Deltakarane på ei samling i høvelmaking på Romsdalsmuseet i Molde. Deltakarane er handverkarar i Møre og Romsdal fylke, dei fleste knytt til museer. Alle står framom den flotte skottbenken vertskapet på Romsdalsmuseet trylla fram frå eit av husa dei har lagra skottbenkar i. Skottbenken er ein av 3 benkar i samlinga på museet. Foto: Roald Renmælmo
Denne veka har for meg starta med seminar i listverkshøvling på Sverresborg i Trondheim. Sjølvsagt spelte skottbenkane ei sentral rolle i arbeidet vi gjorde der. Skottbenkane til Jarle Hugstmyr og Tor Aage Heiberg var i bruk saman med skottbenken til Torgeir Henriksen og Odd Inge Holmberget på NDR. I dag har vore fyste dagen på ei samling i høvelmaking og høvling på Romsdalsmuseet i Molde. Handverkarane på museet kunne fortelje at dei har ikkje mindre enn tre skottbenkar i samlinga si på museet. Det er truleg den største konsentrasjonen av skottbenkar på eitt og same museum? Nokon betre? Sven Hoftun har tidlegare skrive om benkane til Ryfylkemuseet og det er mogleg dei også har tre? Det kan drøftast om det er snakk om skottbenkar eller strykebenkar i så fall. Den eine skottbenken på Romsdalsmuseet var frå Austigard og vart teken ut og fotografert. Det er eit veldig fint eksemplar av sorten som vert stramma med kilar.
Skottbenken har lengd på ganske nøyaktig 5 alen. Høgda er 29 tommar, 76 cm. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken har flott dekor på fleire av delane. Her er det høvla ei profil på kanten av den eine foten. Foto: Roald Renmælmo
Føtene har ei fotplate som er litt i overkant av ein alen lang og som er avslutta med ei utskjering. Spenntappen er av bjørk og har eit hovud i eine enden. Foto: Roald Renmælmo
Det er kilar i skottbenken men det er usikkert kor gamle dei er. Foto: Roald Renmælmo
Høgda på skottbenken er 29″. Foto: Roald Renmælmo
Nede er det ein avstandskloss på eine foten. Denne er for at kilane skal spenne mot bordet oppe. Foto: Roald Renmælmo
Føtene er laga av 3″ x 7″. 3 av føtene er av bjørk og ein av furu. Den eine er fast og tappa gjennom fotplata. Den andre er laus og står med ein glidetapp ned i fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Langborda er ganske smekre, ca 7″ x 1 ½» og står med margen same veg. Foto: Roald Renmælmo
Foten har ei innretning for å halde den lause staven på plass. Denne er nagla fast i fotplata. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata er litt over ein alen lang og ca 7″ brei. Foto: Roald Renmælmo
Skottbenken på bileta over har også ei historie utanom det vanlege for tilsvarande benkar i musea. Bjørn Austigard som har ei lang karriere bak seg på Romsdalsmuseet var den som fekk tak i benken og sytte for at han vart innlemma i samlinga på museet. Han hugsar sjølv at benken var i bruk kring 1953-54 i samband med byggjearbeid i heimbygda. Det var Johannes Austigard (1900 – 1976) og Halvdan Austigard (fødd 1908) som då høvla bord på skottbenken.
Under taket i lagerbygget som husa skottbenken heng det nok ein skottbenk. Denne vart ikkje tatt ut og fotografert i denne omgangen. Foto: Roald Renmælmo
Så langt har søka etter gamle skottbenkar vore konsentrert i Indre-Troms og særleg på gardsbruk. No har det dukka opp ein skottbenk i eit naust i Ibestad kommune, ein stad vi ikkje ville tenkt oss å leite etter skottbenkar. Det var konservator Olav Austlid i Troms Fylkeskommune som var på ein av sine turar rundt i fylket og kom over skottbenken. Eigaren av naustet i dag hadde ikkje kjennskap til at det var ein skottbenk han hadde så det må ha vore tidlegare eigarar som har hatt benken i bruk. Kor lenge skottbenken har vore i naustet er også vanskeleg å seie. Vi takkar Olav Austlid i Troms fylkeskommune for at han held utkikk etter skottbenkar på sine turar rundt om i fylket. Vi oppmodar også andre fylkeskommunar om å tipse oss om skottbenkar som måtte dukke opp i deira fylke. Det er framleis mange kvite flekkar på kartet rundt om i Noreg. No kan det altså vere grunn til å sjå ekstra nøye etter også i gamle naust rundt om i landet. Så langt er dette den mest maritime skottbenken eg kjenner til.
