
Skottbenk på Jutulheimen bygdamuseum i Vågå. Foto: Tore Nysæter
Skottbenk på Jutulheimen bygdamuseum i Vågå. Foto: Tore Nysæter
Vi har ikkje fått tak i meir informasjon om skottbenken. Denne kan vere eit bra utgangspunkt for snikkarar i området som vil snikre sin eige skottbenk. Då har det vore fint å fått tatt nokre mål av originalen og kanskje få tak i litt historie kring den. Vi kan vel rekne med at dette var benken som vart brukt til demonstrasjon i Vågå i 1987 ut frå det som står i boka. Eg takkar Tore Nysæter for tips om skottbenk i Vågå. Eg reknar med at det dukkar opp fleire benkar i området når ein fyrst har kome i gang å undersøkje.
Endeleg får vi sjå den fyrste skottbenken frå Valdres. Odd Arne Rudi har lagt ned ein del arbeid i å leite etter slike og har omsider fått napp. Odd Arne er bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea og har såleis mykje kontakt med huseigarar rundt om i deira område. Sjølvsagt må ein bygningsvernrådgjevar ha kjennskap til lokale tradisjonar i høvling og bruk av skottbenk. Ein gamal original skottbenk er eit godt utgangspunkt i å finne tak i desse. Enn så lenge er det få andre opplysningar om benken og vi har ikkje andre kjelder som kan seie noko om bruken eller nemningar. Frå andre kommunar i området har vi nemningane skøtbenk og skøttbenk så det er mogleg denne skrivemåten kan høve også i Nord-Aurdal?
Skøtbenk frå Nord-Aurdal. Foto: Odd Arne Rudi
Odd Arne skriv: Skøtbenken står oppe på loftet i ei lita stogo på ein tidlegare husmannsplass i Nord – Aurdal i Valdres. Eg har ikkje sett slike i distriktet her før, det har heller ingen annan som eg veit om. Benken var ganske grovt tillaga og enkel i forma, men hadde tydeleg vore brukt mykje.
Benken ser solid ut og har uvanleg kraftige fotplater. Slik han står i dag er det også eit bord som held fotplatene på dei to bukkane saman i fast avstand. Det er tilsvarande det vi har sett på andre skottbenkar i Oppland som har føter som er festa i ein solid bjelke som ligg på golvet. Ei oppmåling av benken frå Nord-Aurdal har det vore fint å fått ut her på bloggen, etterkvart håpar vi og på at det vert laga kopiar av benken.
Skøtbenken minner om andre av benkane som er stramma med kilar. Det ser ut som ein fot er fast og ein står laust i ei spor. Foto: Odd Arne Rudi
Kilane i skøtbenken er bevart på begge føtene. Foto: Odd Arne Rudi
Som på andre benkar på bloggen ser vi at det er kile og kontrakile som står i ein sliss. Foto: Odd Arne Rudi
Skøtbenken sett ovafrå. Foto: Odd Arne Rudi
Skøtbenken står på eit snikkarloft med høvelbenk og ein del verktøy. Her kan det vere mogleg å finne høvlar som høyrer med til skøtbenken? Foto: Odd Arne Rudi
Skotbenk på Heibergske samlinger, Sogn Folkemuseum. Foto: Øyvind Skarstein
Ein av våre trufaste lesarar, Øyvind Skarstein på Kystmuseet i Florø, har kome over ein veldig spennande skotbenk i eit område der vi har lite informasjon om gamle skottbenkar. Han har sendt meg bilete og oppmåling av benken for publisering på bloggen. Dette fører til at vi må oppdatere fleire av våre tidlegare teoriar og oppfatningar om utbreiing av skotbenken og kva funksjonar slike benkar kan ha. Benken er ein del av samlinga til De Heibergske samlinger, Sogn Folkemuseum og vart gjeve som gåve frå Chr.Knagenhjelm, Kaupanger så tidleg som i 1934. Som vanleg for gjenstandar i samlingane i dette museet er det skrive eit relativt grundig registreringskort med detaljerte opplysningar om nemningar og bruken av benken. Benken er registrert i samlinga med gjenstandsnummer: DHS.14867 Registreringsopplysningane er attgjeve sist i bloggposten.
Skotbenken har kilestramming for langborda. I tillegg er det tappa inn hol i langborda for tappar (klosser) som borda kvilte på for å støtte dei opp i riktig høgde for skyting. Slik kunne dei få høvla paralelle bord. Foto: Øyvind Skarstein
Eg har i mange år tenkt på ulike løysingar for å få høvla parallelle emne i skottbenken. Dei skottbenkene eg sjølv har fått undersøkt har eg leita grundig på for å eventuelt finne spor etter eventuelle slike løysingar. Fram til i dag har eg ikkje funne slike. Derfor er det veldig artig at det både er spor etter dette i denne skottbenken og at dette er stadfesta på registreringskortet på museet. At slike innretningar har eksistert har eg vist til både i det eg har skrive om skottbenken til Leonardo da Vinci og amerikanske patent på skottbenk. I tillegg er det truleg noko tilsvarande det er snakk om i skøtbenken som snikkar Deramb brukte i samband med høvling av golvbord til slottet i Oslo?
Kilar og føter til skottbenken. Foto: Øyvind SkarsteinDetalj av kilane til skotbenken. Foto: Øyvind Skarstein
Øyvind skriv at langborda (vangane) var skore på oppgangssag. Elles er det vanskeleg å vurdere alderen på denne benken. Truleg var han gamal då han vart gjeve til museet i 1934. Føter og dimesjonar kan minne noko om skottbenken frå Blikset gård på Østre Toten. Systemet med kilane kan minne noko om skottbenken frå Nereng på Tynset. Det verkar som om benken har vore høgare tidlegare og då kan den ha hatt ei form for fotplate eller liknande som i dag ikkje er bevart.
Øyvind har store planar om å lage ein kopi av benken og så kome i gang med høvelmaking. Vi håpar det kan bli starten på eit aktivt fagmiljø på bruk av skotbenk i Sogn og Fjordane. Eg takkar så mykje for at Øyvind tok seg arbeidet med å måle opp denne interessante skotbenken og deler dette med oss andre i Norsk Skottbenk Union.
Oppmålingsskisser av skotbenken:
Målsett skisse av skotbenk i samlinga til De Heibergske Samlinger. Skisse: Øyvind Skarstein
Målsett skisse av skotbenk i samlinga til De Heibergske Samlinger. Skisse: Øyvind Skarstein
Målsett skisse av skotbenk i samlinga til De Heibergske Samlinger. Skisse: Øyvind Skarstein
Opplysningar på registreringskort:
Betegnelse: Høvelbenk
Alt.betegnelse: Skotbenk
Pres.betegnelse: Vart brukt når man høvla kantar på bord og plank. Tilhører samling: De Heiberske Samlinger
Brukssted: Sogndal SF Kaupanger
Siste eier: Knagenhjelm,Christen sen.
Motteke: 30.04.1934
Forklaring av bruk : En skotbenk hvori man kanthøvlet bord og planker. Den er laget av 2 planker 2’’ * 5 ½ ‘’, 306 cm. lang. Hver planke er festet til to opstandere 6’’ * 4’’, Nu 60 cm. høie (har opprinnelig vært længre). Opstander kiles sammen, når man har bord mellem plankene for å kanthøvle dem. I plankernes sider firkantete huller, hvori blev stukket klosser som bordene, når de var høvlet på den ene kant, hvilte på for å få dem jevnbrede. Til kanthøvling på skotbenk benyttedes okshøvel, der hadde påslåtte lister på siderne.
Gave fra Chr. Knagenhjelm, Kaupanger
Som den fyste frå Nordland kan vi ynskje Eirik Nicolaisen velkommen som medlem i Norsk Skottbenk Union. Han har snikra seg både skottbenk og langbenk og sendt inn dokumentasjon på dette for publisering. Han er student på Teknisk bygningsvern og restaurering på HiST i Trondheim og bur i Sømna kommune på Helgeland i Nordland. Enn så lenge har det ikkje vore registrert gamle skottbenkar på Helgeland, men vi har fått tips om at det er lokalisert to skottbenkar som vi kjem til å sjå nærare på etterkvart. Her kjem tekst og bilete frå Eirik Nicolaisen:
Etter inspirasjon frå den eminente bloggen til Norsk skottbenkunion har eg laga meg ein skottbenk og ein langbenk.