Skottbenken er heist opp og henger under samhaldarane i naustet. Foto: Oalv Austlid, Troms Fylkeskommune
Enn så lenge har vi ikkje opplysningar på aktuelle mål på benken. Ut frå biletet ser det ut som lengda kan vere på kring 4,5 – 5 meter? Han strekker seg i alle fall mellom to samhaldarar i naustet og desse brukar å ha eit rom på ca 4 meter mellom seg. Det er forfriskande å sjå ein så godt bevart skottbenk i eit tydeleg maritimt miljø. Benken er i prinsipp ganske lik fleire av skottbenkane som vert stramma med kilar slik som skottbenken til Arne Graven i Karasjok. Denne skottbenken i Naustet ser likevel ut til å vere betydelig kraftigare bygd, i alle fall føtene (bukkane) er særleg kraftige. Langborda kan sjå ut til å vere om lag 2″ x 8″. Det ser ut til å vere eit fast langbord som er festa i eine staven i foten. Då har nok det andre langbordet vore stramma med kilar? Løysinga med å felle inn strekkfiskar med svalehale og spikre desse for å halde stavane saman er ei god og ganske utbreidd løysing på eit problem.
Detaljbilete av eine foten på skottbenken. Foto: Olav Austlid, Troms Fylkeskommune
Detalj av den andre foten på skottbenken. Foto: Olav Austlid, Troms Fylkeskommune
Tenkte det var på tide med ein liten statusrapport på registreringa av gamle strykebenker i vårt område.
Det er nok kunn tilfeldigheter som gjere at strykebenker vert tekne vare på, og vert funne att. Det er svært få som veit kva dei har vore nytta til. Den einaste benken eg har kome over som er i bruk er Vasshusbenken som står på ei gardssag. Den er noko modifisert med lause boltar gjennom langborda som djupnestopp og kjetting i kilane (ikkje nokon dum ide). Benken vert nytta til barking av villmarkskledning.
To av museumsbenkane (Li- og Hålandsbenken) har begge skråavstiving i lengderetninga. Kolbeinstveitbenken er den lengste på 4340 mm og ei høgd på 800 mm. Den har fått nye langbord og er den me nyttar. Den har ei litt upraktisk lengd i forhold til verkstaden vår så me har planar om å lage ein ny og kortare benk ved høve.
Den siste benken eg kom øve stod inne på løegulvet i Nordmark. Der låg der og ein langbenk tilsvarande den frå Kvilldal oppå slindrene, denne er omlag 4 m i lengda. Strykebenken er den minste til nå med ei lengd på omlag 3 m og ei høgd på 780 mm. Den har og to knektar spikra fast på baksida som eg ikkje veit kva er til.
Under følger nokre bilete av benkane.
Frå Håland i Erfjord. Denne er 3520 lang og ei høgd på 810. Legg meke til spora etter kløyving i venstre enden. Dette vitnar om at langbordet er skore på oppgangsag. Foto: Ryfylkemuseet.Hålandsbenken frå enden. Foto: RyfylkemuseetFrå Nordmark i øvre Suldal. Denne er omlag 3 m lang og har ei høgd på 780. Foto: Ryfylkemuseet.Nordmarkbenken frå enden. Legg merke til knekten som er spikra på til venstre i biletet. Kva kan dette ha tent til? Det lause langbordet kom til rette då eg bar benken inn att i løa… Foto: Ryfylkemuseet.Frå Vasshus i Suldal. Denne er 3415 lang og har ei høgd på 800 og 840. Boltane som går gjennom langborda er lause og tener som djupnestopp.Foto: Ryfylkemuseet.Vasshusbenken frå enden. Her er kilen festa med kjetting. Reparasjonane er utført i seinare tid. Foto: Ryfylkemuseet.Frå Li i Suldal. Denne er 3240 lang og har ei høgd på 830. Li-benken har ein eigen post her. Foto: Ryfylkemuseet.
Det kjem stadig innspel frå våre svenske vener på postane vi tidlegare har skrive om skottbenkar i Sverige. Det siste er nok eit innspel frå Kalle Melin frå Knadriks kulturbygg i Kristianstad i Skåne. Han tipsa om at det er med eit fotografi av ein «hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder» i boka «Hallandsgårdar» av Albert Sandklef. (Sandklef, 1953) Boka var alt i bokhylla mi, men har så langt lege under radaren i skottbenksøket. Eg har leita i teksten i boka for å finne ut om det står noko meir om den aktuelle benken og bruken av den. Så langt er det berre fotografiet og den kortfatta billeteksten eg har funne. Sandklef var ein svært produktiv folkeminneforskar og kulturhistorikar som har etterlate seg store mengder med trykte skrifter og arkivmateriale. Det kan finnast meir informasjon om den aktuelle benken i dette materialet?
«Hyvelbänk för kanthyvling av långa bräder, i synnerhet golvtilde. Gunnarp.» Foto: Albert Sandklef frå boka Hallandsgårdar. (Sandklef, 1953)
Benken er laga på ein spesiell måte. Dei fire føtene er festa i ein stokk som ligg på golvet og er nesten like lang som benken. Om denne stokken er festa eller støtta på nokon måte kjem ikkje fram av fotografiet. Det ser ut som det er behov for sidevegs støtte? «Golvtilde» er det same som golvbord, eller golvtilje som vi ville skrive det på norsk. Det er tett mellom føtene og det er nok nødvendig for å stive av det relativt spinkle langbordet. Det verkar som det er fotstokken som sørgjer for avstivinga av benken. Det er i motsetning til dei fleste skottbenkane som vert stiva opp av kraftige og breie langbord.
Strykbänk eller hyvelbänk för kantning eller nothyvling av brädor. Illustrasjon frå boka «Böndernas bygge» av Finn Werne. (Werne, 1993)
I boka «Böndernas Bygge har Finn Werne med ei skisse av ein strykbänk som ser ut til å vere identisk med benken i boka til Albert Sandklef, men frå ei anna kjelde. Kjelda på denne skissa er Nordiska museet sine svar på spørjelister, EU 1485 NM. Eg har ikkje funne denne kjelda enn så lenge. Eg har berre leita i ufullstendige kopiar av materialet og har ikkje hatt høve til å besøke arkivet med originalmaterialet der alle svara finnast. Det kan godt vere at begge kjeldene byggjer på den same benken, eller kjem frå same området. Vi kan derfor ikkje seie at denne benken er typisk svensk eller typisk frå Halland. Det er mogleg det er berre denne eine benken?
Uansett er det interessant å sjå korleis benken er laga. Det er som regel mykje enklare å finne ein lang tømmerstokk enn å finne gode emne til langbord til skottbenk. Denne måten å lage skottbenk på kan derfor vere eit bra alternativ om ein må ha ein benk på byggjeplassen og ein manglar gode langbord.
Kjelder
Albert Sandklef, Hallandsgårdar – Bebyggelse på gårdar och torp före 1900, Stockholm 1953
Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993
Bygdemuseet ligg på garden Åsen i Surnadal og er ein del av Nordmøre museum. Museet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med bygningar frå ulike tider og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Inne på låven er det samla ein del interessante bygningsdelar frå eldre hus i området. Mellom desse finnast også ein flott skottbenk i god stand. Skottbenken består av to bukkar (eller krakkar) og langbord. Han er laga slik at langborda er lause men vert halde på plass av eit blad frå bukken som er haka inn i sida på langbordet. Langborda er totalt 4 meter lange og måler 5 cm x 18.5 cm. Klikk på bileta i galleriet for å få større visning og billetekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.
Den eine av dei to bukkane til skottbenken. Skruven er omlag 2″ i diameter. Foto: Roald Renmælmo
Bukken har den eine (høgre) foten fast og den andre laus. Høgda på bukken er 77 cm. Langbordet stikk omlag 3,5 cm over toppen av bukken. Total høgd vert då omlag 80 cm. Foto: Roald Renmælmo
Føtene måler 3″ x 7″. Tommestokken som er brukt på biletet er i millimeter og inch. Foto: Roald Renmælmo
Tappen innvendig passar i ei utsparing i sida på langbordet. Foto: Roald Renmælmo
I langborda som er 4 meter lange og måler 5 cm x 18,5 cm er det ei utsparing som passar til tappen i bukken. Foto: Roald Renmælmo
Fotplata til skottbenken er omlag 78 cm lang, 7″ brei og 2″ tjukk. Den høgre foten er tappa gjennom.