Skottbenken og langbenken som Eirik har laga. Foto: Eirik Nicolaisen
Eg har snakka med fire mogelege informantar på Sør-Helgeland, men, med unnatak av ein, kjenner ingen til skottbenk, korkje som uttrykk eller ting. Den eine, Kåre Lande frå Tosbotn, hugsar far hans snakka om ein skottbenk som vart nytta på ein tynnefabrikk til å høvle kantane på tynnestavane. Denne skottbenken var innretta slik at tynnestavane kunne bøyast når ein høvla. Dette var nok ein nokså spesialisert variant. Eg har eit par namn til på lista, men har ikkje kontakta dei enno.
Skottbenken eg har laga meg er eit ”gjennomsnitt” av skottbenkane i bloggen og basert på kilar for å klamre fast bordet. Eg har nytta materialar eg hadde liggjande, så det er ikkje nokon voldsom tankeverksemd bak dimensjonane, anna enn at det skal vere sterkt nok. Føtene er 4” x 4”, oppstandarane er 3” x 6” og langborda er 2” x 8” (48 x 196). Oppstandarane er tappa ned i føtene og skruva i hop med M16 gjengestang. Det faste langbordet er grada inn i oppstandaren. Denne skottbenken kan maksimalt ta to tom tjukke bord, men det greier seg til min bruk. Hovudmåla på skottbenken er 76 cm høgd (langbordhøgd), 396 cm lang og føtene til bukkane er 95 cm lange. Eg har tenkt å lage meg fleire langbord i ulike lengder etter trong. Det er heller ikkje sikkert at dette vert den siste skottbenken min !?
Delane til skottbenken under produksjon. Foto: Eirik Nicolaisen
Delane til skottbenken under produksjon. Foto: Eirik Nicolaisen
Føtene er tappa gjennom fotplata kilt frå undersida. Foto: Eirik Nicolaisen
Som spennbolt er det brukt M16 gjengestål og skiver. Benken er stramma med kile. Foto: Eirik Nicolaisen
Det er tatt ut i foten for kile og styrelist på langbordet. Foto: Eirik Nicolaisen
Langborda er laga av 2″ x 8″ gran kjøpt frå trelast. Då er det enkelt å byte ut med lengre eller kortare langbord etter behov. Foto: Eirik Nicolaisen
Eg har enno ikkje fått prøvd skottebenken, men skal høvle om lag 30 m2 golvbord av ukanta gran til eit eige prosjekt, når eg får tid. Eg må og lage meg skotthøvlar før den tid. Eg tenkte eg kunne nytte høvlar som eg monterar meier på.
Den ferdige skottbenken er klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen
Langbenken har eg og laga med tilgjengeleg material etter inspirasjon frå langbenken i Sirbma i Tana. Benkbordet er eit ukanta 2” furubord med breidd 24-26 cm, midtbordet er ein gamal oppgangssaga 2” x 8”. Bukkane er av 2” x 6” og 2,5” x 4” furu der oppstandarane er tappa ned i føtene. Bukkane er slissa inn i midtbordet og benkbordet og benkbordet er skruva fast. Høgda er 50 cm og lengda er 489 cm, bukkane skrevar 50 cm.
Langbenken er ferdig og klar til bruk. Foto: Eirik Nicolaisen Plata på langbenken er skruvd fast med forsenka skruvar. Foto: Eirik Nicolaisen
Vi takkar Eirik for tilsendt materiale og reknar med at vi vil høyre meir frå han etterkvart som han går vidare og får brukt dei nye benkane sine.
Västagården i Lima er Limas Hembygdsgård og består av ei flott samling av hus som opphavleg var bygd på garden frå 1780-talet og framover. Det er supplert med fleire eldre hus, dei eldste frå 1500-talet. Det er ei svært rik samling av gjenstandar på gården som ligg vakkert til med utsikt over dalgangen til Västerdalaälven. Desse flotte bygningane kan by på mange «uoppdaga» skatter for oss som leiter etter verktøy og gamle reiskapar. Siv Holmin og Mattias Helje gløttar inn i rommet på leiting etter skottbenk. Foto: Roald Renmælmo
Etterkvart byrjar vi å få kjennskap til skottbenkar og tradisjonen kring bruken av desse frå dei fleste områda i Noreg. Våre kolleger i Sverige har ikkje vore like heldige i sine søk etter skottbenkar og kjelder. Vi har presentert nokre bilete og nokre skriftlege kjelder her på bloggen tidlegare. Det har vore skrive om strykbänk, fogbänk og fogbock. Det er heilt klart at slike benkar må ha vore utbreidde også i Sverige. Det har så langt ikkje vore nokon som har klart å oppdrive ein gamal original slik benk i Sverige. Difor var eg veldig spent då eg fekk vere med Mattias Helje til Västagården, Hembygdsgården i Lima, for å sjå på noko som han trudde var ein skottbenk. Vi fekk med oss Mattias Thuresson frå Lima Hembygdsförening til å låse oss inn og finne fram til huset der benken stod lagra. Og ganske riktig, der stod ein flott gamal skottbenk som Hembygdsforeninga har samla inn og tatt vare på.