Toppen av foten sett frå sida. Foto: Roald Renmælmo
Frå Møre og Romsdal fylke er det nemninga skotbenk som er mest vanleg om ei skal leggje svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed til grunn. Frå Hareid har vi «skotbenk» og «skothyvel», frå Volda «skotbenk» og frå Dalsfjord (også Volda?) «skotbenk». I Tresfjord har vi forma «skaatbenk» som ein variant av skrivemåten. Andre nemningar eller skrivemåtar er ikkje med i svarmaterialet frå fylket. Vi håpar denne posten kan vere til inspirasjon til potensielle medlemmar av Norsk Skottbenk Union i Møre og Romsdal slik at det kjem fram fleire gamle skottbenkar frå fylket og at nokon tek til og byggjer seg benkar.
Skottbenk frå Nordmøre av tilsvarande modell som benken på Surnadal bygdemuseum. Denne har fått nye langbord i samband med at han var i bruk til høvling av golvbord på Dovre i 2008. Foto: Roald Renmælmo
Foto av fogbänk på Gotland. Billedteksten frå fotoarkivet: Plank hyvlas med oxhyvel. Planken är fastspänd i en «fogbänk». Gotland Burs, 1908. Foto: Nordiska museet 372 oai. På kanten av fotografiet står «M. Klintberg fot».
I vår søken etter skottbenkar i Sverige kjem vi stadig over nye opplysningar som tyder på at det har eksistert ein del slike benkar. Fotografiet over dukka opp i samlinga av fotografi som Finn Werne og Peter Sjømar samla inn i samband med boka «Böndernas bygge» som kom ut i 1993. Fotografiet var ikkje trykt i boka men finnast i materialet som var samla inn og som finnast på Institusjons- og hantverksbiblioteket til Göteborgs Universitet i Mariestad. Det er tydeleg at fotografiet er arrangert for fotografen. Her manglar stablar med material og høvelspon om dette skulle vore ein arbeidsplass der ein høvla bord på benken. Bordet er også spent fast med for stor overhøgde til at høvelen kan verke slik han skal. Likevel har nok både fotomodellane og fotografen kjennskap til både benken og høvlane. På marka ligg det ein høvel som tydeleg er ein skottokse med meiar. Dei andre høvlane er nok ploghøvlar til not og fjør. Høvelen dei brukar på kanten av bordet ser ut som ein vanleg okshøvel. Fogbänken er av liknande type som ei rekke av dei norske skottbenkane. Det ser ut som begge langborda er faste og at ein strammar med å kile i spenntappen. Då er truleg den eine foten laus eller rom for å kunne spennast opp?
Om vi skal ta påskrifta M. Klintberg på alvor så kan det dreie seg om folkeminneforskaren og fotografen Mathis Klintberg (1847-1932). Årstalet 1908 på fotografiet kan stemme godt. Han vart filosofie doktor i Uppsala i 1886 og arbeidde mykje med innsamling på Gotland. Det kan finnast meir informasjon om biletet i arkivmaterialet etter han. Burs er ein stad på Gotland.
Elles har det dukka opp nokre språkspor. I Tysk – Svensk ordbok har eg kome over «fogbänk» som omsetjing av det tyske ordet «Fügebank«. Det tyske ordet kan bety det same som det norske «strykbenk» som er den lange høvelen bøkkarane brukar til å stryke stav. Altså er nemninga «fogbänk» tvetydig på svensk. Det er også tvetydig på tysk sidan det kan beskrive ein høvel med meiar til ein skottbenk. Tysk har også «fügebock» som svarar til svenske «fogbock». På svensk har eg og funne ordet «fóg-gét», «en bänk, som användes vid foghyfling af bräder, fogbänk».
Kjelder:
Finn Werne, Böndernas bygge – Traditionellt byggnadsskick på landsbygden i Sverige, 1993
I samband med snikring kjenner eg skottbenken som ei innretning som vert brukt i samband med at ein skal skyte kant på bord. Nokre båtbyggarar, særleg i Trøndelag, brukar nemninga skottbenk om ein arbeidsbenk som minner meir om det som snikkarane kallar ein høvelbenk. Benken kan minne om høvelbenken frå Helberg i Bardu som eg tidlegare har skrive om på høvelbenkbloggen. Korleis kan det ha seg at han minner om ein høvelbenk men vert kalla skottbenk?