Skottbenken på Västagården i Lima og frå venstre Mattias Helje og Mattias Thuresson. Dei kan stolt presentere den fyrste originale svenske skottbenken her på bloggen. Dette kan vere fyste steg på vegen for å gjere skottbenkrørsla til eit samnordisk prosjekt. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenk på Västagården
Skottbenken har kome frå ein lokal båtbyggar og snikkar som heitte Nisslars Per Persson (1809 -1886). Han heldt til på Mojanisgården i Husom, ei grend (by på svensk) på andre sida av Västerdalaälven for Västagården. Det har vore ei oppfatning om at benken har hatt samband med båtbygging og såleis var han utstilt saman med nokre av Limabåtane på Västagården. Det var fyst etter at Mattias Helje var på seminar i høvelmaking og bruk av skottbenk i Trondheim han forstod at benken måtte vere ein skottbenk.
Skottbenken er bygd opp på tilsvarande måte som mange av dei norske benkane. To bukkar som har eit fast langbord og eitt laust som vert spent saman med kilar. Langborda er 5,15 meter lang og benken har arbeidshøgd på 29″, ca 76 cm. Foto: Roald Renmælmo
På Västagården er det samla svært mykje spennande av gamle reiskapar. Det kan nok ha samband med at området er rikt på handverk og tradisjonar og at Lima Hembygdsförening vart danna så tidleg som i 1909 og har arbeidd aktivt for å samle inn og ta vare på hus og gjenstandar. Det har også vore gjort mykje viktig innsamlingsarbeid av tradisjonsstoff i dette området, arbeidet til Niss Hjalmar M Mattson (1905 – 1973) må særleg nemnast. Han samla inn store mengder tradisjonsstoff om handverk i bygdene i Västerdalarna. For Lima sin del er det særleg smihandverk og båtbygging han har fokusert på. Eg ville likevel ikkje bli overraska om det finnast noko om tradisjonen knytt til skottbenken i materialet etter Niss Hjalmar. Arbeidet som blir gjort, og har vore gjort av dei mange Hembygdsforeiningane i Sverige er ganske formidabelt. I dag er det kring 1400 hembygdsgårdar rundt om i Sverige. Eg er sikker på at det må finnast skottbenkar på fleire av desse hembygdgårdane. Her er det ein jobb å gjere for våre svenske vener. Kanskje ei mobilisering gjennom Sveriges Hembygdsförbund kunne vere noko? Vi snakkar om 2000 hembygdsforeninger i heile landet så her er det eit potensiale.
Det er lokalisert fleire originale skottbenkar i Lima. Vi kjenner til ein benk i privat eige, men som ikkje er dokumentert for å kome på bloggen enda. I tillegg kjende Mattias Helje til at det fram til nyleg hadde vore ein skottbenk på ein gard i som hadde vore utsett for litt for hard «rydding». Det resulterte i at skottbenken dessverre vart borte, truleg vart han brent. At det i eit relativt lite område i Sverige er oppdaga så mykje som tre skottbenkar er ganske fantastisk. Det gjer meg overtydd om at vi har store mørketal når det gjeld skottbenkar i Sverige.
Galleri av skottbenken på Västagården
Klikk på eit av bileta for visningsmodus og naviger mellom bileta med piltaster.