I samband med arbeidet for å dokumentere båtbyggingstradisjonen til Johan Hårstad i Åfjord kom det fram informasjon om skottbenk. Teikninga minner meir om ein høvelbenk av same type som den frå Helberg i Bardu. Teikning frå boka om Åfjordsbåten, byggeteknikk og måledata. (Eldjarn og Godal 1988)
Båtbyggarane driv også og skyt borda på kant. “Skottbenken” har også ei klype (klip) på sida som saman med ein “høvelkamerat” høver for å feste bord på høgkant. Slik sett kan ein seie at ein brukar benken til å skyte og at første delen av namnet: -skott, er av verbet: -å skyte. Nemninga kan såleis ha kome til på same måte som den skottbenken vi kjenner. Likevel er det særleg til å høvle flask båtbyggaren brukar skottbenken sin, kanskje i like stor grad som snikkaren høvlar flask på høvelbenken. Korfor vert han ikkje kalla høvelbenk slik som snikkaren sin høvelbenk?
I samband med arbeidet med kartlegging av båtbyggjartradisjonen i Åfjord vart Johan Hårstad spurt ut om verkstadane dei nytta til båtbygginga. Desse vert i Åfjorden kalla for “båtskott”. Her kjem altså ordet “skott” att som andre ledd i nemninga. Skott som nemning for små hus eller små tilbygg til andre hus er vanleg mange stadar i landet. Vedskott er døme på ei slik vanleg nemning i Målselv. Tilsvarande andre stader er fjøsskot, løeskot og selsskot. (Norsk Ordbok, skot) Sidan “skottbenken” det er snakk om i Åfjord står-, og vert bruka, i eit båtskott kan eg tenkje meg at første ledd av nemninga -skott, kan kome frå den samanhengen. Då treng ikkje nemninga ha samband med verbet – å skyte. Det er altså ein anna slags skottbenk enn vi brukar til å skyte bein golvbord og liknande. Orda vert skrive likt og vert brukt i ein likearta samanheng men har truleg fått nemningane sine på ulike vis og såleis er ikkje “skottbenk” det same som skottbenk. Eg slår meg til ro med at det er fleire ulike typar benkar som kan kallast skottbenk men at båtbyggarversjonen frå Åfjord har fått namnet sitt av at han er plassert i eit båtskott.
Rekonstruksjon av eit båtskott med to skottbenkar, ein på kvar langvegg. Rekonstruksjonen bygger på mål frå Kverndals-skottet i Åfjord og munnlege utsegn frå Johan Hårstad. Teikning frå boka om Åfjordsbåten, byggeteknikk og måledata. (Eldjarn og Godal 1988)
Jeg var på besøk hos noen nye venner på Lien Gård ved Svorkmo, sør for Orkanger. Der var det to trønderlån fra litt før 1850, og gården har vært i familien hele tiden. Jeg så flere rom der det var gulvbord med avsmalning , og lengste lengder på drøyt tre meter. Og ganske riktig: På låven fant vi skottbenken. Den er 3.30m lang, og har noen annerledes detaljer enn de jeg har sett her på bloggen tidligere. Jeg hadde ikke all verdens tid til å gjøre skikkelig dokumentasjonsarbeid, men den står trygt. Jeg fant også en høvel med meier, som kan høre til benken. Nøyere dokumentasjonsarbeid må gjøres.
Vi er to halvstuderte røvere, som nå snart er ferdig med å skifte bæsjebleier, og igjen er klar for å bli helstuderte røvere. Vi har altså planer om å fullføre vår bachelorgrad ved HiST, og tenker å lage en skottbenk som en del av den siste oppgaven. Planen er å levere kommende høstsemester.
Vi tenkte å ta utgangspunkt i benkene Lars fant i stabburet ved Reins kloster, men i vår jakt etter flere eksempler tok vi kontakt med Rolf Dretvik, som kunne fortelle at det fantes en skottbenk på Ner-Killingberg, et fredet hus i Leksvik i Nord-Trøndelag, hvor det er samlet en masse lokalhistorie og gammelt redskap. Vi tok turen tvert. Vi tok noen bilder, og brukte resten av dagen på å finne flere benker/bukker, lette etter info på leksvik bibliotek, og snakket med eldre folk som muligens hadde noe å bidra med, men uten særlig napp.
Vi skal få låne benken til nøyere undersøkelser og oppmåling senere, så vi presenterer kort litt om våre funn denne gangen, da enkelte lesere har vist seg svært interessert i slik lesning, tross OL med god glid.
Benken viste seg å være i god stand. Den har to sett retteplanker på hhv 3,0m og 4,70m. Det er enkelt å bytte retteplankene. Under vises de lange rettebordene som lå på låven.
Vi fant også komplett gjengesett. Det er datert 1874. Og ikke nok med det; utstyret passet perfekt til skottbenken! Snakk om OL-gull! Det står også N.P.D., som Rolf Dretvik mente stod for Nils Petter Dretvik, som er en av hans forfedre.
Vi har spurt om å få låne gjengesettet også for å gjøre grundige undersøkelser, og kanskje kan vi bruke dette til å gjenge opp til vår egen benk.
Som sagt, stort sett bilder denne gangen. Rolf Dretvik skal sette i gang bygdeaksjon for å finne flere benker, og for å finne mer informasjon om historien ti denne skottbenken. Finnes det hus i nærheten som har gulvbord som er 4.70 lange? Dersom vi finner flere benker, er det samme dimensjon på gjengene?
Vi tenker pr nå å lage en skottbenk med utgangspunkt i dette eksemplaret, samt lage en tilhørende arbeidsbeskrivelse. Dersom noen av dere lesere har tanker vedr potensielle problemstillinger til en bacheloroppgave , er vi glade for innspill.
I 1951 var Arne Berg ute på en av sine mange reiser for Norsk Folkemuseum. Han reiste rundt i Sør-Trøndelag for å komplettere tunet som går som Trøndelagstunet/ husmannsplassen ved museet. På Enlid i Budalen skaffet han et loft til museet. Det ble ført opp på museet året etter. En av forsendelsene fra Arne Berg dette året bestod av fem kolli. Han sendte en rettbenk, tre okshøvler og en jernskodd spade sørover. Gjenstandene var kjøpt fra Ola Svardal i Budalen. Skottoksene er i dag en del av utstillingen som er samlet i Trøndelagstunet/ husmannsplassen mens rettbenken står på Stigums magasin. De er dermed merket med NFL-kode som henviser til Landbrukssamlingen. Vi har sålangt ikke funnet fram til noen øvrige opplysninger om det innsamlede materialet. Men de fire gjenstandene utgjør en helhet; de passer sammen i et redskapskompleks. Og vi omtaler de derfor i lag i denne lille bloggartikkelen.
Rettbenk fra Budalen (NFL.16629) fotografert på Stigums magasin. Rettbenken består av faste retteplanker og det brukes skruer for å feste bordet. Merk fotarbeidet til fotografen. Foto og manipulering: Terje Planke, NF/Bygningsantikvarisk avdeling.
Beskrivelse av rettbenk fra Budalen
NFL.16629 Rettbenk fra Svardal, Budalen, Sør-Trøndelag er den eneste rettbenken vi kjenner til sålangt; som har to faste rettbord. Emnet settes i mellom rettbordene og festes med en gjenget treskrue. Benkens mål begrenser lengden og bredden på emnene, men kan ta full dybde ned til bakken. Benken ble oppmålt i skala 1:20 den 15.1.2014 av Terje Planke og Magnus Wammen, og vi har tatt noen bilder. Benken ble samlet inn til museet av Arne Berg i 1951. Budalen ligger øst for E6, mellom Berkåk og Støren. Brukene ligger på 400 til 600 meters høyde. Kommunen hadde på 1950-tallet noe over 500 innbyggere og er i dag en del av Midtre Gauldal kommune.
Oppmålt rettbenk
Strategiske mål: Den totale lengden er 437 cm, høyden varierer fra 70 til 75 cm ved benene (bukkene). Bredden mellom retteplankene er 5,5 cm ved bena, men er mindre på midten. Avstanden mellom bena er 375 cm men på grunn av en reparasjon av ene kilsporet/ nedtappingen som er sprukket kan det bare kantes bord på 370 cm. Dette gir nesten 6 alens bord. Bena stikker ut hver sin vei og stør således benken i hver sin retning.
Rettbenk fra Budalen (NFL.16629) fotografert på Stigums magasin. Foto: NF.
Dimensjoner i norske tommer: Retteplanker: 2 1/4″ x 6 1/2″, fot: 2″ x 13 1/2″ i topp og 4″ x 13 1/2″ i bunn.