Skottbenken sett frå sida. Benken er 5,15 meter lang. Bukkane er plassert 1,05 og 1,08 meter inn frå endane. Inndelinga er då omlag som på mange av dei norske benkane. ⅕ av lengda av langbordet stikk ut på kvar side og ⅗ er mellom bukkane. Foto: Roald Renmælmo
I begge endane av langborda var det tappa gjennom eit firkanta hol der det såg ut til å ha stått ein styretapp. Truleg har dette vore for å motverke at borda skulle svikte under høvling. Foto: Roald Renmælmo
I det eine langbordet er det bora hol for ei jarnklo som står på plass i benken. Dette er eit tydeleg prov på at ein har høvla bord på øverkanten av langborda, truleg på flasken. I sida av langbordet er det tatt ut eit hol for å kunne kome til og slå ut jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Det er ca 29″ arbeidshøgd på benken. Det er heilt i tråd med det som er vanleg i Noreg. Foto: Roald Renmælmo
Kvar bukk består av ein kraftig rundstokk av furu som det er hogd ut for langborda i. For å gjere bukken stødigare er det felt inn ein bordbit som er spikra fast nederst. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av korleis bukken er laga. Foto: Roald Renmælmo
Den andre bukken sett frå andre sida. Det eine langbordet er spikra fast til bukane med fire smidde spikrar. Foto: Roald Renmælmo
Dei to bukkane er hogd til med øks. Spora etter arbeidet med øksa er godt bevart. Foto: Roald Renmælmo
Langbordet med drevspona. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet er festa til ein bordbit som er klauva ned på ei lekt som er spikra fast i foten. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av bukken og det lause langbordet sett ovafrå. Det var rom for å kunne feste emne på opp mot 3 ½» tjukne i skottbenken. Dessverre var det ikkje bevart kile med benken. Det var også vanskeleg å tolke spora etter korleis kilen kan ha sett ut og korleis han har vore brukt. Foto: Roald Renmælmo
Langborda frå enden. Begge har margen ut. Dei er truleg saga på oppgangssag men vi er ikkje heilt sikre på at det ikkje kan vere handsag. Borda måler ca 8″ i bredde og er frå 5/4″ – 1 ¾» i tjukne. Foto: Roald Renmælmo
Øyra på bukken er hogd til med om lag 6″ bredde. Langbordet er spikra fast med 4 stk smidde spikar. Foto: Roald Renmælmo
Den andre bukken var noko grovare og hogd ned til ca 7 ½» bredde. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet har ein bordbit festa i underkant for å stå i rett høgde. Denne er felt inn som ei drevspon og spikra. Foto: Roald Renmælmo
Det lause langbordet hadde litt ulike detaljar på dei to drevsponene. Denne har spikrane slått inn frå innsida. Foto: Roald Renmælmo
Denne har spikrane slått inn frå utsida og så er dei nøkka på innsida. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av drevspona. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av drevspon. Foto: Roald Renmælmo
Dei to bukkane er utsett for utkløyving om ein spenner hardt til med kilen. For å unngå dette er det bora hol og slått inn ein gjennomgåande trenagl som er låst med kilar. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av den gjennomgåande trenaglen. Dimensjon var om lag 1 ½» i diameter. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken ser ut til å ha furu i alle delar av tre. Bukkane er truleg berre hogd til med øks. Langborda og drevsponene er saga på oppgangssag, men vi kan ikkje sikkert utelukke handsag. Den store avstanden mellom langborda gjer det mogleg å sette opp benken for å høvle bord på flasken. At det har vore gjort er den flotte haken som står i benken eit prov på.
Jarnklo
I det eine langbordet er det bora hol for ei jarnklo som står på plass i benken. Dette er eit tydeleg prov på at ein har høvla bord på øverkanten av langborda, truleg på flasken. I sida av langbordet er det tatt ut eit hol for å kunne kome til og slå ut jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Haken er av ein type som ikkje er så vanleg men det er døme på slike i gamle høvelbenkar i Hedmark i Noreg. Nemninga jarnklo er då brukt om denne modellen. Det er også spor etter det som truleg har vore ein anna variant av hake til venstre. Foto: Roald Renmælmo
Detalj av jarnkloa. Foto: Roald Renmælmo
Mange takk til Mattias Helje som tipsa om denne flotte benken i Lima. Eg vil også takke Mattias Thuresson som stilte opp og slapp meg inn på Västagården. Har du tips om skottbenkar i Noreg, Sverige eller i andre land så er vi veldig glade for å motta tips om dette. Her kan du tipse oss: Tips oss om skottbenk
Köl-räcku, eller «kolreke» som det ville kallast på norsk, snikra av Nisslars Per Persson. Desse var brukt til å skuffe smikol med i Lima. Vår mann med skottbenken bygde ikkje berre båtar men snikra også slikt som dette. Foto: Mattias Helje