Hull: Det er en rekke hull i retteplankene for gjengeskruer. På venstre side er det plass for en skrue. fra «baksiden». I midtområdet, 201, 238 og 276 cm er det tre plasser for treskruer fra «baksiden». I høyre felt er det tre treskrueplasser fra «framsiden» (300, 350 og 378 cm). På tegningen er hullene markert på følgende måte: o betyr gjennomgående, · betyr tett/ ikke gjennomgående, Ä betyr gjenget hull mens U betyr snitt, hull sett fra siden. Det er to dimensjoner på gjengehullene. De to store (helt til venstre, mot enden) er på 1 ½» mens de øvrige gjengehullene er på 1″. På de tre hullene helt til høyre er det boret hull tvers igjennom retteplanken på framsiden også.
Benet har sprukket i enden og benken holdes sammen med en skrue. Skruen øverst brukes til å feste bordet som skal skytes i rettbenken. Foto NF.
Materialer: Retteplankene og bena er i furu. Margen er lagt in på retteplankene. Plankene er håndsagde, noe som synes på ene yttersiden (baksiden på tegningen). Den ene yttersiden (framsiden på tegningen) ser vi er primært skrubbhøvlet og litt sletthøvlet.
Bruk: Ut fra lengden mellom bena kan vi slutte at de ikke har rettet lengre bord enn 3,7 meter på denne rettbenken. Det er relativt kort. Navnet Budalen og høyden over havet kan tyde på at dette er bureisningsområde og at det har vært relativt små bruk på stedet. Det ville i så fall passe med dimensjonen på benken. Alternativt kan det være til bruk for møbelsnekring. Skal det rettes av kortere emner kan en bruke de skruene som passer best for anledningen. Det kan også festes flere korte emner samtidig, om en har mange skruer.
Høvlene som hører til rettbenken er innført i museets protokoll som NFL.16625 Kanthøvel, NFL.16626 Fjærhøvel og NFL.16627 Nothøvel. Det er altså tre okshøvler. Alle tre høvelstokkene er i heltre bjørk.. Kanthøvelen er en enkel okshøvel med påspikrede meier eller sidelister slik at den kan brukes som rett- og slettokse Den mangler kile men har en intakt tann. De to andre; notoksen og fjæroksen er også laget i bjørk, men disse er helved uten løse sidelister. For å finne fram til en enkel oppmåling av disse henviser vi til lenken nederst i teksten. I det lenkede dokumentet finnes også en oppmåling av rettbenken.
Fjørhøvel. Foto NF.Kanthøvel. Foto NF.Nothøvel. Kilen står feilvendt for anledningen. Foto NF.
Navnet Rettbenk
NFL.16629 omtales som en Rettbenk i henhold til museets gjenstandsprotokoll. Hvorfor den har fått det navnet vet vi ingenting om. Høvlene fra samme gård er betegnet som kanthøvel, nothøvel og fjærhøvel. Vi tenker jo gjerne slik at vi retter flasken på et bord og kanter kanten ved skyting. Her er det altså en inkonsekvens i begrepsbruken, siden bordene kantes på rettbenken, men på den annen side blir jo bordene rette i kanten. Og siden Arne Berg var en språkbevisst kar er det sannsynlig at ordet kommer fra brukeren og ikke fra museet. Vi holder oss derfor til de begrepene vi har knyttet til gjenstandene. Et argument som taler for å bruke begrepet rettbenk er at det også dukker opp knyttet til et bilde som Arne Berg tok samme år, i samme dalføre (NF.04793-121). Her ser vi en mer normal utformet rettbenk. Hvorfor museet i dag har samlet inn den med faste retteplanker og ikke den som bare ble fotografert vet vi ikke noe om. Kanskje museets benk, med fiksert bredde mellom rettebordene ansett som mer alderdommelig og dermed mer interessant enn den vanlige typen?
Norsk rettbenkliga (det eneste rette)
Vi har ved gjentatte anledninger forsøkt å bli opptatt som medlemmer i rettbenkunionen. Etter våre studier på Stigums magasin og fotodatabasen ved Norsk Folkemuseum har vi besluttet å opprette «Norsk rettbenkliga» (som er det eneste rette) i motsetning til skottbenkunionen (for de mange skottende). Vi har dermed bestemt oss for å ta utgangspunkt i museets innsamlede materiale når vi nå lager oss to nye rettbenker. Denne prosessen kommer det mer om ved en senere anledning.